POSTED IN Norge

Galskapen i Italia skal glemmes.

Tiltak som rammet uvaksinerte helsearbeidere skal bort, men uten unnskydning.

0
Print Friendly, PDF & Email

Stor heilomvending i Italia: Uvaksinert helsepersonell kan no kome tilbake på jobb

Av Amy Mek, RAIR Foundation, 2. august 2022. Omsett av og henta frå saksyndig.

Etter at Italias statsminister Mario Draghi vart fjerna frå embetet, har den globalist-leia regjeringa sine diskriminerande Covid-tiltak som vart påført helsepersonell no blitt avskaffa. Den italienske regjeringa sitt medisinske byrå, Den nasjonale føderasjonen for kirurgar og tannlegar (FNOMCeO), har annonsert at alle legar og helsepersonell som vart suspenderte for å ikkje ta Covid-«vaksinar», no kan kome tilbake på jobb.

Føderasjonen si gedigne heilomvending kjem utan ei orsaking eller ei anerkjenning av smerta, trakasseringa, skremselen, tvangen og dei finansielle vanskane dei påførte helsepersonell. Framtil nyleg har dei statlege medisinske foreiningane vore i fortroppen når det gjeld press for obligatoriske «vaksinar», og dei kravde at legar og helsepersonell tok sprøyta. Derimot har dei no snudd tvert om utan å ta noko som helst personleg ansvar for sine farlege og urettvise mandat. Uvaksinert helsepersonell skal no liksom leggje fortida bak seg og kome tilbake på jobb.

men on cliff
Gjorde det i god tro med de beste hensikter fritar ikke for ansvar.

Istaden for at FNOMCeO bad om orsaking til helsepersonell for smerta og lidinga, tok dei ein typisk venstreorientert taktikk og hevda at dei sjølve var offera. Føderasjonen sin president, Filippo Anelli, slo til mot «anti-vaxxer»-rørsla:

«Eg vil sterkt og bestemt fordømme fordømme alle valdshandlingane, skremselen, namnekallinga og vandalismen mot den Medisinske foreininga og deira eigne leiarar.

Fleire leiarar har fått personlege trugslar, inkludert dødstrugslar frå folk som vil bli tiltalte etter lovas paragraf.

Kollegaene mine har sympatien og støtta til Føderasjonen.»

Sjå òg dette italienske nyheitsinnslaget som RAIR Foundation USA har omsett.

På byrjinga av 2022 vart rundt 1900 italienske legar og tannlegar suspenderte frå landet si profesjonelle foreining fordi dei ikkje følgde ei lov som kravde at dei var «fullvaksinerte» mot Covid, inkludert ein oppfriskningsdose.

Italia krev at alt helsepersonell, lærarar, politi, medlemmar av væpna styrkar og dei som gjev tenester til sjukeheimsbebuarar har teke dei kontroversielle injeksjonane. I tillegg må helsearbeidarar ta oppfriskningsdosen for å ha retta seg fullstendig etter kravet, ifølgje ei lov som vart utstada av den italienske regjeringa i desember 2021.

Forsidebilde: Michael Held

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Etter Pelosis Taiwan-besøk.

Kinesiske mottiltak vil i denne omgang først og fremst være økonomiske.

Forrige innlegg

Strømprisene

Tidligere LO-leder reagerer på «galskapen»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.