POSTED IN Krig-fred, Palestina

Gaza:

Vil Israel bruke giftgass eller vann for å få Hamaskrigerne ut av tunnelene sine?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Kjemisk falskt flagg, utsett israelsk offensiv og talet på palestinske sivile drepne hopar seg opp.

Av Larry Johnson

Larry Johnson er X-CIA

Eit par travle dagar utan openberre framsteg på den diplomatiske fronten medan Israels FN-ambassadør, Gilad Erdan, hadde ei nedsmelting. Han var fornærma fordi FNs generalsekretær Guterres gjorde den fornuftige observasjonen at det «avskyelege» terroristangrepet til Hamas ikkje skjedde i eit vakuum. Viss Erdan og Israel trur at det å true generalsekretæren er godt diplomati, kan han trenge eit oppfriskningskurs i korleis ein skal vinne venner og påverke fiendar. Spetakkelet til Erdan kan ha blidgjort israelarane, men det ser ut til å ha støytt bort nasjonar i FN som før var tilbøyelege til å støtte Israel.

Så er det uvissa kring moglegheita for at Israel planlegg å ta i bruk eit kjemisk våpen for å jage Hamas-krigarane ut av tunnel-komplekset på Gazastripa. Sy Hersh skriv i sin siste SubStack-post:

Israel er no i ferd med å gjere Gaza by om til ein ruinhaug, via konstant bombing, og dei planlegg og å starte ein bakkeinvasjon i nær framtid [dei starta ein bakkeinvasjon i natt, 26. oktober, mrk.]. Ein velinformert US-amerikansk offentleg tenestemann fortalde meg at dei veit at det israelske leiarskapet vurderer å oversvømme det vidstrekte tunnelsystemet til Hamas før dei sender inn soldatane sine, som i mange tilfelle berre har hatt nokre få vekers trening i dei manøvrane og den koordinasjonen som er nødvendig for invasjonen. Ei slik gjerning kunne bety at Israel er villig til å ofre gissela som framleis er i risikosona.

Kva vil dei bruke til å «oversvømme» tunnelane? Eg diskuterte denne moglegheita på tysdag med Clayton Morris på REDACTED:

Det store problemet med å bruke ein kjemisk agens som våpen, er mangelen på presisjon. Det er ikkje som å skyte eit prosjektil frå ei rifle. Ein god skyttar kan treffe eit to tommars mål på tusen meter. Når ein kjemisk agens blir sleppt ut, blir den påverka av vindens og temperaturens luner. Viss det er ein dødeleg agens, lyt angrepsstyrkane bruke verneutstyr (tenk på ein romdrakt), som hemmar rørsler og syn. Ikkje nett det beste valet om ein skal prøve å rydde ut i forsvarte tunnelar som kanskje er pepra med snikfeller.

Vi veit berre éin ting sikkert – både Israel og palestinarane er svært sinte og vil ha hemn. Ingenting godt kjem ut av dét.

Omsett av Monica Sortland



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 475 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Israel, vi vil erklære deg som en krigsforbryter for verden», sier Erdogan, med støtte fra TUSENVIS av oppmøtte som støtter Palestina. Se folkehavet på timesofisrael.com

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Krigen i Midt-Østen:

Går det mot global storkrig?

Previous Post

Avtaler må følges opp av begge parter.

Siden USA ikke ratifiserer atomavtale trekker Russland sin ratifisering.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.