POSTED IN Olje-Energi, USA

I ly av korona-epidemien:

Skyggespill i kulissene om oljen.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Trump endrar USA sin energistrategi

av Thierry Meyssan

Medan dei fleste er oppslukte av spreiingstiltak i desse epidemi-tidene, stiller saudi-arabarane spørsmål ved makta til sin US-amerikanske forsvarar. Washington og Riyadh er splitta i ein styrkekamp som allereie før utbreiinga av Covid-19 forstyrra verdsøkonomien. President Trump har vurdert å ta kontrollen over saudisk og venezuelansk olje, og det har tydelegvis fått han til å smi nye alliansar.
For President Trump har sanningas augneblink kome …

Dei siste tre åra har president Trump og CIA-direktøren hans, tidlegare utanriksminister Mike Pompeo, prøvd å gi opp landet sin imperialisme og erstatte den med ein økonomisk strategi. Føresetnaden for dette skulle vere at Washington framleis ville vere verdsleiande på grunnlag av ei sterk militærmakt og energiautonomi.

Donald Trump har gitt løyve til utnytting av verna område, har relansert røyrleidningskonstruksjon og har halde fram med skiferoljeeventyret, sjølv om det naturlegvis er eit døgnflugeprosjekt. Den politiske utviklinga til Saudi-Arabia, med megalomanien til kronprins Mohamed ben Salmane (MBS), vart først styrt på ein slik måte at ein ved kvart av dårskapsprosjekta hans loppa han for så mykje pengar som mogleg, og deretter vikla han inn i konfliktar. Til sist starta MBS ein oljekrig, ikkje mot Russland, men mot skiferoljeindustrien til USA. Dei forårsaka, med hensikt, eit prisfall frå $70 per fat til under $30. Men denne styrkedemonstrasjonen fell uventa ihop med Covid-19-epidemien og det svimlande fallet i global energikonsumpsjon. Epidemien påverkar også USA, der nokre av seniortenestemennene har planar om å erklære ein sterkare unntakstilstand og få slutt på Trump-eksperimentet.

Desse tre realitetane (president Trumps økonomiske strategi, saudi-opprøret og koronavirusepidemien) kolliderer med kvarandre. For å analysere dei, vil vi vilkårleg skille ut ein medan vi held i tankane at kvar logiske konklusjon kan bli forstyrra av dei andre to.

Det portugisiske spionskipet RCGS Resolute. Det senka eit venezuelansk skip frå Kystvakta med sin isbrytande baug, noko som er mildt sagt uvanleg i Det karibiske havet.

Økonomisk strategi

I møte med kollapsen til oljeprisane, fann president Trump ut at han ikkje hadde noka anna løysing enn å ta over verda sine hovudreservar, dei til Venezuela. I mange år har CIA og South Com destabilisert dette landet i førebuingar til Rumsfeld/Cebrowski-planen om å øydelegge statsstrukturane i Vestindia. Landet har nådd eit punkt der ei eventuell eliminering av president Nicolás Maduro ikkje ville framprovosere større reaksjon enn den av Panamas armésjef Manuel Noriega gjorde i 1989.

USA har difor overtydd EU om å gå saman med dei i ein «just cause»-operasjon: å kidnappe president Maduro og landets sterke mann, Diosdado Cabello. Storbritannia, Frankrike, Spania, Portugal og Nederland – dei tidlegare kolonimaktene i Sør-Amerika – melde seg frivillig.

  Den 26. mars utferda justisdepartementet i USA ei etterlysing, med dusør, av president Maduro og teamet hans, som er anklaga for narkohandel. 

  Den 31. mars utferda utanriksdepartementet eit rammeverk for ein demokratisk overgang i Venezuela som ekskluderer både tidlegare president Maduro og den sjølvproklamerte presidenten, Guaidó. 

  I byrjinga av april klarte eit portugisisk spionfarty, skipet RCGS Resolute, å senke det venezuelanske kystvaktskipet som hadde kome for å borde dei. Deretter rømde dei, og plasserte seg under nederlandsk vern, på Curacao. Frankrike og Storbritannia sende raskt to krigsskip, det amfibiske helikopterhangarskipet Dixmunde og containerskipet FRG Argus, til området for å bringe våpen og ammunisjon under dekke av anti-Covid-transport. Ein US-amerikansk jagar og fleire marinefarty vart sette under kommandoen til Drug Enforcement Agency, DEA.

Men denne operasjonen vart stogga av US Navy på grunn av epidemien.

Kong Salman, som allereie lir av Alzheimers, vart plassert i isolasjon i eit palass nær Jeddah. Om han skulle døy, ville det opne døra for ein forferdeleg følgekrig.

Det saudiske opprøret

Saud-familien har røtene sine i ørken-kulturen. Måten dei opererer på er på kant med den moderne verda, som halshogginga av leiaren for den politiske opposisjonen sjeik Nimr Baqr al-Nimr (2016), arrestasjonen av nesten alle prinsane av kongefamilien og kverrsettinga av rikdommen deira (2017) og oppsaginga av ein medborgar i eit utanlandsk konsulat (2018) viser. Innan denne kulturen gjer det ikkje noko om ein tar sjølvmord dersom det blir gjort for å ta hemn. Etter at han vart manipulert og forakta av Jared Kushner og Donald Trump, bestemde kronprinsen seg for å ta hemn ved å øydelegge USA sin skiferoljeindustri, som ikkje kan overleve oljeprisar på under $35 per fat.

Etter å ha innsett at dei ikkje greidde få Saudi-Arabia til å ta til fornuften, valde president Trump å la vere med å sabotere oljebrønnane deira, men i staden å påføre kronprinsen eit hardt nederlag i Jemen. Eit simultant angrep frå dei Iran-støtta stammane og dei Emirat-støtta stammane knuste dei Arabia-støtta stammane. I tillegg okkuperte britane øya Socotra ved inngangen til Raudehavet. Riyadh hadde no berre luftvåpenet att til sitt rådvelde.

Igjen vart operasjonen avbroten av epidemien, eller, kanskje betre sagt, epidemien baud på ein veg ut for saudiane. Med eit to vekers forsinka svar på formaningane til FNs generalsekretær, annonserte dei ei unilateral våpenkvile for å la helsetenestene sine redde Covid-19-pasientar. I røynda hadde dei ikkje vist nokon nåde mot fiendane sine før, då dei med hensikt svelta sivilbefolkninga. Framfor alt hadde dei nett mista basane sine i Jemen, og houtiane hadde då tilbydd dei ei våpenkvile dei møtte med kongeleg forakt. Om Washington, Abu Dhabi og Teheran tidlegare hadde kome fram til ein avtale mot Riyadh, ville vi ha sett andre alliansar og at dei hadde gitt opp den falske motsetninga mellom sunniar og sjiittar. Uansett er Emirata dei store vinnarane av den nye ordninga. Dei jobbar no saman med Bahrain for å reintrodusere Syria på den internasjonale scena.

Washington har tatt tilbake kontrollen ved bruk av gulrot og pisk. Gulrota var den frivillige reduksjonen av oljeproduksjonen; pisken var trusselen om å ta over Aramco, saudiane si einaste inntektskjelde. For å forhandle sende US National Security Advisor, Robert O’Brien, sin assistent Victoria Coates til Riyadh, utan for store voner.

Uheldigvis for dei, er saudiane i ein svak posisjon: epidemien har råka fleire enn 150 prinsar av kongefamilien hardt, inkludert guvernøren av Riyadh, som er plassert i respirator. Det gerontokratiske systemet er rysta [gerontokrati: styreform der dei eldre rår, mrk.].

Tilsynelatande kom dei fram til eit provisorisk kompromiss den 9. april, med annonseringa til OPEC om ein global reduksjon av oljeproduksjonen på 10 millionar fat per dag i mai og juni, 8 millionar per dag under andre halvdel av 2020 og 6 millionar per dag dei følgande 16 månadane. Men dette drastiske trekket utgjer berre ein tredel av nedgangen i global konsumpsjon under ein epidemi.

Dessutan var avtalen prisgitt at alle medlemmane og partnarane respekterte den. Men Mexico har berre gått med på å droppe 100 000 fat per dag i staden for dei venta 400 000. President Trump føreslo å redusere USA sin produksjon med 250 000 fat i tillegg i staden for Mexico, men det er framleis ikkje nok til å matche etterspurnaden.

Møtet til energiministrane i G20 kunne ikkje unngå å legge merke til at det ville bli umogleg å implementere den framforhandla avtalen.

Kaptein Crozier forlet USS Theodore Roosevelt, og mannskapet heidra han spontant

Koronavirusepidemien

Mange statar har vald å spreie sjukdommen over tid, heller enn å kjempe mot den på slik måte at dei risikerer å ofre sin eigen økonomi. Dette har allereie ført til massiv gjeldsinflasjon og global resesjon.

I USA har nokre av seniortenestemennene som prøvde å styrte president Trump med Russiagate og deretter Ukrainegate førestilt seg å introdusere unntakstilstand for å nedkjempe epidemien på føderalt nivå, noko som forfatningsrettsleg er delstatane sitt ansvar. Dei nekta difor å sende troppane sine til Venezuela; ein ulydnad ein aldri før har sett i USA.

Førespurnaden om assistanse frå kommandanten på hangarskipet USS Theodore Roosevelt om å landsette mennene sine fordi det var umogleg å isolere dei sjuke om bord vart først oppfatta som ein slags faneflukt av dei politiske autoritetane. Men den unisone honnøren matrosane hans gjorde då leiaren deira gjekk i land fekk president Trump til å ofre marineministeren, som brått vart omtalt som rigid og hjartelaus. Tre andre hangarskip er i same situasjon. Maktspelet held fram mellom delstats- og føderale sivilistar på den eine sida og militært personell på den andre. Om det blir unntakstilstand kan seniortenestemenn erklære at dei er politisk nøytrale og berre bryr seg om helsa til sine medborgarar.

I eit halvt hundreår har det såkalla økonomisk liberale USA kontrollert den globale oljemarknaden gjennom OPEC-kartellet. Så oljesjokket i 1974 påverka ikkje USA, berre Europa.

Mot ei endring av USA sin energipolitikk

Etter møte med Saudi-Arabias oljeminister har 11 Republikanar-senatorar frå oljedelstatar i USA introdusert to lovforslag som skal sørge for ei tilbaketrekking av USA sine troppar i Arabia. Med det la dei grunnlaget for ei radikal endring.

President Trump vurderer no å endre landet sin energipolitikk på to punkt: 

  Han vil bryte med Nixon si linje (etter råd frå hans valspesialist Kevin Philipps) som favoriserte konsumentar framfor arbeidsplassar. Han ville så legge høge tollsatsar på import av billig olje for å redde skiferoljeindustrien. 

  Han vil også bryte med linja til president Gerald Ford ( etter råd frå hans utanriksminister Henry Kissinger) som bekrefta den frie marknaden, samstundes som OPEC fekk løyve til å danne eit kartell, til skade berre for europearane. Som resultat stemde Kongressen for eit lovforslag frå 2007 som fordømde medlemslanda i OPEC for ein praksis som hemma konkurranse (No Oil Producing and Exporting Cartels Act – NOPEC).

Omsett av
Monica Sortland

https://www.voltairenet.org/article209718.html

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • «Dette har allereie ført til massiv gjeldsinflasjon og global resesjon.»

    Gjeldsinflasjon?
    Det er pengoppvurdering, pengetrykking, nye lån til «verdenssamfunnet», og senere antagelig renteheving.
    Resesjon?
    Det er kutt av oppskrudde priser.
    Realverdiene er de samme.
    Vi blir ikke rikere når vi mangler det meste og priser, renter og lønninger settes opp.
    Og fattigere når stabburene er fulle og priser, renter og lønninger faller.
    Det er omvendt.
    Tall er tall. Realverdier er realverdier.
    Vår mentalitet er vår skjebne. Vil vi bli lurt av de som styrer verdensvalutaen, og lærer oss opp til å forveksle… Javel.
    Men vi får bli vokse snart, og se forskjell på fantasi og virkelighet.

    Svar
  • Hvis olje, eller annen energi ble gratis, – så ville det bli økonomisk krise? ( For oljekartellene, javel, men for verden ?)
    Det er jo ikke olje som gir oss velstand, men hva olje kan gi oss av materialer og energi. Jo mere oljeoverskudd, jo lavere oljepris. ( Ned mot produksjonskostader.) Jo lavere oljepris/energipris, jo mindre kostnadskrevene produkter/produksjon. Kan noe annet overta for oljen, så gjør det det. Energiproduksjon er nyttig/viktig for å redusere slitet i verden så lenge den produserte energien gir mer i energi enn den koster å framstille.
    Det viktigste for vår velstand er energi nok til fylle våre velstandsønsker.
    Krise? Vi må skille mellom pengekrise og virkelig krise.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Hva bestemmer jordas klima?

Forsker: Solvind og solsykluser, tyngdekraft fra naboplaneter og månen.

Previous Post

Nye undersøkelser viser:

Koronas dødelighet som influensaens.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.