POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Helsesjefen i Florida med ny helsebombe:

Stans alle covid-19 vaksiner.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Folkehelsesjefen i Florida krev fullstendig stans av covid-19-«vaksinar»

Sjå òg «Folkehelsesjefen i Florida: Pfizer kjem til å GÅ UNDER når den fulle sanninga om covid-19-‘vaksinar’ kjem ut», publisert 31.desember 2023.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Nettstaden Vigilant News rapporterer at Pfizer sin covid-19-«vaksine» som vart injisert inn i milliardar av armar ikkje var den same som vart brukt i dei kliniske forsøka til Pfizer. Folket fekk sprøyteglas kontaminert (forurensa, red.) med sokalla plasmidisk DNA. Ein ny studie gjort av Kevin McKernan og kollegaer fann fleire milliardar, kanskje fleire hundre milliardar DNA-molekyl per dose i «vaksinane». Teknikken dei brukte blir kalla flurometri. Rest-DNA i vaksinar overgår grenselinjene sett av FDA og WHO med opptil 500 gonger.

dr. Joseph Lapado

I den konteksten krev no folkehelsesjefen i Florida, dr. Joseph Lapado, fullstendig stans av covid-19-«vaksinar». Vigilant News skriv (mi omsetjing):

«6.desember 2023 sendte folkehelsesjefen [Surgeon General] i Florida dr. Joseph Lapado eit brev til USAs Food and Drug Administration (FDA) om tryggleiksbekymringar etter at det vart oppdaga milliardar av DNA-fragment per dose i Pfizer og Moderna sine mRNA-baserte covid-19-vaksinar.

Dr. Lapado, som viste til retningslinjer publisert av FDA i 2007, presenterte følgjande bekymringar når det gjeld fastsette grenser for DNA i vaksinar:

  • DNA-integrasjon kan teoretisk påverke eit menneske sine onkogenar – genane som kan forvandle ei frisk celle til ei kreftcelle.
  • DNA-integrasjon kan resultere i kromosomisk ustabilitet.
  • Guidance for Industry [«industriretningslinje»] diskuterer biodistribusjon av DNA-vaksinar og korleis slik integrasjon kan påverke utilsikta delar av kroppen inkludert, blodet, hjartet, hjernen, levra, nyrene, beinmergen, eggstokkane/testiklane, lungene, lymfenodulane, milten, injeksjonsstaden og underhuda på injeksjonsstaden.

14.desember 2023 svarte FDA folkehelsesjef dr. Joseph Lapado med eit brev, der dei ikkje kom med noka forsikring om at vurdering av DNA-integrasjon vart utført for å adressere tryggleiksbekymringane spesifisert av FDA sjølv i 2007.

Dermed kravde dr. Joseph Lapado ein stans av bruken av alle covid-19-mRNA-injeksjonar onsdag 3.januar 2024. Han kom med følgjande melding:

‘Responsen til FDA kjem verken med data eller evidens for at vurderinga av DNA-integrasjon som dei sjølve tilrår har blitt utført. I staden viser dei til studiar om genotoksisitet – som er utilstrekkjelege vurderingar for DNA-integrasjonsrisiko. I tillegg gjorde dei utydeleg sklnaden mellom SV40-promotør/forsterkar og SV40-protein, to element som er ulike frå kvarandre.

DNA-integrasjon utgjer ein unik og forhøga risiko for menneskehelse og integriteten til det menneskelege genom, inkludert risikoen for at DNA som er integrert i sæd- eller eggceller kan bli overført til avkomma til mottakarar av mRNA-covid-19-vaksinar. Dersom risikoane for DNA-integrasjon ikkje har blitt vurdert for mRNA-covid-19-vaksinar, er ikkje desse vaksinane passande for bruk hjå menneske.

Dei som er bekymra for pasienthelserisikoar assosiert med covid-19, burde prioritere pasienttilgang til ikkje-mRNA-covid-19-vaksinar og -behandling. Det er mitt håp at, med tanke på covid-19, FDA ein dag i alvor vil vurdere sitt reguleringsansvar for å beskytte menneskehelsa, inkludert integriteten til det menneskelege genom.

I gjennomsiktigheita og den vitskaplege integriteten si ånd, vil delstatsfolkehelsesjef dr. Joseph A. Lapado halde fram med å vurdere forsking rundt desse risikoane og kome med oppdateringar til innbyggjarane i Florida.’

Heile bulletinen frå Helsedepartementet i Florida kan lesast her

Forsidebilde: Dim Hou

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Stans av Covid19 -vaksiner? Hvordan skal vi da få kontroll på befolkningseksplosjonen?

    Svar
    • wasan Totland
      5 januar 2024 14:16

      De skal ihvertfall ikke pines ihjel som nå.

      Svar
    • Men Vox, det har aldri vært noen befolkningseksplosjon-fare.
      Befolkningsveksten går ned i verden, og vil flate ut naturlig.
      Det er trygghet, forutsigbarhet i en nasjons velferdsoppbygging og troen på nasjonens arbeidskrefter som gjør at folk ikke vil ha 10 barn lengre. Knapt 2.
      – Dessuten mindre religiøs galskap, heldigvis.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

I klimasaken er det åpenbare liksom usynlig.

Elefantene i rommet!

Forrige innlegg

Europeiske ledere leiter desperat etter flere våpen til Ukraina.

Etter oss kommer syndfloden!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.