POSTED IN Media

Hvem styrer inntrykkene våre? Del 2.

Propagandaen virker når alt vi trur er usant.

5 kommentarer

Dette er del 2 av en lengre oversatt artikkel om dette tema. Den første delen er nettopp publisert. Dette temaet er ekstremt viktig fordi det tar opp spørsmålet om hvem som bestemmer hvordan vi tenker og hva vi skal tenke. Det handler altså om hvem som umerkelig smyger på oss de brillene vi sanser verden gjennom, hvem som siler de inntrykkene vi skal få og dermed hvordan vi tenker/handler.

Hvis vi ikke blir oss dette mer bevisst ender vi i større eller mindre grad opp som uvitende redskap for storselskapene, pengemakten – altså makten bak makten.

Når det gjelder krigen i Ukraina er det åpenbart at grunnen til at vi reagerer sterkere på den krigen enn på langt verre kriger henger sammen med den informasjonen vi får – og ikke får. I praksis er det krefter utenfor oss som styrer i stor grad hva vi skal føle og hvordan vi skal reagere og hvorfor vi reagerer langt sterkere på begivenheter herfra enn på andre og verre hendelser. Når mediene sier hopp, hopper vi. Og når de ikke informerer hopper vi naturligvis ikke. Vi kan ikke reagere på noe vi ikke vet om.

Knut Lindtner

Propaganda, sensur, makt & kontroll – i det underdanige tomrommet (Del 2)

Skjødehundar for regjeringa

Her var sjølvsagt eit anna surrealistisk skodespel, denne gong levert av ein av Djupstatens farlegaste, mest spotta og mest splittande figurar, ein merkbar protagonist (fra gresk: kampdeltakar) i Russia-Gate-konspirasjonen, men ikkje desto mindre ein leiande figur i USAs diplomatkår. Ikkje berre er det vanskeleg å godta at den tidlegare CIA-direktøren faktisk trur det han seier – vel, kan vi spørje, «Kven kan tru Mike Pompeo?»

Mike Pompeo som skryter av løgnene sine. Han er USAs utenriksminister.

Og her er også ein som, med sin grunnleggande kynisme, sitt hykleri og chutzpah (ekstrem sjøltillit, overs), ville ha gjort dei ofte spotta skriftlærde og Farisearane frå bibelsk tid forlegne. Vi har eit opptak av Pompeo no nyleg, der han i eit sjeldant augneblink av ærlegheit innrømmer – medan han ler som om han tenker tilbake på eit guteeventyr frå sin forspilte ungdom, saman med ein kompisgjeng nede på den lokale puben – at dei medan han sat som CIA-direktør ‘… laug, juksa, stal … vi hadde fulle treningskurs.’ Det kan ha vore ein av dei få gongane i det ynkelege livet hans der Pompeo ikkje talte med kløyvd tunge.

Uansett kan vi trygt gå ut ifrå at denne reaksjonære, monomane, kristen-zionistiske ‘endetidstypen’ bestod alle «treningskursa» til Selskapet( CIA) med utmerkt resultat. Men i følge Matthew Rosenberg i avisa New York Times har ikkje alt dette hindra Pompeo i å namne-sjekke WikiLeaks når det har tent hans eigne interesser. Tilbake i 2016, då valkampen gjekk på sitt varmaste, leid han ingen samvitskvalar over å vise til e-postar frå Demokratanes National Committee, stolne av russiske hackerar og deretter publiserte av WikiLeaks.

_____________________________________________________________________

‘Vi veit at desinformasjonsprogrammet vårt har virka når nesten alt som det amerikanske folket trur, er usant.’

_____________________________________________________________________

Og dette er sjølvsagt Selskapet (CIA) vi talar om, som med sitt tidlegare og noverande forhold til media kan oppsummerast med to ord: Operation Mockingbird (OpMock, operasjon spottefugl, eit etterretningsprosjekt starta under Andre verdskrig av CIA sin forgjengar OSS, der det vart etablert eit nettverk av journalistar og ekspertar på psykologisk krigføring, mrk.). Alle som kjenner litt til det veldokumenterte store bedraget som OpMock var, kanskje CIAs lengstvarande, lumskaste og mest vellykka psy-op-utspel, vil vite kva vi snakkar om. I det grunnleggande handla denne operasjonen om propaganda og sensur, som vanlegvis opererer i par for å sikre full dekning.

William Binney: «De store mediene er fullstendig innfiltrert av CIA.» Tyske Udo Ulfcotte sa det samme om de tyske mediene.

Den tidlegare NSA-varslaren William Binney uttalte at MSM (alle dei store mediene) er ‘totalt infiltrert’ av CIA og ulike andre byrå, og la til ‘Når det gjeld nasjonal tryggleik snakkar media berre om det som administrasjonen vil du skal få høyre, og undertrykkar alle andre ytringar om kva som skjer som administrasjonen ikkje vil skal bli offentleggjort. Media er i grunnen skjødehundar for regjeringa.’ Sjølv William Casey, Ronald Reagans CIA-direktør i dei dagar, skal ha sagt noko slikt som: ‘Vi veit at desinformasjonsprogrammet vårt har virka når nesten alt som det amerikanske folket trur, er usant.’

For å gi eit breiare og djupare perspektiv, tar vi for oss nokre av dei andre emna og litt historie. I ein artikkel frå 2013 som gjekk i djubden på kva denne praksisen betyr i dag, tenkte ladsmannen min, John Pilger, tilbake på ein gong han møtte Leni Riefenstahl på 1970-talet og spurde ho om filmane hennar som ‘glorifiserte nazistane’. Med bruk av nyskapande kamera- og lyssettingsteknikk produserte Riefenstahl ein dokumentar som hypnotiserte tyskarane; som Pilger uttrykte det: filmen Viljens triumf ‘kasta Adolf Hitlers trolldom’ over folk. Ho fortalde den australske veteranjournalisten at «bodskapen» i filmane hennar ikkje var avhengig av «ordrar frå ovan», men av «det underdanige tomrommet» frå publikum.

Leni Riefenstahl var en tysk filmregissør, fotograf, danser, skuespiller og koreograf. Hun var svært innovativ med sin fototeknikk og utviklet mange av dagens standardteknikker innen filming, og hennes filmer er anerkjent for sine estetiske kvaliteter. Wikipedia

Alt i alt produserte Riefenstahl kanskje for resten av verda dei mest presserande historiske filmopptaka om massehysteri, blind lydigheit, heftige nasjonalistiske kjensler og eksistensielle trugsmål, alt saman nøkkelingrediensar i eit totalitært mareritt. At det og imponerte mange svært mektige, høgprofilerte menneske i Vesten, på begge sider av dammen, er også sjølvinnlysande: desse inkluderte bankierar, finansmenn, industrialistar og ikkje så reint få forretningselitar som støtta Hitler så mykje at han utan deira hjelp fort kunne ha endt opp som ein fotnote i historia etter det mislykka ølkneipe-kuppforsøket.

______________________________________________________________________

‘Når det gjeld nasjonal tryggleik snakkar media berre om det som administrasjonen vil du skal få høyre, og undertrykkar alle andre ytringar om kva som skjer som administrasjonen ikkje vil skal bli offentleggjort. Media er i grunnen skjødehundar for regjeringa.’

______________________________________________________________________

I ein ny artikkel med den utvetydige tittelen «Propaganda er rota til alle våre problem» hadde min andre landsmann, Caitlin Johnstone, også nokre ting å seie om emnet, som eit ekko av Orwell når ho observerer at alt handlar om «å kontrollere fortellinga». Sjølv om eg ville sagt at eit større «grunn»-problem er vår hang til å ignorere denne realiteten, late som om det ikkje har eller ikkje kjem til å ha innverknad på oss, eller avvise det som konspiratorisk nonsens, har ho sjølvsagt rett. Som ho overbevisande observerer:

‘Eg har det som yrke å skrive om desse tinga, og ikkje ein gong eg har tida eller kreftene til å skrive … om kvart einaste fortellingskontrollverkty som det USA-sentraliserte imperiet har implementert i arsenalet sitt. Det er altfor fordømt mange av dei som dukkar opp altfor fordømt fort, fordi dei berre er så fordømt nødvendige for å oppretthalde dei eksisterande maktstrukturane.»

Hollywood er ikke bare et senter for underholdningsindustrien men helt sentral i propagandaindustrien.

Den diskrete bruken av sensur og uniformerte menn

‘Det kjem neppe som ei overrasking at dei som sit med makta skulle prøve å kontrollere orda og språket som folk brukar’, seier den kanadiske forfattaren John Ralston Saul i boka si Voltaire’s Bastards – forstandens diktatur i Vesten frå 1993. Passande i ein diskusjon om mellom anna historie, språk, makt og meiningsforskjell, meinte han at ‘Å bestemme korleis menneske skal kommunisere’ er ei sak som for maktelitane representerer ‘den beste sjansen’ dei har til å kontrollere kva folk skal tenke. Altså: Di meir kontroll ‘vi’ har over kva menneska tenker, desto meir kan ‘vi’ redusere den ibuande risikoen for elitane i eit demokrati.

‘Klumsete menn’, heldt han fram, ‘prøver å gjere dette ved hjelp av rå makt og frykt. Hardhendte menn som driv hardhendte system prøver på det same ved hjelp av politioppbakka sensur. Di meir sofistikerte elitane er, desto meir konsentrerer dei seg om å skape intellektuelle system som kontrollerer framstilling/meining gjennom kommunikasjonsstrukturane. Desse systema krev berre diskret bruk av sensur og uniformerte menn.’ Med andre ord: i tillegg til å ta for gitt at dei har rett til å ta makta i første omgang, vil ‘dei som tar makta alltid prøve å endre det etablerte språket’, antakeleg for å forenkle sitt grep om makta og/eller legitimere sitt hevd på den’.

_______________________________________________________________________

Di meir kontroll ‘vi’ har over kva menneska tenker, desto meir kan ‘vi’ redusere den ibuande risikoen for elitane i eit demokrati.

_______________________________________________________________________

For Oliver Boyd-Barrett er den frie og opne utvekslinga av idear i ein offentleg kommunikasjonsinfrastruktur ein føresetnad for demokratisk teori. Men for forfattaren av den nyleg utgitte Russia-Gate and Propaganda: Disinformation in the Age of Social Media, ‘eksisterer det ingen slik infrastruktur.’

Oliver Boyd-Barrett

Hovudstraumsmedia, seier han, er ‘eigde og kontrollerte av ei lita gruppe store, multi-media- og multi-industrielle konglomerat’ som ligg i sjølve hjartet på US-amerikansk oligopolkapitalisme, og har mykje av reklameinntektene frå, og innhaldet levert av, andre konglomerat:

‘Hovudstraumsmedia si manglande evne til å ta vare på eit informasjonsmiljø som klarer å femne om historier, perspektiv og vokabular som er frie for lenkene til US-amerikansk plutokrati sitt omsyn til seg sjølv, er også veldokumentert.’ Uttrykket «manglande evne» tyder på at hovudstraumsmedia meiner dei har eit slags ansvar for å drive eit slikt egalitært nyhende- og informasjonsmiljø. Det gjer dei sjølvsagt ikkje, og det har dei sannsynlegvis heller aldri verkeleg gjort! Eit betre ord ville vere «uvilje», eller til og med «nekt». 

Ja, faktisk fungerer hovudstraumsmedia kollektivt som reklame/PR/lobby-einingar for storselskapa, i tillegg til å te seg som deira Pretorianargarde [spesialstyrke av livvakter brukt av romerske keisarar, mrk.] som beskyttar løyndommane, brotsverka og løgnene deira frå eksponering. Som med alle andre selskap står dei i skuld til sine aksjonærar (profitt før sanning og menneske), og dei fleste av desse kan ein gå utifrå i bryr seg mindre om «historier, perspektiv og vokabular» som strir mot deira eigne interesser.

Det var den australske sosialvitskapsmannen Alex Carey som var pioner innan studiet av nasjonalisme, korporativisme og styringa (les: manipuleringa) av opinionen i samfunnet. For Carey var følgande konklusjon uunngåeleg: «Sannsynlegvis er business-propagandaen sin suksess med så lenge å overtyde oss om at vi ikkje blir utsette for propaganda ein av dei viktigaste propaganda-sigrane på 1900-talet.» Denne tidlegare bonden frå vest-Australia vart ein av verdas anerkjende ekspertar på propaganda og manipulasjon av sanninga.

Før han gav seg i kast med den akademiske karrieren, var Carey ein vellykka saueoppdrettar. Han skal ha vore ein førsteklasses kjennar av dette dyret som var hans tidlege levebrød, noko som får ein til å undrast på om denne ekspertisen gav han ei unik innsikt i hovudområdet for den seinare forskinga hans! Uansett selde Carey farmen og reiste til Storbritannia for å studere psykologi, ein ambisjon han visst hadde hatt lenge. 

Frå seint på 1950-talet til han døydde i 1988, var han førelesar i psykologi og industrielle forhold ved University of New South Wales i Sydney, med forskinga si lovprist av lysande menn som Noam Chomsky og John Pilger. Ja, så stor var beundringa, at Pilger kalla han «ein ny Orwell», som i all sjargong er ei ære.

________________________________________________________________________

«Sannsynlegvis er business-propagandaen sin suksess med så lenge å overtyde oss om at vi ikkje blir utsette for propaganda ein av dei viktigaste propagandasigrane på 1900-talet.»

________________________________________________________________________

Skrifta has har framleis såkornets kraft. Det er faktisk like essensielt lesestoff som det til meir kjende namn, for alle som er interesserte i korleis meiningar blir danna og våre oppfatningar styrte og manipulerte, kven sine interesser slik styring tener og kva føremål den har. Denne samlinga kom med forord av Chomsky, så forelska vart sistnemnde i Carey sitt arbeid.

For Carey var dei tre «viktigaste utviklingstrekka» i den politiske økonomien på 1900-talet:

a) framveksten av demokrati;

b) framveksten av storselskapa si makt; og

c) framveksten av propaganda som eit middel til å beskytte storselskapa si makta mot demokratiet.

Propaganda og reklame er to sider av samme sak: Skape følelser og behov.

Carey sitt hovudfokus var følgande:

a) reklame og publisitet dedikert til skaping av falske behov;

b) PR- og propagandaindustrien, som har som sitt fremste mål å avleie merksemda mot meiningslause syslar og interesser, og kontroll over folkesinnet;

c) kor sterkt akademia og yrka er under angrep frå den private makta som har sett seg føre å snevre inn spekteret av tenkbare tankar.

For Carey er det eit aksiom (en grunnsetning som aksepteres uten bevis, red.) innan konvensjonell visdom at bruken av propaganda som eit middel til sosial og ideologisk kontroll er eit typetrekk ved totalitære regime. Men, som han sjølv legg vekt på: eit minimum av vanleg sunn fornuft kan ymte om eit anna syn: at propaganda spelar ei minst like viktig rolle i demokratiske samfunn (der den eksisterande fordelinga av makt og privilegier er sårbar for berre små endringar i folkeopinionen) som i autoritære samfunn (der det ikkje er slik).  

Føremålet med denne sperreelden av propaganda har, som Sharon Bader seier, vore å overtyde så mange som mogleg om at det er i deira eiga interesse å gi slepp på makta si som arbeidarar, konsumentar og medborgarar, og «gi avkall på den demokratiske retten sin til å legge band på og regulere business-aktiviteten. Som resultat er den politiske agendaen no .. innskrenka til politiske tiltak som fremjar business-interessene.»

Omsett, nedkorta og bearbeid av Monica Sortland

Del 1 er allerede publisert på derimot.no og del 3 følger

Hentet fra derimot.no sitt arkiv

https://russia-insider.com/en/media-criticism/propaganda-censorship-power-control-inside-submissive-void/ri27509?ct=t(Russia_Insider_Daily_Headlines11_21_2014)&mc_cid=57802e2032&mc_eid=2cdcc32c19



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 657 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • «Ja, faktisk fungerer hovudstraumsmedia kollektivt som reklame/PR/lobby-einingar for storselskapa,….. som beskyttar løyndommane, brotsverka og løgnene deira frå eksponering.)»

    ‘ Overvåkningskapitalismen. Det er noen som har interesse av å forutsi hva vi vil gjøre. ( hva gjør oss redde, hva får oss til å reagere og hvordan.) Hvordan påvirker sosialt press oss, og gjør oss formbare? Det å komme i økonomisk uføre er vel kanskje den største skammen? Senk rentene, øk, rentene, lås folk økonomisk. Da har du totalkontroll. Og de som vil styre er tålmodige, gjennom 2 verdenskriger, – og antagelig gjennom en tredje, digital.
    ‘ De som styrer det økonomiske, og digitale, systemet styrer politikken, lokalt og globalt. ‘
    Økonomisk, – men selvfølgelig også politisk etterhvert. Den kan gi et bilde av hvilken vei dette går, dersom vi ikke snur skuta og forstår at sosialt samvær og privatliv, også er en menneskerettighet ‘ :
    «Så hvorfor tror dere det er sånn»:
    Ca. 1 time, men på norsk:
    https://www.youtube.com/watch?v=USrj_xU1nqM

    Svar
    • Dette føyer seg galant inn i informasjonen, Einar Flydal og Elsa Nordhagen meddeler oss i baka: 5G og vår trådløse virkelighet HØYT SPILL MED HELSE OG MILJØ. Anbefales!

      Svar
  • Tor Larsen
    26 mars 2021 7:23

    Det største problemet med dette ligger neppe hos journalisten og redaksjonen som lyver og bedrar, men hos mottakeren som vil tro at de forsøker å gi sanne nyheter. Noe slikt skjer bare i de tilfellene at det helt sikkert ikke strider mot eierskapets og de hemmelige tjenestenes interesser, altså bare i saker av lokal interesse. Den eneste måten en journalist sånn noenlunde kan beholde sin integritet på, er ved å få seg jobb i en lokalavis. Uavhengig journalisme er unntakstilfeller av økonomisk trylleri og, så fremt makta bak maktas interesser trues, definitivt en risikosport. Hvilke publikasjoner vil dessuten ta uavhengig journalistikk inn? Journalister for motparten myrdes jevnlig. Serena Shim var en amerikansk-libanesisk journalist for Press TV som ble myrdet i Tyrkia i 2014 fordi hun avslørte at krigere krysset grensen til Syria i biler som skulle frakte hjelpesendinger. Selvsagt gjorde de det. Norske jihadister til IS tok ikke rutefly til Damaskus. Hun stod også i ferd med å avsløre oljehandelen mellom IS og Tyrkia. en handel som USA og Israel senere har vist seg delaktige i.

    Svar
  • Wasan Totland
    27 mars 2021 11:15

    Så fint å se at man oversetter på nynorsk. Språket vil nok forsvinne (og det er meningen)etter regjeringens nye utdanningsreform hvor man kun vektlegger tre hovedfag.

    Svar
  • «… om massehysteri, blind lydigheit, heftige nasjonalistiske kjensler og eksistensielle trugsmål, alt saman nøkkelingrediensar i eit totalitært mareritt. »

    Så bør man ikke glemme at det fant sted en velstandsøkning blant vanlige folk i mellomkrigstidens Tyskland, som aldri før i i historien, i noe land. Med klare mål om å bygge velstand i egen nasjon i årene framover, med frihet fra fattigdom og kapitalisme. Med egne krefter. Etter en noen år med massearbeidsløshet og nød. Mareritt? Det kan jo hende dette skapte lydighet og «kjensler»? Når en nasjon så blir utestengt fra verdenshandelen og truet med verdensomspennende krig er det kanskje også naturlig at det må opptre totalitert og samlet en periode?

    ‘Hitler hadde neppe kommet til makten uten den støtte han fikk fra bankierkretsen i Wall Street.
    MEN nasjonalsosialistene sa nei til kapitalisme som styrende system. Men ikke kapital som byttemiddel i en nasjons oppbygging.
    Sentrale deler av verdens storfinans gikk likevel mot Hitler fordi han gikk vekk fra gullstandarden og fordi han tok i bruk fripenger. De erklærte økonomisk krig mot ham så tidlig som i mars 1933. Den engelske avisa Daily Express skrev den 24. mars 1933: «Judea declares war on Germany» .
    Den jødiske historiker R. G. Dommerque Tobacci de Menasse forteller oss at «Krigen mot Hitler ble erklært fordi han ville innføre en ny økonomisk samfunnsordning». Man viker altså ikke tilbake for en krig for å forsvare sitt internasjonale pengemarked og sine økonomiske maktposisjoner. Dette forteller oss at vi gjør klokt i å være forberedt på det meste og det verste. Da krigen var vunnet for de allierte, var det første man gjorde å løse den tyske sentralbanken fra demokratisk kontroll og gjeninnføre gjeldspengesystemet. Dernest innførte man uinnskrenket asylrett i Grunnloven. Tyskerne skulle ikke lenger få lov til å være en homogen nasjon. ‘
    vegtam.info/Kortsider/Detendeligefarvel.html

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Usmakelig reklamefremstøt!

Pfizer bruker tegneserien Marvels Avengers for å få barn til å ta Covid-booster vaksiner

Previous Post

Ny rom-sak i NRK

Bevisst ensretta ideologi produserer løgn etter løgn

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.