POSTED IN Media

Hvem styrer inntrykkene våre? Del 1.

Makten bak, som vi aldri ser.

5 kommentarer

Dette er del 1 av en lengre oversatt artikkel om dette tema. De siste delen følger seinere. Dette temaet er ekstremt viktig fordi det tar opp spørsmålet om hvem som bestemmer hvordan vi tenker og hva vi skal tenke. Det handler altså om hvem som umerkelig smyger på oss de brillene vi sanser verden gjennom, hvem som siler de inntrykkene/informasjonen vi skal få og dermed hvordan vi tenker/handler.

Hvis vi ikke blir oss dette mer bevisst ender vi i større eller mindre grad opp som uvitende redskap for storselskapene, pengemakten – altså makten bak makten.

Når det gjelder krigen i Ukraina er det åpenbart at grunnen til at vi reagerer sterkere på den krigen enn på langt verre kriger henger sammen med den informasjonen vi får – og ikke får. I praksis er det krefter utenfor oss som styrer i stor grad hva vi skal føle og hvordan vi skal reagere og hvorfor vi reagerer langt sterkere på begivenheter herfra enn på andre og verre hendelser. Når mediene sier hopp, hopper vi. Og når de ikke informerer hopper vi naturligvis ikke. Vi kan ikke reagere på noe vi ikke vet om.

Knut Lindtner
Redaktør

Propaganda, sensur, makt & kontroll – i det underdanige tomrommet

Greg Maybury

Ingenting verkar meir overraskande på dei som studerer mellommenneskelege forhold med eit filosofisk auge, enn kor lett det er for dei få å herske over dei mange; og den ibuande underkastinga, der menn forsakar eige skjøn og eigne lidenskapar til fordel for skjønet og lidenskapane til herrane sine. David Hume, “Of the First Principles of Government”, 1768.

Propaganda er påvirkningsarbeid for å utbre ideologiske idéer, ofte gjennom massemedier eller institusjoner.Wikipedia

Kortfatta: Bruken av propaganda og sensur blir oftare assosiert med totalitære, korrupte og/eller despotiske regime, ikkje moderne demokrati i Vesten. Likevel er historia om korleis vestlege regjeringer og deira alltid årvåkne overherrar i media, finans- og forretningsliv har kontrollert det rådande politiske fortellinga ved hjelp av desse midla lang, velkjend og forderveleg; og den starta lenge før 1914. Samstundes som dei tener dei gjeldande politiske føremåla til gjerningsmennene, pregar slike aktivitetar stadig vekk skjønet vårt for, og sementerer korleis vi tolkar, historia. Om det stemmer, som dei seier, at «historia gjentar seg sjølv», treng vi ikkje leite lenger enn til hovudårsaka til det. I denne vidfemnande ‘safarien’ inn villmarka av desinformasjon, mytemakeri, falske nyheiter – også kalla The Big Shill – konkluderer Greg Maybury med at «Det er fortellinga, din tosk!»

Kontroll over proletarane (Lønnstakarane)

Den følgande fortellinga er kanskje apokryf, (Apokryfer, skrifter som minner om bibelbøker, og er anerkjent som et slags tillegg til Bibelen, utdrag fra Store norske leksikon, oms.)   men ‘moralen i fabelen’ bør uansett bygge opp under fortellinga vår. 

________________________________________________________________________

‘Det er svært enkelt. I Sovjetunionen trur vi ikkje på propagandaen vår. I USA trur de faktisk på dykkar!’

________________________________________________________________________

Historia går slik: ein gong, då den kalde krigen var på sitt verste, var ei gruppe amerikanske journalistar vert for nokre av sine sovjetiske motpartar under desses besøk til USA. Etter å ha gitt gjestane litt tid til å suge til seg tidsånda frå landets media, forventa dei fleste amerikanarane at gjestane skulle uttrykke utygla misunning over dei yrkesmessige fridommane dei naut i Den Frie Pressas Land.

Jeg bestemmer sjøl, sa mannen og gjorde som alle andre.

Ein av dei russiske skribentane vart faktisk pressa til å uttrykke si uforknytte ‘beundring’ til vertane sine … særleg over den «svært overlegne kvaliteten» på amerikansk «propaganda». Det er ikkje for sterkt å seie at vertane vart forfjamsa av dette som, i beste fall, kunne takast for eit bakvendt kompliment. Etter ein del kollegial harselas over stereotypane kring vestleg «pressefridom» versus dei kontrollerte media i Sovjet-systemet, bad ein av amerikanarane den russiske kollegaen forklare kva han hadde meint. På gebrokkent engelsk svara han:

‘Det er svært enkelt. I Sovjetunionen trur vi ikkje på propagandaen vår. I USA trur de faktisk på dykkar!’

Så morosam den enn er, denne anekdoten, så maskerer den ei opprørande sanning: hånen til den russiske journalisten er ikkje berre framleis på sin plass – ‘trua’ har sidan den gong blitt endå meir villfaren, farseaktig og, framfor alt, farleg. Ein mistenker at russiske journalistar i dag tenker mykje det same.

Er Russia-gate en realitet eller er det en del av en intern maktkamp i USA?

Og i få tilfelle har den «villfarne», «farseaktige» og «farlege» naturen til denne overtydinga vore meir tydeleg enn med Vestens stadige provokasjonar mot Russland, med «Skripalgate» i Old Blighty og «Russia-Gate» på heimefronten som førsteklasses, men langt frå einaste, døme vi kan vise til.

No nyleg vart vi til dømes alle vitne til det latterlege, breitt annonserte dog n’ pony show‘et «media freedom» conference i London, organisert av den såkalla Media Freedom Coalition (MFC), eit britisk/kanadisk ‘initiativ’.  

Etter å ha gjort merksam på at ‘verda blir ein stadig meir fiendtleg plass’ for journalistar, fastset nettstaden til MFC rettvist tonen: … ‘dei møter farar utover krigssoner og ekstremisme, inkludert aukande intoleranse overfor uavhengig journalistikk, populisme, tygleslaus korrupsjon, kriminalitet og samanbrotet til lov og orden …’. Kynikaren ville kanskje legge til: ‘Og dette berre i våre vestlege demokrati!’

________________________________________________________________________

«mediefridom» i Vesten blir i aukande grad ‘meir æra i brot enn i praksis’,

________________________________________________________________________

Og kven kan gløyme det einfaldige «integritetsinitiativet» som kom like før, med sine høgtflygande ambisjonar om å ‘forsvare demokratiet mot desinformasjon’? Dette er elitens kodespråk for å avgrense den frie tale, noko som allereie skjer i lynfart, med makta til å ‘fastsette nye grenser’ online og offline. Dei stadige forsøka på å gjere det kriminelt å kritisere Israel eller å boykotte landet, er kanskje det lumskaste, mest ekstreme dømet. Og mainstream media sine forsøk på å omtale genuine, uavhengige analysar av alternative medium som «fake news» er eit anna.

Virkeligheten er snudd på hodet når varsleren plutselig blir den som det jaktes på og mediene er enten tause eller er delaktig i jakten.

Ein kan merke seg at MFC-konferansen kom og gjekk, og i mellomtida har organisatorane funne det på sin plass å ekskludere dei legitime russiske nyheitskanalane RT og Sputnik – ei ideologisk ‘moteytring’ grundig i strid med premisset som konferansen gav seg ut for å vere tufta på. Og vidare vart lite nemnt om ‘elefanten i rommet’, Julian Assange – den personen som framfor alle viser det tydelege spriket mellom ord og gjerning når det gjeld vestleg mediefridom, for ikkje å snakke om å understreke ironien, den sjølvtenande opportunismen og dobbeltmoralen som hyppig dukkar opp i MSM-debattar om kva det (mediefridom) eigentleg betyr.

For å seie det rett ut: «mediefridom» i Vesten blir i aukande grad ‘meir æra i brot enn i praksis’, med London-pratet som berre handlar om å oppretthalde illusjonen om det motsette. Dette var ei hending unnfanga av sjellause, avsindige etablissementbedragarar, ‘… fulle av skrammel og raseri som ikkje betyr noko’. Men det surrealistiske skodespelet må ha indusert kognitiv dissonans sjølv blant dei lærde, og mange hovudskakande augneblink for Assange-støttespelarar og andre genuint sanningssøkande.

Når det gjeld WikiLeaks og Assange sjølv, er det verdt å merke seg statens nasjonale tryggingstenester sine haldningar til han. Etter å ha skulda han for å vere ein «narsissist», «bedragar» og «feiging», og gitt WikiLeaks merkelappen ei «fiendtleg etterretningsteneste», erklærte utanriksminister Mike Pompeo at Assange var ‘ivrig etter å lystre Russland og andre motstandarar av Amerika.’ Uansett kan kommentarane hans sjåast på som meir eller mindre representative for Beltway (Uttrykk som viser til saker som vestlige ledere mener er viktige, oms.) og den breiare vestlege opinionen, inkludert mitt eige land, Australia. Saman med ein merknad om at embets-Washington sitt hat mot Assange ‘grensar til rabiat’, baud Ted Carpenter på følgande:

‘[Assange] symboliserer ein avgjerande kamp for pressefridommen og at journalistar skal kunne eksponere styresmaktene sine feilgrep, utan frykt for forfølging. Dessverre verkar eit urovekkande høgt tal «etablissementsjournalistar» i USA villige til – ja, ivrige etter – å kaste han til regjeringsulvane.’

Omsett av Monika Sortland

Artikkelen er noko nedkorta.

Artikkelen her hentet fra derimot.no sitt arkiv

Resten av artikkelen kan leses i del 2 og del 3 som følger seinere.

https://russia-insider.com/en/media-criticism/propaganda-censorship-power-control-inside-submissive-void/ri27509?ct=t(Russia_Insider_Daily_Headlines11_21_2014)&mc_cid=57802e2032&mc_eid=2cdcc32c19



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 934 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • Makten bak makten...
    6 april 2022 9:24

    «makten bak makten» er de som sitter i kulissene og har den egentlige makten i verden ved hjelp av løgn, propaganda og massiv korrupsjon… De er i ferd med omskape hele verden om til et føydalistisk paradis for den hyper rike «eliten» hvor «DU (vanlige folk) vil eie INGENTING og være lykkelig».

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    6 april 2022 14:23

    Lista over kva norske borgarar ikkje skal få vita om, tek til å verta lang. Tre ferske døme:

    1 «Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget har avvist et forslag fra Rødt om å avgradere EOS-utvalgets sammendrag av sluttrapporten om Frode Berg-saken.» (Forsvarets forum/NTB)

    2 Den same komiteen la nyleg vekk saka om ny sentralbanksjef, etter at komiteleiar Frølich fyrst hadde tøffa seg med kor grundig saka skulle granskast. Opp som ein hjort, …

    3 Etter det seinaste atomubåtbesøket i Tromsø lovar pressekontakt/pressevilleiar Elisabeth Eikeland oss at heretter skal det verta endå meir hemmeleghald.

    Me som bur i Noreg får passa på oss sjølve før me kritiserer andre land.

    Svar
  • Og nå har World Economic Forum (WEF) en terrorist organisasjon blitt slått sammen med FN… De maktsyke psykopatiske oligarkene med maktens planer om en fascistisk totalitær verdens regjering går så det suser.

    Svar
  • Det de siste ti-årenes politikk og mediahåndtering har vist meg,- er at 2 verdenskrigs ‘Historie’ kun er vinnernes historier. Løgn på løgn & politikk. Og at norsk media kun har nytte som underholdning, – og for å dulle oss rundt i tullball.
    – OG at når vi ikke lærer ( har mulighet til å lære av ) av historien, kan vi lett bli utsatt for det samme på ny.
    ‘ Hva vinner løgnerne med løgnene? – At vi ikke lengre tror at NOE er sant. ‘
    Og når divergerende meninger blir demonisert og/eller latterliggjort i et media som går i tospann med makta, blir befolkningen lett hjelpesløse.
    Trist.
    – Og selvfølgelig farlig for en nasjon, og et samfunns utvikling.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Har du avvikende synspunkter fra de offisielle?

Pass munnen din hvis det gjelder covid-vaksiner!

Previous Post

Demokratiet svekkes

Statsforvalteren åpner for å underkjenne et enstemmig vedtak i Oslo bystyre

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.