POSTED IN Endring av politikken, Virkelighetsforståelse

Hva gjør «vesten» når krigen er tapt?

Fortsetter eskaleringen?

6 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Neste stadium av Vestens eskalering


av Batiushka for bloggen the Saker.

Batiuskha er en russisk politisk kommentator som bl.a. skriver på bloggen til «The Saker». Det kan noen ganger være nyttig å se historien og aktuelle begivenheter fra et helt annet perspektiv. Kommentarene hans er ganske syrlige.

Knut Lindtner
Redaktør

Introduksjon: Historia så langt


Så langt har USA gjennomført regimeskifte og skapt militære konfliktar i land som er venlegsinna til eller viktige for Russland: Irak, Serbia, Afghanistan, Irak (igjen), Georgia, Syria, Libya. Alt dette var for å få Russland til å miste viktige interesseområde, eller for å utplassere sine eigne styrkar. Dei iscenesette også PR-hendingar som Litvinenko, Pussy Riot, MH17, Skripals, Navalny, Butsja, øydelegginga av Nordstream – for å prøve å legge skulda på Russland og gjere landet til ein pariastat.

I 2014 i Ukraina utførte dei eit 5-milliardar-dollarskupp med mord og terror mot russisk-talande. Deretter installerte dei ei marionett-regjering, promoterte nazisme med rasistisk indoktrinering, grisa til den historiske arven ved å omskrive historia og fjerne minnemerke, terroriserte og forbaud all opposisjon, bygde US-amerikanske biolaboratorium, utstyrte og trente ein armé, kom med militære truslar mot Russland, trua Krim, og lova at Ukraina snart skulle få kome inn i USA-marionetten NATO og installere atomvåpen.

Ei melding frå Boris: Død og oppseiingar


Då Boris Johnson dukka opp i Kiev for nokre dagar sidan, visste ein at ting ville skje. Han er jo Bidens ærendsgut. Så i førre veke trekte Zelenskys spinmaster, Alexey Arestovich, seg for å har fortalt sanninga om det ukrainske militæret – at dei hadde drepe sivile med øydelegginga av ei bustadblokk i Dnepro i eit militært uhell og ikkje kunne vinne krigen.

Denys Monastyrsky

Neste dag døydde innanriksminister Monastyrsky, som lenge hadde assistert Zelensky, og viseministeren hans i eit helikopterkrasj i Kiev for ei veke sidan (’forårsaka av låg flyging i tåke’). Merkeleg, sidan den nynazistiske militsen opererer gjennom hans departement.

Så var det mordet på Denis Kirejev, som var ein viktig deltakar i fredsforhandlingane med Russland i mars. Det går rykte om at han var for ivrig på fred – noko USA og Storbritannia er heilt imot. Han måtte gå, så CIA/SBU (same sak) gjorde jobben. Så kom det ei svær utreinsking den 24. januar etter skuldingar om korrupsjon som involverte ein visesjefsanklagar, nestsjefen for presidentens kontor, viseforsvarsministeren og fem regionale guvernørar.

Interessant nok har Porosjenko, sist sett på eit luksushotell i London, der han lever av sin no svært så travle kremasjons-business i Ukraina, lova fred med Russland om ei veke. Då han sat med makta skapte han ikkje fred, og han tapte det neste valet. Han vart erstatta av Zelensky, som også lova eit  fredsforlik med Russland i Donbas, men i staden førebudde krig og forlangde til og med atomvåpen. Det ukrainske folket er lova fred, men har ikkje fått det. Zelensky’ sin grasrotbase er liten, og fleirtalet vil ha fred. Er Zelensky den neste som skal reinskast ut?

Eskalering: Tyskland erklærer krig mot Russland igjen


Tyskland vil sende Leopard-stridsvogner til Kiev-regimet. For tredje gong sidan 1914 er Tyskland no, i det minste på papiret, i krig med Russland. Russarane har eit val: dei kan intervenere i Ukraina frå nord-vest (Kviterussland) og sør-vest (havet) og avskjere heile Ukraina frå alle våpenforsyningane deira, inkludert fleire dusin tyske, US-amerikanske, britiske og andre stridsvogner – og det vil ta månadar før dei lova stridsvognene kjem via den polske grensa. Dei har allereie åtvara om at alt som kjem inn i Ukraina over den grensa vil bli øydelagt. Så det vil uansett bli danna ein barriere; vest-Europa må bli avskjert, for dei har blitt kjelda til vondskapen med våpenforsyningane sine til nynazistane.

Å sende tysk Panzer til Ukraina er ikke bare en krigserklæring, men Russland blir påminnet sist de hadde det nazistiske panzervåpen på besøk.


Elles kan óg polakkane og reservistane deira intervenere (i Leopard-tanksa sine? Hugsar du Tiger-tanksa?) for å ta over vest-Ukraina. Vil Russland verkeleg gå med på ei oppdeling av Ukraina i eit russisk Aust og eit polsk-styrt, Vestleg Vest, altså ei koreanisering eller vietnamisering? (Og vi veit korleis déi oppdelingane enda).Eller og vil Ukrainas anti-Russland bestå for alltid. Vest-Europa må avskjerast. Det som starta som ein liten operasjon for å frigjere dei to russiske provinsane av Donbas, er no – som resultat av Vestleg (=USA-leidd) eskalering – blitt til ein operasjon for å frigjere heile Ukraina. Berre ein total siger for Russland kan fungere. Berre om ein opprettar eit russisk-leidd Kiev-protektorat, lik situasjonen i Kviterussland, kan det fungere. Alle som er ueinige i det, og ikkje allereie har flykta vestover, bør dra no.


Interessant nok veit vi at den russiske svartehavsflåten med landingsfartøy forlot hamna førre veke. Den 25. januar skreiv nyleg at Ukraina ikkje ville trenge u-båtar, sidan dei snart ville bli omgitt av berre land. Dagen før avslo Kviterusslands president Lukasjenko tilbodet frå Ukraina om ei ikkje-angrepspakt (=USA, på vegner av Polen). I mellomtida har den noko senile Biden busa ut med at USA vil støtte Ukraina «så lenge dei eksisterer». Det var ikkje det han sa før. Då sa han «støtte til dei vinn». Det einaste problemet her, er at USA aldri innrømmer at dei har tatt feil, dei innrømmer aldri at dei har satsa på feil hest og påført sine skattebetalarar kolossale kostnadar. Korleis skal dei kome seg ut av denne knipa?

Krigen


I Ukraina har NATO-krigen drepe og lemlesta hundretusentals på berre dei siste elleve månadane, held fram med hundretals nye offer i dag, same som i går, og same som i morgon. Dommedagsprofetane, med sine pessimistiske konspirasjonsteoriar om eit kjernefysisk Ragnarok, spår at denne krigen vil halde fram i fleire år, «kanskje til og med eit tiår». Andre, optimistane, meiner Kiev-regimet kan kollapse innan nokre veker, eller toppen tre eller fire månadar, elles vil det kome eit kupp i Kiev der Kiev-styrkane enten kapitulerer i hopetal eller skiftar side og marsjerer mot sine mordariske USA-marionettkommandantar i Kiev. Det høyrest ut som ønsketenkning. Med endå fleire NATO-våpen og stridsvogner som skal øydeleggast, trur eg det vil ta lengre tid. Ikkje år, som atomkrig-dommedagspessimistane trur, men 15 månadar til. Men eg håpar verkeleg eg tar feil, og at dei ønsketenkande har rett, og at det heile er over veldig snart.

Oblaster fylker eller regioner) i Ukraina


Som The Saker påpeika i sin gjennomborande analyse: viss ikkje USA kan hindre eit nederlag for Ukronazistane/NATO, så kan dei i det minste gjere krigen så dyr som mogleg for Russland. Finn ein ny angripar; Polen til dømes. Lov dei dei fem provinsane i Ukrainas fjerne vest, Volyn, Rivne, Lvov, Ternopil og Ivano-Frankivsk, så vil polakkane gjere alt du ber dei om. For dei er jo polakkar, og dei fleste av dei verkar vere del av dei utruleg stupide styresmaktene sine, som enno lir av eit messias-kompleks, som enno drøymer om ære og heider, om å «redde Europa frå dei barbariske russiske hordane», om eit Polen som «strekk seg frå Austersjøen til Svartehavet», og om å bli det mektigaste landet i Europa og gjere dei fæle tyskarane, «som skal gi oss tilbake tusentals milliardar», til dvergar.

Vel, dei har alltid funnest fantasispinnarar. Hitler var ein av dei. Og Det amerikanske imperiet har alltid visst korleis dei skulle manipulere dei til eiga nytte, enten det har vore i Argentina, Iran, Irak, Nicaragua, Afghanistan, Venezuela, Baltikum, Ukraina eller Polen.

Faktum er at Det amerikanske imperiet veit at dei ikkje kan slå Russland i ein rettfram krig, så dei har alltid brukt andre til å kjempe kampane for seg, proksyar, stråmenn. I 2008 gjekk dei til det absurde steget å bruke Georgia. Landet var altfor lite, altfor veikt og irrasjonelt nasjonalistisk. Som ein georgiar fortalde meg i stort alvor for berre nokre år sidan: «Gud snakkar berre georgisk og forstår ikkje andre språk». Det overraska meg å få vite at Gud har så avgrensa språkkunne, men det finst plenty av ukrainarar som sit med slik tru i dag, for ikkje å snakke om polakkar.

Winston Leonard Spencer Churchill var en britisk politiker, offiser og forfatter, mest kjent som statsminister i Storbritannia under andre verdenskrig.

Og både Ukraina og Polen er mykje større enn Georgia. Derav USAs val. Når dei begge er slagne, vil USA vende seg mot Tyskland – slik dei nesten gjorde under Churchills plan, Operation Unthinkable, som skulle angripe Den raude arméen den 1. juli 1945, og med bruk av britiske, amerikanske, polske og tyske styrkar øydelegge Russland. Eller korfor ikkje bruke Sverige, Tyrkia, Japan? Korfor ikkje Kina? Korfor ikkje berre styrte Putin med «massane» av russarar som ikkje likar han? Slik er i dag fantasiane til «galningane i kjellaren» i Pentagon. Ikkje rart dei kjem godt overeins med den polske regjeringa. Og ikkje gløym at den største av galningane i den US-amerikanske kjellaren var polakk: Zbigniew Brzezinski.

For russarane var 2022 berre ei gjentaking av 1812 og 1941. Den tredje Store patriotiske krigen. Vesten som gjer sine barbariske saker, som vanleg. Faktum er, sjølv om visse historikarar fornektar det, at historia gjentar seg, rett og slett fordi menneskeleg stoltskap, arroganse og overmot gjentar seg. Tyske tanks, med sine svarte krossar, som prøver å øydelegge Russland på dei Ukrainske steppene? Vi russarar trekk på skuldrane. Vi har sett det før. Eit Ukrainsk anti-Russland vil berre ikkje skje. Zelensky er narkoman, og det er Ukraina og, avhengig av Vestens overføringar av blod, pengar, leigesoldatar og våpen.

Etterord: ei anna framtid


Den figuren frå det britiske etablissementet som vart NATOs første generalsekretær, skraut av at målet til NATO var å «halde Sovjetunionen ute, amerikanarane inne og tyskarane nede». Vi, for vår del, vil gjerne sjå ei fornying av Kennedys «Allianse for framsteg», ein global allianse mellom suverene nasjonar, ein global versjon av Gaullist-anden (om enn ikkje dei nøyaktige formuleringane) i «l’Europe des Patries» (Nasjonanes Europa). Vi ønsker å sjå eit no geriatrisk Europa gjenforeint med sin historiske lagnad med Russland og Eurasia, der alt skjer. Derfor er målet vårt: «Å halde Russland inne, amerikanarane ute og tyskarane oppe».


Somme skriv at Russland berre kan vinne krigen i Ukraina dersom dei kan hjelpe USA til å redde ansikt etter nederlaget og påfølgande kollaps av NATO og EU. Hugsar du Saigon? Hugsar du Bush og hans «Mission Accomplished»? (Verda lo av farsen hans, men mange i USA trudde på han). Hugsar du Kabul? USA berre drog derifrå og lata som det aldri hadde skjedd. Likt britane i Dunkerque i 1940, som let sine franske allierte i stikka. Dei berre ilte tilbake til øya si og erklærte siger, sjølv om dei hadde late ein bråte av utstyret sitt ligge att. Amerikanarane kan óg dra sin veg og seie: «Gløym det. Dei er ikkje verdige til støtta vår».


Sjølv-isolasjon ville ha vore bra. Dra tilbake til den store øya nord-Amerika. Om de vil, kan de bygge Trumps lenge lova mur tvers igjennom sør og halde dei fæle latinosane ute. Sleik såra og start på arbeidet med å prøve å takle dei massive interne problema dykkar: stor fattigdom, raseskille, masseskytingar, gjeld, sosial urettferd, mangel på helsestell, arbeidsløyse, utbytting, eit utdanningssystem som med overlegg fordummar folk, narkotika, kriminalitet og svære massar i fengsel.

La europearane fikse sine eigne saker. Ingen fleire amerikanarar skal døy for eller betale for dei late europearane. Berre ikkje fortel folket i USA at det berre ville gjort desse same late europearane overlykkelege. Det einaste problemet er at USA aldri innrømmer at dei har tatt feil, dei innrømmer aldri at dei har satsa på feil hest og kosta amerikanske skattebetalarar dyrt. Korleis skal dei kome seg ut av denne knipa?

Omsett av Monica Sortland
https://thesaker.is/the-next-stage-in-western-escalation/

Forsidebilde: Jakob Owens



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 3 155 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

6 kommentarer. Leave new

  • Monica Sortland
    1 februar 2023 6:04

    nO SKAL usa SENDE LANGDISTANSERAKETTAR OG

    Svar
    • Torfinn Slettebø
      1 februar 2023 11:28

      Og Polen aukar militærløyvingane sine frå 2 til 4% av BNP. Det er ein auke på 100%. Me er allierte med villmenn.

      Svar
      • Ja, Polen har nå bestillt 1000 stridsvogner fra Sør-Korea. Så her er det nok noen som går med polske stormaktsdrømmer.

        Svar
  • Ungarn og Østerrike tar til vettet, de sender ikke våpen til Ukraina, iflg Martin Armstrong; han hevder «Ukraina er fullt av nazister og deres hat kjenner ingen grenser.» armstrongeconomics.com
    NATOstyrker er der uoffisielt, så hvis de dør i kamp kapper ukrainerne hode og hender av så de ikke kan identifiseres som NATOsoldater.

    Svar
  • Til K. Lindtner.
    Kan du se på oppsettet til kommentarfeltet.
    Alt man skriver inn blir sett som store bokstaver i fet skrift, svært forvirrende for øynene å legge inn kommentarer nå. Det blir riktig etter at kommentaren er postet, så noe «rart» har skjedd med oppsettet her.

    Svar
  • Steinar Åge Brenden,
    1 februar 2023 21:50

    Dette var en meget god og analyserende artikkel.
    Steinar Åge Brenden, oslo

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Professor advarer – Stopp nå!

Covid-«vaksineringen» er den største fiaskoen noensinne

Previous Post

USAs finansminister:

Hvis statsgjelden fortsetter å øke kan det føre til økonomisk katastrofe.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.