POSTED IN Israel, Virkelighetsforståelse

Hans Olav Brendberg:

Ingen slepp unna jødisk makt.

17 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Innlegget er skrevet av Hans Olav Brendberg

Etter ei veke kan vi no plukka ned etterspelet etter det amerikanske attentatet mot general Soleimani. I tillegg kom det to viktige nyhende denne veka – begge som resultat av utvikling eg har skrive om før. For det første blir Abby Martin nekta å tala på amerikanske universitetsområde – du har ingen akademisk fridom i USA før du har skrive under på lojalitetserklæring til den jødiske staten. Episoden med Martin er ikkje det første dømet på denne innverknaden i amerikansk akademia – det finst ei rad med døme på professorar i USA som blir skvisa ut, som Steven Salaita og Norman Finkelstein. Men Abby Martin er ikkje professor, men journalist. Denne saka har ikkje noko om og men og kompliserande faktorar. Det heile er forenkla ned til kjerna: Ingen talerett på universitetet til folk som ikkje er lojale mot ein framand stat.

Kjære kongress. Jeg sverger troskap til Israel/USA. Velg en av dem.


Board of Deputies for British Jews har laga ti bod til leiarkandidatar i Labour, og alle som er med i finaleheatet konkurrerer i å krypa på kne for jødisk makt. Det Board of Deputies gjer er å formalisera, og stilla på utstilling, det som lenge har vore realiteten. Ingen som ikkje er lojale mot Israel har noko framtid i britisk politikk eller britiske media. Mekanismane for å forfølgja opposisjonen har vore på plass lenge (sjå td. Al Jazeeras dokumentarserie frå for eit par år sidan). At Jeremy Corbyn vart vald var eit arbeidsuhell – men gjennom å arbeida målretta og strategisk, utan tvil med store israelske ressursar i ryggen, greidde den jødiske lobbyen å øydeleggja Corbyn. Utan at Corbyn nokon gong kom so langt at han sa høgt kven han sloss mot. Labour vil frametter formalisera ein inkvisisjon som vil luka ut alt anna enn tom retorikk til støtte for palestinarane. Palestinarørsla i Storbritannia har vorte politisk heimlaus, hundre år etter at britane gav sionistane løfte om ein koloni i Palestina i bytte mot å dra USA inn i første verdskrig.



Det viktigaste er likevel etterspelet etter konfrontasjonen mellom USA og Iran. Etter ein svært spent og farleg situasjon, roa det heile seg ned. Etterpå gav dei europeiske stormaktene dødsstøtet til Obamas atomavtale med Iran. Kva no?

Siamesiske tvillinger?



Skal ein svara på det spørsmålet, må ein forstå korleis jødisk innverknad i USA verkar. Det er ikkje slik at Israel dikterer til amerikanske presidentar kva politikk dei skal føra. Amerikanske leiarar kan forhandla med israelske statsministrar, laga avtalar – og USA er ei stormakt med enorme ressursar til disposisjon. 


Problemet er at dette ikkje handlar om ein kraftprøve der det er muskelkraft som avgjer. Amerikanske presidentar opererer innanfor eit rammeverk av avtalar, forståingar, innarbeidde rutinar og liknande som er institusjonalisert. Og der det blir mobilisert om presidenten freistar bryta ut av det rammeverket han er gjerda inn i. Det finst ei mengd sprinklar i dette buret. Ta td. den økonomiske støtten til Israel. Den amerikanske presidenten kan auka støtten til Israel. Han kan vidareføra støtten til Israel. Men freistar han halda tilbake støtte til Israel – slik den eldra Bush gjorde tidleg på nittitalet – møter han full mobilisering. Dette vågar ikkje amerikanske presidentar gjera. I forhandlingar med Israel kan ikkje presidenten bruka «pisk eller gulrot». Det einaste han har tilgjengeleg er gulrot – eller meir gulrot. 



Internasjonal politikk er eit komplisert spel. Om nokon ønskjer sjå kor komplisert det kan vera, kan dei berre sjå på prosessen fram mot Obamas Iran-avtale, mekanismane i denne avtalen – og strategien for å få avtalen igjennom i Senatet. Dette tyder at politiske vegval på toppen ikkje kan skje på impuls. Skal presidenten ta eit initiativ, må dette initiativet på førehand vera gjennomtenkt, utgreidd – og realistisk.



USA har ikkje løyndomar for Israel. Israel har i femti år hatt tilgang til alle delar av den amerikanske staten: Dei mest topphemmelege forskingsprogramma i det amerikanske militæret, dei politiske prosessane i dei innerste møteromma i administrasjonen, dagsorden til dei største medieverksemdene, planane til CIA. I heile dette systemet finst det alltid ei fluge på veggen som rapporterer til Tel Aviv. 



Israel har alltid oversikt over kva alternativ som blir utgreidd i administrasjon og tankesmier i Washington. Om det seglar opp alternativ som Israel ikkje ønskjer, vil dei difor skyta dette ned, før det kjem so langt at presidenten kan ta tak i det og handla etter det. Det er altso ikkje politisk vilje hjå presidenten som er mangelvaren – mangelvaren er gode alternativ å velja mellom. Og sjølv når presidenten vil justera kurs – som td. Obama etter Kairo-talen – har Israel rikeleg tilgang til verktøy for å syna presidenten kva han ikkje har makt over. Den gongen sytte Israel for å syna Obama at han ikkje hadde maktmiddel for å hindra utbyggjing av israelske busetjingar på Vestbreidda. Og Obama hadde ikkje tilgang til motmiddel for å straffa Israel for at dei slo hol i botnen på opplegget hans.

Obama undertegner Iran-avtalen



Korkje Iran eller USA har interesse av fullskala krig. Hadde ein av partane hatt slike interesser, ville det vorte krig denne gongen. Men begge partar freista so godt dei kunne å hindra eskalering – og unngå at denne konfrontasjonen kom ut av kontroll. Begge tydde til det dei hadde av middel for å berga andlet.



Dermed er det lett å pusta letta ut, og tru at «faren er over». Men det finst ein sterk, tredje aktør som har interesse av krig mellom USA og Iran. Og denne tredje aktøren er ikkje berre «Israel»: Det er ofte vanskeleg å seia om presset kjem frå Israel, eller frå Israels støttespelarar. Lobbyen i USA har makt ogso i Israel, og kan vera langt meir uforsonlege og kompromisslause i slike saker enn dei israelarane som risikerer å måtta kle seg i uniform. Til dømes var det mangelen på entusiasme mellom den jødiske eliten i USA som tok livet av Oslo-prosessen.



Dei viktige nyhenda var difor ikkje at USA og Iran greidde å roa ned, men at EU-landa vart pressa til å ta livet av Obamas atomavtale.

Josep Borrell, EUs sjef for utenrikspolitikk, melder at Iran har brutt atomavtalen og at EU derfor trekker seg fra den.



Det tyder at Storbritannia, Frankrike og Tyskland har ført oss mange steg nærmare ein heilt ukontrollert krig i Midt-Austen. For denne krigen vil ikkje koma av di USA eller Iran eller Russland eller Saudi-Arabia eller Kina ønskjer krigen. Krigen vil koma i den augneblinken partane i denne taudraginga har gått tom for gode alternativ. 



Tryggleik er ikkje eit nullsumspel. Det er ikkje slik at vi blir tryggare og tryggare, di fleire maktmiddel vi har å bruka mot td. Russland og Kina. Det er inga tryggleik å henta i å vera våpenlaus og uførebudd på krig. Men det er heller ikkje slik at di meir væpna makt, di tryggare er du. For på eitt eller anna punkt blir utryggleiken til ei rivaliserande makt ogso din utryggleik. Det er ikkje farleg å møta ein jerv på fjellet. Men å møta ein jerv som er trengt inn i ei hole, og ikkje har nokon veg å flykta, kan vera svært farleg.

 

So lenge rivaliseringa mellom Iran og USA ikkje går på kostnad av dei grunnleggjande interessene til desse landa, bryt det ikkje ut krig. Men dette er ikkje ein konflikt der ein av statane kan triumfera, og diktera sine vilkår til motparten. Og det er svært gode grunnar til at vi burde vera urolege etter at dei diplomatiske alternativa er alvorleg kvesta etter EU-landas skammelege og feige øydeleggjing av atomavtalen. Det tyder ikkje berre at alternativa ein vel mellom i Washington og Teheran frametter blir dårlegare og dårlegare. Det tyder at dei som systematisk arbeider for å øydeleggja dei gode alternativa har fått meir sjølvtillit til neste runde i denne prosessen.



Skal vi byggja ei politisk kraft som motverkar denne lange, seige prosessen mot Dystopia, må vi snart innsjå det som dei andre nyhenda denne veka legg ut i klårtekst: Ingen slepp utanom jødisk makt. Ein kan la vera å leggja merke til henne, nett på same måten folk kan vera uinteresserte i politikk eit langt liv, og klara seg godt. Men om vi ønskjer gjera noko, må vi forstå og motverka den jødiske makta på alle nivå i det vestlege systemet. Berre slik kan vi ha von om at dei på toppen ein dag kan velja mellom andre alternativ enn dei som tener Israel og jødane. Og NB: Eg trur ikkje jødar flest heller tener på denne tilstanden, der dei blir gislar for maktmisbruk i stor skala.

 

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

17 kommentarer. Leave new

  • Kunne Hans Olav Brendberg også skrive litt om den jødiske makten i Nprge?

    Svar
  • Hans Olav Brendberg
    21 januar 2020 14:49

    Det jødiske samfunnet er veldig lite, og har ikkje dei musklane du finn i land som Sverige, Storbritannia og USA. Vi har ikkje noko ADL, og ikkje noko dominerande, jødisk innslag i valkampfinansiering.

    Sidan vi tryggleikspolitisk er eit haleheng til USA, går den viktigaste innverknaden gjennom Pentagon og State Department i USA.

    Men vi har sterk ideologisk innverknad. På nittitalet kuppa ein prosessen kring Skarpnesutvalet for å få ein halv milliard til å grunnleggja HL-senteret – som i praksis er eit sameige mellom Universitetet i Oslo og dei Mosaiske Trussamfunna. Desse spelar ei viktig rolle for å produsera lojal ideologi, og stempla kritisk tenkjing. Dei disponerer ogso tilstrekkeleg med stillingar og forskinsmiddel til å spela ei nøkkelrolle på det akademiske feltet.

    Ervin Kohn er i tillegg sentral i ARS, som er ein sentral institusjon i brunbeisingsindustrien.

    Svar
    • Kommunal- og moderniseringsdepartementet har på vegne av regjeringen utarbeidet

      «Handlingsplan mot antisemittisme 2016–2020»

      https://www.regjeringen.no/globalassets/departementene/kmd/sami/dss-handlingsplan-antisemittisme.pdf

      Er dette et bidrag i forbindelse med ADL?

      Svar
      • Hans Olav Brendberg
        21 januar 2020 20:17

        Til ein viss grad. Den amerikansk kongressen starta i 2004 eit internasjonalt arbeid for å slå ned på «antisemittisme» globalt – og dette arbeidet har vorte organisert med eigne kontor i EU og i OSCE. Hovudstrategane for dette arbeidet er American Jewish Committee.

        Den norske «handlingsplanen» er ein avleggjar av dette amerikanskleidde arbeidet:

        https://www.congress.gov/bill/108th-congress/senate-bill/2292

    • I Den Amerikanske Kongressen påpeker de hvert år «Utdanningsdagen» der
      «kongressen erklærer den historiske tradisjon av etiske verdier og prinsipper, som er basisen for siviliserte samfunn og på hvilket vår store nasjon var grunnlagt;
      Mens disse etiske verdiene og prinsippene har vært det solide grunnlaget i samfunnet fra gryningen av sivilisasjonen, da var de kjent som de Syv Noahide Lover;
      Så uten disse etiske verdier og prinsipper bygningen av sivilisasjonen står i alvorlig fare for å returnere til kaos;»

      https://www.congress.gov/bill/102nd-congress/house-joint-resolution/104/text

      Er denne «Utdanningsdagen» med de Syv Noahide Lover, som er vedtatt i kongressen også gjort gjeldene i andre land?

      Og har det en praktisk betydning ?

      Svar
      • Noahide-lovene, som er vedtatt i USA, har vel ikke så stor praktisk betydning enda, fordi ikke blir håndhevet enda. Dersom Noahide-lovene blir håndhevet, vil de få en stor praktisk betydning, fordi de foreskriver dødsstraff for avgudsdyrkelse. Dersom Noahide-lovene blir håndhevet, vil vi få en voldsom kristenforfølgelse, f eks vil folk som har et juletre hjemme, bli halshogd for avgudsdyrkelse.

        Om Noahide-lovene er vedtatt i andre land enn USA og Israel, f eks Norge, vet jeg ikke, men kanskje Brendberg vet dette?

      • Eksklusive nyheter fra gårsdagens » World Economic Forum 2020″ møte, der bl.a. den russiske sjefs rabbien Berel Lazar aka «Putin`s rabbi» stiller til intervju og Ivanka Trump m.fl. svarer på spørsmål om “inoperable learning record” og radikale sosialister som ønsker å `eat the rich` .

        «TruNews i Davos 2020: Putin’s Rabbi avslører Trump Peace Plan detaljer til TruNews»

        https://www.youtube.com/watch?v=_LGWewJ05ss

      • Mye interessant i denne videoen her. Bl a sies det at Chabad-Lubavitch har et kontor i alle verdens land, akkurat som en ambassade. Jeg sjekket, og jammen finnes det et Chabad-Lubavitch hus i Oslo. Det visste jeg ikke.

        Også document.no har en reportasje om Chabad-Lubavitch. De sier: «Det er en utfordring for det politisk korrekte miljøet rundt synagogen i Bergstien». Jaja. Sånn kan man jo også si det.

        https://www.document.no/2016/08/31/syn-aldri-vaert-sett-torah-baeres-gjennom-oslos-gater/

      • Annet av interesse i videoen er at Nancy Pelosi og Mike Pence vil være sammen i Jerusalem i dag (torsdag) på et todagers World Holocaust Forum. Det tyder på at hele riksrettsaken mot Trump er et skuespill. Det viser i hvert fall hvem som bestemmer.

        Andre prominente gjester på World Holocaust Forum er presidentene Vladimir Putin og Emmanuel Macron, prins Charles av Storbritannia, og presidentene i Bulgaria, Romania, Finland, Georgia, Kyprus og Bosnia-Herzegovina.

      • Hans Olav Brendberg
        23 januar 2020 10:06

        Ei mengd delstatar i USA har vedteke resolusjonar om «Noahide-lovene». Elles har Herman van Rompuy, australske senatorar og andre kome med merkelege, offentlege erklæringar om at desse lovene er «universelle», utan at dei har vedteke noko.

        Sjølvsagt vil formell handheving av desse lovene føra til bortimot total forfølgjing av kristne. Desse resolusjonane handlar om eit sett med Potemkins kulisser, som blir rigga opp til hjelp og støtte for dei jødiske fundamentalistane i Chabad. Dette bør vi sjølvsagt ikkje halda på med.

  • Godt innlegg og gode kommentarer. Askenaziene i Israel hadde 3 % jødisk DNA og det er lavere enn arabere og palestinere rundt dem. Det må være forskjellen i at Gud valgte jødene som sitt folket og ikke folket som valgte å tro på Gud som utgjør forskjellen og ikke rase eller gener. I den 180 graders forskjellen i religion må det ligge en mental placeboeffekt og kanskje også fysisk placeboeffekt.
    Den samme religiøse placeboeffekt er grunnen til at alle milliardene til integrering av muslimer er bortkastet. Konfliktene og motsetningene til muslimene vil bare øke med antall muslimer uansett.

    Svar
    • Når en folkestamme av tyrkisk ætt kalt khazarer konverterer til jødedommen for godt og vel 1200 år siden, begynner å kalle seg semittiske, gjør krav på eierskap til land der de aldri var og kaller seg utvalgte av en gud som skal ha skapt hele universet, da er villfarelsen helt komplett. Når verdens ledende stormakt lar seg kontrolleres av denne folkestammen og stammen utgjør to prosent av stormaktens innbyggere, da er resten bare vilkårlighet og galskap.

      Svar
  • Ikke glem Levittene som er bankjødenes presteskap og krigsplanleggere. Familien Hamburger-Levy tok navnet Hambro, og endel flyttet hit på 1800tallet. Disse har nok utøvd uforholdmessig mye innflytelse politisk sett og er nok med på å finansiere Høyre og andre partier. Følg gjerne med på Ellen Hambro.
    Videre så var tidligere leder av det Mosaiske trossamfunn, Anne Sender, med på finansiere Radikal Portal da de begynte å klage på for mye frivillig arbeid.
    HL senterets leder Guri Hjeltnes, er også ett sentralt medlem i Fritt ord, som leverer ut ett par hundre mill i året for å støtte hatet mot Norge. Det er betydelig .
    Olav Thon er nok mere zionist enn hva vi kan se. Hans folk dukket opp som ryddemannskap etter 22 juli, samt også etter ett belgisk bombeangrep.

    Svar
    • Hans Olav Brendberg
      23 januar 2020 10:09

      Om folk har jødisk slektsbakgrunn har ikkje so veldig mykje med saka å gjera – mange av dei ryddigste og mest kunnskapsrike kritikarane er sjølvsagt folk som sjølve kjem frå eit jødisk miljø. Som gode vener av meg som Jeff Blankfort og Israel Shamir. Men HL-senteret har ei destruktiv rolle, og folk burde lesa Skarpnes-utvalets rapport. Prosessen rundt Skarpnes-utvalet er eit lærestykke i politisk kupp, og gav fleire hundre millionar til ein institusjon vi ikkje treng på noko sett og vis.

      Svar
      • Dembra skolen hva er det? https://dembra.no/no/

        «Regjeringens strategi mot hatefulle ytringer 2016–2020 Mai 2020 »

        «Barn og unge
        TILTAK 6: Nasjonal utvidelse av Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme»

        «Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) har fra og med 2016
        satt i gang en prosess med å få Dembra-kurs for lærere og skoleledere etablert rundt
        om i landet. HL-senteret har en sentral veileder- og pådriverrolle overfor de fem
        statsstøttede freds- og menneskerettighetssentrene, som er alle lokalisert utenfor Oslo.
        Disse vil gradvis bli involvert i å drive den regionale opplæringen på feltet.»
        » I 2020 vil Dembra utvides til å gjelde barnetrinnet (tidligere begrenset til ungdomsskolen og videregående). Nettressursene til Dembra vil i 2020 bli oversatt til nordsamisk. Ansvarlig departement: Kunnskapsdepartementet»

        «TILTAK 7: Læringsressurser om gruppebaserte fordommer»
        https://dembra.no/no/laererutdanning/

        https://www.regjeringen.no/contentassets/09fc5dbac22043dda68cfcd97d3d2909/status-strategi-mot-hatefulle-ytringer-mai-2020.pdf

  • På innsiden av krigen som vil ta ifra oss vår ytringsfrihet.

    «Men hva skjer når det er for mange mennesker til å saksøke, og de stort sett går ut av deres måte å overholde loven? Jødiske organisasjoner som SPLC og ADL har hatt stor suksess med å samarbeide med jødiske selskaper som Paypal, Google og Facebook for å kunstig redusere antall politiske synspunkter, bøker og ideer publikum kan få tilgang til.»

    «Inside the War to Take Away Our Free Speech»

    https://www.unz.com/estriker/inside-the-war-to-take-away-our-free-speech/

    Video :
    «PayPal Pogrom: TruNews’ konto kansellert etter Jeffrey Epstein rapport»

    https://www.youtube.com/watch?v=xO-SSPCa5no

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Politikus:

Hvilket ansvar har den norske staten for norske forbrytere i utlandet?

Forrige innlegg

Trump med ny forklaring på drapet av Suleimani:

«Det var skitpratet hans som fikk han drept!»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.