POSTED IN Coronavaksiner, Helse, Norge

Hvorfor vaksinere barn mot Covid-19?

Vaksinen er farligere for barn enn det sykdommen er.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Biden-administrasjonen sa på torsdag (2. juni) at barn under 5 år kanskje kan få sine første Covid-19-vaksinedosar så tidleg som 21. juni, dersom føderale reguleringsmyndigheiter autoriserer sprøytene for den aldersgruppa, slik dei er venta å gjere.

Det kvite hus sin Covid-19-koordinator, Aashish Jha, har skissert opp administrasjonen sitt planarbeid for den siste gjenverande uhensiktsmessige aldersgruppa som skal få skota. Han seier FDA sitt eksterne panel av rådgivarar skal møtast 14.-15. juni for å vurdere Pfizer- og Moderna-skota for yngre barn. Leveransane til legekontor og barnestellsfasilitetar vil starte kort etter ein FDA-autorisasjon, med dei første skota tilgjengelege den følgande veka. Viss FDA godkjenner denne galskapen, varar det vel ikkje lenge før det kjem hit til landet óg.

Covid-19-vaksine for barn? Fem grunnar til at ekspertar meiner det er ein dårleg idé

Av Jeevan Prakash Sharma

Mens det ropast på vaksinering av barn, har fleire epidemiologar og medisinske ekspertar kome med seriøse innvendingar mot bruk av Covid-19-vaksinar på mindreårige.

Treng barn under 18 år Covid-19-vaksinar? Sjølv om legemiddeltilsynet Drug Controller General of India (DGCI), har gitt godkjenning til Zydus Cadila sin Covid-19-vaksine (ZyCoV-D) til naudbruk for barn i alderen 12 og oppover, så har vaksineringsprosessen enno ikkje starta.

Ved sidan av ZyCoV-D, står Bharat Biotech sin Covaxin for 2- to 18-åringar på vent for godkjenning. Det er no (i november 2021) 9 land, t.d. USA og Canada, i verda som har starta eit vaksineringsprogram for 12-åringar og eldre barn.

Men ein del epidemiologar og medisinske ekspertar kome med seriøse innvendingar mot bruk av Covid-19-vaksinar på barn. Dei seier det er djupt bekymringsverdig at ein har slik hastverk med å vaksinere barn mot Covid-19, som utgjer ein langt mindre trussel for dei, samtidig som det finst fleire kjende og mange ukjende langsiktige risiko-moment.

Basert på eksisterande data, kjem her fem grunnar til at ekspertane meiner barn ikkje treng vaksinar:

Covid-19 er ikkje farleg for barn

Globale tilgjengelege bevis har så langt indikert at viruset SARS CoV-2 som forårsakar CoViD-19, har infisert barn, men utan å forårsake alvorleg sjukdom hos dei. Dødsraten er så låg som to barn per million. Men i India har ikkje styresmaktene sleppt data om barnemortalitet på grunn av Covid-19, verken i første eller andre bølge.

five children sitting on bench front of trees
Covid-19 er ufarlig for barn.

«Det vitskapelege, britiske veketidsskriftet Nature publiserte for nokre dagar sidan ein forskningsstudie. I Storbritannia er talet på barn som har døydd av Covid-19 2 per million. Eit ekstremt lågt tal samanlikna med vaksne, der 1,5% døyr, dvs. 15 000 per million,» seier dr. Sanjay K Rai, professor ved Centre for Community Medicine, All India Institute of Medical Sciences (AIIMS), New Delhi. [sic. Det har kome fram mange rapportar om juks, både i diagnostisering og i rapportering av dødsårsak. I tillegg har folk ikkje fått den medisinske behandlinga dei burde ha fått, då mantraet/ordren var at ein måtte vente på vaksinen: «Vaksine er det einaste som hjelper.»Sannsynlegvis hadde storparten av alle såkalla Covid-døde overlevd med fornuftig behandling, eller døydd av influensa eller anna (gjennomsnittsalderen til dei døde låg på godt over 80 år), mrk.]

Dr Amitav Banerjee, Klinisk epidemiolog ved Dr D Y Patil Medical College i Pune, peikar på fysiologiske, så vel som epidemiologiske, bevis for at barn ikkje treng vaksinar.

«Dei har svært velutvikla thymus-kjertlar, som produserer svært god T-celle- og minnecelle-immunitet. Dei manglar dessutan ACE-2-reseptorane som viruset sine piggprotein låsar seg til i lungene,» seier dr. Banerjee said.

Han tilføyer: «I tillegg har dei svært høge melatonin-nivå som verkar svært beskyttande mot viruset. Så, fysiologisk sett er dei svært godt beskytta frå naturen si side.»

Dei fleste barna i India har allereie blitt eksponerte for viruset

girl running while laughing
De fleste har allerede immunitet

Seroprevalens-kartlegginga (måling av antistoff i blodprøver, mrk.) som vart gjennomført i ulike delar av landet, inkludert Delhi, har vist at mellom 70 og 90 prosent av barna allereie hadde blitt eksponerte for viruset, og dei hadde utvikla naturleg antistoff.

«Vi har ikkje sett alvorleg Covid-19 blant barn i India. Sjølv om styresmaktene enno ikkje har publisert data basert på erfaringane våre med sjukehusinnleggingar og død blant pasientar i første og andre bølge, kan vi trygt seie at barn er dei som blir minst påverka av Covid-19. Faktisk er tala bortimot ignorerbare. Sjølv om det har kome rapportar om nokre få dødsfall, så var det barn som hadde underliggande sjukdommar, komorbiditet,» seier dr. Rai.

Risikoen for biverknadar av Covid-19-vaksinen er låg, men ikkje lik null

Ekspertar som dr. Rai og dr. Jayaprakash Muliyil, som er styreleiar for Scientific Advisory Committee ved National Institute of Epidemiology, har det synspunktet at risikoen for biverknadar etter «immunisering» (Adverse Event Following Immunization, AEFI, vaksineinduserte biverknadar. Mine hermeteikn, mrk.) er svært låg, men slett ikkje lik null.

«I slike scenario bør vi sjå på eit komparativt bilde av risiko med Covid-19 så vel som AEFI (vege risiko ved sjukdommen mot risikoen ved vaksinering, mrk.). Dersom sistnemnde veg tyngre enn førstnemnde, så er vaksinering ei dyr og risikabel øving utan nytteverdi,» seier dr. Rai.

Dr. Muliyil føler også at dødstala blant barn, særleg under 12, er nesten null og «det finst ingen grunn til å vaksinere barn, sidan dei ikkje er sårbare for Covid-19.»

Dr. Banerjee samtykker i synspunktet om at vaksine-biverknadane ikkje er neglisjerbare. «Det har vore biverknadar av vaksinen, særleg myokarditt, etter lansering av vaksinasjon for barn i nokre land,» seier han.

girl's left hand wrap around toddler while reading book during golden hour
Vaksinen har bivirkninger, nesten ingen av sykdommen hos barn.

Ekspertane følte også at biverknadar først vart rapporterte inn etter at massevaksineringa starta. Då vaksinane for vaksne framleis var på stadiet kliniske forsøk, vart mange av biverknadane ikkje lagt merke til. Men med det same massevaksineringsprosessen starta, rapporterte land inn mange typar biverknadar.

Nokre av desse biverknadane inkluderte mellom anna endringar i kvinners menstruasjonssyklus i Storbritannia og blodproppar frå AstraZeneca-vaksinen (Covishield). I april 2021, innførte ulike europeiske land restriksjonar på bruken av AstraZeneca (Covishield); den er ikkje rekommandert for dei unge, basert på tryggleiksomsyn.

«Data frå ulike land, som t.d. USA, Israel og Canada, viser at denne risikoen for myokarditt hos barn som har fått mRNA-vaksinen, er ca. 1 til 6000. Med tanke på dette, stoppa mange europeiske land bruken av Moderna-vaksinen for dei under 30,» seier Bhaskaran Raman, professor vedDepartment of Computer Science and Engineering ved Det indiske teknologiinstituttet i Bombay.

Raman har gjort ein data-studie av ulike land og korleis vaksineringa har fungert for dei. Han seier «det er viktig å merke seg her at dei ikkje fekk signal om dei ovannemnde risikomomenta under dei første vaksineforsøka: sjølve storleiken på forsøka var for liten til at sjeldne risikomoment kunne avdekkast (totalt 32 449 for AstraZeneca/Covishield). At desse risikomomenta har blitt funne etter massevaksineringa, er djupt urovekkande.» (Pfizer fann mykje av alskens typar biverknadar blant dei første som fekk vaksinen, har det kome fram i offentleggjorte, først hemmelegstempla, rapportar, mrk.)

Han tilføyer: «Forsøksstorleiken for barna sine vaksinar (525: Covaxin, 1000: ZyCov-D), er latterleg små, bortsett frå at dette ikkje er noka morosam sak. Med så få testobjekt kan ein ikkje fange opp noko anna enn dei mest openberre risikomomenta. Vil vi oppdage andre risikomoment ved Covaxin eller ZyCov-D etter at vi har vaksinert millionar av barn? Dette er verkeleg ein svært bekymringsverdig ukjend faktor.»

Langsiktige risikomoment veit vi enno ingenting om

three children sitting on grass
Ingen aner noe om langtidseffekten av vaksinering

Mange ekspertar har uttrykt alvorleg bekymring over dei ukjende langsiktige, farlege biverknadane til vaksinane. Ingen veit kva som vil skje nokre år etter vaksinering av barn.

Doktorar seier at medan korttidsrisiko er viktig for alle, så er langsiktig risiko endå viktigare for barn, sidan dei har heile livet framfor seg.

«Vi har ikkje langsiktige tryggleiksdata, av den enkle grunn at det ikkje har gått då lang tid sidan vaksinane vart tilgjengelege. I eit typisk vaksineforsøk har dei fleste land mange fasar med forsøk som strekk seg over mange år. Og under den tida sporar ein helse-utfalla hos forsøksdeltakarane (inkludert kontrollgruppene), både slikt som har med hovudsjukdommen å gjere og alle moglege vaksine-biverknadar. Dette har enno ikkje skjedd for Covid-19-vaksinane,» seier ein statstilsett senior-ekspert på infeksjonssjukdommar, som ber om å få vere anonym.

Andre sjukdommar som truar barn

Raman har i dataforskninga si funne ut at for barn i aldersgruppa 5-14 år i USA, så representerer Covid ein mindre risiko enn kvar av dei følgande: influensa/lungebetennelse, drukning, hjartesjukdom, drap, sjølvmord, trafikkulykke og kreft.

«For India sin del er det andre samanlikningar som avteiknar seg endå skarpare: nesten 900 000 barn døyr av hungersrelaterte årsaker kvart år. Nesten 2000 småbarn døyr kvar einaste dag i India, av årsaker relaterte til feilernæring som kunne ha vore forhindra: barnedødsraten på nær 3% er omtrent 1000-2000 gongar høgare enn risikoen for Covid-døden for barn!» seier Raman.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Casey Horner

https://www.outlookindia.com/website/story/india-news-covid-19-five-reasons-why-experts-think-kids-dont-need-vaccines/401249?utm_source=related_story



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 279 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Siterer fra et norsk leksikon som utkom i 1962. Dvs. det som siteres er ikke jukset med, eller omskrevet av makthaverne slik at det skal passe inn i deres fortelling:

    «Asiasyke var navnet på en verdensomspennende influensaepidemi («pandemi») som begynte i Østasia april 1957. A. fremkalt av et influensavirus (kalt A/Singapore/1/57(14)eller bare A/Asia/1957), bredte seg over Den nære orient, kom til Europa om sommeren og til de skand. land i slutten av september. Etter sitt vesen stod den i klasse med tidligere store influensaepidemier (Spanskesyken), men var langt mindre farlig. Sykdommen var meget smittsom og angrep store deler av befolkningen, 20 – 50 pst. i forskj. land og befolkningsgrupper. Forløpet var i enkelttilfeller meget akutt og heftig, med hastig innsettende høy feber (39 – 40 gr. eller mer), hodepine, rygg- og muskelsmerter og tørrhoste. Som regel varte feberen bare 2 – 3 dager. Alvorlige komplikasjoner (lungebetennelse) var relativt sjeldne, og dødligheten liten, omkring 1 av 1000 syke. [Dvs. mer enn dobbelt så dødelig som Covid-19.] – Senere er navnet a. gått igjen på akutte febersykdommer av influensalignende karakter, uten sammenheng med den nevnte epidemi.»

    Ikke ett ord om karantene, reiserestriksjoner, karantene-hotell, selv-isolering, munnbleier, vaksinering eller nedstengning! Selv om den influensa-epidemien altså var mer enn dobbelt så dødelig som «Kovid-19(84)»!

    Alt i mai 2020 var det åpenbart at covid-19-viruset ikke var særlig farlig, og overhodet ikke bet på barn og unge friske. Da burde alt ha blitt åpnet opp og epidemeien ville ha «brent ut» i løpet av juni og juli når befolkningens resistens er på det sterkeste, og før viruset fikk mutere. Direkte sollys dreper dessuten viruset i løpet av sekunder. Virusdosene folk blir utsatt for vil derfor normalt være mye mindre om sommeren, enn i vinterhalvåret.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Ny undersøkelse:

Stor økning i FIFA-spillere som dør av plutselig hjertestans.

Previous Post

Boligpolitikk og nettverksbygging

OBOS som politisk parti

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.