POSTED IN Norge, Virkelighetsforståelse

Israel Shamir:

Koronavirus-konspirasjonar eller var Isaac Newton konspirasjons-teretikar?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Koronaviruskonspirasjonar

av Israel Shamir

Israel Shamir er en forfatter og journalist.  Han er russisk-israelsk kristen med jødisk bakgrunn.Bøkene hans er oversatt til mange språk. 

Eg likar konspirasjonsteoriar; dei prøver å injisere meining i elles meiningslause sett med utvalde fakta. Dei bringer Logos inn i liva våre, som vår ven E. Michael Jones har sagt det. Ein fiende av konspirasjonsteoriar ville ha skrive i New York Times og anklaga sir Isaac Newton for å vere konspirasjonsteoretikar: ut av fakta som ikkje i det heile tatt heng saman med kvarandre (eple fell, vatn pumpar, artilleribombardement) kokte han i hop konspirasjonsteorien om gravitasjon, og hevda at einingar gjensidig trekk kvarandre til seg proporsjonalt med kor stor masse dei har. Dette er openbert feil, ville han sagt, noko du kan observere på kva strand som helst; om der skulle finnast ein formel, skulle den handle om invers proporsjonalitet. Slanke jenter og gutar har mykje større tiltrekningskraft enn overvektige kroppar, og gjensidigheit har ingen plass i likninga. Likevel har gravitasjonsbløffen til Newton blitt undervist om på skulane. I NY Times er dette rett og slett å «spreie grunnlause løgner og avslørt nonsens om dei falske rykta».

Er dette en av verdens største konspirasjonsteoretikere? Isaac Newton var en engelsk matematiker, fysiker, astronom, alkymist, kjemiker, oppfinner, og naturfilosof. Han blir betraktet som en av tidenes største vitenskapsmenn og matematikere. Hans hovedverk, Philosophiae Naturalis Principia Mathematica ble publisert i 1687. Wikipedia

Den store koronaviruspanikken av år 2020 med sine enorme konsekvensar, er ei hending som krev ei fornuftig forklaring. Korleis kunne ein liten sjukdom, som har tatt livet av ein uendeleg liten del av befolkninga (0,000045), vere årsak til at den sivilisasjonen vi kjende har brote saman? Korleis kan ein sivilisasjon som på robust vis overlevde slagmarkene i Verdune og Stalingrad vere ute av stand til å overleve bortgangen til nokre få overaldra menneske, slik at den trekte seg tilbake i sjølv-isolasjon og samtidig gav opp trua, nestekjærleiken, opposisjonen mot gamle fiendar, og deretter øydela økonomien sin, utdanninga og reproduktiviteten?

Ein ønsker å finne ein konspirasjon som kan forklare det bort. Kven gjorde det? Kven stengde milliardar inne i husarrest; kven har skulda for at menn og kvinner ser på kvarandre som kjelder til dødsfare, i staden for potensielle vener eller elskarar; kven forvandla kyrkjer, moskear og synagoger til tomme bygg som ingen treng? Det finst mange krefter som har hatt glede av uventa fordelar som har oppstått parallelt, og nokre har vore klare for det ei god stund. Men det finst ei ikkje-konspiratorisk forklaring: kanskje vi opplever eit slikt systemskifte som inga einskild makt aleine kunne oppnå; eit systemskifte av ein storleik vi ikkje har sett på hundretals år.

Vi står framleis på eit tidleg stadium i denne transformasjonen; vi håpar framleis det vil vere over til sommaren, eller i det minste til hausten, eller neste vinter, men mest sannsynleg er livet vårt, slik vi kjenner det, over. Kan vi skulde det på viruset, sjølv om det skulle vere produsert i dei vondskefulle laboratoria til USA eller Kina, slik Ron Unz overbevisande har antyda? Det finst millionar av virus, og menneskeslekta har greidd å leve med dei alle. Det fanst ingen grunn for å frike ut og øydelegge sivilisasjonen vår for eit nytt virus.

Menneskene har sam-levet med virus i alle år. De har alltid vært en del av oss og vår virkelighet.

Førestill deg ein mann som har fått eit nigeriansk brev, der han blir lova millionar; og han selde huset sitt, tok opp lån, sende kona og barna sine på gata for å tigge, slik at han kunne innkassere dei nigerianske millionane. Vi ville ikkje seie at «det nigerianske brevet forårsaka fallet hans», for så mange hadde mottatt nigerianske brev, men berre éin mann handla slik han gjorde. Utan tvil var brevet eit stygt svindelforsøk, men problemet var i han, ikkje i det nigerianske brevet.

Det førre skiftet av ein slik storleiksorden hende seint på 1700-talet; det er kalla Den industrielle revolusjonen. Fabrikkeigarane byrja då å erstatte sine erfarne arbeidarar med billige maskiner, og arbeidarane mista jobbane sine, levebrødet og sjølvrespekten. I 1811 danna arbeidarane Ludditt-rørsla [‘maskinstormarane’, mrk.]. Luddittane braut seg inn i fabrikkar og smadra tekstilmaskiner. Det varte til 1816, då dampen gjekk ut av rørsla. Arbeidarane var slagne (mange av dei rømde til Amerika), og det britiske bursjoasiet hadde framgang. Det tok mange år før arbeidarane fekk tilbake nokre av sine tidlegare posisjonar i samfunnet, hovudsakleg på grunn av trusselen om kommunistisk revolusjon.

Vi står overfor en ny revolusjon hvor AI (maskiner med kunstig intelligens) vil overta og utføre en rekke operasjoner som menneskene i dag gjør.

No står vi framfor den nye Digitale revolusjonen, med arbeidarar som blir erstatta av smarte datamaskiner og ei framtid med Artifisiell Intelligens, AI [kunstig intelligens, mrk.]. Millionar av kontorarbeidarar fungerer allereie som eit menneskeleg grensesnitt mot datamaskinene. Du har kanskje merka dette når du snakkar med dei; dei uttalar setningar frå eit manus andre har levert, og avgjerdene blir tatt av datamaskina som er programmert etter sjefens vilje. Når no nedstenginga har tvinga millionar til å kommunisere med datamaskiner direkte, har mange arbeidarar blitt overflødige.

Prosessen med felling av milliontals arbeidarar i det eksisterande økonomiske systemet kjem sannsynlegvis til å bli smertefull for dei arbeidslause. Nedstenginga dei har skulda på viruset, og digital kontroll, lar eigarane av dei digitale selskapa sette i verk revolusjonen med minimal risiko for seg sjølve. Det som elles ville trengt både hæren og politistyrkar, mot opprørske usysselsette arbeidarar, kan no oppnåast lettare under pandemitrusselen. Økonomien vil bli modernisert og effektivisert. Dessverre for oss varslar dette manuset om skjebnen til høgt kvalifiserte vevarar i 1700-talets England, sjølv om vi skulle unngå den totale AI-overtakinga i Terminator-stil.

Det er ingen Korona-krise. Antallet døde i verden øker ikke under Korona-epidemien. Tvert imot har antallet faktisk sunket i noen land.

Kanskje er ikkje dei skumlaste nyheitene dei som handlar om talet på «infiserte». Det er eit meiningslaust ord, for det finst hardnakka berarar som ikkje bukkar under for sjukdommen; den store majoriteten av «infiserte» er symptomfrie; dei er ikkje sjuke og dei er ikkje smittefarlege; talet på «infiserte» står i direkte proporsjon til talet på testar; testane er tvilsame på sitt beste, og ingen er verifiserte av metodane som var aksepterte i pre-korona-medisinsk vitskap, medan metodologien som WHO [Verdshelseorganisasjonen, mrk.] har godtatt og fått sett igjennom ikkje kan omtalast som vitskapeleg. Det handlar ikkje om dødsfall, for vi har ikkje fleire dødsfall enn i 2018. I mange land har dei færre; i Frankrike og Noreg har dei hatt 30% færre dødsfall i visse veker i april og mai dette året enn i fjor.

Den skumlaste nyheita er at Zoom er verdt meir enn dei sju største flyselskapa. Desse flyselskapa, med sitt akkumulerte arbeid (millionar av arbeidstimar, hundretusentals tilsette, høgt trente pilotar, massevis av sofistikert utstyr), kan berre ikkje vere verdt like mykje som ein jobb gjort på ein månad av nokre få programmerarar – og som kan gjerast igjen om ein månad. Pengar og aksjemarknadsprisar er nyttige verkty dersom dei måler menneskelege prestasjonar; dei gjer ikkje det no lenger. Det som starta med bankierar som tente meir pengar på ein dag enn hundre kvalifiserte arbeidarar og ingeniørar tente på eit heilt liv, slutta med hi-tech-lordar som tener meir enn ein million arbeidarar tener i si livstid. Det betyr at Pengane har sett sin lit til Den digitale økonomien, ein Union skapt i Helvete, medan realøkonomien blei lagt i potten. Pengane bestemte at vi ikkje skal fly meir. Dei nye herrane, vil fly i sine private jetfly; æraen med massetilgang er over. Du vil bli tilfredsstilt med Zoomog PornHub, i staden for ‘the Real Thing’.

Å slukke branner med å sprøyte bensin på dem?

Legg til den negative olje-futurekontraktprisen emisjonssentra som skriv ut meir og meir pengar i eit forsøk på å kvele flammane med bensin, så får du eit bilete av verda som kjem. Det blir nok ikkje plass til deg og meg i den verda.

Er den store AI-oppdateringa av teknologien eit objektivt behov, og vil den bringe gode for menneskeslekta? Kanskje. Men det betyr ikkje at det er Pengane og Den digitale økonomien som bør skrive oppskrifta for prosessen, Mainstream Media som bør forklare den, bio-redslar som skal rettferdiggjere den, og at den skal gjennomførast på bekostning av folket. Det må gjerast på anna vis dersom vi skal bevare det vi har oppnådd under den lange (1945-2020) fredstida.

Pengar og Digit er berre skuggar av den verkelege verda. Problemet er at skuggane har gløymt sin rettmessige plass ved føtene til meisteren sin. «Dei små fyrane som går med kalott kvar dag og tel pengane mine», med Trump sine ord, hadde lært seg kunsten å gjere om Trump sine (og dine) pengar til sine pengar. Om dei har så mykje pengar, set dei prioriteringane ved å erstatte endå meir av den verkelege verda og dei verkelege folka med skuggar. Så den reelle løysinga på problemet er ikkje ein vaksine eller nedstenging, men er å finne i returneringa av Skuggen til dens rettmessige plass ved føtene til Den verkelege verda.

The Unz Review er et konservativt alternativt USA-nettsted som nå er utestengt fra Facebook.

Digitale selskap, kalla GAFAM (Google, Apple, Facebook, Amazon, Microsoft), har for mykje makt. Denne makta treng meir av folkeleg kontroll, slik at dei ikkje vil kunne forby/stenge ute frie medium som  The Unz Review, eller kjøpe opp for mykje av den verkelege verda. Desse tinga hastar det med. Covid hastar det mindre med, for det er berre tåketeppet som GAFAM og deira medsamansvorne brukar til å gjennomføre sin Digitale revolusjon på ein måte som gir størst mogleg profitt (for dei).

The Diamond Princess.

Og no kan vi returnere til konspirasjonsteoriane. Dersom viruset er den store øydeleggaren det blir presentert som, korfor har ikkje fattige land med lite av verdiar og ingen hi-tech blitt råka? Korfor er ikkje fattige Kambodsja øydelagt av Covid? Kambodsjanarar har eit lite utbygd helsevesen, og dei tok imot ei heil båtlast av «infiserte» passasjerar frå The Diamond Princess. Dei har også tusentals kinesiske turistar. Og dei har ingen Covid i sitt fattige land. Korfor har ikkje Mongolia, Kina sin nabo med veldig sterke samband med Kina, Covid?

Korfor er det berre rike land som lir? Korfor er det berre landa med ei mektig liberal presse, med positive samband til WHO, med utvikla høgteknologisk infrastruktur og sine eigne digitale herrar? Kunne det heilt enkelt vere fordi dei har noko å plyndre? Det gir meining å plyndre Belgia, og belgiarar har mukje Covid. Men det gir ikkje meining å plyndre Mongolia eller Kambodsja. Om du følger meg så langt, vil du også sjå at slike ting ikkje kan skje av seg sjølv. GAFAM er hovudaktøren og den som tener på det heile, medan Gates er linken mellom dei og WHO.

Er det en konspirasjon at det er en forbindelse mellom WHO; Bill Gates og de store digitale selskapa?

Utan WHO si velsigning ville ikkje noko land nære ideen om nedstenging. WHO har lært mykje sidan 2009, og bestemde seg til sist for å spele Covid-kortet så hardt dei kunne. President Trump har gode instinkt, sjølv om han tilbyr gale forklaringar. WHO er verkeleg ein sentral aktør i konspirasjonen. Dei måtte til og med drepe sin eigen toppleiar [epidemiologen Peter Salama, mrk.] i januar 2020, som tydeleg protesterte mot å klassifisere Covid som ein pandemi. WHO tilbaud ei mute på 60 millionar dollar til Kviterusslands president Lukasjenko dersom han stengde ned nasjonen sin, men presidenten nekta å ta imot muta, for han kjende ansvar for at det skulle gå bra med Kviterussland. Og faktisk har frie Kviterussland grovt rekna same tal på Covid-infeksjonar og -dødsfall som sine nedstengde naboar Ukraina og Polen. Polen har det litt verre, for dei er eit feitare bytte enn magre Kviterussland. WHO prøvde til og med å mute Madagaskar, som utvikla si eiga lavteknologiske medisinske behandling for Covid-råka – med overraskande gode resultat. WHO tilbaud ei mute til presidenten deira dersom han ville seie at folk døydde av behandlinga. (Ikkje at Madagaskar, fattige som dei er, hadde så mykje å engste seg for).

Svineinfluensa hadde et stygt navn men var ufarlig. Men skremslene om den førte til en kolossal fortjeneste for vaksineprodusentene. En vaksine som skadet mange alvorlig.

President Trump har hatt grunn til å vere misnøgd med Kina, sidan dette landet fann opp nedstenging som verkty i kampen mot epidemiar i 2009, då verda engsta seg over svineinfluensaen, H1N1. Då byrja Kina å praktisere massiv nedstenging, med heile byar i karantene; dei erklærte at fleire hundre tusen var infiserte, la restriksjonar på flyreiser og produserte ein vaksine. Tiltaka vart sette i verk når berre 30 personar hadde bukka under for influensaen, og WHO la ned protest mot dei kinesiske aksjonane. Til sist hadde 3000 døydd i USA og 800 i Kina. Profitten frå den marknadsførte vaksinen var enorm. «Uventa innhausting for Big Pharma», rapporterte nyheitsbyrået Reuters [Big Pharma: dei store innan farmasøytisk industri, mrk.]. WHO profitterte også, og dei rapporterte ikkje om si eiga innblanding. Såleis vart partnarskapen Big Pharma – Kina – WHO danna, og dei var villige til å gjenta den gamle dreieboka i større skala. Dei gjorde det i 2020.

Kinesarane nølte ikkje med å stenge ned Wuhan i 2020, og denne gongen vart dei følgde av andre land. Fiendar av Kina seier at kinesarane, med spreiinga av denne modellen, ønska å angripe andre statar sin økonomi for å seinare kunne kjøpe opp verdiane deira på billigsal. Andre legg til at Kina stengde ned problematiske byar som Wuhan, som dei frykta kunne kome til å gjere opprør etter Hong Kong-modellen. Vener av Kina seier at kritikken av Kina har samband med at USA gjerne vil sleppe å betale tilbake gjelda si på 1,3 billionar dollar [$1300 milliardar , ca. 13 000 norske kroner, mrk.] til Kina. Og dessutan har Kina mange gongar blitt angripne av US-amerikanske biovåpen, så dei måtte vere forsiktige.

Kina var det første landet som anvendte nedstengning. Det er ikke et medisinsk verktøy, men et politisk.

La oss seie Kina ikkje tvinga, og ikkje kunne tvinge, nokon stat til å bruke modellen deira. På den andre sida var WHO og utvalde krefter i andre land raske til å sjå fordelane med nedstenging for seg sjølve, og det hadde ikkje epidemiologiske årsaker. Det fanst dei som ønska å profittere slik dei gjorde i 2009, men i større skala; nokre hadde politiske grunnar, val, sivil uro; nokre ønska å få kontrollen over vanlege folk. Dei lykkast, og det er vi og Den verkelege verda som betalar prisen.

Nedstenginga no har ført verda til randa av ein grim totalitær dystopi. Sjølv om om ein har fått kontroll med sjukdommen, og svindlarane treng grovare og grovare falsifiseringar for å bevise det motsette, så har kontroll-drifta deira berre auka.

I Israel har alle måtta installere og bruke den Mossad-preparerte appen som sporar alle kontaktane dine. Appen kan sende deg ei tekstmelding som seier «Du passerte ein korona-infisert person; du må straks gå heim og bli der i isolat i to veker». Du kan ikkje argumentere med appen, og appen vil ikkje betale låneavdraga og matrekningane dine.

Kovid-krisa fører til at politistatmedtoder tas i bruk.

I Moskva skjer også kontrollregimet ved hjelp av ein app. Ein person som har vitja eit sjukehus eller berre ein lege, må installere appen og sende ein selfie kvar gong appen krev det, sjølv midt på natta. Om ein ikkje lyder innan eit minutt, kan ein straffast med ei bot på 4000 rubel (ca NOK 500). Om du søv godt, vil du vakne opp om morgonen med ein bunke av desse bøtene.

Moskva-regimet, med overvaking og kontroll, er overdrive strikt. Du må sende søknad om å få ein QR-kode-passersetel for å forlate heimen din, der du oppgir destinasjon og grunn. Kyrkjer og parkar står ikkje på lista over tillatte destinasjonar. Berre nokre få har sagt seg ueinige med denne ordninga. Folk tar det stort sett roleg. Dei deler på Facebook kor nøgde dei er med systemet, og viser entusiasme over kor lett det var å søke og motta passersetelen. Er det Stalins opptrening av foreldra deira eller slaveriet (som varte til 1861) til deira fjernare forfedrar som har installert dette samtykket og slik lydnad, grubla eg på, men så oppdaga eg denne rapporten frå fridomselskande State of Washington:

“Washington-guvernør Jay Inslee (D) gav til kjenne at folk som nektar å samarbeide med kontaktsporarar ikkje vil få løyve til å forlate heimane sine, ikkje ein gong for å dra til matbutikken eller apoteket».

Akk! Det er lett å få folk overalt i verda til å bøye seg for autoritetane sin vilje, særleg når dei er skremde av medisinsk sjargong. Latin-amerikanarar, som elles er rekna for å vere temperamentfulle, føya seg roleg etter Covid-regulasjonane; men før det lydde dei sine tyrannar og diktatorar. I demokratiske New Zealand har dei innført ei lov som gir politiet makta til å potensielt ta seg inn i heimane til folk utan ransakingsløyve dersom det gjeld handheving av Covid-reglar, trass protestar frå opposisjonen, sjølv om Menneskerettskommisjonen har sagt det var «eit stort mistak for våre demokratiske prosessar». Gjøkeredet, boka og filmen, minner oss om at det ikkje finst mange rebellar. Majoriteten forsonar seg med sjølv dei mest grufulle av regime. Eg er imot nedstenging fordi eg verdset fridom meir enn eg verdset livet, men dét er berre ein personleg preferanse.

Beskytter en eldre ved å isolere eller fengsle dem?

For å overtyde folk, seier Covid-maktgjengen at dei gjer det «for å redde dei gamle og sårbare». Dette er ei patetisk løgn. Faktisk har dei skapt eit ekstremt ukomfortabelt regime for gamle folk. I Israel har dei ein plan (det gjenståt å materialisere den) om å innføre eit «grønt plaster» for folk over 60. Berre personar som kan vise fram det grøne plasteret vil få løyve til å opphalde seg i offentleg rom. Ein eldre person kan arresterast og bøteleggast dersom han ikkje kan framvise plasteret. Plasteret vil bli skrive ut av politiet etter legekontoll, og vil vere gyldig i eitt år. Sjølv berarar av det grøne plasteret vil ha flygeforbod. Det høyrest ikkje ut som vern av dei eldre. Israel er ikkje aleine: i amerikansk Samoa må folk over 60 halde seg heime, fengsla. Du kan sjå på avgrensingane av naturleg fridom i ulike land for å sjå korleis dei konkurrerer om kven som kan gjere innbyggarane sine mest miserable (https://pandemic.internationalsos.com/2019-ncov/ncov-travel-restrictions-flight-operations-and-screening). Det er deprimerande lesestoff.

Var nedstenginga i det heile tatt nødvendig av reint medisinske årsaker? Redda den liv? Eg trur ikkje det, men juryen har ikkje bestemt seg. Vi vil få vite det nøyaktige svaret om eit års tid. Om Covid-19 vil forsvinne som sine forgjengarar fugleinfluensaen (2003) og svineinfluensaen (2009), var ikkje nedstenginga ein altfor dum ide. Kanskje var den ikkje eigentleg nødvendig, for den redda nokre få til ein gigantisk sosial kostnad, men det var ikkje for gale. Men dersom Covid-19 har kome for å bli, og kjem til å angripe regelmessig, så har ikkje nedstenginga hatt noko føre seg i det heile.

Covid-ekspertar tenderer mot å tru at vi kan vente ei ny bølge, og fleire bølger deretter. Nokre av dei preikar for å utvide karantena i eit år eller meir. Det lar seg ikkje gjere – vi vil ikkje som art overleve ein så langvarig husarrest. Det irriterande er at dei insisterer på å påby bruk av masker, hanskar og sosial distansering, no og for all tid. Dei blokkerer også internasjonalt reiseliv. Den russiske forsvarsministeren, Sergej Lavrov, spår at den rørslefridommen vi naut før Covid ikkje vil kome tilbake.

Vi kan ikkje avspore framsteget og stoppe Den digitale revolusjonen, men vi kan gjere slutt på den medfølgande svindelen og dei utanomlegale restriksjonane på rørslefridommen vår. Vi bør også verne om dei få som gjenstår av plattformar som UR (The Unz Review), som lar oss uttrykke og dele uortodokse synspunkt.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «men problemet var i han, ikkje i det nigerianske brevet.»
    Men det egentlige problemet ( for hver enkelt nasjon , ikke nødvendigvis hver enkelt person ),
    er at vi forveksler penger/byttemidlene/tallene og de velferdsskapene arbeidskreftene.
    Arbeidskreftene eies og styres ( bør eies ) av den enkelte, også i en samlet nasjon. Pengene og rentene styres (dessverre) av de som ønsker En verden/E leder , og en valuta. Og de som har styring over verdensvalutaen og rentene. ( Bankene i nasjonen er ofte (bare ) lakeier, men bør fratas sin makt.)
    ‘ De som styrer det økonomiske systemet styrer politikken, lokalt og globalt.’
    Så lenge vi tror på tall og en kapitalistisk (pengetenkende) stat, mer enn samfunnets levende individer og arbeidskrefter, vil vi være utsatt for slike angrep som lammer.
    Da kan frustrasjon spres, og vi kan bli satt opp mot hverandre. Da kan vi lammes. Og angripes.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Clinton-fondet:

Våpeneksport og korrupsjon.

Previous Post

Personopplysninger på avveier:

Lekkasjer fra videregående skoler

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.