POSTED IN Norge

Ikke la deg lure av vestlige meldinger fra Ukraina.

Ukrainerne tar tomt land, russerne byer.

0
Print Friendly, PDF & Email

UKRAINA: Fleire militære og økonomiske omsyn

5. oktober 2022 av Larry Johnson 

Som oppfølging til min siste artikkel om situasjonen på bakken i Ukraina, oppmodar eg deg til å sjå den siste videoen til Brian Berletic. Han set logistikkbiletet inn i sitt rette perspektiv. Til å vere så ung, har han eit verkeleg klokt hovud.

Den følgande videoen viser deg «suksessen» til den ukrainske offensiven. Ver særleg obs på kor mange storbyar dei tar.

kan åpnes i originalartikkel:

Byar? Niks. Ingen. Rullinga over vide, opne sletter gir ei framstilling av godkjensle, men dette territoriet kan ikkje forsvarast så snart Russland bestemmer seg for å gå til motangrep, for Ukraina manglar luftmakt og artillerield til å stå imot eit konsentrert angrep. Russland, derimot, har luftkapasiteten, stridsvognene, artilleriet og rakettane til å gjennomføre eit angrep når dei måtte bestemme seg for det.

For meg ser det ut som Russland lokkar Ukraina til å erobre ein del territorium for så å måtte prøve å løyse oppgåva med å erobre ein av byane som Russland held, til dømes Kherson. Viss Ukraina ønsker å kaste Russland ut av Kherson, vil dei måtte mønstre styrkane som trengst til kvartal-for-kvartal-kampane som Russland dreiv då dei erobra Mariupol. Hugsar du det?

Videoen er kort og kan åpnes her:https://sonar21.com/more-military-and-economic-considerations-in-ukraine/

Sjølv om dette ikkje skulle vere russarane sin plan (altså å l egge ut åte til ukrainarane), vil resultatet bli det same. Ukraina vil måtte utføre eit frontalangrep på Kherson by, og for å gjere det må dei mønstre troppar og utstyr som vil bli enkle mål for russisk artilleri, missilar og bomber. Ukraina har ikkje den militære krafta til å møte det Russland kan sleppe laus. Så om du blir altfor eksaltert over at «Russland tapar territorium», vil eg føreslå at du tar deg ein blund og roar ned.

Russland er for sin del i ferd med å inkorporere militsen til Donetsk og Lugansk i den russiske kommandostrukturen. Korfor? Dette er avgjerande for å kunne drive den koordinerte manøver-krigføringa som Russland er venta å utløyse straks styrkane deira er passande bemanna og i posisjon.

Det er viktig å hugse at all den militære aktiviteten på bakken i Ukraina vil bli ei sidehistorie samanlikna med den økonomiske krigføringa som vil gjere Europa til vrak. USA og Europa fekk ei svær bøtte med isvatn over hovudet i dag, då OPEC+ kunngjorde at dei vil kutte oljeproduksjonen med to millionar fat [per dag, mrk.]. Uansett kor mykje Biden og Blinken prøver å sminke grisen, er OPEC+ sin bodskap til Vesten klar og tydeleg – Ligg unna! Om OPEC-landa verkeleg trudde at Russland fekk tildelt eit drepande slag, trur du då dei ville ha lagt hovudet på hoggestabben og gått for ein politikk som er til gagn for Russland? Det trur ikkje eg.

Fritt omsett av Monica Sortland

Ein del går alltid tapt i omsettingar, særleg når artiklane er pepra med kunstnarlege formuleringar og uttrykk. Originalen finn du her: https://sonar21.com/more-military-and-economic-considerations-in-ukraine/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Først takk for redningsinnsats.

Deretter sparken for ikke å være vaksinert til tross for at pandemien er erklært avsluttet.

Forrige innlegg

Ola Tunander om krigen i Ukraina:

Den ble fremprovosert fra vest.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.