POSTED IN Migrasjon og flyktninger

Israel Shamir:

Massemigrasjon fører lett til menneskehandel og slavearbeid

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Hald barna utanfor

Israel Shamir

Når eg ser ein gråtande unge på skjermen min, veit eg at nokon prøver å bruke meg til sin eigen nytte. Det same gjeld for kvar appell til mine grunnleggande menneskelege instinkt, enten det dreier seg om ein naken kvinnekropp eller ein daud unge. Heller enn å overtyde meg, framkallar eit slikt billig knep direkte avvisning. Eg veit at denne vellystige kroppen ikkje vil hamne i mine armar sjølv om eg kjøper alt dei har av Coca Cola i heile butikken. Synet av daude barn vil ikkje overtyde meg om å gjere noko som strir mot sunn fornuft, for det er manipulasjon. I politikken vil eg ha ein sokratisk debatt, ikkje emosjonell overtaling. Dersom du ikkje greier overtale meg med ord, ikkje prøv å gjere det med bilde. Men dei prøver, og ofte lykkast dei.

Eksempel på britisk krigspropaganda under 1. verdskrig.

Ord kan vere ganske inflammatoriske, men bilde er sterkare stoff. For å ta livet av sine beste engelske ungdommar i skyttergravene i Verdun, brukte dei bilde av tyske brutusar som spidda belgiske barn på bajonettane sine; bilde av jødiske kommissærar som valdtok ei arisk blondine pressa dei tyske unggutane til ein for tidleg død langs bankane til elva Volga. Du kan ikkje argumentere mot bilde med ord, med å seie at det finst ein enkel måte å unngå elendet på: ikkje start krig, så vil den brutale tyskaren måtte stille sine fantasiar med å steike spidda bratwurst, og den jødiske kommissæren vil berre abonnere på Playboy for å sjå ein arisk kropp.

Det er same sak med [Twitter-hashtag’en] #Trumpbabysnatcher. Det er hjarteskjerande å sjå eit bilde av små barn bak gitteret. Men det finst ein barnleg enkel måte å unngå separasjon og innesperring på: ikkje kryss Rio Grande utan visum.

Bilde-pusharar er uærlege, og dei bryr seg ikkje døyten om barn: Madeleine Albright meinte som kjent at det er verdt å drepe ein halv million irakiske barn. Hillary Clinton slapp laus helvete på libysk og syrisk jord, der ho drap og sende på flukt hundretusentals barn. Alle presidentane av USA har klemt og kyssa israelske makthavarar som har vanen med å fengsle, torturere og drepe palestinske barn. Våre vener i dei alternative media (Counterpunch osb.) som slo seg i hop med desse damene og herrane som viftar med barnebilde, er sinnsveike eller uærlege, eller dei trur middelet heilagar målet: å bli kvitt Trump.

 Illegale mexikanske migranter med barn født i USA.

Vidunderlege Diana Johnstone skreiv nyleg at immigrasjonssaka splittar den tyske venstresida. Å støtte fri innvandring er faktisk sjølvmord for venstresida. Men denne saka splittar heile den vestlege verda. På den eine sida folk som trur på ei verd utan grenser, med fri flyt av menneske. Det høyrest svært ut, heilt til ein skjøner at dette er ein måte å øydelegge urinnvånar-arbeidarklassen på, avskaffe velferdsstaten, legge sosiale strukturar i ruinar, og på same tid underminere donor-landa – kort sagt: øydelegge verda slik vi kjenner ho. På den andre sida arbeider folk som vil bevare verda dei lever i for å halde murane oppe.

Det vi treng er litt oppriktigheit og ærlegdom, i motsetning til manipulasjon. Om du trur masseimmigrasjon vil sende oss tilbake til ein ny mørk middelalder, så sei det. Om du trur det ville vere betre å fjerne grenser og sleppe laus ei ny Volkswanderung, berre sei det, men ikkje vis oss barnebilde, ver så snill.

På personnivå er folk som er for opne grenser, dei som er sikre på at deira eigne jobbar ikkje er trua av immigrantar; for dei betyr ein ny mexikansk innvandrar ein ny meksikansk restaurant eller ein ny meksikansk feltarbeidar eller byggarbeidar eller hushjelp, billigare enn det dei har hatt, ingen konkurrent på jobb- eller husmarknaden. Folk som er for å bevare verda er klare over at dei er sårbare, at nye folk kan gjere dei arbeidslause. Med andre ord: dei førstnemnde er overklassen eller spyttslikkarane deira, sistnemnde er arbeidarklassen og folk som kjenner solidaritet og medynk med dei.

Ukontrollert innvandring fører til press på arbeidsmarkedet, press på lønn og til svekkelse av fagbevegelsen.

«Korfor seier du ikkje at førstnemnde kjenner medynk med flyktningar og immigrantar?», ville du spørje. Fordi dei gjer det som er profitabelt for overklassen. Dei kjenner null sympati for lidande palestinarar, og dette er det ekte beviset på at dei lyg.

Hugsar du bildet av ein stakkars drukna syrisk gut på stranda? Dette bildet flytta ein million afghanarar, irakarar, sigøynerar, og til og med nokre syrarar, til Europa. Det er verkeleg fælt at den drukna guten sin far sette liva til familien sin i fare utan nokon gyldig grunn. Han budde i trygge og rike Tyrkia i nokre år; han ville heller reise til Canada; kanadiarane nekta han visum, så han la ut på det farlege Middelhavet og mista heile familien sin. Forferdeleg, men korfor skulle denne personlege tragedien påverke noka avgjerd utover åtvaringa: ikkje reis til havs i ein båt som ikkje er sjødyktig. Det er betre å leve i Tyrkia – slik 80 millionar menneske gjer – enn å døy på havet.

Dette bildet av en død syrisk gutt på en tyrkisk strand gikk over hele verden. Bildet var arrangert til propagandistisk formål.

For nokre dagar sidan såg vi palestinarar – menn, kvinner og barn – bli skotne på av israelske snikskyttarar fordi dei ønska å forlate konsentrasjonsleiren på Gaza. Sa folka som elskar immigrasjon noko til støtte for desse? Nei, dei veit at deira jødiske organisatorar ikkje ville like det. Og jødane var ikkje imponerte i det heile. «La dei alle døy», skreiv dei i sine sosiale nettverk. Som regel er jødar visuelt hemma, og utmerkte på det verbale området. Dette lar dei unngå å bli rørte over bilde, samtidig som dei spreier barnebilda for å gjere inntrykk på heidningar.

Israelarar er splitta når det kjem til afrikanske migrantar: dei rike vil ha fleire av dei, folk frå arbeidarklassen vil ha dei ut. Netanyahu si regjering er ganske populistisk, og dei deporterer migrantane, sjølv om Soros-typar prøver å blokkere deportasjonane. Men dei rike og arbeidarane, jødisk venstre og jødisk høgre, deler alle eitt anti-urinnvånar-syn: dei vil ikkje la innfødde palestinarar vandre fritt rundt i landet. Jødar er anti-urinnvånarar per definisjon; dette forklarer haldninga deira til menneskehandel.

Migrasjon er slett ikkje så ulikt eldre tiders slavehandel (den handelen jødar utmerkte seg i). Nyleg har ein video frå Libya blitt levert til Europa: kystvaktsoldatar piskar dei svarte migrantane opp i gummibåtar og skyv dei ut på havet. Dei som blir att i leirane, blir selde på auksjon – kvinner til sex, menn til hardt arbeid. Denne videoen dukka opp på eit svært gunstig tidspunkt, medan kampen for og imot den nye slavehandelen sveipa over verda, frå USA til Italia og Tyskland.

Migrasjonsbølga har ført til at slavehandel no blomstrar i Libya.

Libya er ein av dei viktigaste slavehandelsmarknadane. Ein gong var det eit relativt velståande land, og ei påliteleg blokkering av afrikanske migrantar sin veg til Europa. Afrikanarane fann seg jobb i Gadhafis Libya. Men i 2011 vart landet øydelagt av Obama og Clinton. Etter den tid har det vorte eit stakkars ruinert land, der borgarkrig ulmar i bakgrunnen. Libya har olje, men no har mange libyarar oppdaga den afrikanske slavehandelen. Som på 1600-talet, gjer no nokre arabarar og europearar seg rike på svarte afrikanarar.

Mange millionar dollar finn vegen til libysk milits på denne måten. Dei tar pengar frå begge sider – frå afrikanarar strøymer mot Europa frå sine herja land, og frå europearar som betaler militsen for å stoppe flyktningane.

Mannen fanga på ein videofilm med ein pisk i handa, leiaren for den brutale gjengen med slavehandlarar, er ein tidlegare opprørar mot «den blodige diktatoren» al-Gadhafi, ein ven av demokrati og europeiske verdiar, Abd al-Rahman al-Milad, ein kommandant i kystvakta. Båtane som han bruker i utskipinga av afrikanarar til Europa, er kjøpte med europeiske pengar. To hundre millionar euro i året kjem frå Brussel, men slavane gir mykje høgare inntekt. Europearar set pris på Milad – for eit år sidan vart han invitert til eit repetisjonskurs i Roma, der han i éin fruktbar månad var innlosjert på eit høgklasses hotell på EU si rekning.

Abd al-Rahman al-Milad

Milad sin rival Al-Dabbashi sender båtar om natta frå strendene. Konkurrentane fjernar motorane frå rivalane sine båtar, og etterlet flyktningane til å døy på havet. Omsetninga er kolossal: ein og ein halv millionar svarte har passert Libya på sin veg mot Europa, tusentals har døydd undervegs, men menneskeressursen har ikkje tørka inn. Andre libyske militsar, som ein gong frigjorde heimlandet sitt frå blodige Gadhafi, opererer i den afrikanske øydemarka og driv titals tusen afrikanarar gjennom Sahara og inn i Libya, til nye slavemarknadar og til Europa.

Dei europeiske frivillige organisasjonane plukkar opp gummibåtar med migrantar som er sende av Milad, tar migrantane om bord og leverer dei til Europa – for ein svært hyggeleg profitt. Desse «livreddarane» samarbeider direkte med Milad og andre slavehandlarar, dei tar imot presise instruksar frå «sendarane» om kvar båtane skal plukkast opp, og dei tar ein betydeleg del av profitten. Dei får tildelt gåver og donasjonar frå medfølande europearar som ikkje forstår at dei vert manipulerte av slavehandlarar.

I fleire år blomstra denne forretninga uhindra, til italienarane trøyttna på å akseptere hundretusentals illegale immigrantar og valde «populistane», ein koalisjon av høgrepartiet Liga frå nord-Italia og det venstreliberalistiske partiet M5S frå sør, og dei sette stopp for trafikken. Matteo Salvini, innanriksministeren, forbaud eit skip med si svarte last å entre italienske hamner, og etter fleire dagar med disputtar drog skipet Aquarius til Spania. Viss italienarane held fram med å stå på sitt og set foten ned, vil dei eliminere det andre beinet til trafikkprosjektet, fartya til dei «humanitære organisasjonane» som gjorde heile slavehandelen mogleg.

Matteo Salvini

Dei spanske styresmaktene aksepterte Aquarius, og to andre båtar som segla under nederlandsk flagg, som dei ustyrlege italienarane hadde sperra ute frå sine hamner. Den franske Macron-administrasjonen valde Brussel, Tyskland og Spania si side, og lova å ta imot flyktningane frå Aquarius. Men i Tyskland bryggar det opp til tumultar – innanriksminister Horst Seehofer gav ordre om å slutte å ta imot illegale immigrantar. Kansler Angela Merkel var ikkje einig med han. Ho kan gi Seehofer sparken, men då vil koalisjonen hennar kollapse.

Ungarn plasserte kampen mot migrasjon øvst på dagsordenen. Så skillelinjene går ikkje ved Venstre vs. Høgre, men mellom dei som vil få slutt på illegal immigrasjon og dei som vil erstatte den dyre og kravstore europeiske populasjonen med smålåtne, lydige og billige migrantar.

Det finst ein korrelasjon mellom haldningane til migrasjon og til Russland. Dei som er for opne grenser er anti-russiske, dei som er pro-urinnvånarar er heller pro-russiske. Det er ikkje alltid slik, ettersom Polen er anti-russiske og anti-migrasjon samtidig, men som regel viser russarane i sosiale nettverk støtte til anti-Soros-krefter i Europa, og dei kreftene ser til Moskva med håp.

Massemigrasjon

Dei russiske styresmaktene har ikkje til hensikt å blande seg inn i europeiske (eller, endå mindre, amerikanske) avgjerder på dette feltet. Russland er ikkje spesielt opne for migrantar, og trass russisk engasjement i den syriske krigen, har landet tatt imot svært få syriske flyktningar, om nokre i det heile. Opposisjonen til herr Putin, enten den kjem frå kommunistpartiet eller nasjonalistane til Zhirinovskij, er sterkt imot migrasjon, medan regjeringa lar arbeidsmigrantar frå sentral-Asia kome inn og arbeide. Men sidan rubelen fall i verdi i forhold til dollaren, har bølgene av migrasjon ebba ut, for i Russland, Europa og USA er migrasjonen hovudsakleg økonomisk migrasjon.

Løysinga ligg i korleis ein handsamar Afrika, Latin-Amerika og andre immigrasjons-donorar. Det burde finnast ei lov som fastsetter positiv balanse i betalingar, inkludert finansielle transaksjonar og tilbakebetaling av skuld, mellom desse landa og det rike Vesten. Pengar burde flyte til Afrika, ikkje frå Afrika, og dette ville gjere ende på den libyske trafikken.

Massemigrasjon er eit stygt fenomen som oppmodar til menneskehandel og slavehandel, styrkar uredelege smuglarar og ruinerer donor- og mottakarland. Det er ein god ting å få stoppa det. Og ingen bilde av gråtande barn burde få blande seg inn i avgjerdstakinga.

Denne artikkelen vart først publisert på The Unz Review.
Omsett av Monica Sortland

Artikkelen er hentet fra derimot.no sitt rikholdige arkiv.

Bilder/tekst: Knut Lindtner

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Wasan Totland
    27 februar 2019 14:13

    Er det ingen som kan stanse Redd barnas propagandafilmer? De spiller på folks samvittighet ved å trekke fram bilder barn som angivelig ikke har noe sted å sove, ikke får mat, blir slått osv for å få penger til andre ting.

    Svar
    • Ola Henriksen
      27 februar 2019 17:21

      Ja, dette er ikke medmenneskelighet eller hjelp. ‘ Gi en mann en fisk, og han har mat en dag. Lær mannen å fiske, og han har mat hele livet. ‘
      Og folk i andre land kan selvfølgelig fiske. – Eller lage sko eller bygge skoler, eller produsere hva en nasjon synes de trenger for å ha et godt liv.
      De som mener noe annet har en oveurdering av sin egen befolkning/rase; dvs en rasistisk tankegang.
      Samtidig er vi merkantilistisk lært opp til å tro at all produksjon må sendes verden rundt og konkurrere med andre nasjoners produksjon for å lage velstand i produsentens egen nasjon. Men en nasjons produksjon til nasjonens eget behov har konkurranse kun mot nasjonens mangler/etterspørsel.
      Og ledige arbeidskrefter ( en nasjons virkelige gull) er det jo nok av i de fleste «fattige» land.
      Teknologi/teknikk, gjerne gårsdagens – det betyr lite som en start, kan lett overføres uten at det koster giverlandet noe. Så lenge den nye produsenten ikke blir en konkurrent på giverlandets marked.
      Så bør selvfølgelig alle land ha rett til å stenge for import av varer de har arbeidskraft til å produsere sjøl.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Øyvind Andresen:

Om konspirasjonsteorier og hersketeknikker.

Forrige innlegg

Flerkulturen:

Ikke bare biler i brann: smitter også korona best?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.