POSTED IN Iran, Israel, Krig-fred

Irans angrep på Israel var like mye en politisk som en militær handling.

Det demonstrerte for verden at Israels tid som militær bølle i Midt-Østen går mot slutten.

0
Print Friendly, PDF & Email

Iran sitt angrep på Israel var mykje meir vellykka enn det verka

Teheran sitt gjengjeldsangrep forårsaka kanskje ikkje så mykje skade, men det var langt ifrå mislykka

Abbas Juma

av Abbas Juma, internasjonal journalist, politisk kommentator, Midtausten- og Afrika-spesialist

Natta til sundag den 14. april fyrte Iran og proksystyrkane deira av ei rekke kryssarmissil og kamikaze-dronar mot israelsk territorium. Angrepa kom ikkje som noka overrasking. Teheran hadde åtvara om at dei ville svare på det israelske luftangrepet på Iran sitt konsulat i Damaskus, Syria, den 1. april, som drap fleire høge offiserar i Den islamske revolusjonsgarden (IRGC), inkludert to generalar. Gjengjeldsangrepet fekk namnet Operasjon True Promise

Det er framleis mange som diskuterer om gjengjeldsangrepet til Iran var vellykka eller ikkje. Dei fleste militære ekspertane er einige om at det ikkje var noko uvanleg med denne aksjonen til Iran, bortsett frå at dette var Irans første direkte angrep på Israel. Sett frå eit tekniske synspunkt, var strategien enkel og korrekt: først skvisa Iran fiendens luftforsvarsystem med ein flaum av dronar, og deretter fyrte dei av hypersoniske missil som israelarane og amerikanarane ikkje greidde skyte ned. (I lys av dette, verkar forøvrig Ukrainas påstandar om nedskyting av russiske hypersoniske Kinzhal-missil latterlege.)

Ikkje dra for raske konklusjonar

Mange ekspertar var skeptiske til Irans angrep og var raskt ute med å seie at represaliane ikkje levde opp til forventningane. Med «utklippstenkinga» til dei fleste kommentatorar, er ikkje denne reaksjonen særleg overraskande. Resonnementa deira liknar ein Hollywood-kassasuksess som er proppfull av spesialeffektar, der verdas undergang og den mirakuløse redninga blir skvisa inn på 90—120 minutt, med ei kjærleiksscene i midten. I det verkelege livet er ting annleis. Oldtidas Sun Tzu skreiv at det å kjempe 100 slag og vinne 100 slag ikkje er den største krigskunst. Den beste måten å vinne på, er å ikkje kjempe i det heile. Dette er Irans strategi. Angrepet deira på Israel var ikkje så mykje ein militær respons som det var ein stormeisters trekk i eit stort sjakkspel. Og spelet er enno ikkje over.

Etter angrepet på det iranske konsulatet i Syrias hovudstad, kom Teheran i ei knipe. Dei laut respondere på ein måte som verka overbevisande og som ville oppnå spesifikke militære målsetningar, men utan å starte Tredje verdskrig.

For å klare første punkt, måtte Iran utføre eit direkte angrep utan å berre ty til proksy-styrkar – og det var det dei gjorde. For punkt nummer to: sjølv om dei fleste missila og dronane vart skotne ned, greidde nokre av dei å bryte gjennom israelsk luftrom og råke militære mål. Stabssjefen til Dei iranske væpna styrkane, Mohammad Bagheri, sa at informasjonssenteret på den israelsk/syriske grensa og Israel sin flybase Nevatim vart råka. Og til sist, punkt nummer tre, det vart ikkje krig. Dette likna situasjonen i 2020, då iranarane råka US-amerikanske basar i Irak som svar på mordet på general Soleimani.

Var Irans angrep et blinkskudd?

Men det er enno for tidleg å spekulere på om Iran sitt angrep var ein suksess eller ikkje. Det store spørsmålet no er korleis Israel vil respondere. 

Kva Iran har oppnådd

Det er viktig å understreke at operasjonen til Iran hadde større politisk enn militær tyngd. Den var listig utført, og den var ein suksess. Det er openlyst at iranarane ikkje ville starte ein krig som ville involvere USA, sjølv om det var det Netanyahu ville. Med andre ord greidde ikkje Israel å provosere Iran. 

Det er også openlyst at den islamske republikken sit på dronar og missil som er kraftigare enn dei dei brukte den 14. april. Men sjølv dei mindre avanserte dronane og missila greidde å penetrere israelsk luftrom og påføre økonomisk skade, sidan Israel brukte mykje meir pengar på å skyte ned missila og dronane enn Iran brukte på å skyte dei ut.

Teheran har igjen demonstrert at Israel ikkje er usårbar, og at det er mogleg å angripe landet. Når det gjeld skadeomfanget, som nokre kommentatorar var utilfredse med, er det generelt avhengig av typen missil og dronar brukt – og Iran har store mengder militært utstyr.

Til sjuande og sist var den største sigeren til Iran at dei greidde å skape uorden for Israel, på same måten som dei kom i uorden etter Hamas-angrepet den 7. oktober. Landet lyt respondere. Men korleis? Bør Israel angripe iranske proksy-styrkar? Det er mogleg, men Israel gjer det heile tida utan særleg resultat. Bør dei angripe Iran direkte? Men det ville starte ein krig som ingen er førebudde på, inkludert USA.

Konklusjon

Ballen er no på Israels banehalvdel, og landet står overfor same utfordringar som den islamske republikken gjorde etter 1. april. Men vil Israel klare å løyse desse utfordringane like effektivt?

Legg merke til at IRGCs sjefskommandant Hossein Salami har sagt at frå no av vil alle israelske angrep på iranske interesser og innbyggarar medføre at Teheran angrip igjen.

Dette er ei viktig erklæring. Eigentleg var ikkje Iran sitt angrep den 14. april berre eit gjengjeldsangrep. Det etablerte også ein ny orden. Iran demonstrerte at dei er budde på å ta i bruk nye metodar i ein situasjon der ord ikkje strekk til. Dei angreip Israel direkte – ikkje for å starte ein krig, men for å demomstrere kva som kan skje dersom alle andre metodar for å legge press på Israel slår feil. 

Eit nytt alternativ er lagt fram. Israel kan vere fråtatt sin viktigaste fordel – total straffefridom, som USA inntil nyleg garanterte dei.

Merknad frå RT: uttrykte påstandar og meiningar er utelukkande artikkelforfattaren sine, og representerer ikkje nødvendigvis RT sine.

Omsett av Monica Sortland

https://www.rt.com/news/596044-iran-attack-result-israel

Forsidebilde: Leon Pauleikhoff

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Er Russlands manglende vilje til å erobre Ukraina veien til Armageddon?

I det øyeblikket Ukraina blir medlem av NATO, vil Russland befinne seg i krig med NATO

Forrige innlegg

Klimakravene i Tyskland kan få konsekvenser.

Transporministeren: Vi kan måtte forby privat bilkjøring i helgene.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.