POSTED IN Helse, Norge

Generalprøven til Korona:

Den het Svineinfluensa!

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

60 millionar pund i erstatning til eit hundretals britiske barn som vart hjerneskadde av vaksinen mot svineinfluensa

av Mike Adams

Først publisert i april 2015 i Natural News.

Svineinfluensavaksinen i 2009 forårsaka alvorleg hjerneskade i meir enn 800 barn i Europa, og den britiske regjeringa har no gått med på å betale ut £60 millionar i kompensasjon til offera, som del av eit vaksineskadeforlik.

Dette er den same svineinfluensavaksinen som alle mainstream-media på latterleg vis har insistert på at aldri forårsakar skade. Frå Washington Post sin kvakksalvarske vitskapsseksjon til New York Times sine reklamesider for storfarmasien – samtlege av USA sine mainstream-mediekanalar eksisterer i ein tilstand av total vaksineskadefornekting, og pushar giftige vaksinar som sannsynlegvis skadar barn.

Det finnes bra vaksiner som er utformet over års prøving, men…

«Rundt om i Europa veit ein så langt om meir enn 800 barn som har blitt gjort sjuke av vaksinen,» rapporterer International Business Times.

Vaksinen har forårsaka narkolepsi [«sovesjuke», mrk.] og katapleksi [plutseleg anfall av muskelslappheit, mrk.] i hundretals barn. Begge er teikn på nevrologisk skade forårsaka av vaksinen sine tilsetningsstoff, som inkluderer kvikksølv, aluminium, MSG, antibiotika og til og med formaldehyd.

Som IB Times rapporterer:

Narkolepsi påverkar ein persons sømnsyklys, gjer dei ute av stand til å sove i meir enn 90 minutt i slengen, og forårsakar at dei fell medvitslause om på dagtid. Tilstanden skadar mentale funksjonar og minnet, og kan føre til hallusinasjonar og mental sjukdom.

Katapleksi forårsakar at ein mistar medvitet når ein opplever sterke emosjonar, inkludert når ein ler.

Barn hjerneskadde i Noreg og

«Noreg har hatt meir enn 170 innrapporterte tilfelle av barn som har utvikla narkolepsi etter å ha mottatt Pandemrix-vaksinen,» skriv Global Post. «Regjeringa har så langt betalt 13 millionar dollar til 86 offer, inkludert 60 barn …»

Kan det tenkes at legemiddelindustrien pusher vaksine på folk, vaksiner som ikke er ferdigtestet?

Nett som i USA, og overalt elles, lanserte WHO og CDC ein påfunnen svineinfluensapanikk-kampanje som skapte ein vidspreidd frykt som skulle selje meir vaksine. (Disneyland-mesling-operasjon?)

Som Global Post skriv:

Tilbake i 2009 rådde dei norske helsemyndigheitene alle, ikkje berre risikogruppene, til å vaksinere seg, etter at Verdshelseorganisasjonen hadde karakterisert svineinfluensaen som ein epidemi.Over 2 millionar nordmenn, eller 45 prosent av landets befolkning, vart gitt Pandemrix i ein ilfart ein aldri før hadde sett. Vaksinen er produsert av GlaxoSmithKline (GSK) og vart brukt til å vaksinere oppimot 30 millionar menneske i 47 andre europeiske land.

Vaksineskadar er den store farmasøytiske industrien sin måte å selje meir medisin på

Utruleg nok endar til og med dei barna som er blitt skadde av vaksinar opp som storprofitt-senter for dei same farmasøytiske selskapa som skadde dei i første omgang.

I sak etter sak som media rapporterer om, har det kome fram at barn som er skadde av defekte vaksinar går på mange medikament. Til dømes skriv Global Post:

Tove Jensen, med ein son som utvikla alvorleg narkolepsi etter å ha mottatt vaksinen, vil også ha kompensasjon frå GSK.

«Situasjonen er forferdeleg,» seier ho. «Han er 100 prosent ufør. Vi veit ikkje om det kjem til å betre seg, han går på så mykje medisin. Men vi håpar noko vil skje, at han vil få livet sitt tilbake.»

På liknande vis rapporterer IB Times:

Peter Todd, ein advokat som har representert mange av dei som krev erstatning, fortalde Sunday Times: «Offera for denne vaksinen har ein tilstand som er livslang og ikkje kan kurerast, og som vil kreve omfattande bruk av medisinar.»

Med andre ord: barn som er skadde av vaksinar genererer endå meir profitt for Storfarmasien ved å bli skadde! Det er den perfekte, vondskefulle inntektsmodellen for ein industri som blir driven som ein kriminell mafia.

GlaxoSmithKline sin svineinfluensavaksine gav hjerneskade også til helsepersonell

GlaxoSmithKline er et britisk farmasøytisk selskap med hovedsete i London som jobber innenfor tre forretningsområder: reseptpliktige medisiner, vaksiner og handelsvarer. (Fra Wikipedia)

«Blant dei angripne er helsepersonell i National Health Service (NHS, Storbritannias offentlege helsevesen, mrk.]. Mange av dei er no ute av stand til å arbeide på grunn av symptoma etter vaksinen,» rapporterer IBTimes. «Dei kjem til å saksøke regjeringa for millionar i tapte inntekter.»

Avisa skriv vidare:

Blant [dei skadde] er Josh Hadfield, 8, frå Somerset, som går på anti-narkoleptiske medisinar som kostar [$20 000] i året for å få hjelp til å halde seg vaken under skuledagen.

«Om du får han til å le, så kollapsar han. Minnet hans er øydelagt. Det finst ingen kur. Han seier han skulle ønske han aldri hadde blitt fødd. Eg kjenner meg utrulig skuldig over å ha late han ta vaksinen,» sa mor hans, Caroline Hadfield, 43.

Trass ei åtvaring i 2011 frå European Medicines Agency mot å bruke vaksinen på dei under 20, og ein studie som indikerte ein 13 gongar høgare risiko for narkolepsi for vaksinerte barn, har GSK nekta å innrømme at der er ein samanheng.

Dei farmasikontrollerte media i USA hevdar at NULL barn har blitt skadde i Amerika

Dersom 800 barn vart hjerneskadde av svineinfluensavaksinen i Storbritannia og elles i Europa, kor mange barn vart då skadde av den same vaksinen – eller andre vaksinar – i Amerika?

I følge dei farmasikontrollerte lamestream-media er talet NULL.

Svineinfluensa var en ufarlig sykdom med stygt navn. Mer skulle det ikke til for å skremme halve Norges befolkning til å ta vaksinen.

Vaksineskadefornekting – ei spesielt farleg form av villeiande søppelvitskap – er notidas mantra i den farmasikontrollerte pressa, som inkluderer alle dei vanlege mistenkte, slike som Washington Post, New York Times, CNN osb. Dei berre let som om ingen barn nokon gong blir skadde av vaksinar … og dei håpar at USAs publikum er dumme nok til å tru på løgna om at «alle vaksinar er trygge.»

Akkurat no er det 800 barn i Storbritannia som har fått livet øydelagt av svineinfluensavaksinen, og som aldri kjem til å kunne føre eit normalt liv igjen. Kvart år får titusentals fleire barn diagnosen autisme. Vaksineindustrien øydelegg ein generasjon barn – gjer det som Robert Kennedy Jr. korrekt samanlikna med eit «holocaust» – medan media, som har selt seg ut, dekker over det.

Korleis kan det ikkje vere eit brotsverk mot barn?

Dei skulle skamme seg, alle som har selt seg ut av redaktørar og profesjonelle løgnarar i mainstream-media som dekker over sanninga om ein industri som lemlestar og drep barna våre i tusentals. Eig de ikkje menneskekjærleik?

Global Research, 31. mai, 2020

Omsett av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • » Eg kjenner meg utrulig skuldig over å ha late han ta vaksinen,» sa mor hans»

    Vaksiner kan selvfølgelig også redde liv.
    Men hetsingen mot vaksinemotstandere bør roe seg ned framover. De som vil vaksinere seg kan det. De som IKKE vil, bør få ha det standpunktet; uten å bli latterliggjort eller beskyldt for å ødelegge for de som vil vaksineres.
    Det er mye som kan tyde på at vi om noen år vil stå foran et forsøk på en tvangsvaksinering, enten det er for røde hunder, HPV, virus-influensa eller annet ‘farlig hvis ikke alle vaksinerer seg’, – og
    ‘ ellers er du ikke en ansvarlig forelder eller samfunnsmedlem.’

    Svar
  • Vi nektet å la våre da små barn bli påtvunget den utilstrekkelig testede Pandemrix vaksinen. Og ble nærmest hudflettet av venner som påpekte vårt felles ansvar for andre, for samfunnet, for også å bidra til fellesskapet.
    Kommunelegen hadde gått ut i lokalavisen og oppfordret alle å ta Pandemrix. Ihht. anbefalingene/direktivene ifra sentralt hold.
    Samme hjernedøde forblindede adlydelse i befolkningen av direktivene ifra sentralt hold dengang som vi nå ser i langt større grad ifbm. Corona.
    Det er som man har kappet toppkalotten av hue på folk. Folk slutter å tenke selv. Ellers intelligente opplyste mennesker. Helt utrolig som propaganda kombinert fremskapt frykt virker.

    Svar
  • […] ble grundig vaksinert mot legemiddelindustriens fremstøt under den såkalte «svineinfluensa-saken» i 2009. Den gang jobbet jeg i helsevesenet. Den var rein svindel og skremsel. Det ser vi i ettertid, men […]

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

USA: Fengsel, vald, drap og kjønn

Klassekampen viktigere enn rasismen

Forrige innlegg

Spartakus:

Den amerikanske våren er her.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.