POSTED IN Ukraina

Hva skjer når Zelenskys president-tid er over 21 mai?

Har Ukrainske myndigheter legitimitet?

8 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Ukraina på kanten av stupet

Dei fleste militærekspertar åtvarer om at Ukrainas armé snart vil kollapse. Vesten vonar at leveransane av nye våpen frå USA neste månad vill bote på situasjonen. Det er lite sannsynleg, for problema deira er ikkje mangel på våpen, men dei ekstremt høge dødstala og mangelen på perspektiv. 

Leiarartikkelen i nyheitsbrevet Voltaire, International Newsletter – N°86 – 10. mai 2024 

Under slike tilhøve har den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelensky, lagt ut ein petisjon på si offisielle nettside, der han ber NATO sende soldatar til slagmarka. Den 8. mai feira han dei alliertes siger over nazismen. Med det meinte han å markere nærleik til NATO (som også feirar dagen den 8.) og avstand til Russland (som p.g.a. tidssonene feirar Sigersdagen den 9. mai). 

President Volodymyr Zelensky passa seg vel for å unngå å nemne kva standpunkt leiarane av landet hans hadde under Andre verdskrig, eller raseideologien til nazistane. Han berre skulda Russland for å vise same vondskap som nazistane, i tillit til uverifiserbare døme.

Stepan Andrijovytsj Bandera var en ukrainsk fascistisk politiker og nasjonalistisk uavhengighetsforkjemper som ledet en fløy av Organisasjonen av ukrainske nasjonalister. (Fra Wikipedia)

Under Andre verdskrig proklamerte følgarane av Dmytro Dontsov, under Stepan Banderas leiieng, Ukrainas uavhengigheit [frå SSSR] saman med nazistane. Seremonien viste portrett av Führer Adolf Hitler og providnyk Stepan Bandera, og det vart ropt Slava Ukraini («Ære til Ukraina»). Denne proklamasjonen vart følgd av anti-jødiske pogromar. Deretter støytte nazistane i hop med kvarandre. Stepan Bandera vart arrestert. Han hevda seinare at han hadde sete resten av krigen i fengsel. Men truleg arbeidde han for Generalinspektoratet for konsentrasjonsleirar i nærleiken av Berlin, beskytta av Alfred Rosenberg. På slutten av krigen kommanderte han nazi-avdelingar mot bolsjevikane.

Når det gjeld Dmytro Dontsov, vart han utnemnd til administrator for Reinhard Heydrich-instituttet i Praha. Der hadde han ansvaret med å koordinere «endeløysinga på jøde- og sigøynar-problemet».

På slutten av krigen vart Dontsov og Bandera ikkje stilde for retten, men i staden tatt inn i varmen hos anglosaksarane for å kjempe mot sovjetarane. Bandera sine troppar kjempa aldri mot nazistane, slik propagandaen til dei integrale nasjonalistane har påstått etter krigen. Tvert imot massakrerte dei 1,5 millionar ukrainarar (av dei 17 millionane som budde der den gongen).

Stabssjefane til dagens ukrainske armé har tatt opp arven etter Dontsov og Bandera. 

I tillegg legg Ukraina no siste hand på verket i førebuingane sine til fredskonferansen dei organiserer den 15. og 16. juni i Sveits. Der vil dei, saman med alle dei Vestlege allierte, definere korleis ei verd i fred bør vere. Den tyske kanslaren, Danmarks statsminister, Nederlands statsminister og generalsekretæren for Europarådet har allereie stadfesta at dei kjem. Fleire enn venta av statsleiarane verkar meir nølande, særleg sidan president Zelensky ikkje lenger vil vere den legitime presidenten etter at perioden hans går ut den 21. mai. Og han har ikkje utlyst val. Og dei elleve opposisjonspartia har han forbode. Kina, som har avslått invitasjonen, seier konferansen ikkje tar omsyn til sikkerheitskrava til visse statar. 

Russland, som ikkje var invitert, seier konferansen nektar å ta omsyn til mange av folkerettens element.

Zelensky sin presidentperiode sluttar den 21. mai. Det har ikkje vore utlyst val til utnemning av etterkomar.

Den russiske føderasjonens utlandsetterretningstenesete (SVR) har uttalt seg om korleis dei vurderer situasjonen i Ukraina. Dei seier populariteten til president Volodymyr Zelensky er i fritt fall. Folket skuldar han både for krigen som halar ut i tid og for at han har utsett presidentvalet. Ukrainske politikarar skal visstnok halde konsultasjonar for å avgjere kven som skal bli neste president og korleis ein kan legitimere han.

Omsett frå engelsk omsetting av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

8 kommentarer. Leave new

  • «Hvem har da myndighet i landet..?» Svar: Folkene bak nikkedukken Biden og EU.
    Noe annet dere lurte på? Bare spør, det er det man lærer av vet dere…

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    15 mai 2024 8:52

    USA snakkar ope om innblandinga si i (manglande) val i Ukraina:

    https://www.rt.com/russia/597599-blinken-ukraine-zelensly-elections/

    Greitt å vita neste gong du møter folk som tviheld på at Ukraina er ein suveren stat, og som jamrar seg over kinesisk og russisk innblanding.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    15 mai 2024 9:07

    Kiev-styret må vera det frekkaste på planeten, og sjå kor mange gode vener av Noreg dei dei godpratar med:

    https://www.rt.com/russia/597585-ukraine-nato-aid-weapons-yermak/

    Svar
  • I nødens stund må man bruke makt. Da diller man ikke med valg og demokrati.

    Svar
    • Torfinn Slettebø
      15 mai 2024 13:32

      Russland er òg i «nødens stund». Likevel har landet gjennomført val både i Russland, på Krim og vidare.

      Noreg steller seg utruleg toskete med Russland-hatet sitt.

      Svar
  • Torfinn Slettebø
    15 mai 2024 18:21

    Nato sjenerer seg heller ikkje for innblanding. Nato vil ikkje ha USA-lov om utanlandske agentar i Georgia

    https://www.msn.com/nb-no/nyheter/other/nato-ber-georgia-skifte-kurs/ar-BB1mq3ft?ocid=msedgdhp&pc=LCTS&cvid=c3bc2dda443c43c3bfc75f4768d2b924&ei=7

    Svar
  • «Under Andre verdskrig proklamerte følgarane av Dmytro Dontsov, under Stepan Banderas leiieng, Ukrainas uavhengigheit [frå SSSR] saman med nazistane. Seremonien viste portrett av Führer Adolf Hitler og providnyk Stepan Bandera, og det vart ropt Slava Ukraini («Ære til Ukraina»)»

    Oj, «Ære til Ukraina»!
    Det er jo like ille som ‘Hurra for Norge’ og bunader (?) 😉
    Og sikkert med en stygg tanke om løsrivelse fra et Sovjetunionen som sultet befolkningen i dette grødrerike landet. Fy.
    Nasjonalisme må straffes!
    Som :‘
    ‘ Tysk AfD-politiker dømt til 13.000 euro i bot for bruk av naziparole.
    Björn Höcke, Alternativ for Tysklands (AfD) leder i delstaten Thüringen, er i en domstol dømt til bøter for bruk av slagordet «Alles für Deutschland». ‘

    Kanskje de også så med håp til ‘ de fæle nazistene’ /Nasjonal- sosialistene i Tyskland også ;
    – og deres velstandsoppbygging for egen befolkning?- Midt i Europas (kapitalistiske ) fattigdom og boligmangel .

    En Tysk velstandsoppbygging som mange europeisk ungdom døde for, for å bekjempe.
    ‘ Vi vil ha kommunisme.
    Se på Sovjetunionens fattigdom og beinharde industrialisering . Den skal også være vår! ‘ 😉

    Vi vet at motstandskampen ( som tok så mange unødvendige liv ) i Norge bare tilsynelatende og «historisk » fortalt var en motstandskamp mot de ‘onde’ angriperne. ( Som oppførte seg alreit og etter krigslover. Og som angrep kun u-uniformerte partisaner. )
    Men istedet var en kamp mellom grupper som ville ha størst mulig politisk makt i Norge når krigen var slutt. En parti- politisk kamp.
    Mellom kapitalister/allierte og kommunister/Sovjetunionen . Begge globalister, som fryktet Nasjonalismen og frie nasjonale stater.

    ( AP tok makten i Norge i 1945 fordi de ved «freden» tok bort stemmerett- OG pensjoner fra alle som var tilsluttet et lovlig NS før krigen . Altså 90 000 stemmer, 10% av stemmene .)
    Fra NS-tilhengere som var lei av det kapitalistisk styrte fattig-Norge og så mot Tysklands velstandsoppbygging i mellomkrigstiden. Hurra for frie Norge! 😉

    ‘ Både Quisling, Hitler og Mussolini var innbitte motstandere av kapitalismen. Bare hør på hva Quisling skrev i nyttårstalen fra 1941 hvor han brukte ordet “samholdskraft”:
    “Liksom de amerikanske kolonisters heldige opprør mot England for 170 år siden, startet den revolusjonen som var bestemt til å gjøre slutt på feudalvesen og fyrstevesen og å skape de 19de århundres ordning, således gjør den europeiske revolusjon nå slutt på kapitalismen og demokratiet og skaper det 20de århundres nasjonal-socialistiske stats- og samfundsordning.”
    “Det er i sandhet en forrykt idé å hevde at i denne Europas frihetskamp faller Norges interesser sammen med Englands kapitalistiske og imperialistiske maktpolitikk.’
    onarki.no/blogg/2011/12/samholdskraft/

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Skuebrød:

USA planlegger at Gaza-hjelpen skal mislykkes.

Forrige innlegg

Hvis boksen inneholder benzen.

Tørrshampo kan være kreftfremkallende.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.