POSTED IN Diverse

Israel Shamir:

Døden er like naturlig som livet. Ingen er udødelige.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kampen mot døden

av Israel Shamir

Israel Shamir er en forfatter og journalist.  Han er russisk-israelsk kristen med jødisk bakgrunn.Bøkene hans er oversatt til mange språk.

Den sesongprega galskapen har kome over menneskeslekta. I åra som kjem vil ein tale om den nye Heksejakta, men i global skala. Hekseprosessane i Salem slukte opp ein liten by i ein fjern britisk koloni, men korona-karantenen har knekt ryggen på den globale økonomien, sendt millionar ut i armod, sperra inne tre milliardar, forårsaka tallaust med sjølvmord og misære. Det kunne samanliknast med Første verdskrig, då Vesten – på toppen av si historiske utvikling – rusa fram mot sin eigen sjølvdestruksjon, av grunnar så veike at ikkje nokon av dei samtidige aktørane greidde å kome opp med noka overtydande forklaring.

Galskapen får drivstoff av frykta for døden. Døden, dette normale fenomenet for våre forfedre, ein fredfull overgang når den forkasta kroppen blir lagt til kvile på kyrkjegarden etter at sjela har dratt til skaparen sin, vart til det verste som kunne hende eit menneske, ei katastrofe ein for alt i verda måtte unngå fordi det ikkje finst noko liv etter døden, ingen Skapar som sjela kan returnere til, men berre her og no. Dei gjekk i gang med Krigen mot døden, slik vår kollega CJ Hopkins uttrykte det. I forsøket på å sleppe unna døden påførte menneskeslekta seg sjølv eit dødeleg sår.

Er Sverige det eneste europeiske landet ikke er preget av kollektiv galskap? Foro: Raphael Andres@raphaeldas

Det er ikkje tilfeldig at den einaste sinnsfriske vestlege staten, Sverige, unngjekk begge Verdskrigane og i tillegg den forferdelege korona-sjølvdestruksjonen. Eg skriv desse orda i Sverige, der skular og barnehagar framleis fungerer som normalt, og foreldre ikkje blir galne av sine irriterande smårollingar; butikkar og pubar er opne, kyrkjer held messe eller gudsteneste, og folk er frie til å spasere i parkar og bugnande skogar. Berre samanlikn Sverige med den store naboen deira: svenskar brukar no 43% meir tid i parken enn før, medan tyskarane brukar 50% mindre tid der enn før.

Tyskarane får bøter: det kostar deg 500 Euro om du besøker slektningar eller vener; like mykje dersom tre eller fleire personar samlar seg; det same om du står 1,5 meter eller nærare ein annan person; 75 Euro om du blir tatt utan identifikasjonspapir. Svenskar treng ikkje slikt og er frie til å gå på besøk og vere sosiale.

Det tyske samfunnet er i ferd med å brytast ned. Folk er redde for å treffe kvarandre. Barn utviklar speleavhengigheit. Einsemd spreier seg raskare enn viruset. Den nye generasjonen tyskarar (og europearar generelt) vil bli hikikomori, ein generasjon med einstøingar, eremittar. I Japan er det hundretusentals unge og ikkje-så-unge folk som trekk seg unna samfunnet. No spreier denne sosialsjukdommen seg, og den kan godt kome til å gi banesåret til eit Europa splintra av migrasjonsbølger, av neoliberalisme, av politisk korrektheit, av likekjønna og transkjønna galskap.

Den seksuelle unionen mellom mann og kvinne har blitt underminert av samfunnet sin kamp mot «giftig maskulinitet», av tvungen «sikker sex», av kor lett folk no kan bli rettsforfølgde for påståtte overgrep og påstått valdtekt. No kjem den til sin ende, og neste generasjon vil lytte med gru til historia om Adam og Eva. Men kor skal dei høyre den? Kyrkjene er stengde, messer er forbodne. Medan dei prøvde å slå Døden, har menneska overgitt seg til Døden.

Johann Wolfgang von Goethe var en tysk dikter, forfatter, humanist og naturvitenskapsmann. Som forfatter var Goethe en av de mest ruvende skikkelser i tysk litteratur og europeisk romantikk i det attende og nittende århundre. Goethes Faust regnes som et av de fremste verkene i tysk litteratur. Wikipedia

Tyskarane gløymde orda til sin store poet, Goethe:

Und so lang du das nicht hast,
dieses Stirb und Werde,
bist du nur ein trüber Gast
auf der dunklen Erde.

Omsett til norsk (av Åse-Marie Nesse i boka Mitt hjarta slo):

Dette: Døy og bli! er ord
du lyt leve etter,
som ein salig gjest på jord 
i dei dunkle netter.

[Meir ordrett, og utan omtanke på rim og slikt, blir det nærare: Og så lenge du ikkje har dette ‘Døy og bli’, er du berre ein sorgtung gjest på denne dunkle jord. Mrk.]

Døy og bli!

Til sist kan Europa vente seg tusentals konkursar og sjølvmord. Dei svenske små og mellomstore verksemdene vil overleve, medan tyske småverksemder vil døy. Sverige vil overleve krisa som ein demokratisk stat, slik dei overlevde verdskrigane, men Tyskland, Frankrike og Italia går mot diktatur à la 1984 i sine øydelagde land, medan den svinnande resten av Pornhub-brukarar klamrar seg til Internett så lenge det framleis finst.

Denne massive kollapsen er ikkje ein gong uunngåeleg. Korona er farleg, men det er ikkje pesten. Dødsraten i Sverige er framleis normal for sesongen; dei driv ikkje med mykje testing og brukar ikkje karantene, sjølv om folk har blitt rådde til å halde avstand og vaske hendene. Å ha samlingar på fleire enn 50 personar er forbode. Der er færre folk i gatene enn normalt, men Sverige er ikkje panikkslage. Døyr svenskar? Ja, absolutt, men dei var ikkje udødelege før Korona heller.

Sveriges korona-relaterte dødsfall står på 40 per million, tre gongar færre enn i Frankrike og dobbelt så mange som i Tyskland, sjølv om desse to statane fører ein streng karantenepolitikk. Sidan Sverige, som alle vestlege statar, i mange år har prøvd å nedkjempe Døden sjølv og halde i live mange sjuke og eldre, sjølv med overdrivne tiltak, så skulle ein kanskje tru at dødstala no hadde vore større. Som med alle infeksjonssjukdommar, er storbyar farlegare enn landsbyar, og gamleheimar, pleieheimar og geriatriske avdelingar, stadar der gamle menneske ventar på ein ikkje uventa død, er dei største dødsfellene. Sverige har ikkje storbyar som New York og London, men dei har mange gamle og svært gamle folk som kan bukke under for viruset.

Er dette sannhets-ministeriets hovedkvarter? Eller er det templet for Fake News?

Eg er stolt av svenske politikarar, av dei herskande sosialdemokratane som let fridomsfakkelen brenne trass i enormt press frå dei vestlege massemedia. Dei førande avisene til Diskurs-meistrane, The New York Times og The Guardian, trykker nesten dagleg artiklar som spår Sveriges undergang, men statsministeren står opp imot dommedagsprofetane. Dei svenske media går ikkje inn i panikkmodus, og det hjelper på. Eg veit ikkje kor lenge svenskane vil klare å stå imot presset; om fridomsfiendane prøver seg på regimeskifte eller berre bombar Sverige til lydnad, så er det verdt det.

Til og med i USA byrja den enkle sanninga å synke inn: Koronakrisa er ei mediekrise, og så mange hendingar i seinare tid har vore det. 9/11 og Krigen mot terror er ei av dei. Sidan denne unike (og framleis mystiske) hendinga har det ikkje skjedd islamistiske terrorangrep i USA. Sjeldne individuelle åtak i Europa har vanlegvis blitt utført av folk som har gått av hengslene pga USAs Krig mot terror. Fleire har døydd av møblar som har falle ned i bustadane deira enn av islamistiske terroristar, men kostnaden som denne Krigen mot terror har lagt på amerikanarane og på folka i Midtausten har vore enorm, fordi massemedia skapte ei bølge av panikk.

Det same gjeld for Korona-pandemien. Sjølv mainstream-avisa LA Times skreiv at «influensaen har gjort 36 millionar amerikanarar sjuke sidan september og tatt livet av rundt 22 000, i følge CDC, men dei dødsfalla blir for det meste ikkje omtalte i media.» Korona er verkeleg, og den er dødeleg for menneske som er avhengige av avansert medisin berre for å overleve. For resten av oss er den det ikkje. No og då kjem media med sensasjonsoppslag om ein ung mann, eller til og med eit barn, som har bukka under for viruset. Dei nemner aldri at den unge mannen hadde leukemi (som i tilfellet med fotballspelaren), eller at barnet var fødd utan evne til å overleve på eiga hand. Dei sjuke er rett og slett meir disponerte for å døy.

Er Putin i ferd med å miste grepet? Foto: Don Fontijn@donfontijn

Russarane skuffar stort. Dei gav opp uavhengigheita si og innordna seg.Det var eit utruleg syn: i fleire veker lo dei russiske regjeringsvenlege media (inkludert bloggarar) av den vestlege karantenepolitikken. Dei brukte alle argumenta til vestlege korona-dissidentar. Og så endra det seg over natta. Ikkje på grunn av dødsfall – Russland har totalt 34 korona-relaterte dødsfall, eit uendeleg lite tal – men på grunn av presset. Sjølv om Putin nekta å be om karantene eller liknande tiltak, gav han provinsguvernørar løyve til å gjere tiltak der det var nødvendig pga lokale omstende. Og Moskva og St. Petersburg gjorde det med velbehag.

Ikkje berre karantene, men med tung bøtelegging for opphald ute på gatene utan ID-papir; for å køyre bil, gå tur med hunden over hundre meter frå heimen. Dei sperra parkar, avgrensa alkoholsal, stengde tobakksutsal. No er livet i dei viktigaste byane i Russland like restriktivt som nokon annan stad på Fengselsplaneten, men dei planlegg å toppe det med introduksjonen av eit QR-kodesystem for folk som har løyve til å forlate heimane sine. Det er sagt at Putin protesterer, men Sobyanin insisterer. Som venta støttar pro-Demokrat-avisa FT – den avisa som også støtta Obama og Clinton – no Sobyanin versus Putin.

Kyrkjene er stengde; dei kristne i dette svært lydige landet har forbod mot å gå i gudsteneste, der er ikkje kommunionar, ingen liturgi. Sjølv på Stalin si tid, under Verdskrigen, då tyske troppar stod nokre få kilometer unna Kreml, hadde moskovittane lov til å gå i kveldsmesse for altergang; no har dei ikkje det.
______________________________________________________________________________

Og Krigen mot Døden er Krigen mot Gud.
______________________________________________________________________________

Dei russiske media og bloggarane støtta fullt ut opp om denne vendinga. Den pro-vestlege liberale opposisjonen ønska den velkomen fordi det er ein korrekt moderne vestleg måte å gjere ting på, og høgresida sine autoritære godkjende den fordi dei likar restriksjonar. Dessverre har ikkje russarane, eit vidunderleg folk, noka ekte overbevisning. Dei var alle for kommunisme heilt til dei vart bedne om å droppe den, og dei droppa den som ein hatt. Dei var for Putin og uavhengigheit, men då dei kjende at Putin var i ferd med å tape den interne kampen, endra dei straks syn.

No seier majoriteten av dei russiske media og bloggarane at Putin viste sin veikskap då han ikkje bad om karantene og lot Moskva-borgarmeister Sergej Sobyanin gjere det i staden. Dei hadde heller sett at den sterke mannen sjølv hadde sett dei i husarrest. Dette er veldig dumt, men eg trur det er bra å skjøne realiteten.

Selv i 1941 da tyske tropper stod rett utenfor Moskva var det ikke så sterke restriksjoner som i dag

For russarane er det 1991 igjen, kollapsen av den verda dei var i, verda med feriar utanlands, i Tyrkia og Egypt, i Frankrike og Spania, verda med trivelege kafear og frisørar. Den nye verda er like strikt og truande som dei mørke tidene under tysk okkupasjon, med sine tallause forbod, men dei prøver å overleve.

Kanskje vil det kome ei ny vending, for karantenen er svært vanskeleg for russarane med dei små bustadane. Om det drar ut i tid kan ein vente mykje av familiekonfliktar og -vald. Moderne russiske familiar arbeider og treff kvarandre berre på kveldane vanlegvis. No må dei sjå kvarandre 24/7, og det kan bli for mykje. Så kanskje Putin kan kome som frelsaren og løyse dei ut av fangenskapen.

Den verste plassen å vere i desse mørke tidene, er Israel. Dei slo Døden, og samtidig slo dei Livet, den andre sida av mynten. Israel har veldig, veldig få korona-relaterte dødsfall. Dei israelske dødsfalla er menn høgt opp i åttiåra som bur på aldersheimar. Der er ingen skular, ingen barnehagar som er opne. Folk har forbod mot å gå ut. Mossad og politiet sporar kvar rørsle.

Og Krigen mot Døden er Krigen mot Gud. Kyrkjene er stengde etter regjeringsdekret, til og med den ærverdige Resurrection Church eller Den heilage gravs kyrkje. Moskeane er også stengde, sjølv al Aqsa-moskeen. Det største angrepet til det gudelause sionistregimet har vore det på dei lydige jødane. Deira militær-team sveisa igjen portane på synagogene med kunstar dei lærde seg i kampen mot den palestinske Intifadaen, då dei sveisa ned arabiske butikkar i Gamlebyen til Jerusalem.

Dei sende ut sine beste krigarar, kommandoeiningane, til å hale gamle menn over åtti bort ifrå familiane og heimane sine, og bar desse gamle religiøse jødane bort, til isolasjon i avsondra bustadar. Hovudsetet til dei ortodokse jødane, Bene Brak, vart innsirkla og sett under blokkade, som Gazastripa. Deira sionistiske naboar i Ramat Gan krev at Bene Brak blir omringa av ein mur, så dei religiøse jødane ikkje kjem ut. Dei ortodokse barna kjempar modig mot politi og hær, kallar dei «Nazistar!» og hostar demonstrativt på dei. Mennene går til bøn i synagoger under jorda, berre for å bli avviste av naboar som tenker på det høgare felles gode, slik dei var på Anne Franks tid. Denne undertrykkinga av truande jødar er kanskje det verste som har kjedd dei på mange år med problematisk jødisk historie.

Den jødiske trua har mange manglar, utan tvil. Men den jødiske truskapen mot trua, deira stive nakkar, viljen dei har til å kjempe heller enn underkaste seg, er eit bra førebilete for resten av verda. Eg kjende meg stolt over desse ortodokse rebellane i sine middelalderske kitlar som forsvarer retten sin til å be til Gud mot det mektige IDF [Israel Defense Forces, mrk.], på nett same måte som deira landsmenn, palestinarane, kjempa mot IDF for al Aqsa.

Når jødar er gode, er dei veldig gode. Når dei er dårlege, er dei verkeleg dårlege. Og gudlause jødar finst ofte i den andre kategorien. Dei drar sitt ønske om å leve for langt, og deira Krig mot Døden er total, lik bombinga av Dresden. Israel er kanskje den einaste nasjonen i verda som under tvang legg nitti år gamle pasientar i respirator. Prisen er total karantene; men denne karantenen lar bankane auke utlånsrentene og tvingar arbeidslause arbeidarar til å halde fram med å betale ublu husleige til sine fråverande husvertar.

I USA har dei to krefter som kjempar om virusresponsen. Finansmennene og industrialistane, eller Gamle og Nye pengar, eller Hollywood og Rustbeltet, namna varierer. Det verkar som om begge vil tape, slik England og Tyskland begge tapte i Verdskrigen. President Trump vil gjerne redde landet sitt, og den fine gestusen hans med å avvise maska vil bli hugsa, men han er ikkje sterk nok til å gjere dei nødvendige endringane.

Er gårsdagens samfunn tapt for godt. Går vi inn i ny epoke? Foto:
Caitlyn Wilson@lillynwilson

Eg veit ikkje om det framleis finst ein veg tilbake til normaliteten, eller om gårdagens verd er daud og ikkje kan gjenopplivast. Men før vi kollapsar i ein grim dystopi finst det framleis ein sjanse. Fastetida er nesten over, og påska kjem! Det hadde vore ei god tid til å ende desse korona-restriksjonane og la folk vandre fritt på den vakre jorda Gud gav oss. Når det gjeld Krigen mot Døden, kan president Trump og president Putin erklære at dei vann den, ved å la folk samlast i kyrkjene sine og erklære at Kristus har gjenoppstått, og Døden har blitt slått i sitt eige spel.

Israel Shamir

for Unz Review 6. april, 2020

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde v/ Matteo Di Iorio@shootbyteoMatteo

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Gamle nektes å se sine barnebarn.
    Døende nektes å få en siste farvel med sine kjære.
    Folk får ikke lov til å tilbringe sine siste dager (?) på hytta, tross tomme sykehus og lege/frakt-helikoptere som står uvirksomme.

    I Italia er det krise i kremasjonsbedriftene pga. noen få tusen døde over noen uker/måneder; mens det i Auschwitz for 80 år siden, visstnok, (?) ble kremert 3000 jøder hver dag (!) gjennom 5 år.

    Blir vi bedratt? Igjen? Igjen og igjen?
    Eller er dette kun en måte å finne ut hva vi, og våre «ledere», spiser av forunderlige løgner og propaganda uten at vi tenker, og protesterer?

    Svar
  • Vi blir lurt (igjen), det er ganske klart. Historien er lang, de påførte tragediene mangfoldige.
    Men av hvem?
    De som styrer verdensvalutaen, og nå låner ut penger?
    De som styrer verdens-media?
    Av de som vi har valgt som ledere, men som er sauer som oss, og (heller) ikke ser at gjeterene er ulver?
    Av oss selv og vår egen saueflokk-mentalitet?
    Uansett; vår mentalitet er vår skjebne.

    Svar
  • Overskrift:
    «Døde newyorkere legges i massegraver» !
    https://www.nrk.no/urix/her-lages-det-massegrav-for-amerikanere-1.14979245
    «På den lilla øya Hart Island i New York lages det nå massegraver. Der gravlegges døde koronapasienter,…..»

    Så ser vi at det ALLTID er lagt døde i massegraver der, når de døde ikke har noen nære slektninger.
    Hvorfor dette blir koblet til Korona nå? ( Dette er vår statsfinansierte tvangs-media!)
    Tilfeldighet?
    Dumskap?

    Hm….
    Eller er Vi dumme som betaler for, og godtar dette som informasjon?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Udemokratiske tiltak:

Gjennomføres i ly av forsamlingsforbudet i flere land.

Forrige innlegg

Spartakus:

Mindre stolte kapitler i norsk forsvarshistorie.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.