POSTED IN Coronavaksiner, Hellas

I Texas saksøkes Pfizer:

Villedende markedsføring av covid-vaksinene.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Generaladvokat Ken Paxton i Texas saksøkjer Pfizer for villeiande marknadsføring av covid-«vaksinane» sine

Innegget er hentet fra Saksyndig

Nettstaden BeckerNews.com skriv at Ken Paxton, generaladvokaten i Texas, har begjært søksmål mot farmasigiganten Pfizer for villeiande marknadsføring når det gjeld mRNA-injeksjonane som feilaktig blir kalla «vaksinar». Han er eit sjeldan unntak av modige aktørar som stiller dei skuldige for plandemien til ansvar for sine brotsverk mot menneskeheita. Søksmålsbegjæringa, som Paxton leverte torsdag 30.november 2023, skuldar Pfizer for å kome med uriktige påstandar når det gjeld effektiviteten til covid-19-«vaksinen» deira.

Paxton hevdar vidare at Pfizer òg sette i verk eit forsøk på Internett-sensur for å undertrykkje tvil om tryggleiken og effektiviteten til dei lukrative sprøytene. Pfizer er i begjæringa hans skulda for å ta del i svikefulle marknadsføringsaktivitetar som er i strid med Texas Deceptive Trade Actitivies Act.

Søksmålet argumenterer for at Pfizer feilframstilte vaksinen si evne til å hindre SARS-CoV-2-viruset frå å smitte mottakarane av sprøyta, og evna til å hindre spreiing i befolkninga. Søksmålet seier òg at Pfizer sin påstand om «95% effektivitet» var bevisst villeiande.

Her er eit sitat som visstnok skal vere frå begjæringa (mi omsetjing):

«The proof is in the pudding her. Medan Pfizer sitt tal på 95% fekk vaksinane deira til å sjå høgst effektive ut, var sanninga temmeleg annleis. Då dei byrja å kome med desse påstandane, sat Pfizer med gjennomsnittleg berre to månader med kliniske forsøksdata som dei kunne bruke til å samanlikne vaksinerte og uvaksinerte. Av 17 000 placebo-mottakarar, fekk berre 162 covid-19 i denne tomånadersperioden. Basert på desse tala hadde vaksinasjonsstatus ein ubetydeleg påverknad på om ein forsøksdeltakar fekk covid-19 eller ikkje. Risikoen for å få covid-19 var so liten i fyrste omgang under dette korte tidsvindauget, at Pfizer-vaksinen berre i ørliten grad minska risikoen for å bli smitta. Og den absolutte risikoreduksjonen til ein vaksinemottakar – som er det føderale Food and Drug Administration (FDA) sin føretrekte effektivitetsmetrikk – viste at vaksinen berre var 0,85% effektiv. I tillegg, ifølgje Pfizer sine eigne data, å hindre eitt covid-19-tilfelle kravde vaksinasjon. Det var den enkle sanninga. Men Pfizer sin enorme barrikade av offentleg representasjon hadde ingen samanheng med realiteten.»

Når Pfizer fyrst hadde sådd dette frøet om «95% effektivitet» på marknaden, utvida dei bedragerikampanjen over fleire frontar:

«For det fyrste, kor lenge beskyttelsen varte: FDA anerkjente då dei fyrst godkjende Pfizer-vaksinen at det var ‘umogleg’ å vete kor effektiv vaksinen ville vere utover to månader. Men i tidleg 2021 skapte Pfizer forsettleg det falske inntrykket at vaksinen deira hadde langvarig beskyttelse, og gjekk so langt som å halde tilbake høgst relevante data og informasjon frå forbrukarane, som viste at effektiviteten gjekk raskt nedover […].

For det andre, overføring: FDA åtvara Pfizer at dei ‘trong’ tilleggsinformasjon for å avgjere om vaksinen beskytta mot ‘overføring’ av covid-19 mellom personar. Men Pfizer iverksette i staden ein skremselskampanje der dei utnytta den intense offentlege frykta under den årelange pandemien, ved å insinuere at vaksinasjon var naudsynt for amerikanarar for å beskytte sine kjære mot å få covid-19.

For det tredje, variantbeskyttelse: Pfizer kom med vit og vilje med falske og udokumenterte påstandar om kor godt vaksinen fungerte mot variantar, inkludert spesifikt den sokalla Delta-varianten. Vaksinen fungerte oppsiktsvekkjande dårleg mot Delta-varianten, og Pfizer sine eigne data bekrefta dette. Likevel fortalde Pfizer offentlegheita at vaksine var ‘veldig, veldig, veldig effektiv mot Delta’.»

Det er dette det dreier seg om – ikke helse.

Begjæringa la til: «Produktet til Pfizer, som vart haussa opp av feilrepresentasjonen selskapet gjorde av det, gjorde selskapet enormt mykje rikare.»

Begjæringa skuldar Pfizer på fem brot på nemnde Texas Deceptive Trade Practices Act. Spesielt trekkjer det fram FDA-kommisjonær Scott Gottlieb (tidlegare styremedlem i Pfizer), som var involvert i å flagge innlegg på sosiale media som stilte spørsmål ved effektiviteten til Pfizer-«vaksinen», sjølv om han visste at slike handlingar ville få alvorlege konsekvensar for desse brukarkontoane.

Generaladvokat Paxton vil at Pfizer ikkje kjem med liknande lovnader om effektiviteten til covid-«vaksinen» i framtida. Han vil òg at Pfizer skal stengjast ute frå å inngå partnarskap med sosialmedieplattformer for å hindre open debatt om «vaksinen». For kvart slikt brot krev han 10 000 dollar (109 000 kroner) i sivile bøter. For kvart tilfelle der open debatt om «vaksinane» har blitt hindra på sosiale media.

Dersom det kan bevisast i retten at Pfizer villeia folket og konspirerte for å stilne kritikarane av «vaksinen», kan dette utgjere bevis for ein kriminell konspirasjon. Det kan dermed opne opp for massive sivile søksmål mot farmasiselskapet.

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Medan Pfizer sitt tal på 95% fekk vaksinane deira til å sjå høgst effektive ut, var sanninga temmeleg annleis. »

    Ja, hvorfor ble befolkningen ellers pålagt å ta vaksine 1., 2., 3.4. – og booster 1, 2. ?
    Den første hjalp ikke hverken mot smitte eller smittespredning; så heller ikke de neste.

    Hadde et annet produkt blitt solgt med disse løgnene, så hadde forbrukerombudet stoppet hele produktserien, og gitt bot.

    Men, de var jo ‘gratis’. ;-)
    ( Dvs. politikerne brukte innbyggernes skattepenger til å kjøpe et produkt de ikke hadde peiling på, og skremte innbyggerne til å måtte få sprøytet inn humbugen. Ingen har fått sparken! )
    Enda.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

FN er impotent:

USA blokkerer appell om våpenhvile i Gaza.

Forrige innlegg

Steve Kirsh taler for britiske parlamentarikere om vaksineavsløringene på New Zeeland:

Befolkningen skal ikke få vite hva offentlige data forteller om vaksinene.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.