POSTED IN Virkelighetsforståelse

I virkeligheten er situasjonen den motsatte av det mediene forteller:

USA/Nato taper for full musikk.

13 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Vi republiserer denne artikkelen fordi det som fremgår av overskriften er i ferd med å realiseres. Vi har hele tiden i derimot sin redaksjon ment at denne krigen skulle vært unngått, men at dette er en krig Nato/Ukraina har forberedt siden Minsk-avtalene ble undertegnet og som vesten/Ukraianas regjering ikke hadde til hensikt å oppfylle. De brukte den pausen som avtalene ga til ny opprustning og nye krigsforberedelser.

Krigen er derfor fremprovosert. Til tross for dette har vi hele tiden ment at dette er en krig Nato/Ukraina vil tape. Og en slik erkjennelse begynner nå endelig å demre i vesten også.

Det som har skjedd er tragisk og det kunne vært unngått ,men lysten til å ødelegge Russland med krig og sanksjoner har vært for stor, særlig i USAs ledelse.

Knut Lindtner
Redaktør

Den nye Cuba-missilkrisa som ikkje er.

Av Dmitri Orlov.

Henta frå The Saker. Omsett av og henta frå saksyndig.

Cuba-missilkrisa er ei vondsinna feilnemning. Cuba hadde aldri nokon atommissil; dei spelte mellombels vert for nokre av Sovjet sine. Krisa byrja då amerikanarane sette sine mellomrekkjevidd-atommissil i Tyrkia, som utgjorde ein ny trugsel mot Sovjetunionen, som responderte ved å plassere liknande missil på Cuba, noko som utlikna poengsummen. Amerikanarane fekk raserianfall, men roa seg til slutt og trekte missila sine tilbake frå Tyrkia. Sovjetarane trekte tilbake sine missil frå Cuba og krisa var over. Og difor burde den bli kalla USA-missilkrisa.

Det som skjer no kunne ikkje ha vore annleis. Med mindre du tilbrakte dei siste få vekene i skjul under ein stein, har du truleg høyrt at ei eller anna ny atomkrise er undervegs på grunn av «Putins atom-utpressing» eller noko liknande. Somme har lide av nervøs utmatting som eit resultat, der dei har forsømt pliktene sine og generelt late seg forfalle. Ta tidlegare statsminister i Storbritannia Liz Truss, til dømes. Den stakkars vesle dummingen festa seg til Putins ord om at «vindrosa kan peike i kva som helst retning» (eit faktisk poeng om den reine og skjere ubrukelegheita til taktiske atomvåpen). Ho lét deretter den britiske økonomien falle som ein stein medan ho på besett maner spora vindretninga over Ukraina. Det heile enda ille for stakkars Liz. Ikkje ver som ho.

Eg er her for å fortelje dykk at der ikkje går føre seg noko utanom det vanlege – det sedvanlege vestlege propaganda-bedrageriet, altso.

Spesielt har det ingenting å gjere med noko relatert til Putin eller atomvåpen. I staden er alt dette del av eit desperat forsøk på å kompensere for forteljingssvikt, og eit mislykka forsøk på det. Problemet for det kollektive Vesten er rett og slett dette: 80% av verdas befolkning har nekta å slutte seg til den i å fordømme, sanksjonere eller på andre måtar straffe Russland, der enkelte særs store land (Kina, India) anten er støttande eller nøytrale til temaet.

aerial photo of city scape during daytime
Store deler av verdens befolkning støtter ikke sanksjonspolitikken mot Russland

Mesteparten av verda, inkludert Asia, Midtausten, Afrika og Latin-Amerika, følgjer nøye med på at Russland systematisk øydelegg det som langt på veg var den største og mest evnerike NATO-utstyrte, NATO-kommanderte hæren i verda (det vil seie den ukrainske hæren), og forstår utmerka at det som utfaldar seg er Washingtons Waterloo. Somme land (til dømes Saudi-Arabia) er so sikre på resultatet at dei allereie nektar å følgje ordrar frå Washington. Dette er eit problem fordi alle washingtonianarane veit korleis dei skal tvinge viljen sin på verda. Å behandle andre som likeverdige eller å sjå etter moglegheiter for å forhandle ein vinn-vinn er rett og slett ikkje del av kjernekompetansen deira – eller noko av deira kompetanse, for den del. Når dei fyrst har mist hoggtennene, er bjeffing og sikling alt dei evnar.

For å ordne dette problemet har forteljings-oppkokarane i Washington og Brüssel bestemt seg for å spele atomkortet og skulde Russland for atomutpressing. I mellomtida har ikkje Russland gjort anna enn å øydeleggje den ukrainske hæren fleire gonger, for so å akseptere fire tidlegare ukrainske regionar som medlemmer av Den russiske føderasjonen basert på høgst konkluderande lokale avrøystingar, som nært blir følgt med på av eit fint tal internasjonale observatørar – og deretter har Russland erklært at dei vil forsvare desse regionane mot utanlandske åtak, kva enn som krevst av måtar. Desse måtane inkluderer openbert atomvåpen, sidan Russland faktisk har dei, og dei vil bruke dei i samsvar med atomdoktrinen sin, som går føre den fyrste bruken av dei.

I mellomtida har USA inga slik stipulering i sin atomdoktrine, og dei har faktisk brukt atomvåpen mot sivile (i Japan), og har i fleire tiår drøymt om å utvikle eit fyrste atomåtak som ikkje kan bli kontra. Dersom kva som helst slags land skulle bli vurdert som ein atomtrugsel, er det USA, ikkje Russland… bortsett frå, som eg vil forklare, at USA ikkje lenger er særleg til atomtrugsel heller. Putin antyda vagt dette, men ei vag antyding var nok til å gjere det amerikanske nasjonalforsvarsetablissementet dritforbanna, og deira verste fiende er sjølve røyndommen. Putin påpeikte at på dette punktet har Russland somme våpen i sitt atomavstøytande arsenal som er overlegne dei til Vesten.

Explainer: The S-400 Triumf Russian missile system - The Hindu BusinessLine
S-400 missilsystemet er helt overlegent det USA kan mønstre. De har ikke noe tilsvarende.

Desse nye våpena – meir om dei seinare – garanterer at kva som helst slags atomåtak på Russland vil vere eit sjølvmordstrekk. Altso har Vesten ingen måte å påliteleg øydeleggje Russland (det er for stort og deira økonomiske kjerne er for uavhengig og for godt forsvart med luft- og romforsvarssystem), medan Russland påliteleg kan øydeleggje Vesten (som er langt ifrå so godt forsvart), men vil ikkje gjere det med mindre Vesten går til åtak fyrst. Ulikt Sovjet-tida, har ikkje Russland nokon oppdragsiver; dei er tilfredse med å sitje tilbakelent og sjå Vesten svelte seg sjølv (på grunn av ein mangel på russisk kjemisk gjødsel) i mørket (på grunn av mangel på russisk olje og gass). Alt dei ønskjer er å samle bitane av den knuste russiske verda og alt folket og landet som kollapsen av Sovjet forlét bak ei bolsjevik-erklært grense. I denne situasjonen er risikoen for atomkrig temmeleg nær null. Ver gode å lene dykk tilbake, ta ein serie djupe pust og lat dei gode nyheitene søkkje inn. Kjenn på gleda.

Men gleda vil truleg ikkje vare dersom de lyttar til feige idiotar som har som jobb å lyge til dykk om «Putins atomtrugsel». Når, til dømes, Jack Philips skriv at Moskva har truga å bruke… taktiske atomvåpen… i Ukraina for å redde krigen sin der, driv han i grunnen berre og lyg til oss, og ikkje éin, men tre gonger i same setninga: Russland truga ikkje med å bruke taktiske atomvåpen, men peikte i staden på kor ubrukelege dei er; og Russlands spesialoperasjon er ein suksess. Det faktum at der ikkje er nokon trugsel, er hovudmeldinga i denne artikkelen, men lat oss kort ta ein digresjon og forklare korleis ukrainsk siger og russisk tap ser ut.

person holding brown leather bifold wallet
Ukraina er konkurs men drives av økonomiske midler fra vest.

Ukraina har sigra i form av at deira BNP ifølgje IMF [Det internasjonale pengefondet; oms.an.] har gått ned 35% i 2022; ifølgje nasjonalbanken deira har inflasjonen passert 30% og stoppar ikkje opp; ifølgje Verdsbanken vil 55% av ukrainarane neste år liggje under fattigdomsgrensa, der dei må leve på mindre enn 2,15 dollar per dag [22 kroner]; ifølgje Ukraina sin økonomiminister har arbeidsløysa nådd 30%; ifølgje statsministeren vil dei vere ute av stand til å utbetale pensjonar og lønningar utan umiddelbar utanlandsk bistand; ifølgje FN har 20% av befolkninga forlate landet og 33% i tillegg har blitt omplassert internt; ifølgje energiministeren har dei allereie mist 40% av evna si til å generere elektrisitet. Den ukrainske hæren tvangsvervar alle menn opp til 60 års alder sidan dei har gått tomme for reservestyrkar, og tapa dei lid på fronten er ingenting anna enn skremmande.

I mellomtida er Russland slegne fordi den russiske rubelen ifølgje Reuters er den sterkaste valutaen i verda; ifølgje The Guardian er Putin mektigare og meir populær enn nokosinne; ifølgje landbruksministeren er dette årets haust over 150 millionar tonn, der 50 millionar går til eksport, noko som gjer Russland til den største korneksportøren i verda; ifølgje The Economist kjem Russland tilbake frå resesjon akkurat i det Vesten går inn i resesjon; og ifølgje Goldman Sachs er indeksen for økonomisk aktivitet i Russland no høgare enn i Vesten. Russland vart akkurat ferdige med å kalle inn 300 000, eller 1%, av sine trena og erfarne reservestyrkar, som no blir drilla i dei siste NATO-kjempande teknikkane, før dei blir sendte i veg til den ukrainske fronten.

woman sitting on the stone in front of the ocean
At det går bra med Russland betyr ifølge vestlig propaganda at det går dårlig for dem.

Men lat oss ikkje late fakta stå i vegen for den dominerande forteljinga: Ukraina må vinne og Russland må tape, fordi ein elles kan risikere at Russland blir so desperate at dei trugar verda med atomvåpena sine? Den delen er enkel; det som er mindre openbert er kvifor vestlege propagandistar er desperate nok til å dikte opp og spreie den falske forteljinga om «Putins atomutpressing»?

Grunnen for all denne hektiske propagandaverksemda er at det kollektive Vesten ikkje kan håpe på å overleve politisk eller økonomisk med mindre Russland blir brakt ned på kne og går med på å byte energi- og mineralressursane sine mot fersk opptrykte tal som ligg i datamaskiner i vestlege sentralbankar, som kan bli konfiskerte når som helst av kva som helst slags grunn. Situasjonen er dyster: USA brenn gjennom sin Strategiske petruleumsreserve i halsbrekkande fart, og dei står likevel overfør mangel på diesel og obsternasig høge bensinprisar. Dei har ei massiv gjeld å handtere, men kan berre gjere det gjennom direkte pengetrykking, noko som driv inflasjonen, som allereie er over 10%, endå høgare. Europa klargjer seg for ein hard vinter med latterleg høge energirekningar, industri-nedstengingar og massiv arbeidsløyse, medan USA ikkje ligg langt etter. Fracking-eventyret i USA var aldri særleg profitabel og har kanskje eit år eller to igjen før årene er tømde. Då vil draumen om at amerikansk naturleg gass i væskeform vil erstatte russisk røyrleidningsgass i Europa, som aldri var ein realistisk plan, vere daud for godt medan industri-nedstengingar spreier seg til USA.

Transit row between Russia, Lithuania heats up – DW – 06/23/2022
Vestlige land kjøper nå andre varer, f.eks. olje, fra land som har kjøpt den fra Russland, men til høyere pris. Dette som er meningsløst gjør de for at det skal se ut som de sanksjonerer Russland.

For å unngå dette scenarioet har desperate tiltak blitt brukt, og alle saman har mislykkast. Fyrst hadde ein planen om sanksjonar frå helvete, som tvinga talrike vestlege selskap til å stoppe å sende produkt til Russland og gjere forretningar der. Dette har gjort stor skade på vestlege selskap medan ein gjev Russland ei opning til å stele marknadsandelen deira. Det som ikkje kunne erstattast med innanlands produksjon har blitt erstatta med «parallell-import» via tredje land.

Deretter reduserte Vesten (spesielt Europa) sin import av russisk energi gjennom eit tal metodar, frå sanksjonar mot russiske tankerar, til forbod mot bruk av eksisterande røyrleidningskapasitet gjennom Ukraina og Polen, til regelrette terrotiståtak på russiske gassleidningar i Austersjøen [Nord Stream I og II; oms.an.]. Eit regelrett forbod mot russisk oljeimport til Den europeiske union er planlagt for desember, og vil gjere situasjonen føreseieleg verre. Resultatet er at Russland har byrja å sende olje og gass til partnarane sine i Asia i staden, spesielt Kina, og Vesten er no velkomne til å konkurrere mot denne energien på marknaden, medan reserveforsyningar varer. Dei vil ikkje det. På grunn av høgare prisar eksporterer Russland mindre energi, men har større utanlandsk forteneste.

Dermed vart ein genial plan klekt ut for ein atomvåpen-provokasjon i Ukraina. Ukrainarane, med noko hjelp frå USA og Storbritannia, skulle ta eit gammalt missil frå Sovjet-æraen (ein Tochka-U), laste den med atomavfall frå eit av Ukraina sine atomkraftverk, sprengje det i lufta ein eller annan stad inni Tsjernobyl sin ekskluderingssone (som allereie er forureina med lengelevande radionuklidar), og deretter ville vestleg media og diplomatiske kjelder i samla flokk spele hysteriske og leggje heile skulda på Russland, i det håpet at i det minste enkelte av landa rundt om i verda som har nekta å slutte seg til vestlege sanksjonar mot Russland ville bli lurt til å bli med dei.

Revamping the Radiological Security Regime – Georgetown Security Studies  Review
En skitten bombe er en bombe med sterkt forurensende (giftig) radioaktivt avfall.

Kor godt gjekk det? Openbert ikkje godt i det heile! For det fyrste fekk russisk etterretning detaljane rundt heile operasjonen frå ei eller fleire kjelder frå innsida. Dette er ikkje overraskande, sidan ingen atomingeniør med sjølvrespekt ville vere so altfor ivrig etter å ta ansvar for slik ein skandale. For det andre tok Russlands forsvarsminister Sergei Shoigu, under direkte ordre frå Putin, telefonar til sine motstykke i heile verda, og delte dette bevismaterialet med dei. For det tredje kravde Russland spesifikt at IAEA [Det internasjonale atomenergibyrået; oms.an.] skulle etterforske dei to ukrainske stadene der skandalen vart utført. Sluttresultatet er at ukrainarane no jobbar på spreng med å øydeleggje bevismaterialet og skjule spora sine. Med tanke på at kvart einaste gram av slike høgt kontrollerte substansar må bli lagerført og kvar rørsle loggført, kan denne overdekkinga involvere somme hendingar, ulykker og force majeure-omstende. Ei stygg, lita ulykke som involverer ein tekopp med atomavfall og eit stykke fyrverkeri kan ikkje avskrivast, som naturlegvis vil bli skulda på Russland.

I mellomtida, i den verkelege verda av atom-supermakt-sjakkmatt, fann to interessante hendingar stad. Torsdag 20.oktober 2022 dukka den amerikanske atomubåten West Virginia – ein Ohio-klasse ubåt som ber 24 Trident II ballistiske missil, der kva av dei ber 10 atomladningar – opp i Det arabiske hav og vart besøkt av Michael Kurilla, kommandør i USA sin sentralkommando. Eg førestiller meg at han stilte mannskapet opp på dekket, stod framfor dei i ein marinekvit dress, for so å trekkje ned buksene og leika seg med tiss og bæsj-ordspel… fordi han kunne like gjerne ha gjort det. Føremålet med ein ubåt er å vere listig fordi russiske luftforsvarssystem kan avbryte Trident II-missil, spesielt om dei veit kor dei kjem frå. Altso er det å gå opp til overflata og halde paradar på dekket det same som å utbasunere til verda at ubåten ikkje er i aktiv teneste for tida.

Michael Kurilla - Wikipedia
Michael Kurilla

Kvifor ville amerikanarane gjere noko slikt? Er det ein klønete fredsgest, ei kryptisk overgjevingshandling eller eit tilslørt rop om hjelp? Eller er dei alle i ferd med å bli senile fordi kva enn Biden lid av er smittsamt? Det er vanskeleg for oss å avgjere det. Kva enn det er, ser ikkje russarane ut til å vere påverka av det. Den russiske atomubåten Belgorod segla nyleg til havs, og skapte ein viss panikk innåt i NATO. Den ber eit tal av dei nye Poseidon atomdrivne drone-torpedoane, som alle dreiar seg om talet 100. Kvar av dei ber ei ladning på 100 megatonn. Poseidon har nesten uavgrensa rekkjevidd, går i rundt 100 km/t på 1000 meters djupn (tre gonger djupare enn kva som helst slags atomubåt), og når dei blir detonerte nær ein undersjøisk rygg, kan skape ein 100 meter høg tsunami. Berre fem av dei er nok til å jamne begge dei amerikanske kystane med jorda, i likskap med heile Nord-Europa. Desse vil vere undersjøiske atomvåpentestar utførde i internasjonale farvatn – antisosialt, ja, men ikkje akkurat direkte atomvåpen-trugslar mot nokon sitt territorium, so det er knapt ein grunn for krig. Og den etterfølgjande tsunamien? Åh-åh! Oisann, beklager den, folkens! Ingen kjem til å skrive «i tilfelle tsunami, øydelegg Russland» i den amerikanske atomdoktrinen. Best av alt: Poseidon kan liggje og vente i årevis, og periodevis gå opp til overflata for å få nye ordrar. Men dersom Russland blir øydelagt, vil dei gå opp og øydeleggje resten av verda, fordi «Kva nytte har verda om Russland ikkje er med i den?» (V. Putin)

Vi kan vere sikre på at Russland ikkje vil lansere ein atomkrig fordi det er risikabelt og fordi dei ikkje treng å ta den risikoen for å vinne. Vi kan vere sikre på at amerikanarane ikkje vil lansere ein fordi det ville ha vore sjølvmord. Og so kan vi lene oss tilbake og slappe av medan «Putins atomutpressing»-foreljings-oppkokarar bjeffar dei dumme hovuda sine av. Når det gjeld alle desse mediehorene som skremmer folk med sin atom-nonsens for å skape blest: dei burde skjemme seg!

Forsidebilde: Jason Blackeye

Tidligere publisert på derimot.no

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

13 kommentarer. Leave new

  • «….og har i fleire tiår drøymt om å utvikle eit fyrste atomåtak som ikkje kan bli kontra.»

    ‘ I en lekket epost skrev USAs tidligere utenriksminister Colin Powell at Israel har 200 kjernefysiske våpen.
    «Iranerne kan ikke bruke én om de endelig lager en. Gutta i Teheran vet at Israel har 200, alle rettet mot Teheran, og vi har tusener», står det i eposten. ‘
    dagen.no/Nyheter/midt%C3%B8sten/Powell-i-lekket-epost-%E2%80%93-Israel-har-200-atomv%C3%A5pen-387718

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    6 november 2022 10:24

    USA tapar i Ukraina, men sigrar i Noreg. Amerikanske spesialstyrkar er godt i gang med opptrappinga si. 9.-11. november smell det ved Andøya. Nye våpen og krigskunster skal testast. Denne gongen er det dyre- og fuglelivet som får svi. Ein del CO2-utslepp vert det nok òg. Men militæret slepp å plagast med utsleppskvotar.

    https://forsvaretsforum.no/andoya-nato-nord-norge/amerikanske-spesialstyrker-skal-trene-med-nytt-vapensystem-utenfor-norskekysten/293440

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    6 november 2022 13:43

    Kva held Kiev-styret eigentleg på med?

    «Kakhovka-demningen delvis ødelagt i ukrainsk angrep» (ABC Nyheter 6.11.2022)

    Svar
    • Wasan Totland
      6 november 2022 14:08

      Det er USA, England og deres marionett som styrer krigen i Ukraina

      Svar
      • Torfinn Slettebø
        7 november 2022 10:34

        Javisst, og det er påfallande skilnad på pressedekkinga av infrastruktur øydelagd av Vesten og infrastruktur øydelagd av Russland. Vesten slepp konsekvent unna stemplingar som «terror mot sivile» og «brutalitet».

  • Du har nok misforstått den russiske mobiliseringen, Sindre. Ingen «sivile uten trening» mobiliseres til fronten. De som mobiliseres er reservister, soldater som har avtjent militærtjenesten sin og er satt opp som reservestyrke.

    Svar
  • Det er noen folk her som har forlest seg på Nato pressa vår. De er fantasiløse løgnere, for de beskylder Russland for hva dem gjør selv. For en tid tilbake het det fra Ukrainsk hold at Russland hadde mistet 90 000 soldater, men en mnd senere var det Ursula VdL som forsnakket seg og sa 100 000 Ukrainske soldater.
    Det er Ukraina som har mobilisert syke og gamle. Ikke Russland. Av den store innkallingen i høst i Russland er det bare halvparten som er blitt sendt ut i tjeneste, resten er i trening.
    Og Resett er også en del av Natos intel løgn maskineri, de har levert hånlige skriv om Russlands skrantende reserver.

    Svar
  • @utopenec
    2 mai 2023 20:09

    Noen lar seg imponere av at russerne tar to hønsehus og en garasje om dagen og kaller det ødeleggelse av den ukrainske hæren.

    Svar
    • Torfinn Slettebø
      3 mai 2023 17:47

      Det må vera uvanleg kostesame hønsehus og garasjar du har i tankane. Vesten har pøst meir enn 1000 milliardar inn i Ukraina, og landet går kraftig i minus likevel. Men det er lov å prøva å halda liv i vestleg propaganda. Vesten brukte 20 år på å tapa krigen i Afghanistan …

      Svar
  • Man må kunne si at alle parter har kraftig undervurdert (feilvurdert) hvordan denne krigen ville utvikle seg.
    Russland har ikke kollapset økonomisk slik USA og EU håpet på. Det har heller ikke blitt opprør eller statskupp i Russland.
    Ukrainas innsats i krigen er mye større og sterkere enn hva mange trodde på forhånd. Og splittelsen mellom befolkningene i Russland og Ukraina (broderfolkene) har blitt mye større og dypere enn hva Russland trodde. Forholdet mellom Russland og Ukraina lar seg vanskelig reparere (men begge land kan evt få et bra forhold til Kina).
    Forsyninger av våpen og ammunisjon fra NATO-landene og fra andre land som er sendt til Ukraina har vært mye større enn hva Russland var forberedt på. Samtidig har kapasiteten til å produsere våpen og ammunisjon i NATO-landene blitt helt prengt. USA har ennå ikke klart å produsere hypersoniske raketter, og med sprengt kapasitet vil dette kunne bli enda vanskeligere å få til.
    Finland har blitt medlem av NATO, og dette medlemskap utgjør en eksistensiell trussel mot Russland og spesielt mot Kola-halvøya. Dette er noe som Russland trolig ikke kan leve med (og NATO må avskaffes iflg dem).

    Hvis Kina ønsker det kan Kina levere våpen og ammunisjon til Russland i store mengder, noe som vi skape enorme problemer for USA og Ukraina. Dermed kan krigen bli en proxy-krig også mellom USA og Kina (istedenfor en direkte krig mellom feks Kina og Taiwan).
    Mulig at USA vil prøve å åpne nye frontavsnitt andre steder i verden i en krig mellom USA og Kina/Russland.
    Men USA sliter med interne problemer og sliter også med å opprettholde sitt hegemoni i verden (bla mht dollar, olje, energi etc). Hvis Kina feks gir USA litt tid, så kan det skje et økonomisk sammenbrudd i USA.

    Svar
  • Solegløtt
    5 mai 2023 10:05

    Nå viste jo Pentagon-lekkasjen at Ukraina taper 7 soldater for hver russiske som faller, så kanskje Pentagan også har latt seg prege av russisk propaganda?

    Svar
  • «Vi kan vere sikre på at Russland ikkje vil lansere ein atomkrig fordi det er risikabelt og fordi dei ikkje treng å ta den risikoen for å vinne. Vi kan vere sikre på at amerikanarane ikkje vil lansere ein fordi det ville ha vore sjølvmord. Og so kan vi lene oss tilbake og slappe av medan «Putins atomutpressing»-foreljings-oppkokarar bjeffar dei dumme hovuda sine av.

    Når det gjeld alle desse mediehorene som skremmer folk med sin atom-nonsens for å skape blest: dei burde skjemme seg!»

    Og norske politikere og deres media synes å ha det som sport å skremme egen befolkning. Enten det gjelder atomtrussel, klima, ‘pandemi’ eller økonomi.
    En skremt befolkning er lettere å styre.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Er de tvangsutskrevet?

Ukrainske krigsfanger slutter seg den russiske militærmaskinen.

Forrige innlegg

Et USA-medium med en bombe.

Russland har større innflytelse enn USA i dag.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.