POSTED IN Helse, Norsk politikk

I Norge hemmeligholdes diskusjonene og innholdet av avtalene

WHOs pandemiavtaler blir nå avvist av Estland og Slovakia.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Estland og Slovakia avviser WHO sine internasjonale pandemiavtaler

Både Estland og Slovakia har no offentleggjort at dei nektar å bli med på WHO sin Pandemitraktat. Dei avviser òg å innføre dei kontroversielle tillegga til Dei internasjonale helseretningslinjene (IHR).

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Nettstaden The Exposé rapporterer at 11 medlemmer av det estiske parlamentet 22.november 2023 skreiv eit brev til Verdas helseorganisasjon (WHO), der dei avviste dei føreslegne internasjonale avtalane rundt pandemi-beredskap og -respons. Desse avtalane er kjent som Pandemitraktaten og tillegga til Dei internasjonale helseretningslinjene (IHR). I mai 2022 vart Verdas helseforsamling (World Health Assembly, WHA) musestille einige om å redusere perioden nasjonar hadde til å trekkje seg ut av framtidige tillegg til IHR. Tidlegare hadde nasjonar 18 månader å trekkje seg, i 2022 vart den perioden redusert. Nasjonar som ønskte å trekkje seg, måtte gje beskjed til WHO innan 1.desember 2023 – og dette har altso Estland gjort, åtte dagar før fristen. Parlamentsmedlemmene har ikkje berre trekt seg frå tillegga til IHR, dei avviser heile Pandemiavtalen og IHR-tillegga, so vel som midlane landet fram til no har betalt til WHO.

Brevet frå det estiske parlamentet kan lesast her (side 1 og side 2).

Robert Fico

Slovakia kjem heller ikkje til å gå inn i nokon internasjonale pandemiavtalar med WHO, seier statsminister Robert Fico. Dette er det òg The Exposé som rapporterer. Under ein konferanse for partiet hans SMER (Slovenská Sociálna Demokracia), erklærte Fico at regjeringa hans ikkje kjem til å skrive under på WHO sin Pandemitraktat, og at SMER-medlemmer i det slovakiske parlamentet ikkje kjem til å ratifisere (godkjenne) Pandemitraktaten i parlamentet fordi det er eit prosjekt skapt av grådige farmasiselskap.

Etter at SMER vann valet 30.september 2023 og danna ein koalisjon med senter-venstre-partiet HLAS (Sociálna Demokracia) og det nasjonalistiske SNS (Slovenská Národná Strana), vart Fico utpeikt som statsminister av Slovakia for fjerde gong 25.oktober. For ei veke sidan (18.november) avviste Fico at han kom til å støtte at WHO skulle få meir makt på kostnad av suverene statar i kampen mot pandemi. Til dei meir enn 400 frammøtte, deriblant ambassadørar, delegatar og partimedlemmer, sa han at «berre sinnssjuke farmasøytiske selskap kunne ha funne på slikt nonsens».

Ifølgje Fico kjem dette trekket frå WHO fordi farmasiselskapa byrjar å uroe seg for innteninga. Mange land sluttar å kjøpe vaksinar, og dei avsluttar vaksinepåbod. Island slutta nyleg å tilby covid-vaksinar, medan Polen har 60 millionar ubrukte covid-vaksinar som dei nektar å betale for – og i Polen sitt tilfelle har Pfizer gått til søksmål.

Under den same talen skal Fico òg ha uttala (ifølgje Martin Demirov) at den tidlegare regjeringa tok livet av 20 000 menneske under covid. The Exposé har ei engelskspråkleg omsetjing av Demirov-innlegget i artikkelen sin om Fico og Slovakia.

Dette er særs gode nyheiter for resten av medlemslanda til WHO. Dette viser at det går an å protestere mot dette openlyse forsøket på å tilrane seg makta over folkehelsa, og det viser at WHO og eliten ikkje kan sitje på hemmelege møte og planleggje avgjerder som vil få konsekvensar for fleire milliardar menneske over heile verda. Er deira vondsinna planar om å ta over verda omsider i ferd med å falle saman som eit korthus i vinden?

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Det vil kunne gi håp til millioner USA-borgere.

Robert F. Kennedy stiller til valg på et program for fred.

Previous Post

Regler og reaksjoner er ikke like for alle:

Vi godtar krigsforbrytelser hvis det er våre egne som begår dem.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.