POSTED IN Hellas, Korrupsjon, Økonomi

Hvem kontrollerer de som skal kontrollere legemiddelindustrien?

Hvem finansierer helse-forskningen?

3 kommentarer

Har Big Pharma kapra den bevisbaserte legevitskapen?

Analyse av Dr. Joseph Mercola

OPPSUMMERING

  • Kardiolog dr. Aseem Malhotra deler data om legemiddelgigantane, Big Pharma, si overtaking av moderne legevitskap.
  • På grunn av Big Pharma sitt grep om helsevesenet, er vi no råka av det Malhotra kallar ein pandemi av feilinformerte legar og pasientar, og pasientar som blir skadde utan å vite det.
  • Legemiddelselskap er ikkje til for å gjere pasientane glade; dei har ei finansiell plikt til å produsere profitt for aksjeeigarane sine.
  •  Malhotra deler data som viser korfor han meiner at COVID-19-sprøytene bør stansast.
  • Malhotra seier politisk engasjement, kombinert med sosial deltaking og sosiale rørsler, saman kan føre til danning av relevant kunnskap for å verne om folkehelsa.

Frykt hemmar evna til å tenke kritisk. Det var eit sentralt poeng i presentasjonen til kardiolog dr. Aseem Malhotra den 14. november, 2022, i London. Mange folk vart gripne av ei frykt dei aldri før hadde kjent under COVID-19-pandemien [sic], som forma haldningane til dei farmakologiske oppfinningane som vart tilbydde.

Villa blindskap er eit anna fenomen ein skal vere merksam på. Det er når folk vender det blinde auget til sanninga. Også kjent som medviten unngåing. Taktikken har historisk sett blitt brukt under rettssaker for å unngå strafferettsleg ansvar ved å ignorere eller med vilje halde seg uvitande om visse nøkkelfaktum.

Men, seier Malhotra, folk driv også med villa blindskap for å kjenne seg trygge, unngå konflikt, redusere uro og verne om prestisje eller «skjøre ego».1

Illusjonen om kunnskap er verre enn uvitenheit

Malhotra siterer Stephen Hawking, som sa at «Kunnskapens største fiende er ikkje uvitenheit, men illusjonen om kunnskap»2 Når det gjeld helse og omsorg har den bevis-baserte legevitskapen blitt kapra av Big Pharma; den er no ein illusjon. Det er og ein illusjon at vi er i fremste linje med legevitskapen, med prestisjetunge organisasjonar ved roret, når vi faktisk er råka av fleire helsekriser.

Aseem Malhotra er en britisk kardiolog og forfatter. I 2016 ble Malhotra inkludert på listen over The Times’ liste over de 500 mest inflytelsesrike personene i Storbritannia. (Fra Wikipedia)

Verdshelseorganisasjonen (WHO) sin definisjon på ’helse’ er ein «tilstand av fullt fysisk, mentalt og sosialt velvære, og ikkje berre fråveret av sjukdom eller veikskap.»3 Folkehelse handlar heller ikkje berre om å hindre sjukdom, men også om å promotere helse og forlenge liv, medan ein hjelper folk til å nå høgast mogleg grad av velvære. Men er det eigentleg slik at folkehelse-etatar og -byrå faktisk hjelper til med å oppnå desse måla?

Malhotra – som vart utdanna hjartespesialist av Storbritannias National Health Service (NHS), og som også har undervist, som professor i bevisbasert medisin, studentar ved Bahiana School of Medicine and Public Health i Salvador, Brazil,4  – siterte frå ein studie som vart publisert i British Medical Bulletin i 2020.5

Studien brukte data frå Storbritannias statistikk-sentralbyrå (Office for National Statistics) frå 2010 til 2020, som viste ei «dramatisk nedsakking i forventa levealder og divergerande trendar innan barnedødelegheit i henholdsvis heile Storbritannia og England pluss Wales.» Visse helsetrendar i Storbritannia, konkluderte studien med, er urovekkande og reiser viktige spørsmål om politiske retningslinjer.»6

Gjennom karrieren sin har Malhotra prøvd å sette eit offentleg søkelys på feilbehandling av hjartesjukdommar. «Trass såkalla moderne vitskap,» er hjartesjukdom framleis dødsårsak nummer 1 globalt.7 «Så det er tydelegvis noko vi har gjort feil på den fronten,» sa Malhotra.8

I seinare tid har han fokusert på bruken av bevis-basert legevitskap til å dele sanninga om mRNA-vaksinane [sic] mot COVID-19. Artikkelen hans, i to delar, valde han å publisere i Journal of Insulin Resistance,9,10 fordi dette tidsskriftet ikkje tar imot pengar frå den farmasøytiske industrien.11

Ein pandemi av feilinformerte legar og pasientar

På grunn av Big Pharma sitt grep om helsevesenet, står vi overfor det Malhotra kallar ein pandemi av feilinformerte legar/doktorar og pasientar, og pasientar som blir skadde utan å vite om det. Denne feilinformasjonen kjem frå mange ulike kjelder, inkludert:12

Feil finansiering av forskning – Forskning får pengestøtte fordi den sannsynlegvis blir profittinnbringande, ikkje fordi den sannsynlegvis vil føre til betring for pasientaneFeilrapportering i medisinske tidsskrift
Feil pasientbrosjyrarFeilrapportering i media
Kommersielle interessekonfliktarDefensiv medisin
Pensum på legestudiet gir ikkje opplæring i korleis legane skal tolke og kommunisere helsestatistikk

Malhotra kallar John Ioannidis, professor i medisin og professor of epidemiologi og folkehelse ved Stanford University, for «legevitskapens Stephen Hawking»13. Ioannidis var medforfattar av ein artikkel i 2017 med tittelen «How to Survive the Medical Misinformation Mess», korleis overleve det medisinske feilinformasjonskaoset.14 Han skildra fire nøkkelproblem:

  1. Mykje av den publiserte forskninga er upåliteleg, har ingen fordelar å tilby pasientane eller er unyttig for avgjerdstakarane.
  2. Dei fleste som jobbar i helsevesenet er ikkje klare over dette problemmet med publisert forskning.
  3. Dei som jobbar i helsevesenet manglar nødvendig kompetanse på å vurdere pålitelegheita til medisinsk bevisførsel.
  4. Pasientar og familiane deira manglar nøyaktige legevitskapelege bevis og kompetent rettleiing når dei treng å ta medisinske avgjerder.

Løysinga involverer, ifølge Ioannidis, å fokusere innsatsen på å «gjere helsearbeidarane meir merksame på manglane ved bevisa, trene dei opp i kritisk vurdering, og betre kommunikasjonsevnene deira, slik at dei effektivt kan oppsummere og diskutere medisinske bevis med pasientar for å gjere dei betre i stand til å ta gode avgjerder.»15

John Ioannidis Explains His COVID Views
Dr John Ioannidis

Ioannidis skreiv og i 2005 ein artikkel om korfor dei fleste publiserte forkningsfunn er falske. Ikkje overraskande: ein av faktorane som gjer at eit forskningsfunn med mindre sannsyn er sant, er «større økonomiske og andre interesser, og partiskheit.»16

Legemiddelselskapa står i takkskuld til aksjonærane sine

Legemiddelselskap og produsentar av medisinsk utstyr driv ikkje forretning for å gjere pasientar glade; dei står i takkskuld til aksjeeigarane sine, som dei finansielt har forplikta seg til å skape profitt til.17 Det eksisterer ikkje juridiske krav om at dei skal tilby pasientane «den beste» behandlinga.

Regulerande styresmakter feilar dessutan i å gjere plikta si med å hindre at industrien tar feilgrep, medan legar og medisinske tidsskrift – som ikkje har noko ansvar for å sette pasientens interesser og vitskapeleg integritet i høgsetet – samarbeider med industrien for økonomisk vinnings skuld.18

Nyleg var Malhotra tungt involvert i kampanjar for å stoppe NHS’ obligatoriske COVID-19-sprøyter. Men før det, i 2018, talte han i Europa-parlamentet for å åtvare dei om epidemien av feilinformerte legar og pasientar: «Ærlege legar kan ikkje lenger praktisere ærleg legevitskap. Vi har eit fullstendig feilslått helsestell-system…»19

I 2016 gjekk faktisk medgrunnleggaren av Cochrane Collaboration og Institute for Scientific Freedom, (dansken) dr. Peter C. Gøtzsche, ut og sa at reseptbelagte medisinar er den tredjestørste årsaka til dødsfall – dei fleste unngåelege20 «Grunnen til det,» seier Malhotra, «er at informasjonen som kjem frå legemiddelselskapa – i praksis resultata av kliniske forsøk – overdriv fordelane og tryggleiken til medisinane.»21

white blue and orange medication pill
Overdrives effekten av disse for å få opp salget?

Korporativ kriminalitet og svindel herjar også. Gøtzsche seier at frå 2009 til 2014 gjorde dei fleste av dei ti-på-topp legemiddelselskapa seg skuldige i bedrag for totalt 14 milliardar dollar. Mellom anna vart det skjult data om skadelege biverknadar og det vart drive illegal marknadsføring.

Men bøtene som selskapa måtte betale for brotsverka sine var minimale i forhold til profitten dei fekk av drogene. Ingen fekk sparken og «ingenting har endra seg for å stoppe dei i å utføre slike brotsverk igjen.»22

Tobakk-taktikk og COVID-pandemi

Malhotra er blant dei som tidleg under pandemien forstod at dårleg kosthald kan auke risikoen for å dø av covid-19, via auka risiko for fedme og kroniske sjukdommar og eit forstyrring av mikrobiomet i tarmane.23 I april 2020 twitra han: «Regjeringa og Public Health England er ignorante og driv med grov tenesteforsøming når dei ikkje fortel folk at dei treng å endre kosthaldet sitt no.»24

Ikkje berre sa dei ikkje offentleg noko om viktigheita av sunn vekt og diett for å halde unna covid-19, men dei glomoriserte og oppmoda til konsum av junk food i sine offisielle kanalar i sosiale medium. Ein gong under pandemien tvitra til dømes Royal Free Hospital, som er ein del av Royal Free London NHS Foundation Trust, følgande melding saman med eit foto av fleire dusin smoltring-esker:25

«Gjengen hos @krispykremeUK Enfield veit korleis ein skal putte eit smil i fjeset på staben vår! 1500 smoltringar levert til staben vår ved Barnet Hospital-#glazeamaze.»

«Eg har ikkje noko imot at folk et litt snop,» seier Malhotra, «men sjukehus bør ikkje promotere … og eigentleg reklamere for det faktum at vi gir 1000 gratis Krispy Kreme-smoltringar til sjukepleiarar midt oppe i pandemien. Eg trur ikkje det er særleg konstruktivt med tanke på det vi veit om kva som påverkar covid.»26

At sjukehus promoterte søppelmat og søppelmatselskap i staden for sunn mat, minner om taktikken til tobakksgigantane, Big Tobacco, som ikkje berre heldt hemmeleg dei skadelege effektane til sigarettane, men i tillegg rekrutterte legar til å promotere dei. Dei brukte slagord som t.d. «Fleire legar røykar Camel enn andre sigarettar.»

«Vi ser same taktikk gjenta seg,» held Malhotra fram. «Det Krispy Kreme gjer, er å bruke NHS som ein sjanse til å reklamere for produkta sine, som eigentleg er vanedannande, giftig mat som berre bør nytast ein sjelden gong, og ikkje vere ein del av den daglege kosten.»27

Oversalet av COVID-sprøyter

Malhotra var ein av dei første som tok COVID-19-sprøyta til Pfizer, og han har tatt dobbel dose. I starten var han for sprøytene, men ein studie publisert i Circulation, som hadde funne auka førekomst av inflammasjonsmarkørar knytte til hjarteatakk i folk som hadde fått mRNA-sprøyter mot COVID-1928 gjorde at han sette det på pause.

padlock on black metal fence
Kan det være mulig at legemiddel-produsentenes behov går foran befolkningens og at det derfor ikke advares mot helseskadelige medisiner?

Så vart han kontakta av ein varslar frå ein prestisjetung britisk institusjon. Varslaren fortalde om ei gruppe forskarar som hadde funne inflammasjon i hjarte-arteriar etter mRNA-injeksjon. Men forskarane hadde eit møte og tok ei avgjerd om å ikkje fortelle om funna sine, ettersom det ville kunne påverke finansieringa frå legemiddelindustrien.29 Han høyrde seinare om data frå Skottland som viste ein uforklart auke på 25% i hjarteatakk.

Han gjekk så til media, væpna med data, for å dele bekymringane sine i oktober 2021 og be om at saka vart etterforska. Det fekk ein heil del merksemd, men Malhotra vart snart utsett for anonyme klagar til ein medisinsk organisasjon som sette legelisensen hans i fare. Då bestemde han seg for å samle i hop andre ekspertar og kritisk gjennomgå dataa – og så publisere sanninga.

I november 2020, hevda Pfizer at COVID-19-sprøyta deira var 95% effektiv mot COVID-19, men det var høgst villeiande og, ifølge Malhotra, basert på mangelfull metodologi:30

«’Relativ risiko-reduksjon’ er ein måte å overdrive fordelane ved ein eller annan intervensjon … som er interessant for folk som prøver å selge deg noko – i dette tilfellet farmasi-industrien.

Så om du t.d. i eit forsøk har 1000 deltakarar som ikkje har vaksinen versus 1000 som har den, så døyr kanskje to i placebo-gruppa … og i intervensjonsgruppa døyr kanskje berre éin. Det er ein reduksjon på 50%. Ein av to er ein 50% relativ risiko-reduksjon. Men eigentleg har du berre redda eitt liv av 1000.

Så den absolutte risiko-reduksjonen er berre 1 av 1000. Det er ein stor skilnad. Tommelfingerregelen har i mange år vore at vi skal bruke den absolutte risiko-reduksjonen i samtale med pasientar, ikkje berre den relative risiko-reduksjonen; elles er det sett på som uetisk.

Anklagen er at regjeringar handla utifrå Pfizer sitt relative risiko-tal på 95% effektivitet, når den absolutte risikoen berre var 0,84%. Med andre ord måtte du vaksinere 119 personar for å hindre berre éin av dei i å få COVID. Så vi vart eigentleg selde noko som vi no i ettertid ser var svært, svært villeiande.»

Big Pharma står for storparten av budsjetta til leiande reguleringsstyresmakter

Om det nokon gong var nokon tvil om at reguleringsbyrå er fanga av industrien, tenk på at betydelege delar av desse reguleringsbyråa sine budsjett kjem frå den farmasøytiske industrien som desse byråa er meint å regulere. Nokre døme på legemiddelverk/-tilsyn som er sponsa av legemiddelindustrien:31

Australias Therapeutic Goods Administration — 96% av budsjettet kjem frå industrien.Europas EMA — 89%
Storbritannias MHRA — 86%Japans Pharmaceuticals and Medical Devices Agency — 85%
USAs FDA — 65%Health Canada — 50.5%

Data og råd om helse frå desse byråa kan ikkje sjåast på som uavhengige eller til å stole på når dei er fordunkla av kapitalmakta. Ein studie som var leia av folk som ikkje tar imot pengar frå legemiddelindustrien32 fekk litt andre funn. Kva fann dei ut?

AAA Vintage Posters - An Offer You Can't Refuse! - http://eepurl.com/dIirzv  | Facebook
Lar en de en skal kontrollere finansiere kontrollen, da…

Studien analyserte på nytt data som førte til den første godkjenninga av sprøytene og påfølgande obligatoriske sprøyter. Det dei avslørte, var at folk hadde større sannsyn for å få alvorlege, skadelege biverknadar, bli uføre, lagt inn på sjukehus eller få ein livsendrande skade etter å ha mottatt ei mRNA-COVID-19-sprøyte enn for å bli lagt inn på sjukehus med COVID.33 Malhotra delte tilleggsfaktum om COVID-19-sprøytene som no er kjende, basert på det beste av tilgjengeleg bevismateriale:34

  • COVID-19-sprøytene tilbyr ikkje noko vern mot infeksjon no
  • Ingen reduksjon i COVID-mortalitet
  • Naturleg immunitet er svært beskyttande
  • Biverknadar av sprøyta er nesten tre gongar meir sannsynleg viss du tar sprøyta etter å ha hatt COVID-19
  • Det har blitt innrapportert rekordmange skadar av sprøytene

«Vi har trekt tilbake vaksinar før for langt mindre,» seier Malhotra. «Denne vaksinen må suspenderast heilt, i påvente av ei gransking.»35 Så korfor har du ikkje høyrt om dette? Tydelegvis har villa blindskap tatt over. Malhotra seier politisk engasjement og prosedyrar for retningslinjer, kombinert med sosial deltaking og sosiale rørsler saman kan føre til at relevant kunnskap kan skapast.

«Vi treng å vite sikkert at vi har klar, relevant, konkret kunnskap på ein måte som kan spreiast blant og vere forståeleg for folk.»

Med den målsettinga slår Malhotra fast at det er livsviktig for folkehelsa sin integritet at fakta blir anerkjende og at tilsynsstyresmaktene slår fast at dei óg har skifta meining. På vegen framover må nokre avgjerande viktige endringar gjennomførast om vi skal sikre tilgangen til ein verkeleg bevisbasert legevitskap, seier Malhotra:

  • Legemiddelindustrien bør ikkje ha noka rolle i testinga av legemidla.
  • Legemiddelindustrien bør ikkje kunne skjule rådata frå forsøka.
  • Alle resultat frå alle forsøk på menneske må bli gjort offentleg tilgjengelege.
  • Regulatorar som FDA og MHRA bør ikkje motta pengar frå legemiddelindustrien.

Kva kan du bidra med?

For å hjelpe til med å få til ei endring, ber Malhotra om medborgarmakt i Storbritannia, at folk brukar sosiale medium til å kreve at mRNA-sprøytene skal suspenderast. Særleg føreslår han at ein tvitrar og deler følgande, personleg modifisert:

«Eg heiter … og eg ber helseministeren, @ingvildkjerkol om å straks stoppe mRNA-injeksjonane fram til rådataa er frigitt for uavhengig analyse. #SuspendTheMRNAjabsnow

Vidare må vi agere ærverdig viss vi skal greie å slå det psykopatiske, korporative tyranniet som har tatt over. Det involverer følgande dygder:

  1. Visdom
  2. Mot
  3. Moderasjon
  4. Rettferd

Forsidebilde: Alexander Grey



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 723 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • «Legemiddelselskap og produsentar av medisinsk utstyr driv ikkje forretning for å gjere pasientar glade; dei står i takkskuld til aksjeeigarane sine, som dei finansielt har forplikta seg til å skape profitt til. »

    Dette burde vi vite; og dette burde være greit. Det koster å drive både forskning og ‘forskning. Da må man også tilfredstille de som stiller midler til disposisjon.
    Enten det gjelder medisin/legemidler eller annet.
    Men det vi BURDE ha visst for lengst er at hverken legemidler, leger ( eller myndigheter) er altruistiske guder vi må følge blindt.
    F.eks. når det gjelder kostholdsråd bør vi (også) være våre egne forskere, og søke viten bredt.
    Når det gjelder legemidler bør vi vite at det er er tilbud, ikke et påbud, selv om legen foreskriver det.
    Når det gjelder andre råd fra myndigheter og FHI bør vi tenke sjøl.
    F.eks. er munnbind og Antibac laget for bakterier , ikke virus. Uansett hva myndigheter og FHI vil skremme oss til å bruke.
    (Og det er like latterlig å bruke dette mot virus, som det er å bruke hummerteiner til å fange mus. )

    Svar
  • 23. oktober ble det holdt simulering og generalprøve så psykopatene kunne å øve seg på neste plandemi, med det svulstige navnet CATASTROPHIC CONTAGION, i regi av sjefene for de dårlige tidene: Johns Hopkins, bill og melinda og WHO, for å forberede oss på et «ENTEROVIRUS», (!!!!), hva nå det er, mye mer smittsomt, mye mer dødelig, særlig for barn. Ikke overrraskende skal de små tidligst mulig krøkes og formes inn i slaveri og tvangs»medisinering». Surprise, surprise. Antikrist tar ikke juleferie.

    Svar
  • I den nye globale øvelsen kalt «Catastrophic Contagion» er den fiktive sykdommen navngitt som «Severe Epidemic Enterovirus Respiratory Syndrome» 2025.

    Hvorfor er det uvanlig?

    Det er akronym er SEERS. Hva er en «seer»?
    «person som ser eller forutsier fremtidige hendelser»

    Er det noen som synes det er utrolig rart?

    https://www.youtube.com/watch?v=Eya-mUFEhqc&t=4s

    De bruker covid vaksine dødsfallene som brekkstang for at vi i panikk skal godta og få tilbake troen på morderne som har kun et mål: og drepe så mange som mulig uten at de rette skal måtte stå til ansvar for sine uhyrlige handlinger. De aner ikke hvem eller hvor de får sine instrukser fra! De er fullstendig hjernevasket!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Fredsprisen:

Egentlig er det en Nato-pris.

Previous Post

Midler for å svekke offentlig økonomi:

Ikke-integrerbar masseinnvandring, plandemi og «klimakrise»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.