POSTED IN Covid-19, Endring av politikken

Intervju med dr. Reiner Fuellmich, Korona-granskningskomiteen:

«Vindene er i ferd med å snu!»

4 kommentarer

Video: Korona-krisa: er vindane i ferd med å snu? Reiner Fuellmich om Nürnberg 2.0

Eit av dei mest omfattande intervjua med dr. Reiner Fuellmich, Korona-granskingskomiteen

av Peter KoenigReiner Fuellmich, og Maria Zeee

Global Research, 9. januar, 2022

I dette siste, og kanskje hittil mest avslørande og omfattande, intervjuet til Maria Zeee på Rumble (MÅ SJÅ – 57 min. video under), forklarer Dr. Fuellmich , medgrunnleggar av den tyske Korona-granskingskomiteen, i detalj om komiteens første søksmål. Dr. Fuellmich seier mange gjerne vil kalle det Nürnberg 2.0, men for han er det meir som ei folkerettssak enn eit tribunal av typen Nürnberg.

Blant dei første som skal stillast for retten er Bill Gates, Anthony Fauci, Dr. Tedros, generaldirektør for WHO, og hr. Christian Drosten, mannen som pusha og promoterte dei ubrukelege PCR-testane, og framleis gjer det, sjølv etter at WHO og CDC har sagt at testane ikkje er gyldige for detektering av virale sjukdommar, inkludert covid.

I dette videointervjuet snakkar dr. Fuellmich også om spiritualitet. Han trur – og eg deler trua hans fullt ut – at spiritualitet vil spele ei viktig rolle for menneskeslekta si utvikling og for å vinne denne saka; for å ikkje gi opp og for eit nytt samfunn i framtida, som Reiner trur vil bli basert på lokale og regionale samfunn, med lokale forsyningar og regional handel.

Eg trur også fullt og fast at vår – menneskeslekta sin – nye start vil bli basert på lokal produksjon for lokal konsumpsjon med lokale, suverene pengar og banksystem og regional handel basert på komparative fordelar.

Dr. Fuellmich uttrykker så mykje håp, og med hans forklaringar på kor langt arbeidet har kome for Korona-granskingskomiteen hans, antar han at kring 30% av befolkninga allereie er vakne og ikkje lenger lar seg lure, og 40% er i ferd med å vakne opp – demonstrering rundt om i Europa, som så langt for det meste har blitt halde skjult av mainstream media, men som ikkje lenger kan kneblast.

Dette ein time lange intervjuet er ein game changer, eit intervju som uttrykker håp – eit veldig håp, forsterka av spirituell kraft, om at vindane verkeleg er i ferd med å vende – irreversibel vending.

The original source of this article is Global Research

Copyright © Peter KoenigReiner Fuellmich, and Maria Zeee, Global Research, 2022

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Valentin Salja

Artikkelen på engelsk: https://www.globalresearch.ca/update-corona-crisis-tide-turning/5766636



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 813 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Dette er en strålende god nyhet!!!
    Kan ikke bli sagt med store nok bokstaver eller høy nok stemme!

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    12 januar 2022 13:20

    Heilt einig. Artikkelen inneheld eit lovande program for ei sunnare framtid:

    «Eg trur også fullt og fast at vår – menneskeslekta sin – nye start vil bli basert på lokal produksjon for lokal konsumpsjon med lokale, suverene pengar og banksystem og regional handel basert på komparative fordelar.»

    Eit ørlite steg på vegen er å hogga veden sjølv og slutta å kjøpa bjørkeved frå Baltikum. Meir bygg-graut og mindre risgraut? Noregs bondekvinnelag har gjort ein fin innsats for meir bruk av bygg i norske kjøken. Eg heiar på dei.

    Svar
  • Istemmer både Rosa Lux og Torfinn Slettebø sine innlegg.
    Lokalt er bra, de som bor i et område vet hvor skoen trykker, og kan gjøre noe med det.
    Globalt trykker skoen, men ingen ting kan gjøres, da trykket er forskjellig fra sted til sted, det må behandles lokalt.
    Unntatt er forsøpling av naturen, slik som microplast f.eks. der må verden bli enige om standarder.

    Svar
  • Hansine E Evertsen
    14 januar 2022 10:38

    Er MANGE rundt om i verden som vet veldig godt at hele korona og klima hysteriet er basert på ren løgn og at korona vaksinene er laget for å skade / drepe men de holder det klokelig for seg selv for å unngå å bli forfulgt…

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Australia innrømmer vaksineskader, vil betale erstatning til ofre

Bivirkninger øker i omfang, hva med å ta en pause før for mange er skadet?

Previous Post

Jan Hårstad:

Minneord om Sverre Bentzen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.