POSTED IN Falske Flagg, Kupp/Fargerevolusjoner

Hviterussland:

Kven vil styrte Lukasjenko?

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kven er det som vil styrte president Lukasjenko?

av Thierry Meyssan

Voltaire Network | Paris (Frankrike) | 1. september 2020

Den vestlege pressa framstiller Svetlana Tikhanovskaya som vinnaren av det kviterussiske presidentvalet og skuldar president Alexander Lukasjenko for vald, nepotisme og valfusk. Men ein analyse av landet viser at presidenten sin politikk korresponderer med innbyggarane sine ønske. Bak den fabrikkerte striden ligg spøkelset av ukrainske euro-Maidan og eit framprovosert brot med Russland.

Svetlana Tikhanovskaya greidde å samle både tusentals liberale og nynazistar mot president Lukasjenko.

Ei av målsetningane til Euromaidan-kuppet (Ukraina, 2013-14) var å kutte Silkevegen i Europa. Kina reagerte med å endre ruta og legge den gjennom Kviterussland. Frå då av prøvde [Kviterusslands hovudstad] Minsk å verge seg mot ei liknande destabilisering ved å innføre ei meir balansert politisk linje i forhold til Vesten, delta i militære manøvrar med Moskva og gå med på å forsyne ISIS, som Moskva kjempa mot i Syria, med våpen.

Men trass krumspringa til Minsk, blanda CIA seg inn i landets presidentval 2020. Svetlana Tikhanovskaya utfordra den avgåande presidenten, Alexander Lukasjenko, som stilte til val for ein sjette periode. Ho fekk berre 10 prosent av røystene, skreik opp om juks og flykta til Litauen, der franskmannen Bernard-Henri Lévy sporenstreks ønska ho velkomen. Ei samstemd vestleg presse fordømde «diktatoren» og hinta om at madam Tikhanovskaya hadde vore sigrande i valet.

Røynda er mykje meir kompleks.

For det første: sjølv om vala skulle vere rigga i den sittande presidentens favør, så er det høgst usannsynleg at Svetlana Tikhanovskaya kom i nærleiken av eit fleirtal av røystene, for det ho representerer er framandt for det store fleirtalet av kviterussarar. Dei siste tre tiåra har det i landet gått føre seg ein debatt om landets europeiske identitet. Er dei kulturelt nær det pro-amerikanske, vestlege Europa eller høyrer dei til i det slaviske, pro-russiske Europa? Utan tvil er svaret at kviterussarar kulturelt sett er russiske, sjølv om nokre av dei ikkje talar nøyaktig same språk. Rett nok finst der to små minoritetar med avvikande meiningar: den eine kallar seg «nasjonalistisk», med referanse til den kortlevde kviterussiske Folkerepublikken (1918-19) som med sine eksilorgan samarbeidde med nazistane under Andre verdskrig, og deretter med Stay-Behind-nettverka til NATO; den andre seier den er for den liberale modellen og EU.

I motsetning til Ukraina, som er delt i to kulturelt ulike soner (pro-tyske vest og pro-russiske aust), ser Kviterussland seg som hovudsakleg russisk, men uavhengig av Moskva.

For det andre: om det fanst nokon tvil om rolla til USA sine hemmelege tenester i denne saka, burde den ha forsvunne då Bernard-Henri Lévy dukka opp på scena. Den rike arvingen av eit trevareimportfirma gjorde karriere av å skrive anti-sovjetiske essay. 

Promotert av forlaget sitt som ein «Ny filosof», går han framleis for å vere «filosof». Han støtta «fridomskjemparane», d.v.s. dei arabiske leigesoldatane til Den muslimske brorskapen i Afghanistan mot sovjetarane, inkludert leiaren deira, Osama bin Laden. Han heldt med Contras i Nicaragua, d.v.s. dei sør-amerikanske leigesoldatane til Jogn Negroponte, væpna av Hashem Rafsanjanis Iran. 

Han skryt av å ha vore presserådgivar for Bosnias president Alija Izetbegović medan denne tidlegare pro-nazien hadde den US-amerikanske neokonservative Richard Perle som politisk rådgivar og den før nemnde Osama bin Laden som militær rådgivar. Eg hugsar framleis kva inntrykk filosofen gjorde på meg den gongen han forklarte meg at det var nødvendig å bombe Beograd for å styrte «diktatoren» Slobodan Milošević. 

Eg skjønte ikkje heilt korfor pro-nazisten Izetbegović var ein «demokrat», medan kommunisten Milošević var ein «diktator». Uansett, tilbake til Bernard-Henri Levy, som no [i Frankrike] blir kalla «BHL»; han gav si høglydde støtte til den tsjetsjenske Muslimske brorskapen, som danna Det islamske emiratet Itsjkeria på russisk territorium. I følge ein rapport frå utanrikstenestene til [libyske] Djamahirija deltok han på møtet som Republikanar-senatoren John McCain organiserte i Kairo i februar 2011, der dei sette detaljane for styrtinga av «Gadafi-regimet». 

Franskmennene var overraska over å sjå han kunngjere utanfor Elysée-palasset, i staden for ministeren for utanlandssaker, landets engasjement i kampen mot «diktatoren» (alle dei som skal fellast – og berre dei – er «diktatorar»). Sjølvsagt var han til stades på Maidan-plassen i Kiev under «fargerevolusjonen» som autentiske nazistar leidde.

Fødd farlaus på eit kollektivbruk, vart Alexander Lukasjenko det mest talentfulle statsoverhovudet i Europa.

Med det sagt, så kan det tenkast at kviterussarar har grunn til å klage på president Lukasjenko, men ikkje på politikken han fører. Alle som kjenner landet, enten dei er blant støttespelarane eller opponentane hans, vedgår at politikken hans er på linje med kviterussarane sine interesser. Alle som har treft Alexander Lukashenko har blitt slått av hans intelligens, karisma og ukorrumperbarheit. 

Dei som anklaga han for å forsvare tilknytning til Russland utifrå politisk taktikkeri, heller enn av overbevisning, innrømte at dei hadde tatt feil då han heldt på standpunktet sitt trass Moskvas avvisning og den utrulege gasskrigen mellom dei to landa. Alle vart overraska over hans uvanlege evner som gjorde han i stand til å true makta til president Boris Jeltsin då han føreslo union med Russland.

Hovudkritikken ein kunne kome med mot president Lukasjenko, er at han har latt fleire opposisjonsleiarar forsvinne; ei skulding han kraftig nektar for, då han hevdar desse personane har samband med kriminelle organisasjonar som ville ha blitt til ulempe for dei.

I årevis har opponentane hans skulda han for å gjere seg rik på bekostning av nasjonen, utan å nokon gong legge fram bevis for påstandane. Men alle internasjonale operatørar veit at når Kviterussland underteiknar ein avtale, så utgjer returprovisjonen aldri meir enn 5%, samanlikna med 10% i USA, 50% i Jeltsin-Russland (dette talet fall til 10% under Putins administrasjon) og 60% i Iran. Det er klinka klart at mannen ikkje er motivert av pengar. 

I fråveret av korrupsjon har vestleg propaganda begynt å preventivt skulde han for nepotisme til fordel for den unge sonen hans, Nikolai, kjend som «Kolja».

Den einaste kritikken som kan givast mot han, er at han no og då kjem med anti-semittiske og homofobe utsegner – utan å nokon gong ha støtta anti-semittiske eller homofobe gjerningar. Med det er han dessverre på linje med leiarane i landet sitt.

Omsett av Monica Sortland

https://www.voltairenet.org/article210742.html

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • NRK oppgir daglig tallene på arresterte i Hviterussland.
    Hvorfor gjør de ikke det samme fra USA???

    Svar
  • Hvordan ville du stille deg til at Hvitrussland/Lukasjenko blandet seg inn i Norge for å fjerne deg, med soldater og militærøvelser i f.eks. Sverige, Solberg? Litt diktatorisk kanskje?

    ‘– Det er et spørsmål om å fjerne en diktator, sier Erna Solberg om Hviterusslands president.
    Det militære øvingsfeltet som Erna Solberg har besøkt i dag ligger få kilometer fra grensen til Hviterussland. Der øver norske soldater sammen med styrker fra andre Nato-land .’
    https://www.nrk.no/urix/erna-solberg-moter-hviterussisk-opposisjonsleder-1.15151460

    Svar
  • Hylende patetisk, ikke sant, at Europas eneste diktator blir angrepet utenfra fordi hans metoder mot covid-19 ikke er diktatoriske nok!

    Svar
    • Ja, man kan tenke seg hva som hadde blitt sagt/skrevet om Lukasjenko om det var han som stengte ned landet og forbød folk å reise til egen hytte/tenke sjøl.
      Og hva iall verden har Solberg med å samtale med opposisjonspolitikere i et annet land? ( Og ha soldater i nabolandet!)
      En forferdelig dobbeltmoral, ikke annet.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

USAs militærvesen:

Hvordan klarer de å bruke så mye penger?

Forrige innlegg

USA

Presidentvalgets forspill

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.