POSTED IN Krig-fred, NATO, Russland

Hvis vi snur speilet.

Hvordan konflikten i Ukraina kan ha blitt vurdert fra russisk side.

7 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Dette innlegget er hentet fra x-CIA-analytiker Larry Johnson sin nettside.

Planlegginga av Ukraina-invasjonen, sett frå Russland si side (kanskje)

Av Gaius Baltar (Navnet er åpenbart et pseudonym, red.)

[MERKNAD FRÅ LARRY — Introduserer ein ny skribent, men ikkje ny for dei som kjenner the SAKER. Ta vel imot Gaius Baltar.]

Nyleg høyrde eg ein «ekspert» som meinte at Putin og den russiske arméen hadde gjort ein alvorleg feil då dei organiserte «den spesielle militære operasjonen» (SMO) i Ukraina på den måten dei gjorde. Det ville ha vore mykje betre å berre sende arméen inn i Lugansk og Donetsk for å forsvare dei, heller enn å gjere ein dårleg vurdert framstøyt mot Kiev.

I staden for å følge dette seintkomne rådet frå ein ekspert, valde russarane å trekke raskt inn i nordlege og sørlege Ukraina. Korfor gjorde dei det? Det er mange teoriar; nokre gode, nokre ulogiske og nokre fullstendig usamanhengande. Eg tenkte det ville vere ein god idé å ta eit steg tilbake og sjå på situasjonen før SMO, frå eit russisk synspunkt. Russarar er vanlegvis praktiske og logiske folk, og generalstaben til dei russiske væpna styrkane sannsynlegvis meir enn dei fleste. Planen deira må ha vore basert på logiske resonnement utifrå det dei observerte på det tidspunktet. Så korleis såg russarane situasjonen før SMO, på slutten av 2021? La oss ta på oss deira sko og kome fram til ein teori. Merk at dette ikkje er ein teori om kva som faktisk skjedde, men om kva russarane kan ha tenkt kunne kome til å skje, då dei planla sin SMO.

Forsvarslinjene og kringsettinga av Donbass

Det første russarane må ha merka seg, var konstruksjonen av dei massive ukrainske forsvarslinjene rundt republikkane Lugansk og Donetsk. Den ukrainske regjeringa hadde ikkje halde skjult planane sine om å ta republikkane, og den ukrainske arméen skal ha hatt ei «offensiv haldning», heller enn defensiv. Det er heilt logisk å bygge forsvarslinjer samstundes som ein planlegg eit angrep, for å hindre eit nedbrytande motangrep, men dei ukrainske forsvarsverka gjekk mykje lenger enn dét. Dei var verkeleg massive og bygde opp over ein periode på 8 år. Vi veit kor sterke dei var, for det har tatt russarane meir enn eit år å bryte igjennom dei.

Russarane må ha sett på desse forsvarsverka og kome fram til følgande konklusjon: Hensikten med dei er å, om nødvendig, halde tilbake den russiske arméen – også dersom det skulle bli brukt ein stor del av den russiske arméen mot dei.

Ein annan ting russarane må ha merka seg, var kor absolutt bestemde ukrainarane var på å angripe republikkane, sjølv om det måtte medføre ein russisk respons. Vi såg denne bestemtheita då dei russiske styresmaktene anerkjende uavhengigheita deira rett før krigen starta [sic]. Ifølge Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid (OSSE) sitt artilleriovervakingskart, minka talet på ukrainske artilleriangrep mot republikkane rett etter anerkjenninga av uavhengigheit, men deretter auka det att – mest sannsynleg etter å ha mottatt ordrar frå Kiev om å halde fram. På det tidspunktet var eit russisk engasjement garantert, men ukrainarane heldt likevel fram med å angripe republikkane.

Russarane må ha sett desse to tinga i samanheng; den innbitne angrepsviljen og dei massive forsvarsverka. Dei må ha kome til følgande konklusjon: «Dei vil at vi skal angripe via Donbass, så vil dei bruke forsvarslinjene til å halde oss tilbake. Korfor?»

Fella

Etter å ha observert alt dette, må russarane ha byrja tenke på dei ukrainske planane. Dei ville ha antatt at desse planane ikkje berre var ukrainske planar, men også NATO-planar. Så, kva var det ukrainarane og NATO planla?

Russarane må ha dedusert på følgande vis: «Ukrainarane og NATO vil at vi skal angripe via Donbass og støyte saman med desse linjene. Korfor vil dei det? Det må vere fordi det er eit førehandsvilkår for ein eller annan plan dei har – ein større plan av eitt eller anna slag. Kva er denne større planen?

Så må dei ha tenkt på kor mykje det ville koste dei å konfrontere den ukrainske arméen i Donbass og gi seg i kast med forsvarslinjene. Kva ville det kreve? Det ville kreve ein svær styrke og mykje tid. Det ville betydd at ein betydeleg del av den russiske arméen ville blitt bunden opp der i lange tider. Var det kanskje det som var førehandsvilkåret for den større Ukraina/NATO-planen? Handla heile greia kanskje om å tvinge den russiske arméen til å angripe via Donbass og konfrontere forsvarslinjene – og då spesielt å binde opp arméen, å halde den travelt opptatt medan ukrainarane og NATO sette i verk resten av planen sin?

Etter denne vurderinga må russarane ha stilt seg sjølve følgande spørsmål: «Kva er det ukrainarane og NATO ønsker seg meir enn noko anna?» Og sidan det eigentleg er US-amerikanarane og britane som styrer showet: «Kva er det amerikanarane og britane ønsker seg meir enn noko anna?» Spørsmålet er ikkje vanskeleg å svare på. Det som amerikanarane, britane og ukrainarane ønsker seg meir enn noko, er Krim. Krim er nøkkelen til «dominans» over Svartehavet, og å erobre dette området ville vere ein dolk i magen på Russland.

Etter å ha gått igjennom denne logikken, ville russarane ha kome fram til den konklusjonen at det ukrainske angrepet på Donbass-republikkane og forsvarslinjene var ei felle for å binde dei opp. Så starta dei å planlegge sine mottrekk.

Den russiske planen

Det første russarane kan ha tenkt på då dei planla mottrekk, var «timing», å finne rette tidspunkt. Kor lenge etter krigsstart ville ukrainarane forflytte seg over til Krim-halvøya? Dei ville ikkje gjere det med det same, for dei ville ha villa at den russiske arméen skulle vere godt innsylta i Donbass før dei flytta seg. Dei ville heller ikkje ønska å tipse russarane ved å sette ihop ein stor styrke nær Krim før russarane var opptatte med forsvarslinjene i Donbass. Det ville bety at området nord for Krim, altså fylka Kherson og Saporosje (Zaporizhzhia), ei stund ville vere berre lett forsvarte.

Etter å ha nådd denne konklusjonen, sette russarane ihop ein plan for å kome Ukraina/NATO-planen i forkjøpet. Planen hadde eitt hovudmål og to delmål.

Mål 1 (hovudmålet): Å erobre oblasta Kherson og Saporosje for å skape ei buffersone mellom Krim og resten av Ukraina. Dette målet måtte dei nå ekstremt raskt, medan området enno hadde lite forsvar. Denne operasjonen var altoverskuggande viktig på det tidspunktet, langt viktigare enn noko av det som skjedde i Donbass eller Kiev-området. Å ta Kherson var ikkje aleine nok til å skape buffersona, for ein laut og forhindre at ukrainarane skulle angripe Krim-brua. Saporosje-kystlinja ligg berre 150 kilometer frå brua, så Saporosje måtte og takast med det same.

Mål 2 (delmål): Sjølv om ein stor del av den ukrainske arméen var posisjonert i Donbass, var det framleis ein stor styrke som var halden tilbake, truleg tiltenkt Krim-operasjonen. Denne delen av den ukrainske arméen ville måtte haldast unna dei russiske styrkane som gjekk mot Kherson og Saporosje. Den einaste måten å gjere det på, var å true noko som måtte forsvarast til ein kvar pris, sjølv prisen for Krim-planen. Det var berre éin plass ukrainarane ville forsvare til ein kvar pris utanfor Donbass – Kiev sjølv. Russarane bestemde seg difor for å rykke fram mot Kiev på ein ekstremt truande måte. Styrkane dei brukte var ikkje store nok til å ta Kiev direkte, men nok til å halde området nord for byen og true det alvorleg. Ukrainarane ville ikkje ha anna val enn å ta trusselen på alvor og flytte styrkar mot Kiev, inkludert dei styrkane som var tiltenkte Krim-operasjonen. Det ville hindre dei i å respondere på den russiske okkupasjonen av fylka Kherson og Saporosje.

Mål tre (delmål): Å tvinge Ukraina til å forhandle om fred på russiske vilkår. Russarane antok truleg at dersom Kherson/Saporosje-bufferoperasjonen skulle lykkast, så ville ukrainarane kanskje forhandle. Dei ville ønske å forhandle ikkje berre fordi Kiev var trua, men primært fordi hovudmålet deira, å ta Krim, hadde blitt forpurra. Denne delen av planen var delvis vellykka, for ukrainarane var reie til å signere ein avtale før amerikanarane og britane blanda seg inn.

Konklusjonen etter dette (kanskje tvilsame) forsøket på å lese tankane til den russiske generalstaben, er at hovudmåla for den opprinnelege russiske operasjonen var Kherson og Saporosje, ikkje Donbass, Kiev, eller ein avtale med ukrainarane. Då forhandlingane fall ihop, gjekk russarane tilbake til sin beredskapsplan med hovudmål å øydelegge den ukrainske arméen.

Det er viktig å hugse på at dette ikkje er ein teori som gir seg ut for å forklare kva som skjedde. Det er berre ein teori som skal forklare den russiske planen, basert på kva russarane kanskje tenkte på det tidspunktet. Den er høgst spekulativ og kanskje feil, men den forklarer likevel mykje – inkludert dei ukrainske og Vestlege reaksjonane på den russiske operasjonen.

Den Ukrainske planen

La oss skildre planen til Ukraina/NATO før vi går vidare. Planen hadde, ifølge denne hypotetiske russiske før-krigsteorien, tre hovudmål:

  1. Å binde opp den russiske arméen i Donbass med bruk av massive forsvarslinjer og ein god del av den veltrente og velutrusta ukrainske arméen.
  2. Å gjere eit overraskingsangrep på Krim-halvøya, okkupere den og gjere Svartehavet om til eit NATO-kontrollert område – og legge massivt press på Putin som bonus. Til dette føremålet var ein betydeleg del av den ukrainske arméen halden tilbake frå Donbass.
  3. Å skape ei hengemyr for russarane i Donbass og utarme arméen deira for å kunne få til eit regimeskifte i Russland. Sanksjonsangrepa var planlagde som ein integrerande del av det målet.

Det er april 2023, og så langt har ingen av desse måla blitt nådde. La oss anta at denne teorien er korrekt, at dette faktisk var planen – og la oss sjå på kva ukrainarane og Vesten har drive med sidan den feila. Igjen, dette er svært spekulativt.

Den fikse idéen om ’planen’

Viss vi ser på kva ukrainarane og Vesten har gjort på i denne krigen, verkar det som det stig fram eit mønster: Dei ser ut til å framleis køyre sin opprinnelege plan, sjølv om den feila. Nesten kvar avgjerd dei tar ser ut til å vere i samsvar med planen, eller meir presist i samsvar med ei patologisk fornekting av at planen har slått feil. La oss sjå på nokre døme:

Den fikse idéen om Krim: Ukrainarane og Vesten planlegg enno å ta Krim, sjølv om det er umogleg. Likevel er erobringa av Krim levande i sinna deira, og ei realistisk moglegheit. Zelensky sa til og med ved eitt høve at Ukraina hadde starta frigjeringa av Krim … «i hovuda sine». Å okkupere Krim var ein del av planen, og å gi opp Krim betyr at planen har feila.

Angrepet på Krim-brua: Å øydelegge brua var ein del av planen, og sjølv etter at Krim var ute av Ukrainas grep og russarane hadde sikra ein landkorridor til Krim, var brua framleis ein prioritet. Den måtte øydeleggast fordi det var ein del av planen. No har dei klødd den kløen, og dei har førebels ikkje hatt behov for å prøve det igjen.

Den fikse idéen om Bakhmut: Den ukrainske arméen har truleg mista nær 40 000 soldatar under forsvaret av Soledar og Bakhmut. Det innelukka området er ei drapssone for russisk artilleri som ukrainarane forsyner med endelause mengder kanonfôr. Sjølv amerikanarane har sine tvil om at det å halde fast ved byen er det rette valet, og ukrainarane kan til og med vere villige til å ofre våroffensiven sin for å halde på den berre litt lenger. Fleire og fleire militærekspertar ristar på hovuda og snakkar om Bakhmut som ei ukrainsk mani, som sant er. Å halde på Bakhmut hindrar at den siste delen av planen feilar, altså å halde den russiske arméen på den andre sida av forsvarslinjene. Viss russarane bryt igjennom, vil planen ha feila fullstendig. Derfor må Bakhmut forsvarast.

Den fikse idéen om sanksjonar: Eit av dei største sjokka i krigen, var kor feilslåtte dei Vestlege økonomiske sanksjonane var. Vesten sin respons på tabben har vore interessant. Dei valde ikkje å kansellere sanksjonane, eller fryse dei, eller revurdere dei. I staden held dei fram med å sanksjonere alt og alle, sjølv om det heilt tydeleg er poenglaust og til og med verkar mot sin hensikt. Situasjonen blir stadig meir surrealistisk, men dei kan ikkje stoppe. Om dei stoppar, så har planen feila.

Den opprinnelege panikken

Det er eit anna spørsmål som feilslaget til Ukraina/NATO-planen kanskje kan forklare. Alle viktige personar i Vesten venta at russarane skulle invadere Ukraina før det skjedde. Det var faktisk det mange av dei ønska. Ein ville ha forventa at dei skulle vise indignasjon, fordømme dei brutale russarane og så vidare. Den første reaksjonen i Vesten gjekk langt utover det. Det var ekstremt raseri, panikk og hysteri. Det var til og med truslar om å bruke atomvåpen. Eg meinte heile tida at desse reaksjonane var mykje meir ekstreme enn det den russiske invasjonen gav heimel for. Korfor gå heilt frå vitet over noko du visste kom til å skje? Eg mistenker at alt raseriet, panikken og truslane var fordi russarane forpurra den Vestlege Krim-planen. Dei skulle narre russarane, men russarane narra dei i staden. Vesten var audmjuka, og ingenting motiverer raseri og truslar om atombomber meir enn audmjuking.

Raseriet og det maniske fokuset på den feila planen i Ukraina og Vesten er utan tvil resultatet av psykologien og personlegdommen til den utruleg uniforme Vestlege og ukrainske leiarskapsklassen. Dei godtar ikkje lett å mislykkast, eller at realitetane bryt inn i planane deira. Men dét er eit emne for eit anna essay, eit langt eit.

Til sist, hugs at alt dette er spekulasjonar – ei tankeøving, om du vil – men kven veit…

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 001 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

7 kommentarer. Leave new

  • ««Kva er det amerikanarane og britane ønsker seg meir enn noko anna?» Spørsmålet er ikkje vanskeleg å svare på. Det som amerikanarane, britane og ukrainarane ønsker seg meir enn noko, er Krim. Krim er nøkkelen til «dominans» over Svartehavet, og å erobre dette området ville vere ein dolk i magen på Russland.
    ….Eg mistenker at alt raseriet, panikken og truslane var fordi russarane forpurra den Vestlege Krim-planen. Dei skulle narre russarane, men russarane narra dei i staden. Vesten var audmjuka, og ingenting motiverer raseri og truslar om atombomber meir enn audmjuking. «

    ‘Fordi russerne tok ikke bort Krim fra ukrainerne, – men amerikanerne. Hvis det ikke hadde kommet til en anneksjon fra russisk side, ville man nå ha bygget en amerikansk eller NATO-base der. Vet du at en slik base bygges i Mikolaj-området i byen Očakov? Ikke la deg overbevise om at amerikanerne synes synd på ukrainere fordi de mistet Krim. Amerikanerne er kun ergerlige fordi russerne kom dem i forkjøpet. ‘
    midtifleisen.wordpress.com/2019/04/02/russerne-tok-ikke-bort-krim-fra-ukrainerne-men-amerikanerne-mener-den-tidligere-ukrainske-parlamentarikeren-elena-bondarenkova/

    ‘ USA, sammen med NATO, har utvidet sitt aktivitetsområde helt fram til Russlands grense. Vesten har vellykket omringet Russland. USA og Vesten fortsetter innsatsen for å inkludere Ukraina og Georgia i sitt imperium. ‘
    midtifleisen.wordpress.com/2019/04/18/ikke-snakk-om-usas-nedgang-snakk-heller-om-hvordan-vi-kan-frigjore-oss/

    ‘Etter røveriet og plyndringskampanjen under Jeltsin, ble de russiske oligarkene tøylet. Putin gjorde det klart for dem at han ikke ville overlate landet til dem for ytterligere plyndring og forarmelse av folket. Hvis det var opp til Vesten, kunne den russiske befolkningen godt ha råtnet bort, det hadde ikke brydd de vestlige elitene. Det faktum at Putin stoppet den vestlige røveri-kampanjen gjorde ham til en fiende av det transatlantiske elite-komplottet. Det vil de ikke tilgi ham.’
    midtifleisen.wordpress.com/2019/03/30/skygge-makten/

    Svar
  • Northern Light.
    24 april 2023 15:27

    Seymour Hersh: «Mange av Vestens våpenforsendelser til Ukraina havner i hendene på kriminelle våpenhandlere».

    Av Jan Sundstedt.
    Pulitzerprisvinner Seymour Hersh gjør nå oppmerksom på en omfattende våpenhandel på det svarte markedet med våpen sendt til Ukraina, noe han mener Vesten er svært godt klar over.

    – Polen, Romania og andre land flommer over av militære våpen beregnet på Kiev, sier den erfarne journalisten.

    Rapporter om manglende våpenforsendelser har til og med dukket opp sporadisk også i amerikanske medier. For eksempel, reklamen for dokumentaren Arming Ukraine, som CBS sendte i august i fjor, inneholdt en påstand fra grunnleggeren av den pro-ukrainske NGO Blue-Yellow, om at bare 30 prosent av de militære våpnene faktisk når frontlinjene. Innslaget ble imidlertid senere fjernet fra selve dokumentaren.

    Seymour Hersh har sett nærmere på smuglingen, og mener i en uttalelse i Going Underground YouTube kanalen, at den blant annet skjer via Polen og Romania.

    – Vestlige våpen selges av ukrainske befal til smuglere i Polen, Romania og andre stater. I mange tilfeller er det ikke generaler, men oberster og andre lavere befal, som mottok leveranser av visse våpen, og som personlig solgte dem videre til det svarte markedet, forklarer han.

    Journalisten påpekte at det i fjor tross alt var bekymring i Vesten for at noen av våpnene som ble sendt til Ukraina, som Stinger-missiler, kan brukes til å «skyte ned et fly i stor høyde».

    Russiske diplomater har ved mange anledninger advart om at våpen fra Vesten blir smuglet ut av Ukraina og dermed alvorlig forverret sikkerhetssituasjonen andre steder i verden.

    – NATOs militære forsyninger beregnet på Kiev-regimet havner i hendene på terrorister, ekstremister og kriminelle grupper i Midtøsten, Sentral-Afrika og Sørøst-Asia, kommenterte talskvinne for det russiske utenriksdepartementet Maria Zakharova i oktober i fjor. Hun estimerte da omsetningen på det svarte markedet til 1 milliard dollar per måned.

    Fra Nya Dagbladet, publisert 24.04.2023.
    Oversatt fra svensk. Linker og link til YouTube videointervju i orginalartikkelen.
    Orginalartikkel: Seymour Hersh: ”Västs vapenstöd hamnar i händerna på kriminella”.

    Svar
  • Northern Light.
    24 april 2023 16:39

    IMF låner ut 15,6 milliarder dollar til Ukraina.

    Av Isac Boman.
    Det internasjonale pengefondet og ukrainske myndigheter har blitt enige om en enorm lånepakke, med mål om å fremme landets «økonomiske gjenoppbygging» og «langsiktige vekst» – samt å øke mulighetene for fremtidig EU-medlemskap.

    Ifølge TT dreier det seg om en lånepakke som skal utbetales over en fireårsperiode, totalsummen er på 15,6 milliarder dollar – som tilsvarer 165 milliarder norske kroner.

    «I tillegg til den forferdelige menneskelige lidelsen, har Russlands invasjon av Ukraina også en ødeleggende innvirkning på økonomien,» sa IMFs Ukraina-sjef Gavin Gray i en uttalelse.

    Det nevnes videre at den ukrainske økonomien krympet med 30 prosent i fjor, at fattigdommen i landet øker og at store deler av Ukrainas kapitalverdier er ødelagt.

    Før multimilliardlånet utbetales, krever det godkjenning fra IMFs styre – en avgjørelse som ventes i løpet av neste måned.

    Nya Dagbladet har tidligere rapportert om verdens største investeringsbank – J.P. Morgan, fikk i oppgave å lokke investorer inn i Ukraina. Fondet skal blant annet fungere som en «rådgiver» for regjeringen i Ukraina med mål om å skape «finansiell stabilitet», og «digitalisere den ukrainske økonomien».

    President Volodymyr Zelenskyj har også erklært at kapitalforvaltningsselskaper som Goldman Sachs, BlackRock og J.P. Morgan er allerede er viktige partnere for regjeringen og har allerede blitt en del av den ukrainske «teamet».

    Verdensbanken har tidligere hevdet at gjenoppbyggingen av Ukraina vil koste minst 600 milliarder euro – en sum som stiger for hver måned med krig.

    Fra Nya Dagbladet, publisert 24 april 2023.
    Oversatt fra svensk. Linker i orginalartikkelen.
    Orginalartikkel: IMF lånar ut 163 miljarder till Ukraina.

    Kommentar:
    Hovedstrøm-pressen har til oppgave å få befolkningene til å tro at IMF og Verdensbanken er nærmest altuistiske organisasjoner. NRK text-tv kalte WB til og med for «fattigdomsbekjempelses-banken». IMF og WB er finansielle instrumenter for den globale storkapitalen, for å erobre land ved å forgjelde dem. Zelensky erklærer at Goldman Sachs, BlackRock og JP Morgan er viktige partnere for regjeringen. Like greit at Ukrainas folk får vite at de som blir eiere av landet styrer det sammen med regjeringen. Det kan virke som at Zelenskys oppdrag er å selge landet til Wall Street finanskapitalen.

    Det betyr at Ukrainas landressurser, som blant annet landets enorme arealer av den beste matjorden for korndyrking, Europas kornkammer, overtas av multinasjonale selskaper. Ingen av de nevnte kapitalforvaltningsselskapene vil engasjere seg i et land, hvis det ikke gir maksimal profitt. Den globale storkapitalens globalisme akkumulerer alle verdier hos verdens rikeste, på bekostning av arbeider-og middelklassen, som alltid blir mye fattigere av deres nyliberale markedsøkonomi.

    Svar
    • «Det internasjonale pengefondet og ukrainske myndigheter har blitt enige om en enorm lånepakke»

      Og hvor har disse , uansett hva de gjemmer seg bak av organisasjoner, fått si ‘lånepakke’ fra?.
      Fra å postulere ‘inflasjon’ i nasjon etter nasjon . – For å heve rentene på verdensvalutaen/dollar.
      – Som så betaler dette spillet.
      Disse bakmennenne har drevet dette penge-spillet i århundrer.
      – Og vi , våre penge-politiker/trojanske hester. – Ingen nevnt ingen glemt, ‘radikale’ eller ‘konservative’, er med på spillet.
      -For å få lov til å spise kirsebær med de store.
      – Eller for å få holde hodet dypt ned i sanda.

      Svar
  • Thor Gaarden
    25 april 2023 15:31

    Frikar du e god på alle tema!
    Æ sitt her å humrer og bare nyter dine kommentarer fulle av sannhetsbomber!
    Får aldri nok av de bombene!
    Keep up the spirit!

    Svar
    • Det er godt å høre.
      Noen ganger tror jeg at jeg kun er til plage, og skriver for mine egne øyne.

      Men uansett; å lese norsk media uten derimot.no å lese og lufte meg hos hadde vært vondt.

      Svar
  • På sikkerhetskonferansen i München 19 februar 2022 meddelte Zelensky at Ukraina ville trekke seg ut av Budapest avtalen (memorandumet) som sier at Ukraina ikke skal ha atomvåpen. Hvordan tolket omverdenen dette utsagn? Mange ville tro at Ukraina på dette tidspunkt kunne ha utviklet atomvåpen. Og noe av det første Russland gjorde da de invaderte Ukraina var å sjekke hva som foregikk i Tsjernobyl for å se om det hadde blitt utviklet atomvåpen her.
    Zelensky hadde helt sikkert avtalt med USA å si det han sa i München. Og trolig var hensikten å provosere frem at Russland ville sende inn militære tropper i de sentrale delene av Ukraina for å undersøke Tsjernobyl.
    Dette sammen med Putins tale om å gjennomføre regimeskifte i Ukraina mm bidro til at omverdenen fikk det inntrykk at Russlands mål var å erobre hele Ukraina og ikke bare de østlige fylkene av landet (Donbas). For tiden ser det ut som krigen i Ukraina kun dreier seg om de østlige fylkene og at planen om regimeskifte og okkupasjon av hele Ukraina har blitt forlatt.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

USAs forsvarssjef truer med å doble landets krigsutgifter:

«Taper vi i Ukraina må vi doble krigsbudsjettet».

Previous Post

USA mister grepet

En forandringens vind blåser gjennom Damaskus

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.