POSTED IN Endring av politikken, Historie

I Cork sør i Irland for 100 år siden:

Vendepunktet i den irske frigjøringen.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Gutane frå Kilmichael



28. november: For hundre år sidan hadde krigen mellom Storbritannia og irsk republikanisme nådd eit vippepunkt. Slutten av november vart avgjerande. Ein 23-åring frå Cork-fylket sør i landet fekk ei avgjerande rolle.

Cork fylke ligger helt sør i Irland.


For eit par år sidan var familien i Irland. Etter ein dag på vestkysten køyrde vi i kveldinga austover i retning Kinsale, der vi budde. Ved Macroom tok vi av mot sør, og kom ut på nokre små bygdevegar. Eg mista oversikten, men sonen meinte han hadde kontroll på kartet. «Her er det», sa han etter eit stund. Eit uskilta vegkryss – bokstaveleg tala to pubar og eitt hus. Dette var Kilmichael. Vi tok vegen mot høgre, køyrde forbi ein gard og kom opp mellom to lyngkledde åsar. Etter ein skarp sving stod det svære monumentet til venstre. Vi køyrde ut på parkeringsplassen, og samla oss kring IRA-monumentet. Dotter mi leita fram blekkfløyta, og spela «Foggy Dew».

På denne staden hadde 23 år gamle Tom Barry stått og venta for hundre år sidan, med trettiseks folk plassert i posisjonar løynt i lyng og småbusker. Barry hadde vore britisk soldat under første verdskrig, og var son av ein konstabel i RIC (Royal Irish Constabulary). Han var ein usannsynleg republikansk aktivist. Men etter kvart som britane meir og meir satsa på å slå det irske opprøret med rein maktbruk, valde Barry side. Særleg torturen republikanske fangar vart utsett for gjekk inn på den unge mannen. Barry likte fair play, og hadde æreskjensle som soldat. Etter at den lokale IRA-brigaden hadde sjekka han ut gjennom ein lengre prosess vart han i slutten av august 1920 offiser med ansvar for trening og opplæring i den tredje brigaden av IRA i Cork – brigaden med ansvar for det vestlege Cork-fylket.

Tom Barry



Dei irske nasjonalistane hadde organisert eit svært godt etteretningsvesen, og RIC var i oppløysing på dette tidspunktet. Nasjonalistane hadde også eit sikkert kommunikasjonsnett, som sytte for at meldingar kom trygt fram, med tog, sykkel og hesteskyss. Til saman 17 000 mann melde seg friviljug til teneste i dei tre IRA-brigadane i Cork-fylket i løpet av krigen. Men tilgangen til våpen og militær trening var også ein flaskehals. Den irske geriljaen var alltid på flukt, mangelfullt utstyrt med våpen og ammunisjon. Det Barry hadde å tilføra var røynsle, kunnskap og autoritet. Barry planla operasjonane godt, sytte for at mennene forstod oppgåva og planen – og følgde dei ordrene dei hadde fått. Til gjengjeld var Barry den siste som sovna når gjengen utmatta la seg til å sova i ein eller annan låve eller utpanta gardsbruk som skulle tena som nattekvarter etter eit åtak.

Rekruttane fekk ei veke eller to med trening i regi av Barry – då kjende han folka sine, og dei visste kva Barry tenkte og forventa. På slutten av treningsveka freista Barry å arrangera eit væpna overfall der folka hans fekk stridsrøynsle. Dette gjekk ikkje alltid i praksis – men ved Tureen hadde troppen hans løyst oppgåvene sine på framifrå måte.

I Dublin planla leiinga av IRA på dette tidspunktet eit avgjerande slag mot britisk makt. Etter kvart som politikorpset gjekk i oppløysing, fekk britane eit etteretningsproblem. Dei famla meir og meir i blinde. Og det hjalp ikkje å setja inn demobiliserte, engelske soldatar i staden. Difor vart ei gruppe etteretningsfolk i sivil – den sokalla «Kairo-gjengen» – sett inn for å finna ut av kva IRA heldt på med. Tidleg på morgonen 20. november gjekk Michael Collins folk til åtak femten ulike stader i byen, og 11 britiske etteretningsspanarar vart likvidert. Britane var rasande – og seinare på dagen køyrde pansra køyretøy inn på eit idrettsarrangement på Croke Park og opna eld mot folkemengda. Godt over femti vart skadd, fjorten vart drepne.

Minnestund i Croke Park i 1960 over hendelsen i 1920


Morgonen etter byrja ei av treningsleirane til Tom Barry.

I sør hadde det britiske styret i praksis forsvunne utanom byane. Det som fanst av lov og rett, vart handheva av Sinn Fein-domsstolar. Britane heldt til i festningar og fort, og når dei forlot desse, gjorde dei det berre i større grupper. I festningsbyen Macroom brukte ei avdeling dra på patrulje sørover kvar sundag. I to små lastebilar køyrde dei i grupper med kring tjue soldatar. Lastebilane sikra fart, ingen visste kvar dei ville dukka opp. Slik kunne dei overrumpla folk, og gje alle på ein gard eller i ein landsby ordre om å stilla seg opp på gardsplassen. So kunne ein tvinga unge menn til å kle av seg, eller ein kunne brenna ned hus og fjøs til kjende republikanarar. Britisk «lov» i Irland hadde forfalle til denne typen trakassering og terrorisering.


Men opplegget hadde eit veikt punkt: Dette skjedde regelbunde kvar sundag. Republikansk etterretning merka seg mønsteret, og studerte kart. Alle desse raida passerte over same bygdeveg, kvar sundag. Undersøkjingar i terrenget enda opp med at Barry valde ut ein stad som eigna seg godt, på ei aude hei eit stykke unna næraste gard, rett sør for Kilmichael.

—–

Etter ei veke var treningsleiren slutt. 28. november, klokka tre om natta, samla litt over tretti unge menn seg. Dei hadde alle fått utlevert ei rifle, og 36 skot. Eit par av dei hadde i tillegg revolver. Presten kom ridande, og høyrde skriftemåla. Då han var ferdig, spurde han: «Skal du gå til åtak på sassanach (britane), Tom?». «Vi vonar det», svara Barry. Presten ønska lukke til, og forsvann i natta.

Så marsjerte dei langs aude vegar i retning Kilmichael. Kvart over åtte om morgonen la dei seg i posisjon, delt i tre lag. Det vart ein lang, kald, blaut dag. I åtte timar låg dei i posisjon og venta. Berre Barry sjølv stod på vegen. Av alle ting var han kledd i ei IRA-uniform, IRA-folk var elles sjeldan uniformerte.

I skumringa, litt over klokka fire, kom to Crossley-lastebilar rundt svingen. Barry heldt opp handa, som signal for at dei skulle stoppa. Den fremste bilen bremsa opp. Barry avsikra ein handgranat, som han kaste inn på den opne førarplassen. Så sprang han ut av vegen, inn i lyngen. Handgranaten eksploderte, og rifleeld kom frå alle kantar.

Det vart ein kort kamp. Nokre av britane i den andre lastebilen rekte opp hendene for å overgje seg. Eit par av IRA-folka reiste seg – og vart skotne av andre britar i same gruppe. «Eld», ropte Barry, og dei siste britane vart drepne. Sytten britiske soldatar vart trekte til sides, før ein tente på dei to lastebilane. Ein tok seg av eigne drepne og såra. Så marsjerte mennene eit par mil inn i natta, før dei utmatta la seg til å sova etter eit raskt måltid. Utkvilte folk heldt vakt. Massakren på Croke Park var hemna, og det var britiske tenestemenn i uniform som fekk smaka hemnen.

—–

Fleire av gardane rundt Kilmichael vart svidd ned i raseriet etter åtaket. Det vart erklært unntakstilstand i dei sørlege fylka i Irland. Kort tid etter vart sentrum av Cork øydelagt og brent av dei britiske styrkane. Øydeleggjingane var like store som i Dublin etter påskeopprøret i 1916. Nyhenda om det «milde, britiske styret» kom ut i verda. Britane demonstrerte øydeleggjingslyst, men ikkje kontroll og presisjon. Irland ligg mellom Storbritannia og USA, det britiske herredømet på øya fekk ei kostnadsside. I mai 1920 hadde statsminister Lloyd George hevda at han hadde «strupetak på mordbølgja». Men halvåret etterpå hadde vorte det blodigaste i krigen. Ingen kunne hevda at det som skjedde i Kilmichael var tilfeldige drap i regi av bandittar. Det var eit militært overfall, som hadde overmanna 17 godt trente og væpna britiske soldatar. Britane greidde ikkje undertrykka det irske opprøret med makt. Før eller seinare måtte dei anerkjenna motparten som det han var – ein nasjon.

John Hourihane var ein av dei utkvilte friviljuge som heldt vakt natta etter åtaket i Kilmichael. Bror hans, Dan, var ein av dei som hadde vore med under Barrys kommando. Ei stund etterpå skreiv Hourihane denne songen, om gutane frå Kilmichael:

https://youtu.be/pK1jo4HuWWY?list=RDpK1jo4HuWWY


Forsidebilde: Fritz Benning


https://www.youtube.com/watch?

v=pK1jo4HuWWY&list=RDpK1jo4HuWWY&start_radio=1&t=0

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Og mye av årsaken til opprøret var vel at eierne til landeiendommene i Irland bodde i England. Og hentet avlinger fra Irland selv om det var hungersnød .

    «Da potetavlingene sviktet, ble kjøtt og meieriprodukter fremdeles eksportert til England mens leilendingene og deres familier sultet.
    Mange familier opplevde å bli kastet ut fra hus og dyrket mark på grunn av manglende betaling av jordleie. Denne historien er en viktig faktor i irenes motstand mot engelskmenn og England.»
    http://www.side3.no/den-utslettet-en-million-irer/3627130.html

    Svar
  • Og det sies også at denne delen av historien var noe nasjonal-sosialistene i Tyskland brukte internt som bevis/grunn til at kapitalkrefter ikke skulle styre hverken en nasjon eller verdens utvikling. At dette var bevis på kapitalismens, og STYRERNE av verdenskapitalen, sin iboende ondskap.
    Derfor «Arbeid macht frei». Nasjonal styring. Ikke verdenskapital styrt av jødiske organisasjoner/nettverk.

    ‘Både Quisling, Hitler og Mussolini var innbitte motstandere av kapitalismen. Bare hør på hva Quisling skrev i nyttårstalen fra 1941 hvor han brukte ordet “samholdskraft”:
    “Liksom de amerikanske kolonisters heldige opprør mot England for 170 år siden, startet den revolusjonen som var bestemt til å gjøre slutt på feudalvesen og fyrstevesen og å skape de 19de århundres årdning, således gjør den europeiske revolusjon nå slutt på kapitalismen og demokratiet og skaper det 20de århundres nasjonal-socialistiske stats- og samfundsordning.”
    “Det er i sandhet en forrykt idé å hevde at i denne Europas frihetskamp faller Norges interesser sammen med Englands kapitalistiske og imperialistiske maktpolitikk.” ‘
    http://onarki.no/blogg/2011/12/samholdskraft/

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

UNICEF advarer om omdisponering av helseressurser:

Vil drepe flere barn enn gamle som reddes.

Forrige innlegg

Når kvakksalveri styrer helsepolitikken:

Masker har ingen effekt.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.