POSTED IN Intervju, Media

Ifølge våre ledere og medier:

Å intervjue Putin er forræderi!

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Tucker Carlson gjorde seg til «forrædar» for å intervjue Putin – og verda ELSKA det!

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Den kraftigaste effekten av Carlson sitt intervju med Putin, var at han lykkast i å tilføre eit viktig perspektiv til det amerikanske og vestlege publikummet, som diverre har blitt grovt feilinformert av vestlege media. Dette skriv nettstaden Strategic Culture Foundation. I artikkelen står det vidare å lese (mi omsetjing):

«Volumet av galle helt på den amerikanske journalisten Tucker Carlson av vestlege media og politikarar var litt av ei skode.

Carlson reiste til Moskva for å utføre eit intervju med den russiske presidenten Vladimir Putin. Intervjuet bestod av ei komplett, uredigert utveksling som involverte dusinvis av spørsmål som varte i meir enn to timar. Det vart sendt på nettsida til Carlson og andre sosialmedieplattformer.

I timane før intervjuet vart den tidlegare programverten i Fox News pepra av det medie- og politiske etablissementet i USA og Europa. Reaksjonen deira var stygg og hysterisk. Carlson vart fordømt som ein ‘forrædar’ og ‘nyttig idiot’. Ein kravde at han skulle arresterast og sendast tilbake til USA, i tillegg til at han skulle få forbod mot å reise inn i Den europeiske unionen.

Ein reaksjon som òg seier mykje, var at etter intervjuet vart publisert, so hadde vestlege media og politikarar tendens til å ignorere hendinga som om den aldri hadde funne stad.

Tucker Carlson

Ironisk nok, trass at dei iverksette tilbak for å undertrykkje det, har intervjuet eksplodert i popularitet rundt om i verda. Innan nokre timar etter at det vart sleppt på lufta, hadde intervjuet blitt sett av estimerte 100 millionar menneske. Det vil halde fram å samle seg millionar fleire sjåarar dei neste vekene.

Ein underhaldande detalj er at talet sjåarar langt overgår dei til dei vestlege medie-formidlarane som framstilte Carlson som ein skurk fordi han møtte Putin. Likevel meiner desse marginale medieformidlarane (ein kan knapt kalle dei ‘hovudstraum’ lenger på grunn av sine svinnande publikumstal) at dei har rett til å vurdere kva fleirtalet burde sjå eller ikkje. dei inkluderer slike som CNN, BBC, New York Times, The Guardian, og so bortetter. Dei er alle saman presstituerte, som den amerikanske forfattaren Gerald Celente so treffande kalla dei.

Ein kan trekkje fleire konklusjonar. Den eine er den listige og vondsinna kontrollen – eller i det minste forsøk på kontroll – av kommunikasjon, synspunkt og narrativ av vestlege statar og deira media.

Det burde vere ei journalistisk plikt å engasjere seg i annleis partar og perspektiv. Carlson gjorde det med Putin, og som eit resultat sleppte det vestlege etablissementet laus ein storm av forakt på han, der dei med febrilsk iver prøvde å diskreditere intervjuet før folk ein gong fekk sjansen til å sjå det og lage seg opp si eiga meining. Det seier særs mykje om den ekte mangelen på ytringsfridom og uavhengig journalistikk som Vesten læst som dei ivaretek.

Den andre [konklusjonen] er at den enorme, verdsomspennande interessa blant vanlege folk om kva president Putin hadde på hjartet, viser at ein verdset høgt det å høyre ulike perspektiv bortsett frå det eine som vestlege statar og media har monopolisert. Dette er spesielt sant når det gjeld krigen i Ukraina.

Det faktum at Carlson sitt intervju trekte til seg so mykje interesse trass dei nedrige forsøka på å sverte det i forkant, demonstrerer berre kor mykje folkeleg forakt der er for dei offisielle vestlege media og kor viktige dei sjølv meiner at dei er.

Ei anna lekse ein kan lære er desperasjonen til det vestlege etablissementet å hindre noka som helst forståing i folket om konflikten i Ukraina: den historiske bakgrunnen, årsakene til krigen, den sanne naturen til Kiev-regimet og deira nynazistiske samansetning, den større geopolitiske agendaen til USA og deira europeiske vasallar som prøver å projisere vestlege hegemoniske ambisjonar på verda, og mykje meir.

Alle desse komplekse temaa krev ein djup og lang diskusjon basert på historiske fakta. Vestlege media og politikarar er ute av stand til å gje slik kommunikasjon, i motsetnad til kva dei sjølve trur og har ambisjonar om. Dei tener makt og propaganda, ikkje folkets interesser.

Washington, deira europeiske klientar og deira servile media har forvrengt konflikten i Ukraina som ei tåpeleg leirbålhistorie om påstått russisk aggresjon. Putin har blitt sverta som ein diktator og ein ‘ny-Hitler’-figur (kor ærelaust og absurd!). Naturlegvis speler slik fabulering godt for den vestlege militarismen som driv amerikansk kapitalisme. Det er òg vatn på mølla for vestlege politikarar som er ideologisk blinda av russofobi. Og likevel vågar vestlege media å snakke ned Russland sine ‘forskrudde argument’.

Det er påfallende hvor uvillige vestlige medier er til å omtale Maidanoppstanden for hva det faktisk var: Et USA-finansiert statskupp mot landets lovlig valgte president. Gjør de det faller hele historien om det agressive Russland sammen.

I sitt intervju med Carlson presenterte Putin ei høgt intellektuell historisk beretning om korleis kjensla av ukrainsk nasjonalisme har blitt kynisk fabrikkert av vestlege makter med det mål å destabilisere Russland.

Krigen som Vesten påstår byrja i februar 2022 med ein ‘russisk invasjon’ vart starta minst so langt tilbake som i 2014 med det CIA-støtta kuppet i Kiev som installerte eit nynazistisk regime.

Vestlege politikarar og media lever i total fornekting av denne bakgrunnen, so vel som forræderiet som NATO-ekspansjonen mot russiske grenser er. Korleis kan slike media i det heile teke låst som dei kjem med noko slags informativt perspektiv om den noverande konflikten? Den kognitive resonansen overfor realitet er forbløffande.

Mange rundt om i verda inkludert USA vil seie seg einige i Putins synspunkt, eller ta ein pause for å tenkje seg om. Når ein høyrer den passande historiske konteksten til konflikten i Ukraina, vil fleire forstå realiteten til ein stadfortredarkrig starta av USA og deira NATO-allierte, ikkje for det som visstnok skal vere forsvar av ukrainsk demokrati (som ikkje eksisterer), men for det strategiske nederlaget til Russland. Denne større imperialist-agendaen har eksistert i fleire tiår, om enn subtilt, og stammar frå Den kalde krigen som følgde Andre verdskrig, og i dei siste 33 åra sidan det som visstnok var slutten på Den kalde krigen i 1991.

Dei vestlege statane og deira media kan trakke ned Russlands perspektiv so mykje dei vil, men der finst faktisk noko som heiter historisk sanning. Dei fleste rundt om i verda, inkludert informerte amerikanske skulerte slik som John Mearsheimer, diplomatar slik som Jack Matlock, og kommentatorar slik som Jeffrey Sachs, veit at konflikten i Ukraina har ein mykje større dimensjon enn det vestlege propagandistiske media prøver å selje.

Der finst noko som heiter ringen til sanninga. Folk flest, til og med dei tidlegare vart formørka av feilinformasjon, set generelt pris på ein versjon av historia som er i samsvar med fakta og rasjonell analyse.

Vestlege politikarar og media kan ikkje levere slik ei forskjønnande beretning fordi dei systematisk har drive og loge om og forvrengt årsakene til konflikten i Ukraina, og meir generelt om forholda mellom Vesten og Russland.

Putin gjekk eit langt stykke mot det å rette ting opp i sitt intervju med Tucker Carlson førre veke. Det var langt ifrå fyrste gong at den russiske leiaren hadde gjort dette. For dei som følgjer Ukraina-konflikten utanfor stengsla til vestleg mediepropaganda, vil det Putin sa høyrest temmeleg kjent ut.

Den kraftfulle effekten til Carlson sitt intervju er at han lykkast i å tilføre eit viktig perspektiv til eit vidare amerikansk og vestleg publikum, som diverre fram til no har blitt grovt feilinformert av vestlege media.

Allereie har eit veksande tal amerikanske og europeiske borgarar blitt merksame på og kritiske overfor den fåfengte krigen i Ukraina, og den nådelause utsendinga av offentlege midlar for å støtte eit korrupt regime i Kiev.

Carlson fortener haugar av kritikk for å ha motet og integriteten til å leite fram eit perspektiv som ikkje berre kastar lys på kvifor der er ein blodig konflikt i Ukraina, men òg på korrupsjonen som er endemisk i vestlege statar: illusjonane av uavhengig journalistikk, ytringsfridom og fremjing av demokrati.

Før eller seinare kjem folk til å innsjå at USA og deira europeiske vasallar er ingenting anna enn røvarstatar med imperialistiske brotsverk som ikkje kjenner nokon grenser. Den vestlege medie-konsernmaskina speler ei vital rolle i å dekkje over imperialistiske brotsverk, ikkje berre i Ukraina, men òg no i Syria, Gaza, Jemen, Irak og vidare. Alle forsøk på å løfte sløret av denne nakne, vestlege despotismen må straks slåast ned på. Det forklarer den rasande reaksjonen på intervjuet til Carlson.

Men det er for seint. Sanninga har sleppt ut. Den frigjorde sanninga vil få uunngåelege politiske og historiske konsekvensar.

Når det gjeld berre Ukraina er den USA-styrte NATO-stadfortredarkrigen ikkje lenger mogleg å oppretthalde. Elitistiske vestlege regime må – og kjem til å – haldast ansvarlege for å ha vore pådrivarar for denne krigen og den enorme sløsinga og tjuveri av offentlege midlar for å følgje sine hemmelege imperialistiske interesser.»

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Caleb Woods

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Carlson fortener haugar av kritikk for å ha motet og integriteten til å leite fram eit perspektiv som ikkje……

    Fortener? Fortjener? Hauger av kritikk??
    Fortjener vel ros! Tenke eg det burde ha stått

    Svar
  • Jeg har i løpet av et relativt langt liv hørt og lest mye, men ingen setning eller uttalelse har noen gang gjort større inntrykk enn den nylig avdøde australske journalisten og filmskaperen John Pilger’s urokkelige aksiom;

    »Hidden history is always the key to the truth!» –
    på norsk; »Skjult historie er alltid nøkkelen til sannheten.»

    Artikkelen »Å intervjue Putin er forræderi!» sammenfatter det hele eksemplarisk!

    Svar
  • Er du belest i hostorie og politikk viser dett sannheter vår media og politiker bør ta inn over seg. Dessverre er den globale begynnelsen allerede starta. Vel regissert. Det er ikke bare krigen i Ukraina som er målet. Men også andre stater er utpekt som termostater som må taes ut. Økonomi makt tilsier dette. Og vi skal ikke glemme at Israel Gaza katastrofen var ett ledd i denne samhandling. Dette skyldes alle de forkrigen e. Som utspillte seg etter glasnost. Ett utvidet nato og okkupasjon av oljerike stater. Herunder gaza s rikdom. PS. Uheldigvis kom russer problemet mellom i rekkefølge. Beskyttelsen av Rødehavet ble påtvunget for å sikre ett av målene. Særlig når motvilje til vestens fordømmelse uteble. Hele aksen kom ur av kontroll da flere kriger trues samtidig. Gaza har uendelige rikdommer som Israel stjeler med velsignelse av usa og delvis vesten. Konflikten bli nå å forsvare Israel. Og truer dermed med bombing om utstyr og varer ikke slippes gjennom til Israel fort nok. Noe de smålig gjør nå i sin dobbelmoral. Iran kaller de terrorstat som følge av at de selger våpen spredt i aia regionen og er et ønsket i denne strategien. Kanskje må dett utsettes i mangel på ressurser og utvidelse av krigen. Flere stater står nå opp mot dobbeltmoralen vesten denne gang er utsatt for. Styring på eneretten til krig blir nå kraftig kritisert i mange land. Inkluder vestlige land.
    Det er heller ingen tvil om at opprettelsen av bricks var en medregnet faktor i denne beslutningen. Den kan ramme økonomien betydelig i vestlige land. Hele det geopolitiske landskap vil endres etter disse krigshandlingene. Og kanskje oppstår nye allianser tilsvarende Nato. Vi har tidliger ofte omtalt de store kriger i verden som religionsfrihet. Men ser vi bak fasaden på disse kulturene viser det seg at makt rikdom og geografi var den største pådrivere. I så måte synes dagens kriger å handle om dette. Vi blir nok aldri ferdig med globalistenes iver til kontroll makt og rikdom. Maktkolinisering. PS dette har vært slik I tusener av år. Og teller vi kriger og innblanding I andres land styre og stell synes vesten å usa å være verstingen. Kampen om dollar og rikdommer.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Maktkampen i det demokratiske partiet er i gang.

Biden skal vekk og noen pusser fjærene sine.

Forrige innlegg

Ny bibeloversettelse:

Drepte jødene Jesus?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.