POSTED IN Historie, Ukraina

Historien om Ukraina-krigen skal omskrives for å tilpasses den vestlige forståelsen.

Vestlige lederes svik overfor Ukraina skal glemmes.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

KRIGSPROPAGANDA

Angela Merkel og François Hollande sine brotsverk mot freden

av Thierry Meyssan

Det har oppstått ein kontrovers om mine analysar av det personlege ansvaret til eks-kanslar Angela Merkel og eks-president François Hollande i krigen som rasar i Ukraina. Kollegaane mine påstår at eg har funne på alt ihop, og at desse to personane er uskuldige. At eg berre var ute etter å spreie russisk desinformasjon. Denne kontroversen er ikkje ubetydeleg: opponentane mine prøver å kvitvaske dei politiske leiarane våre, og med det tener dei Vestens narrativ om krigen i Ukraina, og rettferdiggjer det.

Så her kjem faktaa og dokumenta som eg set min lit til. Døm sjølv.

Angela Merkel og François Hollande lyg for Vladimir Putin.

Nokre få kollegaar i hovudstraumsmedia har starta ein kontrovers kring eit utdrag frå ei førelesing eg heldt i Colmar førre månad [1]. Dei drar i tvil det eg sa om det personlege ansvaret til tidlegare kanslar Angela Merkel og tidlegare president François Hollande for krigen i Ukraina.

Her er dei detaljerte kjensgjerningane som eg har formidla og dokumenta som eg sette min lit til, og som dei nektar for.

BROTSVERK MOT FREDEN

Den 28. desember, 2022, gav president Hollande eit intervju i Paris til Théo Prouvost i Kyiv Independent [2] , som opponentane mine har blanda ihop med sketsjen til dei russiske komikararne Vovan og Lexus som han var inspirasjonskjelda til [3]. I den hevdar han å kjenne seg att i det som Tysklands eks-kanslar Angela Merkel sa til Zeit [4]. Der fortalde ho at ho ikkje hadde signert Minsk-avtalane for å verne folket i Donbas og få slutt på krigen mellom dei og styresmaktene i Kiev, men for å gi sistnemnde tid til å væpne seg. François Hollande innrømmer klart og tydeleg: «Ja, Angela Merkel har rett på dette punktet. Minsk-avtalane stoppa den russiske offensiven ei stund. Det som var veldig viktig, var nemleg å vite korleis Vesten ville bruke denne freden til å hindre eit nytt russisk forsøk».

Det «russiske forsøket» han refererer til, er ikkje eit Moskva som sender russiske troppar, men det private initiativet til milliardæren Konstantin Malofeyev for å sende kosakkar til å støtte folket i Donbas, slik han hadde gjort for dei bosniske serbarane.

Kommentarane til Angela Merkel og François Hollande vart stadfesta av generalsekretæren for Ukrainas Nasjonale forsvars- og sikkerheitsråd, Oleksiy Danilov, som gjekk av for tre veker sidan etter å ha fornærma den kinesiske spesialutsendingen [5]..

Minsk-avtalane vart forhandla fram i to trinn:

• Den første protokollen vart signert den 5. september, 2014, av Ukraina, Russland og Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE). Den vart også parafert av guvernørane av oblasta Donetsk og Lugansk. Samtidig hadde desse oblasta, trass i at dei blir kalla «republikkar» som dei tidlegare regionane av Sovjetunionen, ingen ambisjonar om uavhengigheit. Protokollen skulle føre til våpenkvile, lauslating av gislar, tilbaketrekking av troppar frå begge sider, inkludert kosakkane til Konstantin Malofeyev, og eit generelt amnesti. I tillegg sørga den for ei desentralisering av makt, lokale val og nasjonal dialog.

I 2019 inviterte Angela Merkel ein russisk delegasjon til Berlin. På andre rad sat Vladislav Surkov ved sidan av Sergey Lavrov. Surkov hadde på dette tidspunktet innreiseforbod i EU. Så EU-sanksjonane kan altså brukast fleksibelt.

Men det skjedde ikkje mykje, bortsett frå at Konstantin Malofeyev trekte tilbake kosakkane sine på oppfordring frå Russlands president Vladimir Putin, som ikkje likte å sjå ein moderne oligark te seg som ein stor-fyrste frå Tsar-tida.

• Den andre protokollen vart signert seks månadar seinare, den 11. februar, 2015. Det var OSSE som hadde ansvaret med forhandlingane, som også denne gongen var mellom Kiev, Donetsk og Lugansk. No var også Tyskland, Frankrike og Russland garantistar («Normandie-kontaktgruppa»).

Den inneheld meir eller mindre det same som den første protokollen, men er meir detaljert. Framfor alt slår den fast at desentralisering, som ikkje hadde skjedde etter avtalen, ville måtte skje via ein grunnlovsreform.

Russland frykta at denne andre protokollen, på same måten som den førre, ikkje ville bli gjennomført. Vladislav Sourkov, som hadde hatt ansvaret med dette dossieret i Kreml, forklarte seinare dette for Le Figaro [6] ,som feiltolka det til at Russland ikkje ville gjennomføre den. Det var dessutan Moskva [7], og ikkje Berlin eller Paris, som la protokollen fram for Sikkerheitsrådet til godkjenning.

Vyacheslav Volodin, leiar for den russiske Statsdumaen (det lågare kammeret i nasjonalforsamlinga).

PÅ VEG MOT NÜRNBERG 2

Som svar på kanslar Merkels og president Hollandes utsegner, gjekk Vyacheslav Volodin, leiaren for statsdumaen (underhuset), straks ut og uttrykte sin indignasjon over desse tilståingane. Etter juleferien publiserte han så kommentarane sine på Telegram-kanalen sin [8]. Dette førte til to snøggmeldingar, ei frå nyheitsbyrået Tass [9] og ei frå byrået Ria-Novosti [10], som opponentane mine også har ignorert.

I eigenskap av talsmann for Statsdumaen, siterer han først president Vladimir Putin: «Viss ein ikkje kan unngå kamp, må ein slå til først». Så seier han: «Innrømmingane til ein representant for Kiev-regimet og dei tidlegare leiarane av Tyskland og Frankrike bør brukast som bevis i ein internasjonal militærdomstol. Desse leiarane intrigerte om å starte ein verdskrig med føreseielege konsekvensar. Dei fortener straff for brotsverka sine.»

Når han kallar utsegnene til Angela Merkel, François Hollande og Oleksiy Danilov bevis for «brotsverk», refererer han til «brotsverka mot freden» som den internasjonale militærdomstolen i Nürnberg slo fast etter Andre verdskrig. Ifølge denne domstolen, som er anerkjend av alle medlemsstatane i FN, er dette det verste av alle brotsverk, verre enn sjølv «brotsverk mot menneskeslekta». Slike brotsverk blir difor ikkje forelda heller.

Angela Merkel, François Hollande og Oleksiy Danilov har enno ikkje fått nokon arrestordre, men dei er allereie melde. I dag finst det ingen domstol som er i stand til å dømme dei for brotsverka sine. Det var derfor president Vyacheslav Volodin snakka om ein «internasjonal militærdomstol» (tilsvarande Nürnberg-tribunalet). Ein slik må opprettast etter at Ukraina-krigen er avslutta. Utan tvil må då Angela Merkel, François Hollande og Oleksiy Danilov måtte stå til ansvar for brotsverka sine mot freden, med mindre ein kjem til einigheit med Tyskland, Frankrike og Ukraina.

Eg kan berre beklage at opponentane mine ikkje har funne dei ovanfor nemnde dokumenta. Eigentleg er dette ganske normalt: dei er berre interesserte i anglosaksiske eller europeiske pressebyrå som nektar å ta omsyn til Russlands synsvinkel. Dei tar det offisielle narrativet for god fisk og utfører ikkje plikta si til å undersøke.

KORFOR MINSK-AVTALANE ALDRI VART IMPLEMENTERTE

Russland, som før nemnd, la Russland fram den andre protokollen for Sikkerheitsrådet den 17. februar, 2015. Denne vart grunnlaget for Resolusjon 2202. I vedlegget la Moskva protokoll-teksten og erklæringa frå dei fire statsoverhovuda: Vladimir Putin (Russland), Petro Poroshenko (Ukraina), François Hollande (FranKrike) og Angela Merkel (Tyskland). Under debattane uttrykte Ukrainas permanente representant i New York at han var glad for FNs ubrytelege støtte.

Vi kan også merke oss at Kinas permanente representant klart uttrykte sitt standpunkt, som han framleis held på: freden kan berre vere varig dersom det er tatt omsyn til alle partars interesser.

Den 31. august, 2015, drap Sloboda sine «integrerte nasjonalistar» polititenestemenn under Rada-avrøystinga. Grunnlovsreformen vart aldri vedtatt.

Likevel har den andre Minsk-avtalen aldri blitt implementert. Det var gjentatte sporadiske samanstøytar i Donbas, der kvar side la skulda på den andre. Kiev ønska dessutan at amnestiet skulle proklamerast etter lokalvala, medan leiarane av Donbas oblat ville det skulle proklamerast før. Det ville ha late dei stille til val, og sannsynlegvis ville dei ha vunne. Grunnlovsendringane vart faktisk lagt fram for Verkhovna Rada til avrøysting den 31. august, 2015, i nærvær av … USAs spesialutsending, straussianaren Victoria Nuland, som hadde organisert 2014-kuppet (kjent som «Euro-Maidan»). Valde representantar for «dei integrerte nasjonalistane» i partiet Sloboda prøvde å blokkere avrøystinga og storma talarstolen medan dei skreik «Skam!» og «Forræderi!» [11]. Samtidig braut det laus samanstøytar utanfor Folkeforsamlinga, mellom politiet og militsgrupper frå «dei integrerte nasjonalistane», som medførte 4 døde og 122 skadde. Det vart ikkje kvalifisert fleirtal for forslaget, og grunnlovsreformen vart ikkje vedtatt.

Desse samanstøytane var dei største sidan den valde presidenten Viktor Yanukovych vart styrta av Sloboda-nasjonalistane, med støtte frå Victoria Nuland. President Petro Poroshenko fordømde dei, men våga seg ikkje på noko nytt forsøk. Det var klart at han og ville bli styrta viss han heldt fram med å prøve gjennomføre Minsk-avtalane.

Modig, men ikkje dumdristig, valde han plutseleg å fordømme den andre Minsk-avtalen. Ifølge han var eks-president Leonid Kuchma sin signatur verdilaus fordi han ikkje var akkreditert av Verkhovna Rada. Ja, men Petro Poroshenko var til stades under forhandlingane som fungerande president for Ukraina, og han protesterte ikkje verken då avtalane vart signerte eller då dei vart ratifiserte av Sikkerheitsrådet, og han signerte ei felleserklæring der han forplikta seg til å implementere avtalane. Dermed delte han frå då av den same uærlegheita som president François Hollande og kanslar Angela Merkel.

President Petro Poroshenko gav straks Sloboda-militsen i oppdrag å legge press på folket i Donbas. Dette er den mørke Azov-avdelinga til «Den kvite føraren», Andriy Biletsky. I sju år kjempa 80 000 krigarar mot kvarandre. Kievs menn drap mellom 17 000 og 21 000 av si eiga befolkning i Donbas. Poroshenko innførte apartheid, eit statsborgarskap delt i to ulike klassar: dei russiskspræklege i Donbas hadde ikkje lenger rett på offentlege tenester, verken skule eller inntekter.

FNs Sikkerheitsråd gjorde ikkje anna enn å kome med ei kunngjering frå (Sikkerheitsråds)presidenten den 6. juni, 2018 [12]. Då han var komen til makta, prøvde president Volodymyr Zelensky å knyte ihop att trådane ved å kalle inn til eit møte i Normandie-kontaktgruppa, men oppnådde ingenting.

President Petro Poroshenko annonserte at han ikkje ville gjere noko for innbyggarane i Donbas.

ANSVARET FOR Å BESKYTTE MENNESKA I DONBAS

Den 2. november, 2021, utnemnde presidenten Dmytro Yarosh, leiarfiguren til «dei integrerte nasjonalistane» og CIA-agent i fleire år [13], til rådgivar for sjefskommandanten for Ukrainas væpna styrkar, general Valerii Zaluzhnyi. Han trekte raskt opp ein plan for eit angrep på Donbas [14], som skulle starte den 9. mars, 2022.

Men i ein improvisert seremoni i Kreml den 21. februar, anerkjende Moskva plutseleg folkerepublikkane Donetsk og Lugansk som uavhengige statar. Dagen etter starta dei ein «spesiell militæroperasjon». Russiske troppar rykka inn både frå eiga grense og Kviterussland si, for å hindre ein konsentrasjon av ukrainske styrkar i Donbas. Dei øydela Kievs militære flyplass, men prøvde ikkje å ta hovudstaden. Innan få veker hadde dei frigjort størsteparten av Donbas.

I fleire månadar unngjekk Russland ordet «krig». Dei forklarte at dei intervenerte utelukkande for å sette stopp for lidingane til sivilbefolkninga i Donbas. Vesten skulda Russland tvert imot for å ha «invadert» Ukraina for å erobre landet. Men Russland har berre implementert Resolusjon 2202 og erklæringa til statsleiarane som forhandla fram Minsk-avtalane. For å halde denne moglegheita open, la dei ved dette som vedlegg til reolusjonen. Å seie at Russland invaderte Ukraina blir som å seie at Frankrike «invaderte» Rwanda då dei sette stopp for tutsi-folkemordet i 1994. Det er det ingen som meiner. Dei implementerte berre Resolusjon 929 og redda millionar av liv.

Merkeleg nok brukte ikkje Russland argumentet «ansvar for å forsvare». Dette er fordi dei var imot formuleringa av dette konsptet, som ikkje vart vedtatt av FN før 2005. Men dei brukte det til slutt den 12. februar, 2024, i eit møte i Sikkerheitsrådet som dei kalla inn til. Russland ville legge fram sin urokkelege posisjon, men denne gongen ville dei bruke same diplomatiske språk som samtalepartnarane brukte.

KRIGSPROPAGANDA

Til sist vil eg tilbake til skriveria til kollegaane mine. Ifølge dei har eg dikta opp medverknaden til François Hollande og Angela Merkel i krigen som rasar, og vidareformidla russisk desinformasjon ved å påstå at Moskva ikkje invaderte Ukraina. Truleg skreiv dei desse artiklane for å underminere truverdet mitt.

Kanskje innsåg dei ikkje at dei med nonsens-skriveria sine i mainstream-media villeidde publikum og vidareformidla propagandaen til krigssupporterane.

Thierry Meyssan

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

[1] «Thierry Meyssan et P.A Plaquevent – Occident Vs Eurasie, comprendre le choc géopolitique mondial», Résistance et réinformation, YouTube, 3 avril 2024. Voir à la 45° minute.

[2] «Hollande: ‘There will only be a way out of the conflict when Russia fails on the ground’», Theo Prouvost, Kyiv Independent, December 28, 2022.

[3] «Vovan et Lexus piègent François Hollande», Niko You YouTube.

[4] «Hatten Sie gedacht, ich komme mit Pferdeschwanz?«, Tina Hildebrandt und Giovanni di Lorenzo, Die Zeit, 7. Dezember 2022.

[5] “0802 Volodymyr Zelensky forced to dismiss Oleksiy Danilov, but the integral nationalists remain in power”, Voltaire, International newsletter – No. 80 – March 29, 2024.

[6] «Selon le Mage du Kremlin, Vladimir Poutine ne voulait pas des accords de Minsk 2», Régis Genté, Le Figaro, 18-19 février 2023

[7] “Letter dated 13 April 2014 from the Permanent Representative of the Russian Federation to the United Nations addressed to the President of the Security Council,” Vitaly Churkin, UN Reference: S/2014/264. And “Draft resolution tabled by the Russian Federation”, February 17, 2015, UN Reference: S/2015/117.

[8] «Если драка неизбежна, бить надо первым— В.В.Путин», Telegram, Вячеслав Володин, 18 января 2023.

[9] «Володин призвал рассмотреть на трибунале признания Меркель, Олланда и руководства Украины», ТАСС, 18 января 2023, 06:38.

[10] «Володин назвал признания Олланда и Меркель доказательствами для трибунала», РИА Новости, 18 января 2023, 09h51.

[11] «À Kiev, la réforme de la Constitution vire à l’émeute», Stéphane Siohan et «La Rada se divise sur l’autonomie des régions séparatistes», Pierre Avril, Le Figaro, 1° septembre 2015. «L’Ukraine se divise sur l’autonomie des fiefs prorusses», Benoît Vitkine, Le Monde, 2 septembre 2015.

[12] “Statement by the President of the Security Council”, June 6, 2018. UN reference: S/PRST/2018/12.

[13] “The CIA Coordinates Nazis and Jihadists”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Al-Watan (Syria) , Voltaire Network, 19 May 2014.

[14] “Ukrainian plan to attack Donbas”. Document revealed by Ria-Novosti.

https://www.voltairenet.org/article220729.htm

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Hele Ukrainakrigen er tydligvis en VILLET krig , fra vesten.
    Det er en krig om valuta og handelsmakt.
    ( Som også forrige verdenskrig. Opplegget er det samme, selv om Polen er byttet ut med Ukraina.
    Tyskland er tatt. Nå skal man prøve på Russland på ny. – Og så Kina. )

    Selv om det hadde vært mer ‘morsomt’ om Russland/Putin hadde skrudd igjen gass/energi-kranene mot vest istedet for å gå til militær krig.
    Så kunne Tyskland/EU gått til grunne i sitt grønne helvete , og sugd på penge- dollaren i desperasjon.

    Men Nato-Stoltenberg uttalte jo også tidligere; – ‘ at de som truet vesten energitilførsel truet hele verden.’ ( Dvs. Nato ; -) )

    Så krig ville det blitt uansett.
    Noen ( les Nato/bakmennene) VIL krig. Jfr. Irak og Libya.

    Svar
  • Takk Monica for oversettelsen. Takk Thierry Meyssan for grundig dokumentasjon. Dette glemmes ikke! Selv om psykopatene forsøker å skjule sine løgner!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Helsevesenet.

Eller er det blitt et uvesen for mange?

Forrige innlegg

Nok en løgn faller.

Barna var ikke kidnappet likevel.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.