Prisen for Lockdowns kan vere så høg som 5 millionar dødsfall i India aleine. Og stigande.
4.9 millionar fleire dødsfall enn normalt estimert. Det er ikkje COVID, det er noko anna.
av dr. Jay Bhattacharya
anti-empire.com 27. juli, 2021
Tysdag publiserte Center for Global Development ein rapport om Indias overskytande dødstal. Forfattarane av rapporten estimerer at det i India dei siste 15 månadane har døydd så mange som 4,9 millionar fleire enn normalt for same tidsspenn. Eit slåande høgt tal. Med andre ord: viss dødstala under desse månadane hadde likna dei for tidlegare år, så hadde 4,9 millionar indarar framleis vore i live i dag.
Rapporten imponerer med sine data og metodar, men det gjer ikkje rapportforfattarane si tolking av resultata. Dei hevdar at den auka overskytande dødsraten provar at Covid-dødsraten var «mange gongar større» enn dei 420 000 Covid-dødsfalla som til no er registrerte i India.
Vi er einige i at dette indikerer at Covid-dødsraten i India kan vere mykje høgare enn det dei offisielle tala seier. Men gir denne rapporten, slik avisa The Guardian antyder, «det hittil mest omfattande bildet av den sanne prisen for pandemien i India» – eller avslører den heller dei openberre verknadane som nedstengingane har hatt for verdas fattige? Alle indikasjonar peikar ufeilbarleg mot nedstengingane.
Då styresmaktene sist haust innførte nedstengingar, vart ti millionar som hadde forlatt hus og heim på landsbygda for å skaffe seg jobb i indiske byar – som ofte levde frå hand til munn på sitt daglege arbeid – kasta ut i arbeidsløyse. I den indiske versjonen av Tårenes veg – som tok livet av tusentals indianarar i USA etter ei lov i 1830 om tvangsflytting – vart arbeidarar tvinga til å returnere til heimstadane sine, iblant hundretals mil unna. Vi har personleg mottatt slåande rapportar om millionar av slike migrasjonsarbeidarar frå Vest-Bengal som ikkje kjem seg nokon stad og svelt etter at jobben deira har fordunsta, og med den også levebrødet til livsopphald for seg og sine.
India sitt brutto nasjonalprodukt, BNP, fell med rekordhøge 7,3% under året før 31. mars. Forskning som har granska 75 hushaldningar i delstaten Uttar Pradesh, viste at inntektene hadde falle med gjennomsnittleg 75% i dette tidsrommet. Ein BBC Newsnight-reportasje på måndag viste at verknaden som dette har hatt på den indiske folkehelsa er katastrofal.
Då India bestemte at helsetenestene skulle reserverast for Covid-pasientar under dei første månadane av epidemien, innskrenka dei tilgangen til klinikkane sjølv for skrekkeleg sjuke pasientar. Denne politikken gjorde at hundretusentals av pasientar med tuberkulose, HIV, kreft, malaria, diabetes, samt gravide og eit utal andre, ikkje fekk det medisinske tilsynet dei hadde behov for. Ved ei oppteljing førte tapt behandling for tuberkulosepasientar aleine under den første tida med lockdown til 400 000 ekstra tubekulosedødsfall.
Forskning har lenge vist at det er ein nær samanheng mellom venta levealder og BNP i fattige land: ein liten auke i BNP kan gi ein stor auke i venta levealder, medan ein nedgang i BNP også reduserer den venta levealderen. Årsaka til India sin auke på nær 5 millionar fleire dødsfall i fjor er såleis ikkje hovudsakleg Covid-19, men heller dei økonomiske, medisinske og sosiale konsekvensane av nedstengingane som vart innførte våren 2020 og panikken som følgde.
Desse funna stemmer overeins med hendingar andre stadar. I Peru auka den totale dødsraten i 2020 for snittet av dei 3 siste åra med 96%, langt over auken i andre latinamerikanske land. Tidleg i juni la dei peruvianske styresmaktene skulda for mykje av denne mortaliteten på Covid; dei reverserte mange fall som før var blitt attribuerte til andre årsaker enn Covid. Dette trekket meir enn dobla virus-dødstala, og gjorde landet sine tal på daude i forhold til talet på innbyggarar nesten dobbelt så stort som tala for det nest-verst råka landet.
Men Peru har også hatt blant verdas strengaste nedstengingstiltak. Styresmaktene har peika på folketette og fattige levekår som årsak til at Peru sine nedstengingstiltak ikkje greidde å halde Covid i sjakk. Dei har eit poeng. Det er først og fremst dei rike med stabile jobbar som har råd til lockdown.
Uansett er tilfellet Peru vanskeleg for lockdown-entusiastar å forsvare. Enten så kontrollerte ikkje nedstengingane spreiinga av Covid, eller så førte verknadane av dei til katastrofale tal på daude av andre grunnar, slik situasjonen ser ut til å vere for India sin del.
Så korfor krangle om dødsårsak? Bør vi ikkje heilt enkelt legge skulda for problemet på samanbrotet som pandemien forårsaka i fattige land – ein skrekkeleg og uunngåeleg tragedie – og la det vere med det? For vi veit alle at verdas fattige er dei mest sårbare av Jordas folk.
Vi bør stå imot slike fatalistiske resonnement. Dersom nedstengingar, slik vi hevdar, er årsaka til dette horrible blodbadet, og dei ikkje greier å hindre den direkte skaden frå viruset, så bør vi unngå å bruke dei som ein pandemisk taktikk.
Kjelde: UnHerd
Omsett av Monica Sortland
Artikkelen finn du på engelsk her: https://anti-empire.com/the-cost-of-lockdowns-may-be-as-high-as-5-million-deaths-in-india-alone-and-rising/
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 689 ganger.