POSTED IN Krig-fred

Imperiemåten:

Frikjennar krigsforbrytarar, forfølger varslarar.

0
Print Friendly, PDF & Email

av Alexander Rubinstein

President Donald Trump har allereie vist at han er svak for krigsforbrytarar. Det gjorde han då han fekk tilsett ein av dei, Elliot Abrams, i administrasjonen sin. Deretter, tidlegare denne månaden, fekk han benåda løytnant Michael Behenna. No indikerer rapportar at Trump berre så vidt har byrja.

Og medan Trump synest vere i ferd med å benåde endå fleire krigsforbrytarar, blir dei som har avslørt krigsbrotsverk, inkludert varslaren Chelsea Manning og journalist Julian Assange, tiltalt for å ha vist forakt for retten og spionasje.

Løytnant Behenna vart i 2009 dømd til 15 år bak murane for å ha skote ihjel ein mann som hadde blitt kledd naken og forhøyrd i samband med ei vegbombe.

Organisasjonen ACLU (American Civil Liberties Union, ein organisasjon for borgarrettsvern stifta i 1920, mrk.) skreiv:

«Dette amnestiet er ein president si godkjenning av eit mord som braut mot militæret sine eigne rettsprinsipp.

Militære leiarar, inkludert Trump som øvstkommanderande, burde hindre krigsbrotsverk – ikkje godkjenne eller unnskylde dei.»

Fleire amnesti på vent

Utan å la seg skremme av slike skarpe irettesettingar, skal Trump no førebu å frikjenne ei handfull andre krigsforbrytarar

Det seier to US-amerikanske embetsmenn som snakka med avisa New York Times på vilkår av anonymitet.

Edward Gallagher, Navy SEAL

Blant dei som står på lista for amnesti er sjef for spesialoperasjonar Edward Gallagher, ein Navy SEAL tiltalt for å ha knivstukke ein «forsvarslaus» og skadd tenåring som var under medisinsk behandling. Han og troppen hans tok deretter bilde av seg sjølve ståande over liket. Snikskyttarkollegaer i SEAL skuldar også Gallagher for å ha, frå eit snikskyttarreir, skote ei tenåringsjente med blomemønstra hijab medan ho gjekk ilag med venene sine. Dei seier også at han skaut ein uvæpna gamal mann.

Gallagher skal opp i retten «ein gong dei komande vekene».

Kjeldene til New York Times seier at Trump bad om hurtigbehandling av «papirarbeidet som trengst for å få frikjent soldatane» rundt Memorial Day.

Major Mathew L. Golsteyn

Ein Green Beret i hæren – major Mathew L. Golsteyn, som ikkje enno har stått i retten for å ha drepe ein uvæpna afghansk mann i 2010 – skal også stå på vent for amnesti. Det same gjeld ei gruppe marinesoldatar som pissa på liket til ein daud Taliban-soldat og deretter posta videoen av det på YouTube.

Ein privat sikkerheitskontraktør under Blackwater, som vart funnen skuldig i å ha skote «eit dusintal uvæpna irakarar» kan også få amnesti.

Gerry Condon, president for Veterans for Peace (veteranar for fred), fortel MintPress News:

«Dette sender absolutt feil signal til troppane – det inviterer dei til å bli kaldblodige mordarar.»

Chelsea Manning varslet om krigsforbrytelser – og ble hardt straffet for det.

«Vi snakkar ikkje om ein forvirrande kampsituasjon her – dette er ikkje ‘krigståke’. Vi snakkar om det overlagte knivdrapet på ein uvæpna fange og snikskyttarmord på tilfeldige sivile.»

Å gi amnesti til desse mennene sender eit klart signal om at amerikanske soldatar står over lova, argumenterer ekspertar. «Det reiser eit prospekt i hovuda på troppane som seier ‘Same kva vi gjer, kan vi kanskje sleppe unna med det, så lenge vi berre kan få støtte frå dei der heime,» fortel den pensjonerte militærdommaren Gary Solis til avisa Times.

Opp ned rettspraksis

Trump sitt ikkje-så-subtile blunk til troppane, som lurer på kva dei kan kome unna med, kjem side om side med angrepet hans på dei som skulle ville avdekke, eller som allereie har avdekt, slike brotsverk. Chelsea Manning varsla om det US-amerikanske militæret sine utanomrettslege drap ved å lekke dronebilde av pilotar som skaut ned sivile og journalistar i den skjendige videoen Collateral Murder”. Samstundes er Julian Assange, som publiserte videoen, av USA tiltalt på 17 punkt for spionasje i ei sak som til sist kan ende med at han blir tatt livet av.

Julian Assange brakte krigsforbrytelsene frem i offentligheten. Straffet ble han også fordi han fortalte sannheten.

Ein kan undrast på om der er nokon vesensskilnad mellom den potensielle avrettinga av Assange og avrettingane som Trump planlegg å benåde.

Condon legg til:

«Kva slags signal gir det til soldatane og til verda dersom menn som gjer grove krigsbrotsverk blir benåda, medan Chelsea Manning og Julian Assange blir strengt forfølgde for å avsløre krigsbrotsverk?”

Condon seier Manning og Assange bør bli benåda, men åtvarer om at omgrepet ‘benåde’ tyder på at eit brotsverk har blitt gjort, noko det ikkje har, seier han. Dei bør få tiltalane sine trekte tilbake og bli slept fri.»

Omsett av Monica Sortland

Tidligere publisert på derimot.no

https://www.checkpointasia.net/pardoning-war-criminals-prosecuting-whistleblowers/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

USAs nye internasjonale moral:

Først dreper vi lederen. Deretter truer vi hvis de vil reagere på drapet!

Forrige innlegg

Norsk forsvar har endret innhold:

Oberstløytnant:

Fra vernepliktforsvar til del av Natos angrepstrategi.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.