POSTED IN Endring av politikken, USA

Hvem som er president i USA spiller ingen rolle.

Politikken blir uansett den samme.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Ein demenspasient er president i USA fordi det ikkje speler noka rolle kven presidenten er.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Det viser seg at demenssymptoma som støttespelarane til Biden lenge har avfeia som «stamming» er nøyaktig det dei ser ut som. Dette skriv Caitlin Johnstone på heimesida si 9.februar 2024. Mi omsetjing:

Caitlin Johnstone

«Spesialrådet som fekk i oppgåve å etterforske Joe Biden for feilhandtering av graderte dokument rapporterer at etterforskarane ‘avdekte bevis for at Biden med vilje heldt tilbake og avslørte konfidensielt materiale etter visepresident-embetet då han var ein privat borgar’, men konkluderer at ‘ingen kriminell tiltale skal finne stad i dette tilfellet’.

Dette ville normalt ha ført til eit letta sukk frå administrasjonen og støttespelarane hans, bortsett frå at blant grunnane for denne konklusjonen finn vi den at presidenten har blitt senil.

‘Vi har òg vurdert at herr Biden i ei rettssak sannsynlegvis vil presentere seg for ein jury slik han gjorde under vårt intervju av han, som ein sympatisk, velmeinande eldre mann med dårleg hukommelse’, skriv spesialrådgjevar Robert Hur til general-advokat Merrick Garland, og seier at ‘Herr Biden sin hukommelse var betydeleg avgrensa, både under hans innspelte intervju med skuggeforfattaren hans i 2017, og i hans intervju med kontoret vårt i 2023. og samarbeidet hans med etterforskinga vår… vil sannsynlegvis overtyde enkelte jurymedlemmer om at han gjorde ein uskuldig feil, heller enn å handle med forsett – altso med intensjon om å bryte lova – slik statutten krev.’

Robert Hur

Hur rapporterer at under intervjua kunne ikkje eingong Biden hugse sopass grunnleggjande ting som kva år han var visepresident, eller når sonen hans Beau døydde. Hur skriv òg at hukommelsen til Biden har blitt verre mellom dei nemnde 2017-intervjua og intervjua med presidenten førre år.

Kort fortalt fungerer ikkje hjernen til presidenten. Den er mos. ‘Leiaren av den frie verda’ har blitt tutlete. Det er akkurat som ein sveitsarost der inne.

Og det blir i all sanning verre. Under ein pressekonferanse der Biden var meint å forsikre verda om at hjernen hans fungerte greitt i lys av den store nyheita, refererte presidenten til presidenten av Egypt som presidenten av Mexico, og fekk jarnteppe midt i talen då han utan hell prøvde å hugse kor sonen hans fekk rosenkransen han ber. Berre på ei veke har Biden ved eit uhell referert til døde europeiske leiarar som om dei framleis sit i embeta sine, ikkje éin, men to gonger.

Dersom du framleis lever under den villfaringa at det speler ei rolle kven presidenten i USA er, burde det faktum at ein faktisk, reell demenspasient har sete i det embetet i tre år, feie vekk den oppfatninga éin gong for alle. Det amerikanske imperiet har marsjert av garde på nøyaktig same måten som det gjorde før Biden gjekk inn i embetet, fullstendig uhindra av det faktum at personen som visstnok bestemmer ting er i nevro-degenerativt fritt fall.

Bokstavleg tala kven som helst kan halde det embetet, og det ville ikkje utgjere nokon meiningsfull skilnad når det gjeld måten det amerikanske imperiet er styrt på. Ein komapasient kunne ha vore president. Eit glas med olivenar kunne ha vore presidenten. Stillinga som amerikanarar held val for i den trua at det kan tilføre positive endringar til landet og verda, er ingenting anna enn ein gallionsfigur.

Det er eit ganske stort problem for amerikanarar som ønskjer å endre visse aspekt ved staten si åtferd, til dømes støtta til aktivt folkemord i Gaza. Kven jobbar dei for å appellere til dersom personen som dei vart fortalt styrer, faktisk ikkje gjer det? Kven stemmer dei på dersom dei som verkeleg bestemmer ikkje eingong står på røystesetelen?

Det spiller ingen rolle om en hund er president. Politikken blir den samme.

Det faktum at den amerikanske presidenten har demens, avslører den ubehagelege sanninga at funksjonen til imperiet er for viktig til å overlatast til veljarmassane. Der ligg for mykje makt i den amerikanske regjeringa frå år til år til at veljarane skal ha noko som helst dei skulle ha sagt.

Den verdsomspennande maktstrukturen som er sentralisert rundt USA er ikkje styrt av den offisielt valde regjeringa i den nasjonen, men av ikkje-valde imperium-sjefar som vandrar inn og ut av kvar administrasjon, og held ei jamn tilstadevering i statlege byrå og statleg tilknytte institusjonar. Desse imperie-sjefane dannar alliansar med konsernkrefter og held ved like forhold med dei mange nasjonane, ressursane og partnarane som fungerer som medlemmer av det ikkje-erklærte amerikanske imperiet.

Dette inneber at der ikkje eigentleg finst nokon måte for amerikanarane å stemme seg ut av dette rotet. Dersom du har eit problem med folkemord, militarisme, økonomisk urettferd, autoritarisme, eller andre kritisk viktige byggjesteinar i den USA-sentraliserte maktstrukturen, vil du aldri få lov til å påverke på nokon som helst måte desse tinga gjennom det offisielle valsystemet. Det å stemme blir i vestlege ‘demokrati’ brukt for å gje oss illusjonen av kontroll, som å late ein småunge leike med ein leikebil medan du sjølv køyrer, slik at dei kan få kjensla av at dei deltek.

Det er ikkje det same som å seie at der ikkje finst nokon veg ut av dette i det heile, berre at der ikkje finst ein veg ut som involverer det å stemme. Vi ser allereie pro-Palestina-aktivistar som kastar betydelege hindringar i vegen for operasjonane til israelske våpenhandlarar, og drivet for å utdanne og informere folket om kva som skjer i Gaza har fått Israel til å misse kontroll over narrativet i ein so alvorleg grad at dei no i desperasjon utfører påverknadsoperasjonar på nettet. Tiltak slik som desse kan innførast over heile linja for å provosere fram slutten på imperie-maktstrukturen. Når nok menneske byrjar å vende seg mot imperiet, ved å bruke krafta til sjølve talet av oss til å tvinge fram ekte endring, vil det gå raskt frå umogleg til mogleg, frå sannsynleg til uunngåeleg.

Men vi må fyrst slutte å setje all vår lit til valsystemet. Kvart fjerde år ser vi merksemda til amerikanarar bli sogen inn i dette tomme dokkespelet der sjellause imperie-sjefar burde vere den mellombelse offisielle gallionsfiguren heilt i fronten av den permanente imperiemaskina, og dersom du ønskjer å røyste, gå for all del og gjer det. Men ikkje lat dette performative ritualet distrahere deg frå det verkelege prosjektet: å vekkje opp medmenneska dine og byrje å tvinge fram ekte endring.»

Forsidebilde: iStock

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Biden ble jo nettopp president og hyllet , – FORDI han kunne styres av bakmennene som sitter med makten, dement eller ikke. ( Kanskje like mye fordi han var Ukraina-korrupt, og dermed låst. )
    Trump måtte bort, FORDI han var så uforutsigbar og ‘ ikke var en politiker’. 😉

    Og som president for en imperialistisk stormakt uttalte:

    ‘ Vil du ha frihet, vær stolt av landet ditt. Hvis du vil ha demokrati, hold fast ved suvereniteten din. Vil du ha fred, elsk landet ditt, sier Trump. Fremtiden tilhører patrioter, ikke globalister. Fremtiden tilhører suverene, uavhengige nasjoner med ledere som beskytter deres borgeres interesser og respekterer sine naboer. ‘

    ‘ Fredssamtalene i Qatar kom i stand etter at president Donald Trump før jul varslet at han ville hente hjem rundt halvparten av USAs 14.000 soldater i Afghanistan. ‘
    vg.no/nyheter/utenriks/i/bK0Gjg/reuters-usa-og-taliban-enige-om-utkast-til-fredsavtale?utm_content=row-13&utm_source=vgfront

    ‘ Donald Trump fikk knallhard kritikk for beslutningen om å trekke amerikanske soldater ut av Syria.’
    aftenposten.no/verden/i/0E6PjE/Trump-far-stotte-for-sin-plan-om-a-fire-det-amerikanske-flagget-her-og-forlate-Syria

    ‘ Våre tropper skal hjem, slår Trump fast.– Det burde ikke være USAs oppgave å erstatte regimer rundt om i verden.’
    aftenposten.no/verden/i/L0bzmR/Trump-Tyrkia-lover-a-utradere-IS

    Og :

    En slik frekkhet skal man ikke begå overfor de som ser seg som utvalgte til å styre verdensøkonomien:

    ‘ Trump har den siste tiden vært kritisk mot sentralbanksjef Jerome Powell, som Trump selv valgte som erstatter for Janet Yellen. Han skal også ha diskutert muligheten for å sparke Powell. ‘
    e24.no/boers-og-finans/donald-trump/nytt-trump-angrep-mot-sentralbanken-skulle-gjort-noeyaktig-det-motsatte/24603197

    Da blir man utsatt for slike (‘lovens’ ) latterligheter:
    😉
    ‘Trump anker etter å ha blitt dømt til å betale 870 millioner kronerEn jury i New York har dømt Donald Trump til å betale 83,3 millioner dollar i erstatning til kvinnen E. Jean Carroll. Han er dømt for å ha kommet med nedsettende kommentarer mot henne i 2019, ifølge Reuters.Han sier han anker dommen, ifølge en melding på hans eget sosiale medium. Der kaller han avgjørelsen for latterlig.Carroll anklaget Trump for å ha ødelagt ryktet hennes som pålitelig journalist ved å nekte for at han voldtok henne for nesten tre tiår siden. Carroll er en tidligere skribent som hevder at Trump voldtok henne i et prøverom midt på 1990-tallet.’
    nrk.no/nyheter/trump-anker-etter-a-ha-blitt-domt-til-a-betale-870-millioner-kroner–1.16735599

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Superrask vestlig propaganda:

Russisk UD kommenterer vestlige reaksjoner på Navalnyjs dødsfall.

Forrige innlegg

Thierry Meyssan

Løgnens vitenskap i den digitale alderen – Del to

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.