Den låste situasjonen i Idlib – Last stand for Erdogan?
av Ghassan Kadi for bloggen The Saker
Ghassan Kadi er en libanesisk journalist tilknyttet Hezbollah.
Sjølv om den syriske armeen, støtta av internasjonale vener og allierte, særleg Russland, har greidd å vinne mange slag og frigjort størstedelen av Syrias storbyar frå kontrollen til terroristgrupper, er kampen langt ifrå over.
Før ein kan setje søkelyset på dei USA-kontollerte nord-austlege delane, må dei vestlege regionane, inkludert Idlib og områda rundt denne byen, bli lagt under legitim regjeringskontroll igjen.

Faktisk er situasjonen no, politisk sett, kanskje meir kompleks å handsame enn den var for ni år sidan då «krigen mot Syria» var i startgropa. For nesten nøyaktig ni år sidan slo fiendane av Syria kreftene sine i hop og starta eit sameint angrep. Sameinte berre i sitt hat mot Syria, hadde dei ulike agendaer, men dei kombinerte sine stridskrefter for å dra føremoner på kvarandre sin styrke. Wahhabi-versjonen av islamistane, under saudiarabisk leiing, slo seg saman med Den muslimske brorskapen, leidd av Tyrkia og finansiert av Qatar, og dei slo seg alle i hop med NATO, Israel og libanesisk ultrahøgre-milits blant andre vendetta-grupperingar, med det eine målet å styrte president Assad og skifte ut den legitime sekulære syriske regjeringa med ei som er sekterisk og ettergivande overfor Vesten sine planar.
Dette lykkast dei ikkje med.
Dei har mislykkast i å nå sine fellesmål, og nokre av hærane dei danna – slike som t.d. Jaysh Al-Islam, leidd av tidlegare offiser i den syriske arméen Zahran Alloush – opphøyrde å eksistere. Alloush vart drepen under eit angrep den syriske arméen gjorde i desember 2015, men tapstala inkluderte også konspiratørar som hadde blitt stilte på sidelinja og tapt sine karrierar; den mest prominente blant desse var prins Bandar Bin Sultan, som kanskje var den aller største arkitekten bak angrepet på Syria.

Straumane skifta og byrja gå i Syrias favør etter at den syriske arméen vann sin gigantiske siger i slaget om Qusayr midt i 2013. Dette var eit avgjerande slag som i grunnen gjorde terroristane ute av stand til å halde oppe eit samband mellom Damaskus-provinsen og dei nordlege forsyningslinjene dei hadde. Utan denne sigeren er det ikkje sikkert Syria hadde fått så mykje støtte frå Russland, om noka i det heile. Syria måtte vise seg kampvillige, beslutningsdugande, målmedvitne og respektfulle overfor Russland for å nå eit slikt nivå. For Russland har ikkje berre tradisjon for å ære og respektere dei som verdig står opp tvert imot alle odds, men etter å ha blitt stilt på sidelinja av Vest-blokka i tiår måtte kvart einaste trekk på den geopolitiske scena fullt og grundig vurderast før ein kunne kaste seg ut i eit vågestykke.
Det var difor avgjerande for Russland, og særleg for president Putin, å sikre at ei utplassering av russiske troppar i Syria hadde ein svært stor sjanse for å lykkast.

Fragmenteringa av Syrias fiendar hadde byrja ta form allereie før russiske aksjonar i lufta og på bakken i Syria. Saudiane sitt første og største vonbrot kom då USA nekta å jamne Damaskus med jorda etter at prins Bandar hadde iscenesett det såkalla kjemiske angrepet i Ghouta i september 2013. Det var Bandars siste trekk etter tapet av Al-Qusayr og forsøka hans på å presse Putin med truslar om å sleppe laus islamistar i Tsjetsjenia.
Frå og med dét tidspunktet byrja saudiane si rolle i «krigen mot Syria» å svinne inn, og den stoppa heilt med bortgangen til Alloush. Men då spenningane mellom Qatar og Saudi-Arabia oppstod i 2017, heldt Qatar oppe sin «representasjon» via sin allierte Tyrkia.
Erdogan hadde sett føre seg ei sigersbøn i Omayyad-moskeen i Damaskus tidleg i stykket. Men han er framleis innstilt på å skaffe seg ein bit av kirsebæret, ein trøystepremie, trass alle tilbakeslaga som hans tidlegare samansvorne har måtta tole.

Etter at Tyrkia skaut ned det russiske Su-24-flyet i november 2015, nådde forholdet mellom Tyrkia og Russland sitt lågpunkt. Men pragmatikaren Erdogan var raskt ute med orsakingar til Putin, og etterkvart kom dei fram til ein avtale om korleis den låste situasjonen i Idlib skulle løysast.
Men Erdogan har ikkje spelt med opne kort om lojaliteten sin overfor det som vart kjent som Sotsji-avtalen. https://thedefensepost.com/2019/10/22/russia-turkey-syria-mou/.
Erdogan held trassig på mange hattar: som fullverdig NATO-medlem, ein nær ven og alliert med Russland, leiaren for nasjonen som gjerne vil inn i EU, ein islamist som ønsker å gjenoppbygge det osmanske imperiet, og ein nasjonalist som vil og kan ta seg av det kurdiske spørsmålet. Det han ikkje ser, er at sjølv om dette samansuriet gir han auka popularitet blant sympatisk innstilte muslimske støttespelarar, så dummar han seg meir og meir ut på den internasjonale scena.
Hans openberre sjølvmotseiingar kan verke sjokkerande, men pragmatikaren Erdogan, som prøver så godt han kan å bli sultan, er fiksert på islamisme og nasjonalisme, og han ter seg som om han har funne seg ein fatwa som lar han bere seg åt som eit svin i strebinga etter å nå sine endemål.

Blant anna målar han overfor Putin eit portrett av seg sjølv som Russlands ven som revurderer sin allianse med USA og til og med ønsker å kjøpe det russiske rakettforsvarssystemet S-400. Overfor USA er han framleis NATO-medlem og ein alliert som ønsker kjøpe USAs nye F-35-kampfly. På den eine sida kjem han med verbale angrep på Israel, samtidig som han vel å ha sterke diplomatiske band til staten. Han lovar støtte til den palestinske saka, men viser ingen teikn til å gjere ord om til handling.
Om Erdogan eigentleg fortener akt og respekt i det heile, skulle det måtte vere for evnen sin til å sno seg igjennom, og overleve, alle motseiingane han medvite og systematisk har planta langs vegen sin.
Han kan gå tom for valmoglegheiter – i det minste i Syria – men det vil ikkje hindre han i å innan få dagar kome med nye sjølvmotseiande ytringar. I slutten av januar 2020 trua han med å starte ein ny offensiv i Syria som svar på den russisk-støtta offensiven til Den syriske arméen i Idlib.
Nokre få dagar seinare tok han ein U-sving og erklærte at han ikkje ville la situasjonen i Idlib forsure forholdet hans til Russland. https://sputniknews.com/middleeast/202002041078225599-turkey-will-not-escalate-tensions-with-russia-over-syrias-idlib—erdogan/?fbclid=IwAR1X6tQuRrWsX5iQ3kJCJaxFoR11cnfJpj–VlYhuUu9ZXLK6OQal0kiHaw
Men mellom dei to utsegna, som kom med berre fire dagars mellomrom, bomba Den syriske arméen tyrkiske stillingar, der det skal ha blitt drepe seks tyrkiske soldatar og skadd kring eit dusin. Medan ei slik upresedert hending burde ha elda opp raseriet til Erdogan, så skjedde ikkje det denne gongen, i følge den palestinske veteran-journalisten Abdul Bari Atwan.

I ein omsettingsverdig artikkel skriv han at Russland og Syria har bestemt seg for å gå til aksjon i Idlib, og dei vil ikkje lenger vente på at Erdogan skal stå ved sine lovnader og avtalar.
Atwans artikkel-tittel er på engelsk omsett til: “What does the Syrian shelling of Turkish troops in Sarakob and the killing of six Turkish soldiers signify? And, what is the Russian message to Erdogan? And, did the Russians and the Turks tear up the Sochi Agreement? And, who will emerge as a winner in the bone-crushing battle in Idlib?”
I følge Atwan sin analyse signaliserte bombinga av tyrkiske stillingar slutten på det russisk/syriske tolmodet med Erdogans mangel på lojalitet mot Sotsji-avtalen. Atwan argumenterer med at meiningsmålingane i Tyrkia indikerer at Erdogan ikkje har folkestøtte til å eskalere i Syria, og heller ikkje til å sende troppar til Libya, for den saks skuld.
Såg Atwan slutten for Erdogans løgner og motseiingar denne gongen? Personleg håpar eg han gjorde det. Eg må innrømme at eg i tidlegare analysar mange gongar har spådd at Erdogan hadde gjort sin siste og skjebnesvangre feil. Likevel han han på eitt eller anna vis klart å kare seg opp att av holet og halde fram.
Har han no gjort sin siste og dødelege feil, eller vil han gi etter og la Syria i fred?
Tida vil vise.
Omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 284 ganger.
No Comments