Spesialstyrkar frå Vesten i Ukraina
Ifølge lekka Pentagon-dokument utplasserte Storbritannias statsminister Rishi Sunak i løynd 50 medlemmar av britiske spesialstyrkar i Ukraina i februar. Latvia sende 17, Frankrike 15, USA 14 og Nederland berre 1.
Slovakia leverer kampjetfly til Ukraina
Slovakia har levert 13 jagarfly av typen MIG-29 til Ukraina. MIG-29 stammar frå Sovjet-tida. Dei kan enkelt skytast ned av russiske luftvernsystem. Dei kan difor berre brukast på den ukrainske slagmarka, og ikkje på angrep mot Russland.
Tony Blair visste allereie i 1998 at invasjonen av Irak var ulovleg
Declassified UK har studert dokument frå kontoret til statsminister Tony Blair (1997-2007) som beviser at fleire rådgivarar så tidleg som i 1998 åtvara han mot den illegale bombinga av Irak. Chilcot-kommisjonen, som granska 2003-krigen mot Irak, kjende ikkje til 1998-dokumenta. Dei kunne derfor ikkje avgjere om Tony Blair visste eller ikkje at han braut Folkeretten.
Human Rights Council fordømmer unilaterale tvangstiltak
Human Rights Council i Geneve vedtok med 33 røyster mot 13, med 1 avståande, ein resolusjon (A/HRC/52/L.18) som fordømmer bruken av «unilaterale tvangstiltak» som «ikkje i samsvar med Folkeretten, internasjonale humanitære lover, FN-pakta og dei normene og prinsippa som styrer fredelege relasjonar mellom statar». Utkastet til resolusjonen var levert inn av Russland og Aserbajdsjan. Unilaterale tvangstiltak blir i Vestleg propaganda referert til som «sanksjonar». Dei følgande landa røysta imot resolusjonen, og derfor imot Folkeretten: Belgia, Tyskland, Finland, Frankrike, Georgia, Litauen, Luxemburg, Montenegro, Romania, Den tsjekkiske republikken, Ukraina, Storbritannia og USA.
– Bidens i toppen for prostitusjonsring
Ifølge fire medlemmar av Representantanes hus – James Comer (Kentucky), Marjorie Taylor Greene (Georgia), Nancy Mace (South Carolina) og Byron Donalds (Florida) – har gransking av skattepapira til Hunter Biden vist at ni medlemmar av Biden-familien opererer ein svær prostitusjonsring i USA, med jenter importerte frå Ukraina og Russland. Lovgivarar har også skulda Biden’ane for å bruke president Joe Bidens kontor til å gjere forretningar med leiarar i minst fire land.
Demokratiske lovgivarar avviste straks påstandane frå Republikanarane, og skulda dei for å forvrenge bank-informasjonen. Sidan presidentvalkampen i 2020 har Det demokratiske partiet prøvd allslags manøvrar for å skjule aktivitetane til Hunter Biden, sonen til kandidaten deira. Mange dokument vart til sist funne under den no berykta «Laptop from hell»-saka, og vart seinare publiserte. Dei stadfester hans forhold til prostituerte, hans massive narkoforbruk og hans lukrative kontraktar med utlandske selskap, særleg i Ukraina. Prostitusjon vart nemnd så tidleg som i desember 2022, men då utan bevis. Skuldingane spreidde seg raskt til presidentens bror, James Biden, og no og til sju andre familiemedlemmar. Representanthuset har utnemnd ein granskingskomité som brukar sine konstitusjonelle fullmakter til å kaste lys over saka.
I talen til president Vladimir Putin, der han kunngjorde den spesielle militæroperasjonen i Ukraina, brukte han Biden-familien sine kriminelle aktivitetar som døme på illegitimiteten til makta i Kiev.
Biden-administrasjonen legg hindringar i vegen for granskingar av USAs tilbaketrekking frå Afghanistan
Spesialgeneralinspektøren for Afghanistans rekonstruksjon, John Sopko, vitna framfor House Oversight and Accountability Committee. Han sa at utanriksdepartementet har praktisert systematisk obstruksjon som manglar sidestykke under minst dei tre siste tiåra.
Chiefs’ War i Sudan
«General» Mohamed Hamdan Dagalo (alias «Hemedti») sin milits Rapid Support Forces (RSF) skal ha omringa ein provins-flybase for general Abdel Fattah al-Burhans Sudanese Armed Forces (ISAF). RSF tok deretter fleire strategiske punkt, inkludert Khartoum airport. Samlinga av Sudans væpna styrkar, som ifølge regjeringsavtalen skulle skje, vil derfor ikkje skje.
ISAF og RSF fører ein nådelaus krig blant sivilbefolkninga. Minst hundre personar er drepne og fire hundre skadde. Denne konflikten understrekar ei eldgamal rivalisering mellom etablissementet i Nil-dalen – representert av Abdel Fattah al-Burhan – og Darfurs gløymde, som har Mohamed Hamdan Dagalo til helt.
Pentagon planlegg å stykke opp Sudan i fem separate statar (Rumsfeld/Cebrowski-strategien). Dei ønsker å gjenoppleve fiendskapen i landet, særleg sidan dei to sjefane ved makta begge har band til Russland, som sidan 2015 har venta på å opne ein militærbase i Port Sudan ved Raudehavet.
FNs spesialutsending til Sudan, tyskaren Volker Perthes, sa han var forferda over plyndringa av FN-fasiliteten etter at den vart bomba. Takka vere hans lojale teneste under krigen mot den syriske arabiske republikken, vart han utnemnd til sin noverande post etter press frå USA for å promotere konflikten.
Den afrikanske unionen sitt Freds- og sikkerheitsråd åtvara mot innblanding i krisa utanifrå, og kravde at dei krigførande partane skulle «raskt finne ei fredeleg løysing og inkluderande dialog». Intergovernmental Authority on Development (IGAD) har utnemnd presidentane Salva Kiir (Sør- Sudan), William Ruto (Kenya) og Ismail Omar Guelleh (Djibouti) til å mekle mellom protagonistane. Saudi-Arabias utanriksminister Faisal bin Farhan bin Al-Saud ringde opp generalane Burhan og Hemedti kvar for seg. Han bad om at den militære eskaleringa måtte stoppe. Saudi Arabia har støtta det nye to-sjefsregimet etter styrtinga av Omar al-Bashir, som tilhøyrde Det muslimske brorskapet.
ISAF er nært knytt til Egypt, medan RSF er nært knytt til Dei foreinte arabiske emirata (UAE). Denne militsen, som stammar frå militsgruppa Janjaweed i Darfur-krigen, forsynte Emirata med leigesoldatar til Jemen og Libya, på vegner av Sudan. I Jemen kjempa mennene deira under kommandoen til rivalen, general Abdel Fattah alBurhan. Dei vart nyleg trente av russiske PMC Wagner.
Kina meistrar hypersoniske ballistiske missil
Under ei høyring i Senate Armed Services om Indo-Stillehavet, presenterte representant Matt Gaetz (Florida) eit av dei nyleg lekkte hemmelege Pentagon-dokumenta som viser at Det kinesiske folkets frigjeringsarmé med suksess har testa eit nytt hypersonisk ballistisk missil kalla DF-27, kjent som CSS-X-24 av NATO. Admiralen stadfesta at USA enno ikkje har noko som kan takle dette missilet.

Tunisia arresterer leiarar av Det muslimske brorskapet
Tunisia arresterte grunnleggaren av Det muslimske brorskapet, Ennahda Rached Ghannouchi, i heimen hans, og deretter to andre leiarar i partiet i det nasjonale hovudkvarteret deira. Vest-pressa fordømmer Tunisias president Kaïs Saïed som diktator. Han prøver faktisk å utrydde både den omfattande korrupsjonen i landet og påverknadsmakta til Det muslimske brorskapet. For å greie det, suspenderte han parlamentet.
Det tunisiske Muslimske Brorskapet er under britiske MI6 sin kontroll. Sistnemnde har omforma sjeik Rached Ghannouchi, ein kompanjong av Osama bin Laden, til ein perfekt «demokrat». Rached Ghanoucchi kontrollerte ikkje berre partiet Ennahda, men også «Ligaen for forsvar av revolusjonen», som har auka talet på politiske attentat fleire gongar.
Ilan Goldenberg utnemnd til rådgivar for visepresident Kamala Harris
Ilan Goldenberg har blitt utnemnd til Kamala Harris’ spesialrådgivar innan Midtausten, forsvar og teknologi. I 2013 skreiv Ilan Goldenberg lovutkastet til Syria Transition Support Act for senator John Kerry, som let Det kvite hus legalt finansiere væpninga av jihadistane som kriga mot Den syriske arabiske republikken.
Washington legg skulda på Kina for fentanyl-krisa si
Washington trappar opp kampen mot fentanyl, den mest brukte drogen i USA i dag. Det ser ut til at hovudimportøren er Sinaloa-kartellet (også produsent av opium og marijuana). Offisielle tenestemenn i USA peikar på at kartellet brukar forløparar som Kina eksporterer, og skuldar Kina for medverknad til smugling. Fentanyl er eit smertestillande opioid. Middelet har vore legalt reseptbelagt og levert av legar i fleire år i USA, men i altfor store mengder, noko som har medført at millionar av pasientar har blitt avhengige. Kriminelle organisasjonar produserer no stoffet og tener på avhengigheita.
Som svar på skuldingane, peikar Kina på at det ikkje er deira ansvar. I internasjonal handel er det eine og aleine importøren (i dette tilfellet Mexico) sitt ansvar å stadfeste kven ende-brukarane (kartella) er. Kina fordømmer Washingtons perverse strategi med å legge ansvaret over på utlandske statar. Etter Beijings syn burde USA prioritere å utdanne folket sitt i farane med droger og halde mykje betre styring på medisinflyten sin.
Voltaire, International Newsletter – N°37 – 21 April 2023
Voltaire, international news Publisher : Thierry Meyssan, SASU with a capital of 1000 euros, ACA, 23 rue Antigna, 45000 Orléans, France. Director of publication : Thierry Meyssan, thierry.meyssan@voltairenet.org 46 issues per year. Yearly subscription : 150 euros Monthly subscription : 15 euros Sale price per issue : 5 euros
Telegram:
📌Tapstala til Ukrainas væpna styrkar, UAF (per 19. april, 2023)
Sidan 18. april, 2023 har fleire enn 725 fascist-kontrollerte ukrainske militære og militært support- personell blitt nøytraliserte.
Kjelde: https://z.mil.ru (https://z.mil.ru/spec_mil_oper/brief/briefings/more.htm?id=12464650@egNews). #digest (https://z.mil.ru/spec_mil_oper/brief/briefings/more.htm?id=12461798@egNews)
(📱 InfoDefenseENGLISH)
Eks-CIA-sjef Mike Morell vitna denne veka om at presidentkampanjen til Joe Biden i 2020 bad han om å hjelpe til med å diskredittere lekkasjane om Hunter Bidens laptop som russisk desinformasjon. Lekkasjane har seinare blitt verifiserte.
(linkin.bio/mintpress)
❗️🇧🇷Brasils president Luiz Inácio Lula da Silva addresserte USAs styresmakter med eit krav om å slutte med å «varme opp» konflikten i Ukraina og i staden byrje leite etter ei fredeleg løysing.
Dette sa han under ein samtale med journalistar før han sette seg på flyet frå Beijing.

💬 «Det er nødvendig at USA sluttar å varme opp konflikten og byrjar å snakke om fred,» sa han.
💬 Korleis kan vi få fred i Russland og Ukraina viss ingen snakkar om fred? Viss alt vi snakkar om er krig? Korleis kan vi sende Ukraina fleire våpen? Og angripe Russland? Og bringe NATO endå nærare inn på Russland? Kven bør vi vende oss til? Landa som ønsker fred! Kina ønsker fred. Brasil, Indonesia og India. Vi treng å slå oss ihop og kome fram til ein fredsplan for Russland og Ukraina. EU har alltid spelt ei viktig rolle som eit senter for balanse, og har ikkje vore direkte involverte i konfliktar. No deltar dei! Då Tysklands kanslar Olaf Scholz kom til Brasil og bad oss selge han missila våre for vidaresending til Ukraina, sa eg: «Eg sel ikkje!» For Brasil vil ikkje vere ein part i denne krigen. Vi vil ha fred. […] Det er ikkje ein gong eit spørsmål om vilje. Vi alle treng fred.
https://t.me/infodefENGLAND 16/4 (video: https://t.me/infodefENGLAND/5883)
Pentagon-lekkasjane vil ikkje skade Ukraina, seier sjefen for PMC Wagner
Dei lekka Pentagon-dokumenta inneheld ingen strategiske avsløringar som kan skade Kiev, og merksemda frå media må vere eit forsøk frå Vesten på å utsette den mykje omtalte «vår-offensiven» til det ukrainske militæret, sa sjefen for Wagner-gruppa, Yevgeny Prigozhin, på fredag.
«Dokumenta i seg sjølve representerer ingen strategisk fare,» sa Prigozhin i ein post på sosiale medium, for innhaldet er hovudsakleg basert på opne kjelder. «Men lekkasjen vart breitt publisert, og rett etterpå byrja kjelder nær Pentagon å snakke om behovet for å utsette til sommaren den offensiven som var annonsert til å starte den 15. april.»

I ein kommentar til arrestasjonen av den påståtte lekkaren, ein 21-år gamal medlem av Air National Guard, sa Prigozhin at han kan ha vore ein tosk eller lettlurt, men «om lekkasjen ikkje hadde skjedd, så hadde den heilt sikkert blitt oppdikta.» (RT)
Demokratar gjer framstøyt for å avgrense ’atommakta’ til presidenten i USA
Demokratar i Huset (Ted Lieu) og Senatet (Ed Markey) introduserte eit lovforslag (‘Restricting First Use of Nuclear Weapons Act’) om å tvinge Det kvite hus til å søke godkjenning frå Kongressen før det blir gitt ordre om å angripe med atomvåpen. Presidenten skal ikkje ha unilateral fullmakt til å starte ein atomkrig. (RT)
Fransk TV-kanal trekk tilbake reportasje etter press frå Ukraina
Den franske statseigde nyheitskanalen France 24 har fjerna ein video-reportasje om russiske troppar i trening frå nettstaden sin etter at den forårsaka vreide blant ukrainske offisielle tenestemenn.
Klippet, «Krig i Ukraina: russiske styrkar førebur seg til kamp før motoffensiven», vart lasta opp på france24.com på torsdag i førre veke. Men på laurdag var den ikkje lenger tilgjengeleg, og klikk på lenka gav berre feilmeldinga «404 Page not found.»
Den 1,5-minutt lange videoen var filma i ein hemmeleg treningsleir ca 3 mil unna frontlinja. Den viste bilde av russiske tanks i aksjon og korte intervju med soldatane, som sa dei var stolte over å forsvare landet sitt, og at dei ikkje frykta den venta motoffensiven. (RT)
Ber om gransking av USAs militære støtte til Israel
Ei gruppe av 14 topp-Demokratar i USAs Kongress, med senator Bernie Sanders (I-VT) i spissen, har skrive eit ope brev til president Joe Biden, der dei ber han å på ny granske Washingtons støtte til Israel. Spesielt bad gruppa om ei gransking av om US-amerikanske våpen blir brukte til vald mot palestinarar, og om garantiar for at «US skattedollar ikkje støttar prosjekt i illegale busetnader.» […]
«Israelske styrkar og busettarar har drepe over 85 palestinarar i 2023, inkludert 16 barn. Minst 14 israelarar har blitt drepne, inkludert 2 barn,» står det i brevet. «Den auka valden kjem etter at fjoråret vart «det dødelegaste for palestinarar på den okkuperte Vestbreidda sidan 2004.» (RT)
Eit sporadisk utval, omsett og avkorta av Monica Sortland
Forsidebilde: Pascal Habermann
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 505 ganger.