POSTED IN Ukraina, Virkelighetsforståelse

I vår del av verden er det snudd på hodet:

Kjeltringene er helter.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Zelensky er krigsforbrytaren

av Martin Armstrong

Posta på kolozeg den 08/11/2023

Eg har ikkje mykje til overs for dei som hevdar at Ukraina kjempar for fridommen sin. Dei hadde fridom, og dei nektar fridom for Donbas, der Minsk-avtalane skulle la folk røyste over uavhengigheit frå Ukraina som aldri vart stilt for retten for nazi-engasjementet sitt fordi dei ikkje berre drap jødar og polakkar, men også russarar. Det var derfor CIA beskytta dei ukrainske nazistane.

Tilbake i 2013 åtvara eg om at Ukraina var den staden der alt ville starte. Eg har heile tida meint at Ukraina burde ha vore delt opp etter språk. Politikarar har trekt opp grensene, og denne politikken har gitt oss mange problem oppigjennom åra. Det er språk og kultur som bør definere ei nasjonal grense. Det er også feil at flyktningar skal kome til Sverige og så nekte å tilpasse seg kulturen til den nasjonen og kreve at deira eigne reglar skal brukast i spesifike regionar. Dette er ikkje som å kolonisere Månen.

Fagforeningshuset i Odessa 2. mai 2014

Ukrainarane kjempar for territorium som aldri var deira. Dei vil ha Russland ut, saman med alle dei andre minoritetane dei hatar og ikkje stolar på. Ein treng ikkje tvile på at viss Russland tapar, så vil ukrainarane massakrere alle russarar på Donbas-territoriet. Vesten ignorerer det faktum at ukrainarane utførte ein massakre på etniske russarar som budde i Odessa – så tidleg som under 2014-revolusjonen deira. Og det var dét som starta heile denne borgarkrigen som Vest-pressa ikkje vil snakke om.

2014-massakren på russiskspråklege ukrainarar i Odessa, der dei grabba dei på gata og drap dei, var ei nynazistisk hending. Dét var vendepunktet. Det gjorde det openlyst at Donbas laut lausrive seg, for nynazistane ville ta livet av dei, ikkje berre at dei skulle underkaste seg. Dét starta borgarkrigen. Dei sette fyr på fagforeiningshuset og brende alle dei russisk-talande ukrainarane levande. Ein organisert massakre vart utført og filma av mange. Det har blitt uvanleg detaljert dokumentert, og nynazistane var ikkje ein gong redde for negativekonsekvensar i verdsopinionen.

Om Ukraina nokon gong skulle ta Krim, ville du få sjå eit gigantisk folkemord verre enn det i Midtausten. Der er ikkje sivile det direkte målet. I Ukraina drap dei folk for berre å vere russarar. Det var derfor separatistrørsla starta, og dei væpna seg mot ukrainarane som angreip FØRST og starta borgarkrigen på ordre frå dei US-amerikanske neokonservative. John McCain og Victoria Nuland var til stades på Maidan, heia på dei og lova at USA ville støtte dei. Hugs den lekka telefonsamtalen hennar då EU nekta: “FU-K the EU.

John McCain, som var leiaren for Neocon-pakket, promoterte atomkraft for å gjere slutt på USA og Europa si avhengigheit av olje. McCain brukte klimaendring til å sperre ute Russland, som hadde eit brutto nasjonalprodukt der 50% var energi. Så McCain uroa seg ikkje over klima. Han brukte det som eit våpen mot Russland.

McCain hata russarar, og det var før Putin, noko Politico dokumenterte tilbake i 1996 – tre år før Putin. McCain brukte klimaendring som eit våpen til å underminere Russland. Dei neokonservative sprengde Nord Stream. Det har vore målet deira i fleire tiår. Vi lyt forstå at det finst neokonservative i USA, Russland og Kina. Dei er kanskje talmessig små, men dei er ofte svært manipulerande. Vi har klimafanatikarar som vil gjere slutt på alt fossilt brensel, og måla deira støttar dei neokonservative som vil utslette fiendane sine – Russland og Kina.

Massakren i 2014 på russisktalende ukrainere i Odessa, hvor de drepte dem og grep dem på gata, var en nynazistisk begivenhet. Det var vendepunktet. Den avslørte at Donbas måtte skilles, for nynazistene ønsket deres død, ikke deres underkastelse. Det startet borgerkrigen. De satte fyr på bygningen og brente alle de russisktalende ukrainerne levende. For første gang i historien ble en organisert massakre på sivile utført og til og med filmet av mange mennesker. Dette er dokumentert i ekstraordinære detaljer, og nynazistene fryktet ikke engang negative konsekvenser i verdensopinionen.

Zelensky er krigsforbrytaren, for over 500 000 ukrainske soldatar er døde. Over 8 millionar ukrainarar har flykta, for aldri å returnere. Når historiebøkene blir skrivne, vil det stå at Zelensky har svike sitt eige folk for å grafse til seg territorium, sjølv om Donbas alltid har vore russisk. Ukrainarane har allereie demonstrert sitt hat mot Russland, og dei vil slakte desse folka der, slik dei gjorde det frå utsida i 2014, så snart dei hadde fått si uavhengigheit. Alle som trur dette vil ende med eit klynk, er ikkje frisk i hovudet. Ukrainarar hatar russarar – det ligg i blodet deira. Vi hadde folk frå Kiev og Donbas. Dei snakka ALDRI med kvarandre. Då han frå Kiev skulle på konferansen vår i Hellas, nekta han å ta den kortaste ruta som gjekk via Moskva. Dette er like djupt splitta som sunni vs. sjia er i Midtausten.

Årets menn fra CIA-organet: Time

Dei verkelege krigsforbrytarane er dei som bestiller krig. Zelensky nektar å godta fred. Sjølv Paven tilbaud seg å mekle, og Zelensky nekta. Han sender 16-år gamle gutar i døden, alt for landareal. Ukraina hadde den rikaste landbruksjorda i heile Europa. Vi har dykka djupt ned i kven som brått kjøper alt opp, og som prøver å skjule investeringane sine bak falske, lokale selskap.

Det ukrainske folket, så vel som det israelske folket, bør heller vakne opp og innsjå at dei neokonservative har sin agenda. Di fleire av dykk som døyr, dess meir kan dei late som dei er opprørte og kreve hemn. Sjå berre på Operation Northwoods, der dei gjekk inn for å drepe amerikanarar for å legge skulda på Cuba og rettferdiggjere ein invasjon.

Av Martin Armstrong

Frå engelsk til norsk: Monica Sortland

Forsidebilde: Diana Polekhina



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 367 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • armstrongeconomics.com leser jeg hver dag; han er genial. Ærlig og super-intelligent. Det kan ikke makthaverne ha noe av. De prøvde å ansette ham, men han takket nei. Det var derfor Amerika hev ham i fengsel for noe helt oppdikta. I dag har han en ganske fornøyelig hån av Zelensky, dyktig som klovn og komiker. Og en mester til å danse på stiletthæler, helt imponerende. Filmen er forsøkt fjernet, da den kunne komme til å vise Zelensky som den han er, men uten hell, for noen har tatt vare på filmen til senere bruk.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Det er ingen tragedie at Nato taper i Ukraina.

Tragedien er at krigen ble iverksatt av Nato.

Previous Post

Hysj, hysj, det er for pinlig:

Da Stortinget avsatte konge og regjering.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.