POSTED IN Virkelighetsforståelse

Hysteriet i den anti-russiske kampanjen forteller om vestlig desperasjon.

Overdrivelser vil slå tilbake.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Den antirussiske propagandakampanjen går over i høggir

Av Larry Johnson. Henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Larry Johnson er en tidligere CIA-analytiker.

Dersom Vladimir Putin forventa at den vestlege propagandakampanjen kom til å roe seg i kjølvatnet av talen hans denne veka, der han annonserte at Russland er klar til å akseptere fire ukrainske oblastar som nye republikkar i Russland, og der han gav ordre om ei delvis militær mobilisering, er han særs skuffa i dag. Der har vore ein flaum av rapportar som hevdar at den russiske aksjemarknaden er i ferd med å kollapse, og at russiske menn i militærteneste-dyktig alder flyktar frå landet i hopetal.

Realiteten er at reaksjonar i Russland har vore meir positive enn negative. Er der protestar? Ja. Merkeleg greie dette. Eg trudde at Putins Russland var reinkarnasjonen av den vonde Sovjetunionen, og at alle som protesterte ville bli sendt lukt til Gulagen. Der har vore enkelte arrestasjonar, men protestane har ikkje blitt slegne ned.

Vestlege kjelder set i omløp videoar på sosiale media som viser køar av bilar som prøver å kome seg ut av Russland, og køar av unge menn på flyplassar som ser etter ei trygg hamn i utlandet. Er det sant? Vel, der er andre videoar av køar som dannar seg utanfor militærrekrutteringskontor i Russland.

So lat oss sjå på dei økonomiske dataa. Ta til etterretning påstanden om at den russiske økonomien kollapsar:

«Russlands aksjemarknad krasja på onsdag etter president Vladimir Putins erklæring om ei delvis mobilisering for å støtte kampanjen hans i Ukraina… Etter å ha gjort motstand mot vestlege sanksjonar i fleire månader, byrjar den russiske økonomien no å vise teikn på ein betydeleg nedgang, i det minka energieksport til Europa medfører konsekvensmessig lågare profitt.»

Er det sant? Ikkje eigentleg. Dersom vi følgjer denne logikken, signaliserer so 20%-nedgangen i den amerikanske aksjemarknaden sidan november 2021 slutten på USA? Her er fakta om den russiske aksjemarknaden:

«Den rubel-baserte MOEX Russia-indeksen stengde 2,8% høgare på 2190 torsdag, og kom ein tanke tilbake etter å ha falle 12,3% dei siste so sesjonane ettersom investorar følgde med på konsern-nyheiter blant vidare eskalering av krigen i Ukraina og ferske trugslar mot Vesten. Denne veka gav president Putin ordre om landets fyrste militære mobilisering sidan Andre verdskrigen, og la vekt på at Russland var klare for å bruke av sitt kjernevåpen-arsenal etter å ha erklært planar om å annektere fire ukrainske territorium gjennom folkerøystingar lagde for denne helga. Annekteringa blir av mange sett på som ei alvorleg form for eskalering, som gjev grunnlag for Kreml å vurdere Ukrainas mest nylege motåtak som ein aggresjon på russisk land med vestlege våpen. På konsernfronten steig Gazprom-andelar 8% då styret annonserte mellombelse avkastningar på 51 rublar per aksje for sin rekordsetjande profitt i fyrste halvdel av 2022. Bankar tente òg stort etter sentralbanken annonserte at dei utvida tiltak relatert til lette av behaldningskrav.»

Kva med rubelen? Dersom der verkeleg fann stad ei masseutvandring av russarar som flykta til vestlege og asiatiske nasjonar, ville desse personane trenge utanlandsk valuta. Kvifor? Fordi den russiske rubelen ikkje vil skaffe deg ein kopp kaffi i Finland, Sverige eller Tyskland. Det tydar at der burde vere ein større auke i behov for utanlandsk valuta, som tydar at prisen på rubelen burde ha falle som ein stein. Det gjorde den ikkje. Sjekk ut dette diagrammet.

Prisen på rubelen har vore stabil sidan slutten av juli. Der var ikkje eit avgrunnsliknande fall på nokon måte av rubelen i dag.

«Den russiske rubelen var på 60 per amerikanske dollar i september, og heldt seg godt over nivået som var før den russiske invasjonen av Ukraina, og sementerer si tilbakevending frå det rekordlåge nivået 150 tilbake til mars, støtta av streng kapitalkontroll og handelsubalanse. Høgare prisar for energi og varer sidan byrjinga av krigen, løfta eksportinntening og relativt rubelbehov midt i ein kollaps av importaktivitet på grunn av sanksjonar. På toppen av det gjorde pengestyresmaktene det obligatorisk med høge bøter og negativ rentesats på valuta frå «uvennlege» statar. Skilnaden er reflektert i det høgaste noverande valutaoverskotet som er dokumentert; 70,1 milliardar amerikanske dollar i andre kvartal frå 17,3 milliardar dollar i den tilsvarande perioden sist år. Styrken til rubelen heldt seg sjølv om CBR kutta lånekostnadene til under før-invasjonsnivå, blant pågåande vekentleg deflasjonlesingar og krav om rubel-devaluering av lovgjevande styresmakter i sentralbanken og statsdumaen.»

Eg trur Putins tale denne veka kan lage ein bulk i populariteten hans, men opposisjonelle politiske parti kjem ikkje til å få ein stor oppsving. Putin appellerer til den russiske patriotismen og det har framleis stor appell i Russland. Det er òg viktig å påpeike at den avgrensa mobiliseringa som Putin annonserte, berre påverkar menn og kvinner som tener i dei russiske styrkane. Han kjem ikkje til å raide universiteta og shanghaie studentar inn i hæren. Bruken av reservepersonell tydar at opptreningssyklusen for forsterkningar vil vere oppnådd før slutten av året, om ikkje tidlegare.

Lat meg konkludere med å gje dykk nokre av dei hysteriske overskriftene som erklærer den komande undergangen til Putin og Russland:

«Putins tap i Asia er større enn i Ukraina»

«Slutten er nær for Putins krig mot Ukraina»

«Putins krav om russisk verneplikt vil krevje armar Moskva ikkje har, seier NATO-sjef»

Putin var so opprørt over denne utviklinga at han sa det i talen sin i dag, som markerte 1160-årsdagen for den russiske staten (de las riktig, meir enn tusen år):

«I løpet av meir enn tusen år har staten vår levd gjennom mange æraer, inkludert vondskapsfulle fiendeinvasjonar, ikkje-sameining og tragediane til feidar, men kvar av desse vanskelege periodane enda utan unntak med gjenopplivinga av Fedrelandet. Dei heroiske generasjonane til folket vårt vann over vanskane og motgangen, og heldt seg oppe gjennom prøvelsane. Dei skapte og utvida stordommen til vårt Fedreland og dekte namna sine med ære.

Vi hugsar og heidrar desse verkeleg makelause menneska: Rurik og profetiske Oleg, prinsesse Olga og Svyatoslav Igorevich, prins Vladimir og Jaroslav den kloke, Vladimiar Monomakh og Aleksander Nevsky, Dmitry Donskoy og Sergius av Radonezh, Ivan III og Ivan den grusomme, Jermak, Mini og Pozharsky, Dezhnev og Bering, Peter den store og Katarina den store, Lomonosov og Pushkin, Suvorov og Ushakov, Aleksander II frigjeraren og Aleksander III fredsskaparen, Brusilov og Denikin, Zhukov og Rokossovsky, Kurchatov, Korolev og Gagarin.

Desse og mange andre av våre medpatriotar var større enn livet, komplekse og stundom kontroversielle historiske figurar. Somme av dei såg annleis på Russlands framtid og var til og med på motsett side av barrikadane. Du veit, når eg laga utkastet til denne teksten, skreiv eg inn og streka over namn som Nikolas II, Lenin, Stalin. Tydelegvis har ikkje nok tid gått sidan den gong frå eit historisk synspunkt for å gje utfyllande og objektive vurderingar som er frie frå presset frå pågåande politisk utvikling.

Alle av dei, derimot, inkludert statstilsette, arbeidarar, krigarar, pionerar, skolerte, asketikarar og helgenar og, viktigast av alt, alle våre folk gjorde Russland til ei stor global makt og avgjorde framtida vår…

Å vere del av ein mangfaldig russisk sivilisasjon tydar lykke, men, lat meg gjenta, det tydar òg ansvar og plikt. Sivilisasjonen vår skil seg ut. Den har sin eigen sti og der er ikkje snev av arroganse eller ei kjensle av overherredøme i dette. Denne sivilisasjonen er vår – dette er kva som er viktig for oss.

Og vi vil kjempe for vårt Fedreland, vårt heimland som det berre finst eitt av, for uavhengigheita og suvereniteten vår, for kulturen og tradisjonane våre. Vi vil halde oppe og forsvare dette i namnet til våre forgjengarar og etterkomarar, for Russland, hennar fabelaktige historie og fabelaktige framtid.»

Russarane har sett noko fleire opp- og nedturar enn dei fleste land, bortsett frå Kina. Men dette høyrest ikkje ut som ein skremd leiar som er trengt opp i eit hjørne, og som trur at Russland står overfor eit nytt nederlag.

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Prisen på rubelen har vore stabil sidan slutten av juli. Der var ikkje eit avgrunnsliknande fall på nokon måte av rubelen i dag.»

    Og dette på tross av massive valuta-angrep, og tyverier, fra de som så gjerne vil styre valutaen og sentralbankene og rentene i alle land. – Og har hatt dette som sitt viktigste våpen i hundre år, med ‘inflasjon’ og devalueringer. Eller militære angrep når dette ikke har vært nok. ( Jfr. Libya. )
    Så også i disse dager i Norge, med en USA/Fed-diltende sentralbank. Med renteøkninger uten fornuftig begrunnelse i realøkonomien.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Klimafakta VS klimamyter

Når skal vi erkjenne virkeligheten?

Forrige innlegg

Stadig mer buss for tog

Jernbaneledelsen klarer ikke å bygge signalanlegg, og regjeringene bryr seg ikke

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.