POSTED IN Krig-fred, Media

I vår verden regnes ikke lenger alternativ tanker som en motgift mot ensidighet.

Tvert imot regnes en annen virkelighetsoppfatning som en farlig gift.

4 kommentarer

Berre informasjonsmangfald kan hindre krig

av Thierry Meyssan

Overalt i verda observerer vi ei stor mengd medium, men ingen pluralisme mellom dei. Alle refererer til dei same kjeldene, som viser same syn på fakta. Men vi veit alle at sjølv om fakta har ein einsarta karakter, så fins det eit mangfald av måtar å oppfatte dei på. Allereie på 80-talet snakka UNESCO om «informasjonsimperialisme»; måten ein tvingar fram éi oppfatning og nektar for alle andre. I dag blir denne dominansen manifestert med fakta-sjekkarane. Den einaste måten vi kan fri oss frå dette systemet på, er ikkje å opprette nye nyheitsmedium, men nye nyhetsmedier.

Oppfatninga av fakta varierer frå person til person. Her blir det same teiknet lese som «6» av ein og «9» av ein annan.

Etter Andre verdskrig vart den moderne folkeretten etablert med tanken om at ein skulle motverke «krigspropaganda»  (FNs generalforsamlings resolusjon 110 av 3. november 1947 [1] og resolusjon 381 av 17. november, 1950 [2]). Internasjonale lovgivarar, dvs suverene statar, vart snart einige om at krig berre kunne stoppast ved å sikre «fri flyt av idéar» (resolusjon 819 av 11. desember 1954 [3]).

Men dei siste åra har vi vore vitne til eit uvanleg tilbakeslag som held oss unna andre sine tankar, eksponerer oss for krigspropaganda og fører oss inn i ein global konflikt.

 Dette fenomenet oppstod med den private sensuren av USAs president på sosiale nettverk, og heldt fram med den offentlege sensuren av russiske medium i Vesten. No blir ikkje lenger andre sine tankar rekna som eit verktøy til å hindre krig, men i staden som ei gift som truar oss. 

Vestlege statar opprettar organ til å «korrigere» informasjon dei ser på som forfalska (Fake News) [4]. NATO vurderer å opprette eit organ kalla Information Ramstein, som skal ha ansvar for å sensurere ikkje russisk informasjon, men russiske idéar innan dei 30 medlemsstatane til Den nord-atlantiske alliansen. [5].

Dette er ei komplett reversering av verdiane til Den nord-atlantiske alliansen, som vart grunnlagt rett etter Atlanterhavspakta, som inkorporerte president Franklin Roosevelts «fire fridommar». Den første av desse fridommane var ytringsfridommen.

life goes on - Limited Edition 1 of 20 Photography by Kasia Derwinska |  Saatchi Art
Alternative forståelse av den virkeligheten som de store mediene presenterer er en trussel som den bestående orden

Men før internett blanda seg inn, då USA og Sovjetunionen nett hadde garantert «fri sirkulasjon av idéar» med Helsinki-avtalane, var FN – og særleg byrået deira på dette området, UNESCO – bekymra for «informasjonsimperialisme». Vesten tekniske overlegenheit let dei tvinge sitt syn på fakta på utviklingslanda.

I 1976, under Nairobi-konferansen, reiste FN spørsmål om medias funksjon med tanke på «styrking av fred og internasjonal forstand, fremjing av menneskerettar og kampen mot rasisme, apartheid og krigshissing.»

Den tidlegare irske utanriksministeren og vinnar av Nobels fredspris Seán MacBride danna ein kommisjon med 16 medlemmar under UNESCO. Blant medlemmane var franskmannen Hubert Beuve-Mery (grunnleggaren av Le Monde), colombianaren Gabriel García Márquez (Nobelprisvinnar i litteratur) og kanadiaren Marshall McLuhan (kommunikasjonsteoretikar). USA var representert ved Elie Abel, den gong dekan ved Columbia University School of Journalism, og Russland ved direktøren for pressebyrået TASS, Sergei Losev. Berre den femte og siste delen av rapporten (Communication Tomorrow) var gjenstand for  generell debatt. MacBride-kommisjonen diskuterte utkastet til andre delar, men hadde ingen ankepunkt. Det verka vere allmenn semje om rapporten, som kom ut i 1978.

Men med det at rapporten peika på at dei same kjensgjerningane kan oppfattast på ulikt vis, og at den opna for spørsmål kring media i nord og media i sør sine middel, opna den Pandoras boks. Samtidig vart UNESCO konfrontert med propagandaen til det sør-afrikanske apartheid-regimet og propagandaen til Israel, som fornektar muslimske og kristne kulturar. Til sist sette USA og Storbritannia punktum for debatten ved å trekke seg ut av UNESCO. I dag veit vi at det britiske imperiet hadde sikra sin intellektuelle dominans ved å opprette nye nyheitsbyrå. Whitehall stengde Information Research Department (IRD) rett før MacBride-rapporten vart publisert [6]. Men krigen mot Syria har vist at heile systemet har blitt heilt gjenoppbygd i ei anna form [7]. Vesten held fram med å forfalske informasjon ved kjelda.

På førti år har medielandskapet blitt omdanna: det har oppstått internasjonale TV-nyheitskanalar, internettsider og sosiale nettverk. Samstundes har det vore ein kolossal mediekonsentrasjon på hendene til nokre få eigarar. Men ingen av dei problema som vart omtalte i 1978 har endra seg. Tvert imot. Med den unipolare verda har dei blitt verre.

Journalist-yrket består i dag av å enten skrive rapportar for pressebyrå eller kontekstualisere nyhenda for media. Pressebyråa er saklege og utan kjelder, medan media tilbyr kommentarar og analysar av pressebyråmaterialet. Kontekstualisering krev ein god del historisk, økonomisk og anna kunnskap, noko dagens journalistar stort sett manglar. Kravet om ferske nyheiter i radio og TV gir dei ikkje tid til å lese bøker og, endå mindre, oppsøke arkiv, unntatt ved djubdereportasjar. Kommentarane og analysane har difor blitt betydeleg utarma.

Er det nå slik at de som defineres som høyre vil har retten for alle å ytre seg, mens det som kaller seg venstresiden ønsker restriksjoner for noen ytringer?

Den dominante ideologien i Vesten, som tenderer mot å bli «global», har blitt til ein religion utan Gud. Der er no berre to leirar: den til Dei gode og den til dei fråfalne. Sanninga blir bestemt ved konsensus blant elitane, medan folket avviser den. All kritikk blir rekna som blasfemi. Det er ikkje lenger rom for debatt og dermed demokrati.

Den alternative pressa har blitt nett like fattig, for den set sin lit til dei same dataa som dei internasjonale media gjer: rapportane til pressebyråa. Det rekk å kontrollere AFP, Ap og Reuters for å tvinge på oss eit bestemt syn på fakta. Ein kan krydre med den eine eller andre tendensen – Republikansk eller Demokratisk, konservativ eller progressiv osb. – men det vil alltid vere den same retten.

Tilliten til mediene i USA er sterkt fallende

Sidan angrepa den 11. september, 2001, har dei som har ytra kritikk mot den offisielle versjonen av hendingane blitt kalla «konspirasjonsteoretikarar». Sidan valet av Donald Trump til presidet, har dei som set seg opp imot pressebyråa sine data blitt skulda for å forvrenge røyndommen og finne på falske nyheiter. Sidan journalistane har forbydd seg å nemne tankane til «konspirasistar», dvs dissidentar, prøver dei å korrigere falske nyheiter med klarerte nyheiter.

Likevel har samtidig trua på versjonane til mainstream-media kollapsa. I USA har opinionsmålaren Gallup Institute målt tilliten til dei trykte media sidan 1973 og til kringkastingsmedia sidan 1993. Tilliten til aviser har falle frå 51 prosent til 16 prosent, og tilliten til radio og TV har falle frå 46 prosent til 11 prosent.

 Den einaste løysinga er å auke talet på informasjonskjelder. Ikkje for å gjere dei mange, men ulike. Berre då vil dei skjøne at måten ei hending blir omtalt på bestemmer kva vi tenker om hendinga.

Beskrivelsen av begivenhetene i Ukraina avhenger hvilke «briller» en har på nesen.

I dag presenterer dei tre ovannemnde pressebyråa t.d. konflikten i Ukraina som ein «russisk invasjon». Dei hevdar at Moskva ikkje har greidd å ta Kiev og styrte president Zelensky, men utfører krigsbrotsverk kvar dag. Dette er éin måte å sjå det på. Vi har ikkje midla til å publisere stadige oppdateringar, men vi publiserer kvar veke ein identisk bulletin [8]. Kriteria våre er ulike. Vi refererer til folkeretten, og ikkje til Vestlege «reglar». Derfor skildrar vi same konflikten som  bruk av Sikkerheitsrådets resolusjon 2202, som slår fast eit «ansvar for å bekytte» dei undertrykte folkegruppene sidan 2014. Hendingane er dei same, men for nokre fører måten dei skildrar dei på til tanken at russarane tar feil, medan våre får dei til å tenke at den russiske posisjonen er legal. Sant å seie finst det også ein annan skilnad: vi tolkar fakta over tid. For oss og for Sikkerheitsrådet har det vore ein borgarkrig i Ukraina i åtte år, med 20 000 døde. Dei tre store pressebyråa let som dei ikkje ser det. For oss har «dei integrerte nasjonalistane» ei lang kriminell historie som har kosta 4 millionar av medborgarane deira livet. Dei Vestlege pressebyråa ignorerer også dette [9].

 Denne skilnaden gjeld alle emne. Til dømes fortel dei største pressebyråa oss at Vesten har innført sanksjonar for å straffe Russland for invasjonen av Ukraina. Vi les ikkje hendingane på same måte. Igjen med referansar til folkeretten, og ikkje til Vestlege «reglar», slår vi fast at avgjerdene til anglo-saksarane og EU er brot på FN-pakta. Dei er ikkje «sanksjonar» sidaden økonomiske våpen i krigføringa mot Russland, på same måte som borger vart omringa i gamle dagar for å svelte ut dei som hadde tatt tilflukt der.

Kvar ulikskap i tolking av hendingar framprovoserer ein ny. Når vi t.d. påpeikar at dei Vestlege pseudo-sanksjonane ikkje er godkjende av Sikkerheitsrådet, blir vi fortalde at det er heilt normalt sidan Russland har vetorett i Rådet. Dette er å gløyme korfor FN vart organisert på den måten dei vart. Føremålet deira er ikkje å seie kva som er rett, men å hindre krig. Det var akkurat det som let Rådet bruke resolusjon 2022 til å løyse borgarkrigen i Ukraina. Men Vesten, trass engasjementet til Tyskland og Frankrike, brukte det ikkje, og det tvang Russland til å intervenere.

Vi kunne halde fram i det uendelege med denne doble lesinga. Det som er viktig å hugse, er at presentasjonen av fakta radikalt endrar måten dei blir oppfatta på. Til slutt vil eg invitere deg til å grunnlegge nyheitsmedium som skildrar fakta på sin eigen måte, og ikkje måten til leiarane våre. Det er på denne måten, og ikkje ved å skjønnmale feilaktig informasjon, at vi vil ta tilbake vår forstand.

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

[1] “Resolution 110 (II) of the General Assembly of the United Nations”, Voltaire Network, 3 November 1947.

[2] “Condemnation of propaganda against peace”, Voltaire Network, 17 November 1950.

[3] “Strengthening of peace through the removal of barriers to free exchange of information and ideas”, Voltaire Network, 14 December 1954.

[4] “The West renounces freedom of expression”, by Thierry Meyssan, Translation TheAltWorld, Voltaire Network, 10 November 2022.

[5] «A ’Ministry of Truth’ soon to be created within NATO«, Voltaire, international News, n°16, 25 November 2022.

[6Britain’s secret propaganda war, Paul Lashmar & James Oliver, Sutton Publishing, 1998. IRD. Origins and Establishment of the Foreign Office Information Research Department, 1946-48, Historians IRD, History Notes #9, August 1995.

[7] “The fabrication of the myth of the «Syrian revolution» by the United Kingdom”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 February 2020.

[8Voltaire, International News is a weekly newsletter published in six languages: German, English, Spanish, French, Italian and Dutch.

[9] “Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022.

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 534 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    4 desember 2022 12:06

    Norske militaristar, heimevern og Nato arbeider godt for å sikra at me held oss med rette meiningar:

    https://www.forsvaret.no/heimevernet/aktuelt/hvordan-forsvarer-vi-tankene-vare?fbclid=IwAR3mtcONiPpPYpNI_Vu8nzMUnG3Bvi6WN02aLwKVyiSDH1wCiiDnOLbrPus

    Offiseren Paul Grøstad vert nok ein mann å rekna med i Dagsnytt 18 framover.

    (Takk til Terje Alnes og Spartakus.)

    Svar
  • «Sanninga blir bestemt ved konsensus blant elitane, medan folket avviser den. All kritikk blir rekna som blasfemi. Det er ikkje lenger rom for debatt og dermed demokrati.
    …Den einaste løysinga er å auke talet på informasjonskjelder. Ikkje for å gjere dei mange, men ulike. Berre då vil dei skjøne at måten ei hending blir omtalt på bestemmer kva vi tenker om hendinga.»

    Som f.eks. virus- ‘pandemien’, der media var unisone, og motstemmer ble latterliggjort. :

    ‘Vår opplevelse har vært at det har vært vanskelig å slippe til i ledende kanaler med informasjon som ikke er i tråd med den linjen som har vært rådende .. ‘
    forskersonen.no/covid-kronikk-meninger/pandemien-ville-vaert-bedre-handtert-med-stotte-i-evolusjonsbiologi/2116816

    Så også klima:

    ‘ I over 50 år var til eksempel hjerteforskerne sikre på at vi fikk hjerteinfarkt fordi blodårene inn mot hjertet ble blokkert av kolesterol som vi fikk i oss via maten – så som egg og dyrefett. Sammenhengen fremstod først som opplagt. Så viste det seg at den var mer sammensatt (J. Le Fanu, The Rise & Fall of Modern Medicine, 2011). Nå er egg sunt, og dyrefett ikke så usunt som man trodde.
    Hvis vi godtar klimaforskernes diagnose på hvorfor klimaet endrer seg, og går med på den foreskrevne kuren, dreier det seg ikke lenger om et egg fra eller til.  Det ligger an til et gigantisk og forsert teknologisk-økonomisk eksperiment (vi har til nå ikke vært i stand til å bestille fremtiden) som lett kan komme ut av politisk kontroll. Vi bør derfor være rimelig sikre på det vi bestemmer oss for å gjøre er noe vi faktisk må gjøre. Men det kan vi bare finne ut av hvis vi også får vite noe om svakhetene knyttet til klimaforskningen. Klimaforskerne er imidlertid lite villige til å snakke om disse svakhetene.
    Menneskeheten er nemlig blitt påført mye lidelse og død fordi vi trodde vi visste. En viktig del av vårt oppdrag som forskere er derfor å sørge for å eliminere feil (i våre teorier) før de eliminerer oss – direkte eller indirekte. Av den grunn må vi, og det er et kollektivt ansvar, forsikre oss om at rådende teori om klimaet ikke utgjør en større trussel for oss enn klimaet.’
    geo365.no/geoforskning/bor-vi-stole-blindt-pa-klimavitenskapen/

    Svar
  • Også innenfor penge-økonomi:

    Vi bør slutte å la oss styre av dette idiotiske penge-økonomiske systemet som få skjønner seg på. Ikke politikere, ikke penge-økonomer ( som bare har lært det utleverte pensum utenat),
    – og ikke innbyggerne. Da hadde de protestert kraftig mot dette tyveriet. ( Hvem stikker av med gevinsten,, jo internasjonale bankkarteller. )

    Høyt forbruk er negativt for miljøet. Lavt forbruk er visst negativt for,… ikke folks velstand, med lavere priser på det de trenger av materielle nødvendigheter. Men penge-økonomenes velstand, og det merkantil- kapitalistiske systemet. Da er det bedre med høyere renter slik at folk må flytte fra hus & hjem ?

    ‘ Den lave inflasjonen gjør at man risikerer at husholdninger og bedrifter utsetter å kjøpe ting, fordi det vil være billigere for dem å kjøpe det i fremtiden. Og utsetter de å kjøpe ting gjør det at prisene faller enda mer, slik at vi havner i en deflatorisk syklus. ‘
    e24.no/makro-og-politikk/rentemoete-den-europeiske-sentralbank-ecb/krisetall-for-europa-mener-rentekutt-ikke-holder/24663883

    Hva med om det er anerkjente akademikere og politikere som styrer samfunnet i totalitær og/eller gal retning, selv om de kaller seg ‘radikale’ , fordi de styrer etter et konstruert økonomisk penge-pensum som få ikke SKAL skjønne noe av ? – Og ikke skal begynne å tenke sjøl.
    Er det ikke en administrasjon med færrest mulig bruk av nasjonens arbeidskrefter et samfunn trenger? Arbeidskrefter er en resurs til mulig velstand, ikke administrasjon og byråkrati som forbruker istedet for å produsere. Og som gjør at skattetrykket må økes; disse uproduktive må også lønnes.

    ‘ Éitt av dei nye storfylka reknar med å spare 100 millionar årleg på samanslåinga. No vil SV og Sp oppløysa storfylka, men ingen veit kva dét vil koste.
    Heller ikkje KS, kommunesektorens interesseorganisasjon har rekna ut prislappen på eventuelle «skilsmisser». Det same seier Statistisk sentralbyrå. NRK har heller ikkje funne økonomiske eller organisatoriske fagmiljø som kan svare. ‘
    nrk.no/vestland/ingen-veit-kva-det-vil-koste-a-opployse-storfylka-1.15655735

    ‘Renten vil trolig fortsette å stige helt til folk flest reduserer etterspørselen.Generelt er det slik at når prisene går ned, er det flere som vil selge enn kjøpe. Det er ugunstig’
    forskning.no/finans-matematikk-partner/slik-er-matematikken-bak-rentene/2110101

    Nei, det er kun en hypotese som er gyldig hvis vi IKKE lar rentene være lik (riktig) indeks i nasjonen, alltid. Det er virkeligheten som skal styre , ikke en konstruert teori som få skjønner og enda færre kan forklare. Og ingen skal protesere mot.

    ‘Inflasjon er generell vekst og helt grunnleggende for kapitalisme. Vi blir litt bedre, litt mer effektive og får litt mer å rutte med hvert år. ‘

    Også galt. Det at vi blir mer effektive, færre arbeidskrefter pr. produksjonsenhet, burde føre til lavere priser. Helt naturlig.
    Da blir det kapitalisme med et positivt fortegn. Jo lavere priser jo større reell velstand. Stabburene blir fulle, vi blir tryggere materielt. Og vi vet at vi etterhvert får flere frie livstimer ( ‘arbeidsløshet’ ), og ser at en nasjons bruk av arbeidskrefter på en produktiv måte er viktig. Slik at vi/nasjonen selv kan skape seg trygghet.
    Et skille mellom arbeid og penge/administrasjons- ‘ arbeid’.

    Men når teorier og hypoteser blir overlatt til (elistiske) miljøer som får styre uten motstemmer og som ikke kan forklare slik at de fleste forstår, på tross av at de griper inn i alle sitt liv; blir det lik tidligere tiders prester som holdt prekenen på latin.
    Nå har kirke- prestene mistet sin makt. Men penge-prestene har økt sin.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    4 desember 2022 14:06

    Nato fungerer upåklageleg. Særleg som forretningside for våpenfabrikkane i USA. No kjøper baltiske land endå meir:

    «Avtalen er verdt mer enn 1,9 milliarder kroner og omfatter raketter, ammunisjon og trening. Rakettenes rekkevidde er på mellog 70 og 300 kilometer. Den første leveransen fra produsenten Lockheed Martin skal skje i 2024.

    Det dreier seg om den største våpenanskaffelsen i Estland noensinne. De to andre baltiske landene, Latvia og Litauen, enten har eller er i gang med å anskaffe Himars-systemet.» (ABC Nyheter 4.12.)

    Det er ikkje tale om pristak denne gongen.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

EU fjernet de avslørende tapstallene til Ukraina.

Med de benekter ikke at 100 000 drepte var korrekt.

Previous Post

Grønn politikk er begrunnelsen

Nå kommer krigen mot landbruket gjennom FN.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.