POSTED IN Virkelighetsforståelse

Hvordan er det?

Er en regel til for å brytes?

2 kommentarer

av Svein Grødaland:

Bryta reglar

Når eg ser over mine tekstar, ser eg at eg bryt grammatikken sine reglar kvar einaste gong. Setningar utan verb, eller verbal som det heitte på grammatikalsk. Setninga ovanfor illustrerer kva eg snakkar om. Den er ufullstendig. Feil. Eg bryr meg ikkje.

Det er sagt at dersom eg kan reglane, og veit kva eg gjer og kvifor, er det ok å bryta reglar. Det same gjeld også på andre område, som innanfor kunsten. Alle bilete er bygd opp etter eit sett universelle reglar. Aldri midtsplassering av motiv, aldri horisonten midt på biletet. Bortsett frå religiøse motiv. Då kan du plassera motivet midt på biletet. Ikonmaleri og liknande.

Eg har for det meste aldri brydd meg med å fylgja reglane til punkt og prikke. Alltid ein situasjon som forsvarer gyldige unnatak. Statsminister Støre gjorde noko klokt her om dagen, då han braut med den europeiske konsensus og tok eit telefon til Putin, i lag med det finske presidenten. Regelryttarane vart sjølvsagt sinte. Skulle mest tru dei ville halda krigen gåande uansett.

Me har noko me kallar den regelbundne verdsordning. Den har vore fin til å sikra vestslege interesser, brukt mot alle andre. Eg kan berre undra meg over USA sine blokkadar overfor land som Cuba med fleire, passar inn i denne.

Og så vidare. (ingen verb her heller).

Me er på veg inn i eit tidsskilje. Gamle sanningar og skjøre politiske politiske byggverk står for fall. Nato vert aldri det same etter krigen mot Russland. Nato kan dra EU med seg i fallet. Fleire av dei mektige nasjonane har økonomiske problem. Dei klarer knapt å tilby eige innbyggjarar tenester innan skule og helse. Likevel skal dei punga ut milliarder for å halda vraket Ukraina flytande, alt medan gatene i Frankrike er fulle av sinte demonstrantar.

Apropos Ukraina: Ein sentral politikar braut eit forbod mot eksport av diverse våpen til Ukraina. Formålet var viktigare enn forbodet, sa han til sitt forsvar, før han sytte for å endra reglane slik at dei kom i samsvar med det han hadde gjort.

Mitt spørsmål er dette: Er dette rett? Kor går grensa mellom uetiske og akseptable brot på reglar? Eg bryt ein regel i grammatikken eller kunsten for å få fram ein effekt. Eit slikt brot endrar ingen ting. Det skader ingen, bortsett frå at det irriterer ein og annan regelryttar.

Eg tenker med sympati på dei ortodokse jødane. Dei har ei liste på over seks hundre reglar dei skal halda. Muslimane har eit liknande sett reglar, ting dei skal gjera.

(Også ein del kristenflokkar har sine reglar, ting som vert rekna som synd.)

Eg er korkje jøde eller muslim. Eg er kristen. Eg har ti bod eg må forhalda meg til. Desse kan summerast opp med Torbjørn Egner sin kardemommelov: Du skal ikkje plaga andre. Du skal vera snill og grei. For øvrig kan du gjera som du vil.

Innlegget er hentet fra Politikus

Forsidebilde: KI-generert

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • » Me har noko me kallar den regelbundne verdsordning. Den har vore fin til å sikra vestslege interesser, brukt mot alle andre»

    ‘ … i det store og hele fulgte Stoltenberg lover og regler da Norge besluttet å sette inn bombefly i konflikten og slapp 588 bomber over Libya. ‘
    dagbladet.no/nyheter/krever-at-stoltenberg-moter-i-stortinget–en-katastrofe/70703892

    Ellers:

    ‘ Og det har jo vært mer oppslutning om diktatoriske styresett, i stedet for demokrati, sier Brundtland og legger ironisk til:
    For det er jo demokrati som bringer disse radikale reformene, ikke sant? Å huffamei! ‘
    https://www.tv2.no/nyheter/tror-noe-nytt-er-i-ferd-med-a-skje-i-usa/19381093/

    Sier altså AP-dama som lurte Norge inn bakveien i EU på tross av to negative folkeavstemminger.

    Svar
  • I den jødiske og kristne Moselova kjem eit av dei ti boda langt ned på lista: Du skal ikkje slå ihjel.

    Moses meinte sjølvsagt at du ikkje skulle drepe andre jødar. Klart du kunne drepe alle andre. Dei var fiendar.
    Jesus sa at du ikkje skulle drepe nokon. Men det har vi gløymt?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Trans: Det dreier seg ikke om vitenskap.

Det dreier seg om ideologi, om en tro.

Forrige innlegg

Afrikanske ledere samles i Kreml for nye avtaler.

Russland og Afrika styrker samarbeidet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.