22. juni 1944
Hans Olav Brendberg
Denne dagen, 22 juni, byrja ein militær operasjon som endra europeisk historie, også norsk historie. Store sovjetstyrkar, under kommando av den polskætta generalen Konstantin Rokossovsky, byrja eit koordinert åtak mot den tyske armegruppe sentrum i Kviterussland.

Ein månad seinare fanst ikkje armegruppe sentrum lenger.
Sidan media går opp i vest (der arbeider den late best), har dette slaget hamna i skuggen av den samtidige invasjonen i Normandie. Det er grov perspektivfeil.
Eisenhower skaffa fotfeste på kontinentet, og opna vegen til Paris.
Rokossovsky møtte og uskadeleggjorde tre gongar større styrkar – og opna vegen til Berlin.
Det tyske nederlaget i Kviterussland førte til at finnane fekk det travelt med å koma seg ut av krigen med Sovjetunionen. Ved ein rask, politisk manøvre bytte finnane side, og hamna i krig med dei tyske styrkane nord i landet – Lapplandskrigen.
Då dei tyske dominobrikkane først byrja ramla, følgde den eine etter den andre. På hausten måtte besteforeldra mine ta med seg ungane opp i ei lita, improvisert torvgamme i ei fjellsprekk bak husa i Bjørnevatn. Etter eit par dagar med kanontorden kunne dei krabba ut igjen, og fekk kjøtsuppe frå ein svært, kolfyrt kjele som ein russisk soldat hadde rigga opp på vegen nedanfor. Okkupasjonen var slutt. Nederlaget i Kviterussland hadde forplanta seg heilt opp til Ishavet.

Seinare på vinteren måtte bestefaren til kona mi ta med seg husdyr og familie på ei fiskeskøyte som vart lasta opp på Lyngseidet i samband med evakueringa. Det vart julefeiring ved kai i Rossfjorden, før dei gjekk rund sørspissen av Senja og enda opp hjå familien Brox i Gryllefjord. Nedbrenninga av vår nordlegaste landsdel var ei av hendingane som vart utløyst av den tyske panikken hausten 1944.
Alt dette var hendingar som breidde seg som ringar i vatnet etter det sentrale, avgjerande nederlaget sommaren 1944, som få her i vest har høyrt om.
For tida blir det diskutert riving av statuar. Men kvifor ikkje reisa statuar – som påminning om historia vår?

Konstantin Rokossovsky levde eit liv full av brå skifte. Han vart henta ut av fengsel for å overta kommandoar i det som etter kvart vart den sigrande militærmakta under andre verdskrig. Han tilhøyrde ein nasjonalitet som vart forfølgd i Stalins Sovjet. Livet hans inneheld nok drama til mange TV-seriar, nok stoff til ei lærebok i politikk.
Burde ein ikkje hatt ein statue av denne mannen som sette fart i den tyske panikken i 1944? Rokossovsky hadde jo ikkje berre alle slags sovjetiske utmerkingar – han fekk også tildelt høge britiske utmerkingar – han burde vera rimeleg ukontroversiell.
Ein polakk som gong etter gong våga å stå på sitt – også i møte med Josef Stalin. Denne statuen burde få sentral plassering: (se øverst)
Bilde m/kommentarer er lagt til av Knut Lindtner
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 234 ganger.
No Comments