POSTED IN Kina, Norge

Hong Kong demonstrasjoner:

Er dette forsøk på å destabilisere Kina?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Britisk kolonialisme-gjenferdet heimsøker Hong Kong?

av South Front

/Global Research, 15. juli, 2019

Fem år etter «paraplyrevolusjonen» tok innbyggarane av Hong Kong til gatene med ny styrke. Denne gongen kjempar dei imot lova om utlevering til fastlands-Kina.

Som i 2014 hevdar kinesiske styresmakter også no at Vesten står bak organiseringa av protestane. Og dei har eit poeng. I eit scenario der Folkerepublikken Kina (FRK) tar stadig større plass på verdsscena og dei kinesisk-amerikanske relasjonane eskalerer, vil forsøka på å destabilisere denne regionen auke i tal.

Kolonimakten Storbritannia overleverer Hong Kong til Kina i 1997

Men Kina gav i 1997 sine «oversjøiske vener» desse sjansane til destabilisering.

I over hundre år var Hong Kong ein britisk koloni og hadde for britane ein reint økonomisk funksjon. Det autoritære konsultative regimet var like langt ifrå liberalt demokrati som regimet i Beijing er. Innbyggarane der vart sett på som tenarklassen til ein handelsstad, og politiske rettar eit område reservert for ulike viktige personalgrupper: advokatar, finansmenn, handelsmenn og andre.

Kolonien fungerte som ei finansiell transitthamn mellom FRK og den kapitalistiske verda. Stabile finansstraumar vart danna, og ein stor del av dei er framleis under kontroll av og i bruk av Storbritannia.

I 1997 overførte britiske styresmakter byen tilbake til Kina. Kinas leiar Deng Xiaoping danna i velvilje ein spesiell autonom region der og innvilga Hong Kong ein overgangsperiode på 50 år før dei fullt ut skulle vere innlemma under kinesisk styre. Ideen, kjent som «eitt land – to system», er at Hong Kong kan ha sitt eige kapitalistiske økonomiske og politiske system samstundes som dei er med på prinsippet om eit sameint Kina.

I dag er Hong Kong eit av dei største finansielle sentera i Asia-Stillehavsregionen. Dei har sine eigne lover og sin eigen valuta, og rettane og fridommane til innbyggarane der er betre verna enn i fastlands-Kina.

Trass dette har innbyggarane der gjentatte gongar protestert mot styresmaktene i Beijing.

Fra demonstrasjonene i 2014

Ulikt hendingane i 2014, var dette årets protestar meir valdelege, og for første gong har koloniflagget blitt heist i parlamentet. Den 16. juni tok nesten to millionar innbyggarar til gatene, i følge organisatorane – meir enn ein fjerdedel av folket i den autonome regionen. Det er verdt å merke seg at krava til demonstrantane ikkje er i samsvar med handlingane deira. Dei kravde tilbaketrekking av lovforslaget, men dette hadde blitt utsett «på ubestemt tid» den 15. juni, dagen før dei såkalla protestane toppa seg. Dei kravde orsakingar frå Carrie Lam – ho orsaka to gongar, gjennom pressebyrået og direkte til kamera. Dei kravde at ho skulle gå av, men det ville ikkje ha hjelpt på saka deira. Den som hadde erstatta ho, ville også ha blitt utvald av Beijing.

Openbert har saka samband med Vesten si misnøye med FRK si aukande makt og uavhengige politikk. USA uttrykker misnøya si med å sende klare og utvetydige signal som «paraplyrevolusjonen» og dei siste protestane i Hong Kong. Med «eksponering av autoritære tendensar» og menneskerettslege overgrep, prøver Vesten å underminere bildet av Kina som ein internasjonal aktør. I tillegg ville det reduserte demokratiet i Hong Kong gjere den finansielle sektoren mindre transparent og regjerleg for utanlandsk kapital. Imperialistane håpar på å gjere kapitalistklassen modigare, så dei blir meir aggressive og legg fram krav om avskaffing av dei sosialistiske normene og velting av Kommunistpartiet si leiande rolle.

Frivillige organisasjonar har tradisjonelt blitt brukte til å destabilisere den sosio-politiske situasjonen. Kina har latt dei få nesten uavgrensa tilgang i Hong Kong i fleire tiår. Uro har vore på trappene sidan 1995, då utanriksdepartementet i USA kraftig auka talet på diplomatar i byen. Etter åra med førebuing greidde dei frivillige organisasjonane i 2014 å få folket ut i gatene, der dei først ropte om universell røysterett og deretter gjekk over til å kreve uavhengigheit frå FRK.

Blant gruppene som finansierer undergravande verksemd i Hong Kong, er National Endowment for Democracy (NED, nasjonal stifting for demokrati) den mest prominente. [NED blir primært finansiert gjennom ei årleg tildeling frå Kongressen i USA].

I 2018 gav NED $200 000 til National Democratic Institute (NDI) for å «gjere det lettare å engasjere seg i Hong Kongs aukande truslar mot garanterte rettar», $155 000 til Center of Solidarity (SC) for å «gjere folk medvitne om og fremje deltaking i saker som handlar om arbeidarane sine rettar» og $90 000 til Hong Kong Justice Center (HKHRM) for å «auke det internasjonale samfunnets medvit om menneskerettsovergrep i Hong Kong gjennom argumentasjon».

Nokre månadar før «paraplyrevolusjonen» i 2014 heldt ein av leiarane, Martin Lee, ein tale i Washington til NED, der han bad dei om materiell og politisk stønad til dei komande demonstrasjonane. Det same skjedde rett før dei siste protestane – den 14. mai og den 3., 4. og 11. juni heldt NED konferansar om «nye truslar mot sivilsamfunnet i Hong Kong» og «motstand mot spreiinga av Kinas undertrykkingsmodell innanfor og utanfor landets grenser».

«Fremjing av demokrati» har blitt eit dekke for angrep på suvereniteten til land over heile verda. Før vi analyserer Hong Kong-protestane, lat oss sjå på historia og dei gongane såkalla autoritære regime har gjort kompromiss med Vesten. Då Gaddafi gjekk med på forhandlingar, vart det brukt til å spreie agentar i Libya som starta med å finansiere opposisjonelle nettverk. Snart byrja middelklassen i dei store byane i Libya å synast at godene deira ikkje var bra nok og at Gaddafi var eit hinder for betring. Kunstig oppblåsing av sosiale problem hjelpte til med å hisse opp massane og styrte den libyske regjeringa.

Fra årets demonstrasjoner

Då den vestlege koalisjonen i 2011 byrja bombe regjeringsstyrkar angra Muammar Gadaffi korleis han hadde møtt det internasjonale samfunnet frivillig i 2003. Det same hende med Irak. Sjølv om den irakiske kommandoen aksepterte vilkåra for fred, byrja oppstanden i landet. Saddam Hussein gav utanlandske agentar open tilgang då han slo dørene opp for ein Spesialkommisjon frå FN. Kommisjonen skulle finne ut om Irak eigde masseøydeleggingsvåpen, men, som FN seinare innrømte, gav inspektørane informasjon vidare til etterretningstenester frå USA. Det overraskar ikkje at no Iran og Den demokratiske folkerepublikken Korea nektar å gi ved dørene når det gjeld Vesten.

USA og Storbritannia håpar å bruke Hong Kong til politisk vinning mot Kina, slik dei gjorde for 150 år sidan. Men i dag er det ikkje eit dynasti i bakevja dei møter.

Med tanke på storleiken og mangfaldet til Kina, og dessutan motstandskrafta til autoritetane der, så er det ingen tvil om at Hong Kong kjem til å bli integrert med Folkerepublikken Kina. Representantar for lokalt forretningsliv har sterke samband med fastlands-Kina og er positive til ein komande integrasjon, og utan støtta frå forretningslivet vil iveren til protestantane uunngåeleg avta. I 2047 vil Hong Kong bli heilt kinesisk, men behalde sine særeigenskapar. Spørsmålet er: vil då framleis anglo-saksisk påverknad finnast der?

Omsett av Monica Sortland

Tidligere publisert på derimot.no

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Reidar Kaarbø
    4 februar 2020 12:28

    Er det noen som er i tvil om at USA bruker enhver anledning til å destabilisere ethvert land det ikke allerede har underlagt seg?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Syria:

Direkte militær konflikt mellom tyrkiske militærstyrker og den syriske hæren.

Forrige innlegg

Caitlin Johnstone:

De mektige frykter ikke Trump og de frykter ikke Bernie. De frykter deg.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.