POSTED IN Norge

I Moskva er 15% vaksinert.

Ordføreren innfører vaksinepass.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Moskva innfører vaksinepass

Kafear og restaurantar no berre for dei 15% som har blitt vaksinerte

av Marko Marjanović

anti-empire, 23. juni, 2021

Sobyanin har bestemt at berre ein liten minoritet av moskovittane frå og med neste veke får entre eigedommane til andre moskovittar som driv kafear og restaurantar: Frå den 28. juni, 2021 vil berre besøkande som er beskytta mot sjukdommen kunne besøke offentlege serveringsetablissement:

  • vaksinerte;
  • har hatt COVID-19 innan dei siste 6 månadane;
  • eller kan vise til ein negativ PCR-test som er gyldig for 3 dagar.

Dette trass i at testane som viser infeksjon nådde toppen allereie den 19. juni og har allereie falle betydeleg sidan då, frå 9500 til 6500 per dag, heilt utan den nye segregeringa.

Sobyanin gjentar stadig vekk at 14 000 virus-positive ligg på sjukehus, noko som høyrest ut som eit stort tal, heilt til du tar med i betraktningen at Moskva er ein storby med 12 millionar innbyggarar. Ein ting han ikkje seier, er kor mange som ligg på sjukehus totalt, med eller utan COVID. Og korleis det talet er i høve til talet på sjukehusinnleggingar på andre tidspunkt. Sannsynlegvis viser den samla summen at sjukehusa er tommare enn nokon gong, slik tilfellet var for Vesten under skremdemien.

woman in black and white tank top leaning on wall
Som uvaksinert mister du nå borgerretter i Moskva.

Så la oss oppsummere: om du er uvaksinert i Moskva, så betyr det null sjukehusbehandling for deg (unntatt intensivbehandling og avtalt behandling for kreft- og blodsjukdomspasientar) og, no, null lunch, kaffi eller øl. Og om du arbeider i offentleg sektor eller tenestenæringa, så  du injiserast, elles står jobben din på spel.

Men det er interessant å sjå kor sjølvutslettande og dårleg gjennomtenkte dekreta til Sobyanin er.

Korleis skal service-sektoren greie å oppmuntre arbeidarane sine til å ta vaksinen og fyre opp under presset hans for obligatorisk vaksinering viss Sobyanin tar knekken på forretningane deira uansett? Med kva for pengar, og korfor? Dei kjem til å betale ut vaksineringsbonusar så dei kan halde ope for å servere dei 15% som er blitt injiserte? Kan like godt stenge med det same.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Alexander Smagin



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 104 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Sannsynlegvis viser den samla summen at sjukehusa er tommare enn nokon gong, slik tilfellet var for Vesten under skremdemien.»

    Enda en test, – fra Pc.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Bemanningsbyråer og EØS-direktiv.

Undergraver organiseringen i arbeidslivet.

Previous Post

Faktisk.no.

Hvem eier og styrer faktasjekkerne?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.