POSTED IN Krig-fred, Ukraina

Frontlinjen bryter sammen.

Strategisk nederlag for Ukraina.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Avdijivka fell, Ukraina trekk seg tilbake til under Saurons auge

Av Larry Johnson

X-CIA-analytiker

Eg greidde ikkje motstå referansen til Ringenes Herre, på grunn av referansen som den russiske krigskorrespondenten, Marat Khairullin, gjer i reportasjen sin under. Dei store nyhenda i kveld, er at general “Slaktar” Syrsky gav ukraisnke styrkar ordre om å trekke seg ut av Avdijivka – i det minste dei som ikkje var kringsette eller altfor skadde til retrett. Dei ukrainske soldatane som prøver å flykte, spring gjennom labyrintar av rakettar, missil, bombekastarar og artilleri. Tapstala er katastrofale.

Marat Khairullin, den russiske krigskorrespondenten som Andrei Martyanov rekommanderte.  Her er hans seinaste reportasje:

Vennar, fienden har overgitt Avdijivka! Gratulasjonar til alle vennar! Stor reportasje i kveld!

Kjære vennar, om enn folks merksemd er fokusert på hendingane som utspeler seg rundt sør-Donetsk, bør vi ikkje gløyme andre sektorar av fronten. For det vi no ser, er ein svært vakker strategisk operasjon i stor skala.

Etter mitt syn (eg er ingen historikar, så det kan hende eg tar feil) har ikkje verda sett ein slik strategisk operasjon sidan Andre verdskrig. Vi har ikkje berre møtt ein seriøs, motivert fiende; vi står overfor dei sameinte styrkane til det samla Vesten.

Men la oss returnere til dei faktiske hendingane. Essensen av det som skjer, er at generalane våre agerer i ulike sektorar av fronten slik ein virtuos pianist speler på sitt favorittpiano. Konsekvent aukar dei trykket, så slepp dei opp på det i ulike sektorar av fronten. Dei arrangerer eit crescendo på nokre plassar, og på andre, derimot, reduserer dei meisterleg trykket og provoserer fram motangrep frå stupide ukrainarar.

Boksing er også en form for dans.

Det er som når ein erfaren boksar opnar seg lett opp og provoserer opponenten til eit forhasta angrep, for så å levere eit knockout-slag.

Og i den samanhengen er det truleg verdt å legge merke til kva som skjer på Saporosje-fronten (Zaporozhye). Allereie i januar skreiv eg at ei av dei viktigaste oppgåvene under del to av den store kampanjen vår for totalsiger over fienden, var øydelegginga av styrkane til den mest stridsklare gruppa i direksjonen sør-Donetsk. Særleg Taurida.

Det var ikkje tilfeldig at generalane våre valde eit medietett – men samtidig ikkje spesielt strategisk viktig – område for eit kraftig angrep. Her spelte strategane våre på Fuhrer Zelenskys favorittuttrykk – ekte menn gjer aldri retrett. Dei vil fjerne den siste blyanten, men likevel etterlate seg PR’en.

Men det faktum at ukrainarane atter ein gong fall for den meisterlege villeiinga til generalstaben vår, betyr mest sannsynleg at det vil bli levert knockout-slag mange stadar samtidig. Kor? Det kan vi berre spekulere på.

I vår tidsalder med det alt-sjåande auget, er det nesten umogleg å skjule svære massar av soldatar. Og erfaringa etter to år med kamp, viser at vår kommando har lært å “skjule” sine styrkar ‘openlyst’. Det vil seie utpeike nokre potensielle område for ein offensiv og til og med køyre angrepsgrupper fram og tilbake, og såleis overanstrenge hjernane til ukrainarane og NATO-medlemmane.

Og det er desto meir interessant å følge med på korleis hendingane utviklar seg. No pågår det eit slikt spel i fleire direksjonar samtidig. Nokre av dei har eg allereie skrive om. Eit anna er i Saporosje – Vremevsky-framspringet, der troppane våre byrjar å auke presset på fienden i Priyutnoye og Staromayorsky areas. Og også i Rabotino, der dei har avansert i området Novoprokopovka og Verbovoy. Kort sagt vil vi observere nøye. Store slag ventar oss.

Marat observerer viseleg at Vestens ISR (etterretning, overvåkning og målstyring, red.) gjer det nesten umogleg å skjule samlinga av svære troppar, på grunn av det “alt-sjåande auget”. Det vil seie satellittar, dronar og fastvingeflygefarty med videoovervaking i sanntid. Russland har vald å påføre Ukraina “døden frå tusen kutt”. Små-skala, skiftande angrep som brukar kombinerte våpen som kan skytast ut frå hundretals plassar.

Russarane har tydelegvis initiativet og vil halde fram med å presse angrep til sjølvvald tid og stad langs den 160 mil lange grensa. Ukraina har rett og slett ikkje mannskap – trent personell – til å sette opp noka solid forsvarslinje.

Eg vil avslutte med min video om dødsfallet til den russiske dissidenten Alexei Nalvany. Han døydde i fengsel. Vestens etterretning pushar ivrig det falske narrativet om at Putin fekk han avliva. Det er absurd. Om det hadde vore ein prioritet å drepe han, så hadde han vore daud for lenge sidan. Han var eit null i Sibir. Korfor skulle Putin gi ordre om å ta livet av han når Nalvany ikkje lenger var i nyheitsbildet? Latterleg.

Det mest kvalmande er skilnaden på Biden-administrasjonens reaksjon overfor dødsfallet til ein russar, samanlikna med dødsfallet til den US-amerikanske statsborgaren Gonzalo Lira i ukrainsk fengsel. For sistnemnde kom det ingen rasande reaksjonar. Lira døydde heilt klart av overgrepa han måtte tole medan han var fengsla, og Biden-teamet gjorde ikkje det grann for å hjelpe han. Berre endå ei påminning om at Biden bryr seg meir om å forsvare Ukrainas grense enn å sikre USA sin tryggleik på heimebane.

Fritt omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Johannes Åtta Førtifira
    18 februar 2024 15:27

    Så du på NRK Krigsrevyen de spesielle støvlene som ‘godhjertede’ norskinger hadde fått tak i fra norske militere lagre og som skulle sendes til fronten i Ukraina slik at de utbeordrede ukrainerne skulle være tørre og varme på føttene i skyttergravene?

    Ukrainerne har nå under sin khazar-zionist-jødiske kommandant, Zelensky, gått på et nytt tungt nederlag i kampen om å beholde russiske Avdeevka.

    Kan vi se hva som skjedde med noen av disse spesielle grønne støvlene med høye skaft og en myk brei kant øverst, fra 15 sekunder inn i den 3. nederste videoen på denne netttsiden?:

    southfront.press/military-overview-russia-won-battle-for-avdeevka-18/

    Svar
  • Før man i det hele tatt bryr seg om krigen i Ukraina, og de idiotiske (sjøl-) drapene som unge mennesker er lurt til å begå.- Så bør man spørre seg:
    1. Hvorfor bombet Ukraina sivile områder i eget land i 10 år?
    2. Hvorfor er det så viktig at Ukraina blir medlem av Nato eller EU; – og for hvem?
    3. Har Russland grunn til å føle seg truet av en amerikansk/Nato-organisasjon. – Og en Nato-Stoltenberg som gikk til et uprovosert angrep på Libya?
    ( Og ellers Nato-angrepet på Irak og Afghanistan, for å nevne noe. )

    Hvis man ikke gidder å interessere seg ordentlig for disse spørsmålene. – Så burde man ikke gidde å engasjere seg i media sin løgn-propaganda om samme.
    Noen lurer/bedrar. Og noen blir lurt.
    Og det er forskjell på informasjon og propaganda.

    Svar
    • Torfinn Slettebø
      18 februar 2024 19:01

      Veldig gode spørsmål frå Frikar!

      TV2 melder i dag om våpentrening for ukrainske kvinner som kallar seg ‘valkyrier’.

      Kva meir skal til for å realitetsorientera nordmenn? Våpentrening for småborn og Wagner på full guffe?

      Svar
  • The end times
    20 februar 2024 0:23

    Han Jens er blitt så sykt go på å lyge selv med sin sykt elendige engelsk at han tror faktisk på vært ord som kommer ut av sin egen mund
    https://youtu.be/H3G-uAiTkZc?si=tam9ycItDUEDXO7u
    Det må gå galt da. Russerne kommer men Ukraina har vunnet

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Hamas er en del av Det Muslimske Brorskapet.

Det er en politisk, ikke en religiøs organisasjon.

Forrige innlegg

Oljerikdommen i Norge fører til dekadens.

Juksemakere på rekke og rad.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.