POSTED IN Ukraina, USA

Intervju med fransk etterretningsekspert:

Et hovedmål med Ukrainakrigen var å styrte Putin.

10 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

«Krig i Ukraina, NATO og USA ville styrte Putin. Oppdraget feila.» Intervju med Eric Denécé

av Eric Dénécé og Piero Messina

Global Research, 9. mai, 2024

South Front 8. mai, 2024

Konflikten i Ukraina vart med vilje framprovosert av USA og NATO for å svekke Russland og styrte regjeringa til Vladimir Putin. Forventningane til Washington og Atlanterhavsalliansen var at dette trekket ville hale inn Russland – med sine enorme naturressursar – under Vestens maktsfære. Nødvendig med tanke på ein mogleg konfrontasjon med Kina.

Å få Russland til å kollapse, er eit mislykka mål. Men Washington og NATO har oppnådd noko anna som var like viktig for dei: å svekke Europa og kutte dei politiske og økonomiske banda deira til Russland. I dag er Europa meir enn nokon gong ein slave for Washington, avhengig av USAs gass- og våpenforsyningar.

Eric Denécé.

Det kan verke som ein Kreml-analyse, men dette djupe og detaljerte synet kjem frå hjartet av Europa, frå Paris. Analysen ber signaturen til Eric Denécé, ein av dei leiande ekspertane innan geopolitikk og geostrategi, med mykje opparbeidd erfaring frå felten, under trikolor-flagget til fransk etterretning.

Denécé er no direktør og grunnleggar av det franske Senter for etterretningsstudiar (CF2R). Under karrieren sin har Denécé tent som etterretningsoffiser (analytikar) i marinen innanfor avdelinga Strategisk evaluering ved Secretariat Général de la Défense Nationale(SGDN). Hans operasjonelle erfaring, som offiser eller konsulent, førte han til å leie operasjonar i Kambodsj blant geriljastyrkane, og i Myanmar for å sikre interessene til Total mot den lokale geriljaen. Han tente og som konsulent for det franske forsvarsdepartementet innan prosjekt som handla om framtida til dei franske spesialstyrkane og disputtar i Sørkinahavet. I fleire år har han tent franske og europeiske selskap i spørsmål om etterretning, kontraetterretning, informasjonsoperasjonar og risikostyring, i Europa og Asia.

Piero Messina (PM): For over 30 år sidan vart Russland forsikra om at NATO aldri ville utvide sitt operasjonsområde. Men kva skjedde?

Eric Denécé (ED): NATO sine løgner daterer seg til 1990, då James Baker, som den gong var USAs utanriksminister, forsikra Mikhaïl Gorbatsjov på møtet deira den 9. februar om at NATO aldri ville «rykke framover ein tomme austover». Denne lovnaden vart broten. Så, i mars 1991, lova Vestlege leiarar Sovjetunionens leiarar igjen at NATO ikkje ville ekspandere austover. Bevis for denne løgna er no dokumentert, som stadfesta av Roland Dumas, den gong Frankrikes utanriksminister, og Vladimir Fedorovsky, tidlegare russisk diplomat. NATO har konstant utvida maktsfæren sin i aust-Europa, integrert nye medlemmar. Dei held fram med å gjere det (Ukraina osv.), og dei omdannar seg til og med til ein anti-kinesisk allianse, med militærstyrkar i Indo-Stillehavet.

PM: Frå NATO-hovudkvarteret i Brussel kunngjer dei at frå deira synspunkt har Atlanterhavsorganisasjonen eigentleg berre implementert ønska til suverene statar som uttrykte at dei gjerne ville slutte seg til den pakta. Er det ein truverdig rekonstruksjon?

ED: Ein slik situasjon ville ikkje ha oppstått dersom NATO hadde blitt oppløyst etter at trusselen frå Warszawa-pakta forsvann. Men amerikanarane hadde aldri til hensikt å gjere det, for Alliansen var eit formidabelt instrument for politisk, diplomatisk og militær innverknad til å kontrollere europeiske statar som alle – unntatt Frankrike og Storbritannia – nekta å gjere eit minimum av innsats for å sikre sin eigen tryggleik.

Vi bør heller ikkje gløyme eit anna sentralt aspekt. Med den stadige forstørringa av NATO, og og brota på forpliktingane overfor Moskva, har amerikanarane nekta Russland ein innverknadssfære i sitt nære utland, sjølv om dei sjølve etablerte Monroe-doktrinen i 1823, som «forbyr» intervensjon eller innblanding frå andre statar på det amerikanske kontinentet, under trussel om amerikansk gjengjeld. Denne systematiske hyklar-politikken har til sist irritert russarane, som meiner at Vesten ikkje respekterer dei internasjonale lovene dei sjølve har vedtatt og pressa på verda når dei vurderer det som gunstig for sine interesser, men held fram med å fordømme dei som faktisk gjer det.

Regler gjelder bare når det passer oss.

PM: Dei siste åra av Ukrainas historie er veldig komplekse. Kva skjedde mellom 2004 og 2014? Kan vi lage ei liste over eksterne aktørar som bidrog til til å endre kursen til landets historie?

ED: I 2004, i kjølvatnet av «fargerevolusjonane», såg Ukraina ei svær folkerørsle som fordømde utbreidd valfusk i andre runde av presidentvalet. Medan den pro-europeiske kandidaten Viktor Jusjtsjenko leidde på meiningsmålingane, erklærte valkommisjonen siger for statsminister Viktor Janukovitsj, støtta av den avtroppande presidenten, Leonid Kutsjma og Vladimir Putin. Det utløyste massive demonstrasjonar som kravde annullering av valresultatet og organisering av nyval. Den 3. desember, 2004, annullerte Ukrainas høgsterett presidentvalet og gav ordre om ei ny avrøysting der internasjonale observatørar var til stades. Denne gongen vart Viktor Jusjtsjenko erklært vinnar og sverga inn som president den 23. januar, 2005. Ei pro-Vestleg regjering var installert i Kiev.

Denne fredelege «Oransje-revolusjonen» vart støtta og finansiert av Den europeiske unionen, USA og ei rekke Vestlege organisasjonar og stiftingar. For Washington var støtta til Ukrainas demokratiske opposisjon ein del av den nykonservative strategien som ønska ein meir aktiv amerikansk utanrikspolitikk, basert på prinsippet «form verda».

Men det nye ukrainske regimet skulle snart bere preg av kronisk ustabilitet: på under fire år fekk dei tre statsministrar, to parlamentsval gjekk av stabelen og Oransje-koalisjonen gjekk i oppløysing. På grunn av interne konfliktar kollapsa regimet som hadde oppstått frå Oransjerevolusjonen raskt og avslørte den endemiske korrupsjonen som har prega landet og «elitane» der sidan uavhengigheita.

Landet er gjennomkorrupt.

Som resultat vart Viktor Janukovitsj vald til president i 2010 – heilt lovleg denne gongen – og med støtte frå den russisk-språklege folkesetnaden i aust-Ukraina. Han bestemde seg så for å avvise ein økonomisk avtale med EU til fordel for ein annan med Russland, som han såg som meir gunstig for landet. Dette var signalet som framprovoserte styrtinga av han, via Maïdan-kuppet (2014), orkestrert av USA, slik Victoria Nuland stadfesta.

PM: Europeiske etterretningsbyrå hadde hatt søkelyset på Ukraina i to tiår. Korfor vart all historia frå 2004 til februar 2022 bokstaveleg talt sletta?

ED: Vestlege etterretningstenester visste godt om den spesielt kaotiske situasjonen i dette landet (i nær økonomisk kollaps, korrupt, plaga av mafia-gjengar og ny-nazistiske grupperingar m.m) som var ei ekte «gråsone» i hjartet av Europa. Så det måtte haldast auge med.

Men europearane bestemde seg for å gjere det om til eit område med spenningar i forholdet til Russland, og sette opp ein duell i den tru at Moskva skulle bøye seg og bli definitivt svekka. Så dei auka med hensikt friksjonen og prøvde gi Moskva skulda for alt ihop. For å klare det, måtte dei gløyme rolla si i 2004-revolusjonen og 2014-statskuppet, så dei kunne halde fram med å framstille seg som «den gode, demokratiske leiren» i møte med «diktatoren» Putin og hans ekspansjonistiske ambisjonar…

PM: I 2015 kom dei fram til Minsk-avtalane. Fleire år seinare skulle vi oppdage – Tysklands eks-kanslar Angela Merkel skulle fortelle oss – at det var ein strategi for å kjøpe tid. Korleis kan ein overtyde Russland om å kome til forhandlingsbordet etter noko slikt?

ED: At Frankrike og Tyskland med viten og vilje ikkje brukte Minsk-avtalane, er ein ekte skandale, ei dobbel statsløgn som diskrediterer begge statane i verdas auge og, sjølvsagt, russaranes. Ein bør hugse på at alt dette vart gjort med støtte frå Washington, som var imot avtalen. For Moskva var dette berre endå eit døme på Vestleg dobbeltspel og på USA sine fiendtlege planar for Russland. Dette kom sjølvsagt på toppen av løgnene under Den kalde krigen. Med all tillit borte, byrja Putin reagere annleis, han byrja førebu landet på ein mogleg konfrontasjon. Men han gav aldri opp idéen om å forhandle med amerikanarane, europearane og ukrainarane, fullt medviten om dobbeltspelet deira.

PM: La oss snakke litt om ein global visjon igjen. Kva er USA sine geostrategiske målsetningar i denne konflikten? Er det å separere Russland frå Europa eit nødvendig mål for å oppretthalde den unipolare ordenen som vart fødd då SSSR braut saman?

ED: Med framprovoseringa av denne konflikten hadde amerikanarane to mål. Det første var å svekke Russland, styrte Putin og integrere Russland og ressursane deira inn i den Vestlege leiren, med utsikt til ein mogleg komande konfrontasjon med Kina. Det andre var å ta over dei europeiske statane, som var stadig meir avhengige av russiske energiressursar og, i visse fall, heller kritiske til NATO. Dette hadde blitt endå meir nødvendig for Washington sidan London etter Brexit ikkje lenger kunne spele rolla som trojansk hest i EU, og sistnemnde med fransk/tysk drivkraft risikerte å auke autonomien sin i høve til Washington.

USA feila openbert fullstendig på første punkt, etter ei svært dårleg vurdering av Russlands vilje, uthaldenheit og reaksjonskapasitet. På den andre sida har det vore full suksess på punkt to, med eit Europa som meir enn nokon gong er underlagt Washington, avhengig av gassen deira og våpenforsyningane deira. Våre europeiske «elitar» har heilt klart medverka til denne miserable utviklinga.

PM: Kan konflikten mellom Russland og Ukraina vere den første konflikten mellom to motståande verdssyn: den unipolare verda og den multipolare som er konsentrert i BRICS-dimensjonen?

ED: Denne konflikten er verkeleg ein samanstøyt mellom to ulike verdssyn: det til eit dekadent Oksidenten, leidd av USA med sin unilateralisme og imperialisme som veks seg stadig sterkare og blir slavisk følgd av europeiske statar som manglar eigen vilje og har abdisert all suverenitet. Og det til Russland, knytt til sin suverenitet, kultur og balanserte relasjonar mellom statar, ein visjon delt av fleirtalet i BRICS og dei såkalla landa i sør.

Men for Vesten er ikkje dette anna enn ei samling bøllestatar eller autoritære regimer.

Vestens folk tror de representerer «de gode».

Det komiske er at vår side hevdar dei representerer «det gode», «det rette» og «demokrati», sjølv om dette ikkje lenger er sant. La oss minnast korleis USA med ringeakt ignorerte FN-resolusjonar i 2003 og braut folkeretten ved å invadere Irak, som forårsaka rundt ein million døde sivile og gav liv til terrorist-gruppa kjend som «Den islamske staten», IS.

PM: Europa viser alle sine avgrensingar. EU har ingen felles utanrikspolitikk, dei følger retningslinjene dikterte av NATO og USA. Kva betyr EU i dag?

ED: EUer mykje meir fragmentert enn vi likar å innrømme. Og den ukrainske konflikten har berre tent til å auke den interne divergensen. For det første viser fleire statar aukande nasjonal egoisme i forsvaret av eigne interesser: dette gjeld Polen og dei baltiske statane som i sitt hat til Russland – delvis forståeleg historisk sett – pressar dei til å ta ekstreme standpunkt som er til skade for Europa. Dette gjeld også Tyskland, som etter Brexit har sett på seg sjølv som eineherskar av Unionen og blir mindre og mindre innstilt på samarbeid: vi kan måle dette i kor sterkt dei kjempar mot immigrasjon frå Middelhavet, eller samtykker til finansielle reglar og industrielt samarbeid om våpenproduksjon.

Utover dette må ein erkjenne at det i dag er ein krigslysten Washington/London/Warszawa-akse som dikterer europeisk politikk, sidan Frankrike og Tyskland har sett sine politiske roller betydeleg reduserte av Ukraina-konflikten: førstnemnde på grunn av si manglande evne til å avgrense gjelda si, sistnemnde på grunn av den avbrotne forsyninga av billig russisk gass.

PM: La oss snakke om korleis krigen i Ukraina blir framstilt i media. Er det eit ein-vegsnarrativ, eit narrativ som ofte slettar historiske faktum? Kva er meininga med denne haldninga og korleis kan ein forklare den?

ED:  I dei siste to åra har den ukrainske konflikten gitt opphav til ein hemningslaus informasjonskrig, sjølv om den paradoksalt nok blir avgrensa av at kvar side har forbode kringkasting frå opponerande medium og berre kan påverke sitt eige publikum. Som resultat er russisk propaganda vanskeleg å vurdere for Vestlege publikum, sidan det er umogleg å få tilgang til meldingane den formidlar. På den andre sida blir desinformasjonen som ukrainarane og amerikanarane praktiserer, og som blindt blir repetert av media i Europa, stille ignorert, sjølv om folket har fått det servert dagleg dei siste to åra.

Det er derfor viktig å fokusere på metodane til Kievs «spinn-doktorar», deira amerikanske rådgivarar og deira mediekontaktar. Dei bruker alle teknikkane til historiefortellinga for å pådytte folk narrativet sitt, forme opinion (på Pavlovs vis), plassere det fulle ansvaret for konflikten på Moskva og nøytralisere avvikande synspunkt.

Ukrainakrigen er også blitt en propagandakrig. (Foto: iStock)

Det er difor viktigare enn nokon gong å vise varsemd med informasjon frå begge sider. I denne konflikten er ikkje Vestlege medium meir nøytrale eller pålitelege enn russiske medium.

PM: President Zelensky sin politiske profil er også veldig kompleks. Frå TV til Bankova. I tillegg til oligarkane vi veit har finansiert han, er det mogleg å føretille seg «hybrid» støtte til oppbygginga av Zelensky som mediefigur.

ED: Dette er eit viktig spørsmål. I Vesten har vi gjort Zelensky til «helt», medan han eigentleg berre er ein middelmåtig karakter som har styrta landet sitt rett ut i kaos. La oss ikkje gløyme at denne «komikaren» vart vald i 2019 etter ein kampanje førebudd av produksjonen av ein TV-serie som var designa for å skyve han inn i presidentrolla. Han vart deretter vald på løfte om å gjenopprette rettane til den russisk-språklege befolkninga og skape fred. Han gjekk heilt tilbake på desse løfta så snart han hadde kome til makta, påverka og trua av ny-nazistiske ultranasjonalistiske grupper. Og frå 2020 byrja han å hardne politikken sin mot opposisjonen, stengde mange mediekanalar – stempla som pro-russiske – og fengsla visse opponentar. Ein bør også hugse på at han, med solide bevis, er skulda for kvitvasking av store summar pengar, og at han ikkje har greidd å nedkjempe korrupsjonen som underminerer landet hans som har blitt endå verre med krigen.

Framfor alt har han ansvaret for hundretusentals døde ukrainarar fordi han – under britisk press – nekta å fullføre fredsforhandlingane med russarane i april 2022, seks veker etter at konflikten braut ut.

PM: Fram til 1990-talet brukte NATO hemmelege operasjonelle nettverk til å endre tings orden. Finst det eit STAY BEHIND-nettverk som er dedikert til sentral-Europa-saka i dag?

ED: Slike nettverk vart sette opp i Ukraina av amerikanarane og britane så tidleg som i 2015. Dei trente spesialavdelingar innanfor Kievs armé og spesialtenester, både for å erobre Donbas og Krim, og for å takle ein mogleg russisk invasjon. Desse avdelingane vart sette inn mot autonomistane i sør-aust av landet, og deretter mot russiske styrkar frå starten av «den spesielle militæroperasjonen». Dei driv no med offensive operasjonar inne i Russland og blir frista til å gjere det i Afrika og, for å forstyrre aksjonane til Wagner-gruppa og skade Moskva sine interesser.

Omsett av Monica Sortland

Først publisert på South Front

Forsidebilde: Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

10 kommentarer. Leave new

  • Vesten står foran finansiell kollaps. Global-regissørenes siste håp er å generere en ny verdensregjering og nulle ut dollar og euro ved å innføre en ny, digital verdensvaluta.

    De to viktigste hindrene er nasjonalistiske Russland og religion. Derfor lot man den åpenbart nazipregede Azov-bataljonen drepe og lemleste de russisktalende i grenseområdene mellom Russland og Ukraina. Dette kunne ikke Putin akseptere. Og vips var proxy-krigen i gang. Slik håpet vestlig deep state at Russland skulle knekkes uten blodsøl i New York. Og derfor kan the big boys ikke avblåse krigen de har satt i gang. Det er nå eller aldri for NWO.

    Den andre fartsdumpen er statsutøvende religioner. Her er målet å få Iran og Israel til å fyke nukleært i tottene på hverandre. Da kan man fra FN’s talerstol henvende seg til verden og kreve en endelig slutt på all offentlig religionsutøvelse worldwide. Slike eksesser sammen med dagens ABC-våpenteknologi lar seg ikke kombinere.

    Man er også i full gang med å blande alle raser og vanne ut de tidligere kulturene. Samtidig som man utjevner befolkningenes inntektsnivåer og gjør alle menneskers rikdomsnivå stadig likere. Vi ser dette foregå aktivt i vårt eget land ved hjelp av avledningsmanøvrer som klima etc.etc. som bidrar til – for vår del – fattiggjøringen som er ønsket.

    Svar
    • Vox:

      » Derfor lot man den åpenbart nazipregede Azov-bataljonen drepe og lemleste de russisktalende i grenseområdene mellom Russland og Ukraina. Dette kunne ikke Putin akseptere.»

      Dette er jo akkurat SAMME oppskrift som SAMME bakmenn brukte for å starte den forrige verdenskrigen.
      Samme opplegget/demonisering som mot nasjonalsosialistene i Tyskland. Nasjonalsosialistene hadde også ønske om stabilitet og velferdsoppbygging.
      Men et sterkt INDUSTRIELT/resursmessig Sovjetunionen er like stor trussel for de som vil ha En verden, En leder, og En valuta; – nå som dengang med Nasjonal-sosialistene i Tyskland.

      Så beskylder de, i sin frekkhet, andre for dette. Nå som dengang. 😉

      ‘ Men minst siden Sovjetunionens sammenbrudd, handler det for Russland først og fremst om å forsvare krav om regional hegemoni og få sikkerhetsgarantier mot det amerikanske imperiet, som ekspanderer inn i den russiske innflytelsessfæren. Av denne grunn alene har Russland stor interesse av kontinuitet og stabilitet. ‘
      https://midtifleisen.wordpress.com/2019/04/25/den-pastatte-destabiliseringen-av-vesten-er-reinhekla-dobbeltenkning/

      Ååå, så slemme Putin driver utpressing med egne ressurser. 😉 :

      ‘…i en intern Kommisjonsrapport advares det mot at Russland kan kutte all gasseksport til EU. I dag står russisk gass, levert via rørledninger og LNG, for rundt 45 milliarder kubikkmeter eller 15 prosent av EU-landenes forbruk. Det kan føre til et prishopp på gass vinteren 2025 om alt dette forsvinner. Dette var et av de mest alvorlige temaene på energiministrenes møte her i Brussel mandag, fordi en ser at det er betydelig usikkerhet i markedet.
      Det som er sikkert er at Vladimir Putin vil bruke alle muligheter til å drive utpressing med gassleveranser..’
      tu.no/artikler/eu-frykter-at-russland-skal-stanse-all-gasseksport/544409

      Svar
  • Torfinn Slettebø
    12 mai 2024 9:07

    Takk for omsetjing av ein særs opplysande tekst!

    Ikkje ein dag utan Derimot.no.

    Svar
  • «Krig i Ukraina, NATO og USA ville styrte Putin»

    ‘Og påstanden om at Krim-krisen var en vilkårlig handling fra Russland side, som propagandaen i vest gjentar om og om igjen, stemmer ikke. Den var sluttresultatet av en 25-årig utvidelsesprosess av NATO og EU østover.
    …Etter røveriet og plyndringskampanjen under Jeltsin, ble de russiske oligarkene tøylet. Putin gjorde det klart for dem at han ikke ville overlate landet til dem for ytterligere plyndring og forarmelse av folket. Hvis det var opp til Vesten, kunne den russiske befolkningen godt ha råtnet bort, det hadde ikke brydd de vestlige elitene. Det faktum at Putin stoppet den vestlige røveri-kampanjen gjorde ham til en fiende av det transatlantiske elite-komplottet.
    DET VIL DE IKKE TILGI HAM . ‘
    https://midtifleisen.wordpress.com/2019/03/30/skygge-makten/

    ‘Fordi russerne tok ikke bort Krim fra ukrainerne, – men amerikanerne. Hvis det ikke hadde kommet til en anneksjon fra russisk side, ville man nå ha bygget en amerikansk eller NATO-base der. Vet du at en slik base bygges i Mikolaj-området i byen Očakov? Ikke la deg overbevise om at amerikanerne synes synd på ukrainere fordi de mistet Krim. Amerikanerne er kun ergerlige fordi russerne kom dem i forkjøpet.’
    midtifleisen.wordpress.com/2019/04/02/russerne-tok-ikke-bort-krim-fra-ukrainerne-men-amerikanerne-mener-den-tidligere-ukrainske-parlamentarikeren-elena-bondarenkova/

    Svar
  • Reidar Kaarbø
    12 mai 2024 17:42

    Russland er jo et enormt kontinent fullt av all verdens gode ressurser som USA sikler etter. Jeg trodde det var klart for alle at regimeskiftet i Ukraina bare var begynnelsen, målsettingen var å få til en krig mellom NATO og Russland i Ukraina for å svekke Russland, få til regimeskifte i Russland, og dele opp godbitene mellom EU, UK og USA.

    Og nå ser vi at vestlige land åpenbart deltar aktivt i krigen ved at de har eget personell som avfyrer egenproduserte avanserte våpen eller droner som treffer russiske mål i Russland. Det er bare tidsspørsmål før russerne svarer med taktiske atomvåpen godt plassert der deltakerlandene fortjener det. Da blir det party!

    Det finnes fortsatt et alternativ: fremforhandle fred og slutte med tullskapen.

    Svar
  • Northern Light.
    12 mai 2024 18:55

    Blir vi lurt igjen av globalistene strategi? Er krigen i Ukraina egentlig for å få Tyskland over ende? Faller Tyskland helt, vil også flere av landene rundt Tyskland gå overende, for det er titusener av bedrifter i Europas land som er underleverandører til tysk industri. Faller Tyskland, så vil også økonomiene i flere andre land ødelegges, og mange land har nå allerede en for stor statsgjeld og lav produksjon. Da kan Wall Street kjøpe indrefiletene av Europas mest avanserte industri, og all industri i Europa på billigsalg.

    Ved å fremprovosere Russland til å intervenere i Ukraina, kunne Washington diktere EUs sanksjoner mot Russland, som var å stoppe kjøp av gass og olje, og som umiddelbart økte kostnadene for tysk industri. Nå de i tillegg sprengte Nord Stream, ble Tyskland tvunget til å kjøpe gass fra USA, og ndbyggingen av tysk industri blir uunngåelig, for så store kostnader for energi kan ikke tysk industri ha i lengden.

    En kan få tanker om at det hele er et gigantisk spill. Var grunnen til at Wall Street kabalen ikke overtok Russland når de hadde sjansen under Jeltsin, at med et oppstykket Russland, og storkapitalens overtakelse av Russlands enorme landressurser, da hadde de ikke kunnt nekte Tyskland billig energi og råvarer fra Russland. Da ville Tyskland blitt enda sterkere, og Wall Street ville ikke ha kunnet overta tysk industri så lett.

    Det kan de nå snart, milliardene ruller ut fra det tyske statsbudsjettet til Ukraina, industrien legges ned i et stding større tempo, masseinnvandringen globalistene står bak, binder opp stadig større ressurser i den passive økonomien, og overgangen til grønn energi stenger ned flere og flere kraftverk, og statsgjelden øker kraftig. Wall Street kabalen behøver ikke å vente så mye lenger, tysk industri kan snart være deres, og med de mye av annen industri i Europa.

    Svar
  • N.L.:
    «Blir vi lurt igjen av globalistene strategi? Er krigen i Ukraina egentlig for å få Tyskland over ende? Faller Tyskland helt, vil også flere av landene rundt Tyskland gå overende, for det er titusener av bedrifter i Europas land som er underleverandører til tysk industri. Faller Tyskland, så vil også økonomiene i flere andre land ødelegges, og mange land har nå allerede en for stor statsgjeld og lav produksjon. Da kan Wall Street kjøpe indrefiletene av Europas mest avanserte industri, og all industri i Europa på billigsalg.

    Det er den samme strategien som før 2. verdenskrig.

    Tyskland ble for sterkt industrielt , og ville frigøre seg fra ‘verdensvalutaen’, og måtte knuses.
    Som Russland og Kina i dag. – Som ikke vil la seg kontrollerere av bakmennene. Eventuelt så hadde Russland / kKna blitt tatt topp i d’et gode selskap .’ i ‘verdenspolitikken’ i media.
    Så ingen krig. Ingen motsetning lengre. 😉
    Noen vil ha kontroll over ‘verdensvalutaeen’/’reservevalutaen’, rentene og verdenshandelen. Totalkontroll.

    Russland, og Kina, i dag.
    Tyskland i 1933-49.
    Alle verdenskrigerer er handelskriger og kamp om valutaene og totalkontroll.
    Så konstrueres det parti-politiske motsetninger og ‘klassekamp’ for å ta kontroll gjennom splitting og motsetninger. V. siden mot h. siden. 😉
    Og penge-kontrollen/maktapparatet blir usynliggjort. Og splittet gjennom parti-politikk og ‘klassekamp.’
    Og kriger for å bygge opp industrielle maktapparater. Der krigene/krigspoduksjonen skal bygge de penge-økonomiske våpenene. Siden vi er opplært til å tro på mer på penger enn arbeisdskrefter. Som de som styrer pengene vil innbille oss. Derfor latterligjøring/demonisering av ‘ Arbeid macht frei. ‘

    ‘ ”Vi benekter ikke og er ikke redde for å innrømme at denne krigen er vår krig og er utkjempet for å befri Jødedommen… Sterkere enn alle fronter til sammen er vår front, den jødiske. Vi gir ikke denne krigen bare økonomisk støtte som hele krigsproduksjonen er basert på, vi gir ikke bare vår fulle propagandamakt som utgjør den moralske energi som får denne krigen til å fortsette. Garanti for seier er basert på en svekkelse av de fiendtlige styrkene, å ødelegge dem i sine egne land, innen motstanden. Og vi er den Trojanske hest innenfor fiendens forlegninger.
    …og bringe det tyske folk til fornuft gjennom å ødelegge deres eksporthandel, en eksporthandel som er deres eksistensgrunnlag.” – Samuel Untermeyer i en radiosending på WABC i New York, 6 august 1933. Gjengitt i New York Times, 7 august 1933.
    Sammen med Samuel Untermeyer i agitasjonen for krig mot Tyskland, talte Bernard Baruch samtidig for forberedelser for denne krigen. ”Jeg understreket at et nederlag for Tyskland og Japan og deres påfølgende utestengelse fra verdenshandelen ville gi Storbritannia en fantastisk mulighet til å øke sin utenlandshandel BÅDE i volum og profitt.” ‘

    ‘Styrer du det økonomiske systemet, kontrollere du alt.
    Dette er selve essensen av finansnæringen.
    For å gjør oss alle, enten vi er nasjoner eller enkeltpersoner, til slaver av gjeld.»
    «Målet er ikke å kontrollere krigen, det er å kontrollere gjelden konflikten produserer. Den reelle verdien av en konflikt, den sanne verdien, er i GJELDEN som det skaper. ‘
    youtube.com/watch?v=ZqEIHotbxxU

    Tryllekunstrene ( bakemenne) bruker de konstruerte motsetningene for å bygge videre makt. Og får oss til å se på den ene hånden, – mens den andre begår tryllekunsten/handlingen.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

I Europa i går:

Eurovisionens sang- og festfinale.

Forrige innlegg

Vasallstatusen til Tyskland kan ikke demonstreres bedre.

Nato dvs. USA overtar kontrollen av Tysklands militære styrker.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.