Ukrainas «største våpenleverandør» organiserte Maidan-massakren i 2014
KIT KLARENBERG, 6.·SEPTEMBER, 2023



Serhiy Pashinksy, som Zelensky ein gong kalla «kriminell», har blitt den største private leverandøren av våpen til Ukraina. Augevitne fortel at Pashinsky var arkitekten bak ein blodig falskt-flagg-operasjon som førte til Maidan-kuppet i 2014 og styrta landet ut i borgarkrig.
Fleire år før han steig fram som Kievs største private våpenforhandlar, spelte eks-parlamentarikaren Serhiy Pashinsky ei nøkkelrolle i det USA-støtta statskuppet i 2014 som styrta Ukrainas demokratisk valde president og sette scenen for ein katastrofal borgarkrig. Sjølv om den notorisk korrupte, ukrainske eks-parlamentarikaren var fordømd av president Volodymyr Zelenskyy som «kriminell» så nyleg som i 2019, så har avisa New York Times (NYT) i ein lang, avslørande artikkel no identifisert Pashinsky som den ukrainske regjeringas «største private leverandør av våpen».
Ikkje heilt uventa, nemner ikkje artikkelen noko om bevis for at Pashinsky medverka til 2014-massakren av 70 anti-regjeringsdemonstrantar på Maidan-plassen i Kiev, ei hending som pro-Vestlege krefter utnytta til å fullføre sitt statskupp mot dåverande president Viktor Yanukovych.



I ein reportasje den 12 august om Ukrainas nye våpen-forsyningsstrategi, hevda New York Times at «i sin desperasjon,» hadde ikkje Kiev anna val enn å ty til stadig meir amoralske metodar. Skiftet, sa dei, har drive prisane på den dødelege importen eksponensielt opp, «og lagt til lag på lag med profittmakeri» til fordel for skruppellause spekulantar som Pashinsky.
Ifølge avisa er strategien enkel: Pashinksy «kjøper og sel granatar, artilleriammunisjon og rakettar via eit trans-europeisk nettverk av middelmenn,» for så å deretter «selge dei, og så kjøpe dei på nytt og så selge dei ein gong til»:
«For kvar transaksjon stig prisane – og profitten for herr Pashinskys partnarar – til associates – inntilslutt-kjøparen, Ukrainas militær, betaler den høgste summen,» forklarte avisa og la til at bruken av fleire mellommenn teknisk sett er legalt, men «det er ein tidstesta måte å blåse opp profitten på.»



Medan den tilsynelatande endelause forsyninga av pengar frå Vestens skattebetalarar gir eit bonanza for våpenprodusentar som Raytheon og Northrop Grumman, er den også til fordel for krigsprofitørar som Pashinsky. Selskapet hans, Ukrainian Armored Technology, «rapporterte i fjor inn sitt beste år nokon gong, med salstal på totalt 350 millionar dollar» — ein auke på kolossale12 500% frå året før, då dei selde for 2,8 millionar dollar.
Pashinsky er ikkje den einaste svindlaren som drar nytte av at anti-korrupsjonstiltak har blitt eliminerte i Ukraina i krigstid. Fleire leverandørar som tidlegare kom på ei offisiell svarteliste etter at dei svindla militæret, kan no fritt selge igjen, ifølge undersøkingane til NYT. Avisa bagatelliserte dette som eit uheldig, men nødvendig tiltak. «For å få våpen raskt ut til frontlinjene, har leiarane gjenoppliva karakterar frå Ukrainas kaotiske fortid, og i det minste midlertidig gjort om på fleire år med antikorrupsjonspolitikk [sic],» hevda avisa, og vidare «at karakterar som herr Pashinsky har gjenoppstått,» er «éin grunn til at regjeringane i USA og Storbritannia kjøper ammunisjon til Ukraina, heller enn å berre gi pengar»:
«Europeiske og amerikanske offisielle tenestemenn ønsker ikkje å diskutere herr Pashinsky av frykt for å styrke Russlands narrativ om at regjeringa til Ukraina er håplaust korrupt og må erstattast.»
Men sjølv den tilsynelatande kritiske NYT-reportasjen overser eit nøkkelaspekt i Pashinskys usmakelege biografi. Iaugefallande fråverande i artikkelen var ei forklaring på den rolla han spelte i gjennomføringa av den berykta massakren av anti-regjeringsaktivistar og politifolk på Maidan-plassen i Kiev seint i februar 2014.
Ein avgjerande augeblink i den USA-organiserte styrtinga av Ukrainas valde regjering – at 70 personar døydde av gjerningane til nokre mystiske snikskyttarar utløyste eit skred av internasjonalt raseri som førte direkte til at president Viktor Yanukovych vart styrta. Sjølv i dag er desse drapa offisielt enno uløyste.
Men førstehands vitnemål frå folk som seier dei assisterte i å utføre falskt-flagg-angrepet, talar om at Kievs mest produktive våpenforhandlar var intimt involvert i den uhyggelege saka.
Organisatoren av Maidan-massakren «tar ikkje fangar»
I november 2017,publiserte ItaliasTV-kanal Matrix vitnemål frå tre georgiarar som sa at dei av Mamuka Mamulashvili hadde fått ordre om å drepe demonstrantar. Mamulashvili, som då var topp-rangert militærrådgivar for Georgias president Mikhael Saakashvili, grunnla seinare den berykta leigesoldatbrigaden «Georgian Legion» med krigarar som vart fordømde i breie lag etter at dei publiserte ein grufull video av seg sjølve der dei lystig avretta uvæpna og bundne russiske soldatar i april 2022.



Dokumentaren, «Ukraine: The Hidden Truth» (Ukraina, den skjulte sanninga) viser ein italiensk journalist sine intervju med tre georgiske krigarar som seier dei vart sende for å sette i verk eit kupp. Alle tre beskreiv Pasjinsky som ein nøkkelorganisator og utførar av Maidan-massakren. Den korrupte våpenleverandøren hadde til og med forsynt dei med våpen og valt ut bestemte mål, sa dei. Filmen viste også opptak av at han personleg evakuerte ein skyttar bort frå plassen, etter at demonstrantar hadde ferska han med rifle og skop og omringa han.
Ein av dei georgiske krigarane hugsa korleis han og dei to partnarane hans kom til Kiev i januar «for å arrangere provokasjonar som skulle få politiet til å angripe folkemengda.» Men i nesten ein månad «var der ikkje mange våpen i omløp,» og «molotov [cocktails], skjold og kjeppar vart brukte til fulle.»
Dette endra seg rundt midten av februar, sa dei, då Mamualashvili personleg besøkte dei saman med ein US-amerikansk soldat med namn Brian Christopher Boyenger, ein eks-offiser og snikskyttar i 101. luftborne avdeling, som personleg gav dei ordrar som dei «måtte følge».



Den italienske TV-kanalen Matrix viste ein dokumentar der augevitne fortelde om ein militær instruktør frå USA i Ukrainas Maidan-massakre i 2014.
Pashinky plasserte dei deretter sjølv ut, saman med snikskyttarrifler og ammunisjon, på ulike bygg med utsikt over Maidan-plassen, hevda dei. Mamualashvili skal då ha insistert på at «vi lyt starte å skyte, så mykje, for å så litt kaos.»
Så dei georgiske krigarane «starta å skyte to eller tre skot i gongen» inn i folkemengda under, etter ordre om å «skyte Berkut’en, politiet og demonstrantane, uansett kva.» Med det same skytinga var over, flytta Boyenger til Donbas-fronten for å kjempe i rekkene til Georgian Legion, derMamulashvili til dags dato enno er kommandant.
Imellomtida har den ukrainske journalisten Volodymyr Boiko, som leia det sivile rådet til Ukrainas riksadvokatkontor etter Maidan, påstått at Pashinksy personleg (for å dekke over det han hadde gjort) hadde handplukka dei som skulle føre den offisielle etterforskinga av massakren, og at han til og med hadde muta sjefen for aktoratet.
Trass i desse sjokkerande skuldingane, har Pashinsky si innblanding i Maidan-massakren aldri blitt offisielt granska, for ikkje å snakke om straffa, og hans siste erfaringar med det ukrainske rettssystemet tyder på at det lite sannsynleg vil kome noa grundig gransking frå Kiev si side. Då han var medlem av Ukrainas Verkhovna Rada (parlamentet), vart han arrestert for å ha skote og skadd ein fotgjengar i ein trafikkrelatert disputt, men han han vart til sist frikjend i 2021.
Då israelske journalistar konfronterte Pashinsky med rolla si i Maidan-massakren, åtvara våpen-dealeren dei om at dei ville bli spora opp i heimlandet sitt, der forbundsfellane hans ville «rive dei i stykker». Ein kan tilgi dei for å tru på at det ikkje var tomme truslar; Pashinskys «bakvaskarar» har ein lei tendens til å ende opp stygt forslåtte eller skotne og drepne på gate.
Omsett av Monica Sortland
Redaksjonen har lagt til bilder.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 126 ganger.