POSTED IN USA

Hvis det er finansgrupper som styrer begge partiene?

Spiller valg i USA da noen rolle?

0
Print Friendly, PDF & Email

Presidentskapen er som ein trojansk hest

Av Dmitri Orlov for The Saker. Omsett av og henta frå saksyndig.

Det amerikanske mellomvalet er i gang [dette vart opphavleg publisert 7.november 2022; oms.an.], og ettersom eg tilfeldigvis er ein god og patriotisk russisk borgar, føler eg trong til å blande meg inn. Å blande seg inn i val er eit døme på Russlands mjuke makt, som er mykje hyggjelegare enn Russlands harde makt, so de burde vere glade for at den framleis blir tilbydd.

Trojansk hest er noe annet enn det ser ut til. Den inneholder noe vi ikke vil ha.

Eg er blitt innspelt der eg seier at «USA er ikkje eit demokrati og det speler inga rolle kven som er president» fleire gonger på fleire ulike stader, og eg står ved den ytringa, som eg meiner er eit beviseleg faktum. Statistikk viser at der er null korrelasjon mellom det folket føretrekkjer og offentlege politiske avgjerder, men ein sterk samanheng mellom det lobby-grupper føretrekkjer og offentlege politiske avgjerder. Altso er ikkje USA eit demokrati (folket styrer), men eit oligopoli (forretningsgrupper styrer). Frå dette følgjer det at det ikkje speler noka rolle kven som er president fordi begge partia i demokrat-republikanar-duopoliet er eigd at den same gjengen av forretningsgrupper.

Og so speler det inga rolle kven som er president og stemma di tydar ingenting? Det stemmer; men tydar det at det då speler noka rolle om der er ein president eller ikkje? Det trur eg det gjer!

President Joe Biden, Vice President Kamala Harris to campaign in Chicago  area

Kva om presidenten er ein organo-servo-robot, ein senil marionett, støtta av ein visepresident spesifikt utvalt fordi vedkomande er endå svakare til sinns? Dette er eit utmerka knep for å få til makta ei ekstremistgruppe som berre er overflatisk relatert til dei vanlege forretningslobbyane som avgjer kva som blir gjort i Washington. Ikkje tenk på ein eller annan diger og uformeleg «djupstat»: å utføre slik eit makttjuveri krev stringent koordinering, ei viss grad av hemmelegheit, eller i det minste diskresjon, og, naturlegvis, enorme pengesummar. Tenk i staden på ein enkeltståande, vel bemidla, vond oligark og hans mange lakeiar som han har nøye dyrka fram og installert i maktposisjonar.

Det overordna målet til slik ei ekstremistgruppe kan lett gå langt utanfor dei vanlege interessene til forretningslobbyar, slik som det å ta vare på likskapsutfall blant aksjonærar, ein større del av det føderale subsidietrauet, slå ned transnasjonale barrierar for handel og flytting av kapital, lågne forretningsskattar og so vidare. Desse ivrige tilhengjarane kan lett ha eit generelt ulikt syn på framtida i sinne, der ei lita gruppe ultrarike eig alt, medan resten av oss eig ingenting. Men, sidan vi er blitt gjort tamme og føyelege gjennom alle former for medisinsk og teknologisk manipulasjon, føler vi oss lykkelege over den rådande ordenen… som so mange dyr gjer i ein dyrepark… ikkje for mange dyr, hugsar de: drastisk reduksjon av befolkninga er sannsynlegvis eit av nøkkelmåla deira.

UN adopts new Global Goals, charting sustainable development for people and  planet by 2030 | | 1UN News

Kva kan vere dei overordna måla til denne organisasjonen? Det er ikkje akkurat hemmeleg. Her er eit døme, teke frå «Goals 2030»-dokumentet frå 2018-konferansen ved Complexity Institute i Santa Fe:

  • Ingen privat eigedom.
  • Borgarlønn [Guaranteed basic income] for alle som aksepterer denne «nye normalen».
  • Kontantlaust samfunn; digitale pengar (som ein metode for sosial kontroll).
  • Hydrokarbon-vurderingar for statar og selskap.
  • Streng sosial kontroll (via dronar, ansiktsgjenkjenning, osb.).
  • Rasjonering av alt forbruk, inkludert energi og naturressursar.
  • Patent på alle frøavlingar og restriksjonar på matproduksjon til personleg forbruk.
  • Nesten total fjerning av buskap. Den gjenverande befolkninga skal leve på ein vegetarisk diett ispedd kunstig protein, insekt, osb.
  • Befolkningsreduksjon gjennom sterilisering og fødselskontroll.
  • Påtvinga vaksinasjon.
  • Forbod mot alternativmedisin.
  • Utsletting av seksuelle distinksjonar (mann/kvinne).
  • Barnesterilisering og kastrering (kjemisk og/eller kirurgisk).

Somme kan kjenne igjen i denne lista ymse ting som har blitt tilbydd i lengre tid på Davos-konferansar og andre fora. Davos sin ævelege maître d’, ein viss herr Klaus Schwab, om eg hugsar rett, kom berømmeleg nok ingen veg då han på ein telekonferanse spurde Putin og Xi om dei ville gå med på ein slik plan. Dei to svarte at nei, dei har sine eigne planar som tener behova til deira eigne folk. Dette kasta ein diger skiftenøkkel inn i maskineriet.

Planen (gjettar eg) var å bruke den senile bestefaren og hans noldus-medhjelpar som ein trojansk hest for å infestere Det kvite hus, for so å bruke den posisjonen til å øydeleggje USA, og deretter bruke USA sitt rotnande lik som ei scene for å lansere liknande åtak rundt om i verda. Men dersom Putin og Xi, og med dei 80% av verda, ikkje vil ha noko av det, kva skjer då? Kjempe ein krig mot Russland og Kina i tandem og tape den? Kva då?

Geranium 2

Og no ventar dei altso på det uunngåelege. Russland er ferdig med å tygge seg gjennom det opphavlege ukrainske militæret og deira Sovjet-æra våpenlager, og har no halvvegs togge seg gjennom det som måtte vere igjen av ukrainske rekruttar (for det meste gamle menn og barn), pluss NATO-leigesoldatar og NATO sitt våpenlager, og det utan eingong å bli sveitte. Dei er no i ferd med å gradvis setje ut av spel all struktur gjennom det ukrainske territoriet, der mykje av det arbeidet blir gjort med hjelp av ei lågbudsjetts kunstig intelligent flygande motorsag ved namn Geranium 2. (Vi russarar likar slike namn. Ein 152 millimeters kanon blir kalla Hyasint B; ein 240 millimeters sjølvpropellerande mortar blir kalla 2S4 Tulipan. Vil de lukte på blomane våre?)

Mangelen på straum, varme eller rennande vatn gjev den gjenverande befolkninga i Ukraina ein særs god grunn til å pakke kofferten og reise vestover. Desse 15-20 millionane stae beista av nokre ukrainarar krev å bli mata og husa, og vil heilt sikkert gjere underverk for vestleg moral. Dette vil kome i ei tid der vestlege restriksjonar på importen av russisk energi vil byrje å bite hardt frå seg. Folk vil ikkje bli tilfredse.

Trur de at den ikkje eingong so spesielt hemmelege, skuggelagte oligarken og hans lakeiar som for tida går amok i Det kvite hus har ein plan for å handtere det ofselege rotet dei har skapt? Nei, det har dei ikkje. Dei frikar ut. Endå verre hvis dei mister kontroll på forteljinga. Biden-presidentskapen ser ikkje lenger ekte ut; den ser ut som det den faktisk er: ein bløff. Og dersom han ikkje er ekte, kven er so kakerlakkane som har gått amok i Det kvite hus i desse to åra?

På dette punktet kan berre ein særs dum person tru at Biden – som knapt nok kan lese ei heil setning frå ein teleprompter utan å snuble minst éin gong, driv og handhelser på spøkjelse, spør etter døde folk blant publikum, treng fleire forsøk på å gje korrekt namn på landet han har brukt 20 milliardar dollar på – ikkje var i stand til å gjennomgå, langt mindre skrive desse 100 presidentordrane han har signert, der 19 av dei fann stad i løpet av fyrste veka hans i embetet.

Kven skriv dei so, og kvifor? Ønskjer ikkje de alle å finne det ut? Eg kan ikkje seie til dykk kven de skal stemme på, men eg kan seie dette til dykk: i somme statar (ikkje alle) er der ein spesifikk måte de kan stemme på som gjer det meir sannsynleg at vi vil finne ut kven desse kakerlakkane er. Å spyle dei ut av gøymestadene sine i maktposisjonar og trakke på dei vil følgje etter det.

Artikkelen ble først publisert hos The Saker.

Bilder m/kommentarer er lagt til av redaksjonen

Forsidebilde: Jonny Clow

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Hva er galt med NATO?

For amerikansk hegemoni eller for fred?

Forrige innlegg

Nytt klima-«kirkemøte»

«De siste dagers hellige» kaster bort folks penger på unyttige tiltak

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.