POSTED IN India

India er en stadig viktigere global aktør.

At de ikke støtter USA overfor Russland vil få langsiktige følger.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Martin Jacques: Det at India distanserer seg frå USA når det gjeld Ukraina-krisa, har djupare implikasjonar

Av Martin Jacques, 16.april 2022. Henta frå Transnational.Live. Omsett av saksyndig.

Det ein overveldande går utifrå i Vesten er at verda, med få unntak, er sterkt imot Russlands militære handlingar i Ukraina. Vesten sjølv, inkludert det store fleirtalet i Europa, verkar å utgjere éi stemme i si fordømming. Men verda over er biletet heller meir komplisert.

I FNs generalforsamling 3.mars, medan 141 land fordømte Russlands invasjon og bad om umiddelbar tilbaketrekking, var 35 land avhaldande og fem stemte mot. I den nylege røystinga om å ekskludere Russland frå FNs menneskerettsråd, stemte 93 land i favør, 58 var avhaldande og 24 var mot.

Medan der er tydeleg uvisse i fleire land om Russland sine handlingar, er det òg utbreitt bekymring om ståstaden til USA. Det mest interessante, og potensielt langt på veg det mest betydelege tilfellet, er India. Med tanke på India si forflytning vestover i løpet av dei siste 20+ åra, kunne ein ha forventa at India hadde støtta USA sterkt.
____________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
____________________________________________________

Men dei har snarare tvert imot vore ein hovudkritikar av USA si rolle medan dei heldt seg støttande til Russland. I hovudrøystingane i FN har dei vore konsistent avhaldande. Ettersom Kina og India åleine seg imellom representerer 38% av den globale befolkninga, føreslår dette at regjeringar som utgjer rundt halve verdas befolkning er djupt urolege for USA sin posisjon.

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er pexels-still-pixels-3699921.jpg

Grunnen er todelt. For det fyrste avviser fleire utviklingsland, inkludert India, ideen at eit land, i dette tilfellet Ukraina, står fritt til å gjere kva enn det vil sjølv om det trygar tryggleiken til eit anna land, i dette tilfellet Russland. For det andre er det å bruke sanksjonar som våpen i ei ny form for krigføring, i det vide og det breie sett på som ei særs negativ utvikling.

USA har teke til seg retten, basert på lausast mogleg ordformulering, å handle på ein vilkårleg måte mot kvart eit land som dei vurderer som å framleis handle med Russland. Den overstyrande prioriteten til utviklingsland, derimot, er retten til å handle og mottak investeringar frå kor enn dei måtte kome frå.

Den amerikanske tilnærminga til sanksjonar trugar denne fridommen. Det er slåande at det store fleirtalet av utviklingsland har nekta å innføre sanksjonar mot Russland. I Asia har berre Japan, Sør-Korea og Singapore blitt einige om å innføre dei.

India sitt forhold til Russland går tilbake til 1950-talet. Dei ser på Russland som ein svært viktig økonomisk partner, hovudforsynaren til hærane deira, og ein årelang venn. Trass tung lobbyverksemd av USA, og andre slik som Storbritannia, har India nekta å støtte USA sin posisjon når det gjeld Russland. Vil dette vise seg å vere ei isolert hending, eller kan det signalisere eit større vendepunkt i India si haldning mot USA?

Allereie har det vore eit markert skifte i indisk diskurs rundt denne utanlandspolitikken, der mange spør kor vidt India har blitt for nære til USA og om dei skulle vende tilbake til sin meir tradisjonelle ståstad av nøytralitet. Den mest dramatiske illustrasjonen på denne forflytninga vestover, har vore medlemskapet deira i Quad, saman med USA, Japan og Australia, sjølv om dei har takka nei til å ta del i deira skip-patruljar.

QUAD er organisert for å møte Kina i Asia. Faller India fra blir det naturligvis reist spørsmål om hensikten med hele samarbeidet.

India er allereie verdas tredje største økonomi. Forskning av Standard Chartered spådde at på 2030-talet, vil India sannsynlegvis gå forbi USA og bli den nest største. India si framtidige viktigheit i verda, vil eg argumentere for, har blitt alvorleg neglisjert i Kina.

Innan 2050, om ikkje enno tidlegare, vil det bli meir enn tydeleg at Kina sitt forhold til India er eit av deira viktigaste, kanskje det viktigaste av alt. Uheldigvis, heilt sidan grensekonflikten i 1962-samanstøytet, har dei to landa opplevd eit uroleg og trøblete forhold. Der finst mange grunnar til det, inkludert den store kulturelle distansen mellom dei, slik at dei opplever det som vanskeleg å forstå kvarandre.

Utan tvil er det mest splittande problemet den langvarige grensedisputten mellom dei to landa. Sjølv om Kina berre vier avgrensa merksemd til temaet, har India vore besett av det heilt sidan dei fekk seg ein på trynet i 1962-samanstøytet.

Dersom dei to landa kan finne ein måte å kjøle ned dei noverande spenningane, eller endå betre, finne ein måte å oppnå ein endeleg avtale, då kan det desidert største hinderet til eit mykje nærare forhold mellom dei to landa bli fjerna. Dette burde vere ein stor strategisk prioritet for det kinesiske leiarskapet.

Å ta eit globalt, snarare enn eit sneversynt europeisk eller vestleg syn av Ukraina-krigen gjev ein eit svært annleis perspektiv.

For mange land er det USAs sanksjoner som er mest bekymringsverdige

Utviklingslanda, heim til det store fleirtalet av verdas befolkning, har eit klart annleis syn på det enn ein har i Europa. Dei er like mykje, om ikkje meir, bekymra for USA sin respons enn for Russland sine handlingar.

Mykje merksemd har blitt gjeve til det faktum at krigen har bragt USA og Europa mykje nærare kvarandre, men altfor lite merksemd har blitt gjeve til Inda sin veksande avstand frå USA og kva dette kan tyde for framtida. Ein kan til og med tenkje seg at dette kan føre til avgrensa former for samarbeid mellom Kina, India og Russland.

Forsidebilde: Gautam Arora



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 921 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    22 april 2022 9:12

    Land som ikkje lyder USA i eitt og alt, får lite omtale i norske media. Vert dei omtala, er det nokså konsekvent negativt. Artikkelforfattaren har heilt rett når han seier dette:

    «Å ta eit globalt, snarare enn eit sneversynt europeisk eller vestleg syn av Ukraina-krigen gjev ein eit svært annleis perspektiv.»

    Når USA er ferdig med Russland og Kina, er det India sin tur? Vanleg oppskrift: Regimeskifte? Total krig?

    Svar
  • «Det ein overveldande går utifrå i Vesten er at verda, med få unntak, er sterkt imot Russlands militære handlingar i Ukraina.»

    Det er bra. Krig bør være absolutt siste utvei. Økonomisk krig likeså.

    Så får vi håpe at verden så er like er sterkt imot ALLE militære handlingar mot andre land som ikke angriper andre.
    Enten det er for å hjelpe jenter til skolen, som i Afghanistan, eller for å stoppe en ny rettferdig valuta, for det afrikanske kontinnentet, som i Libya. Eller Syria. Og frarøving av disse landenes verdier.

    HVIS IKKE, – er det hele bare politikk, dårlig kortidshukommelse, og dobbeltmoral.
    Det passer nok norske politikere og deres media best. (?)

    Svar
  • Med tilbakeblikk på historien kan man med tildels visshet si at «geostrategene» i USA/England ikke frivillig gir slipp på «eiendelene» sine. England var størst, et imperium basert på sine sjøkrefter. USA tok over stafettpinnen og bygde sitt imperium på militær skremselspolitikk. Nå vokser Kina frem som en imperiebygger med sitt BRI, basert på gjensidig utbytte mellom partene. Russland/India er viktige handelspartnere, Russland med råstoffer/energi, India er med sin befolkning et økonomisk viktig handelsområde.
    USA kunne enkelt ha konsolidert sin stilling som verdens eneste imperium, men grådigheten ble for stor, og de synker nå på alle områder. I stedet for å se på andre land som likestilte handelspartnere, truer de alle som ikke er interessert i deres autoritære «styre». Nå seiler det opp en flerpolet ny verden, til glede for alle som ønsker reell konkuranse og fred i verden.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Det motsatte skjedde:

Vaksinerte overrepresentert i covid-19 assosierte innleggelser

Previous Post

Påvirker kroppens DNA.

Pfizer-vaksinen har kanskje uønskete virkninger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.