POSTED IN Iran, Midt-Østen

Iran har mange allierte som de bevæpner og lærer opp.

Gaza-krigen glir over i regional konflikt.

0
Print Friendly, PDF & Email

Krigen mot Gaza – Iran demonstrerer sitt sjølvforsvar

Av Moon of Alabama

I løpet av dei hundre dagane med krig frå Israel mot alle i Gaza, svarte medlemmane av ‘motstandsaksen’ på angrepet. Hamas i Gaza angreip vellykka invaderande israelske styrkar. Så seint som i går sende dei framleis missil frå nord-Gaza mot Israel. Hezbullah i Libanon angreip Israel ved grensa. Irakiske motstandsgrupper angreip amerikanske basar i Syria og Irak. Houthi i Jemen angreip skip knytte til Israel.

Aksen USA/Israel eskalerte deretter. Israel drap Hamas-offiserar som budde ope i Beirut. Dei drap og ein IRGC-offiser i Syria og en Hezbullah-offiser i Libanon. USA bomba Houthi så vel som motstandsgrupper i Irak og Syria. Eit IS-angrep, sannsynlegvis oppmuntra av USA, drap rundt 100 personar i Kerman, Iran.

Hezbollah er en kraftig militær maktfaktor i Libanon. De har stor oppslutning bl.a fra flyktningeleiren Shaba i Beirut hvor dette bildet er tatt. (Foto: iStock)

Etter at USA angreip irakiske motstandsgrupper i Syria og Irak, intensiverte desse angrepa på amerikanske basar. Hezbullah auka gradvis rekkevidda av sine svar på israelske angrep mot Libanon. Etter USAs bombing i Jemen svarte Houthi med å legge til amerikanske og britiske skip på mållista. I går vart eit amerikansk-eigd skip råka av eit Houthi-missil.

Motstandsaksen er ei samling grupper lauseleg knytte til Iran. Den iranske Revolusjonsgarden har trent desse gruppene. Men den gjorde mykje meir enn det den vanlege amerikanske militære opplæringa ville gjort. IRGC oppmuntra gruppene til å kontakte kvarandre og utveksle kunnskap. Dei samarbeider no på alle nivå. Iran bragte inn ny teknologi og våpen og lærte kvar gruppe korleis dei kunne lage sine eigne kopiar. I dag lærer Hezbullahs etterretningsfolk Houthi korleis dei systematisk kan tolke amerikanske handlingar. Houthi og irakarane utvekslar planar for missil- og dronebygging.

Motstandsaksen har blitt ei forsamling av ganske autonome einingar som ikkje lenger er avhengige av leveransar eller ordrar frå Iran. Men dei følger alle den samme anti-kolonialistiske ideologien.

Qasem Soleimani var generalmajor i den iranske Revolusjonsgarden og mellom 1998 og 2020 sjef for Quds-styrken, en divisjon primært ansvarlig for internasjonale militære og hemmelige operasjoner. Wikipedia. President Trump beordret han drept og det skjedde 3. januar 2020 til tross for at USA og Iran ikke var og er i krig.

USA prøvde å bryte motstandens utvikling ved å drepe Qasem Soleimani, leiaren for IRGC og grunnleggaren av motstandsaksen, i 2020. Det var forgjeves. Motstanden var allereie for utvikla. Den heldt fram med å vekse på eiga hand trass i USAs forsøk på innblanding. Etter Soleimanis død auka den iranske støtta til motstandspartnarane:

Då president Donald J. Trump ga ordre om å drepe generalmajor Qassim Suleimani, leiaren for Quds-styrken, i 2020, var «Irans respons på drapet av sin nasjonale helt veldig avmålt», sa Adnan Tabatabai, ein ekspert på Midtausten-politikk som fokuserer på Iran-Saudi-relasjonar. Det som følgde, sa hr. Tabatabai, var «det eg vil referere til som ei alvorleg avskrekkingskrise for Iran, for i dei følgande to åra spesielt gjennomførte Israel dei mest audmjukande operasjonane på iransk jord.» Desse inkluderte sabotasje rundt den nukleære anrikningsstaden Natanz og det fjernstyrte drapet på forskaren som var heilt sentral for atomkraftsprogrammet.

Men dei siste fire åra har Iran fordjupa og markant betra sine proksy-styrkar, forsynt dei med nye generasjonar våpen, evna til å montere sine eigne våpen og meir opplæring.

Inntil i går hadde alle unntatt eitt medlem av motstandsaksen svart på det israelske angrepet.

I går kveld slutta Iran seg endeleg til. Dei avfyrte ballistiske missil frå Iran mot to fjerne mål. Hovudkvarteret til den IS-relaterte Turkestan Islamic Party i Idleb, Syria, vart øydelagt. Eit hovudkvarter for al-Qaida-allierte Hayad Tahrir al-Sham vart også råka.

Ein annan salve av missil råka byen Erbil i den kurdiske, nordlege delen av Irak. Huset til Peshraw Dizayee, ein rik, kurdisk forretningsmann, vart råka og øydelagt. Dizayee dreiv mykje forretning med USA og var involvert i sal av olje frå den kurdiske regionen av Irak gjennom Tyrkia til Israel. Iran hevdar at huset hans vart brukt som base for israelske Mossad. Det er i det minste sannsynleg.

Den kortaste bana frå Iran til Idlib i Syria er minst 1200 kilometer. Iran demonstrerte dermed at dei påliteleg kan treffe mål på den avstanden. Missila dei brukte, kalla Khaybar Shekan, har ei topprekkevidde på 1450 kilometer.

Desse angrepa er ei åtvaring til Israel og USA. Iran har vist at dei kan treffe heile Israel med velretta angrep utan å måtte utplassere soldatar i utlandet.

Viss Iran blir angripe, har dei viljen og midla til å svare på same måte.

Omsett av Monica Sortland

https://www.moonofalabama.org/2024/01/war-on-gaza-iran-demonstrates-its-means-of-self-defense.html#more

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Verdens mektigste samles igjen i Sveits

World Economic Forum og WHO forbereder «Sykdom X», som er 20 ganger verre enn covid.

Previous Post

Bare russisk propaganda?

Ingen nazister i Ukraina?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.