POSTED IN Norge

Frivillighet:

Kan det lønnes og statsorganiseres?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Fra grasrot til kunstgras.

Hans Olav Brendberg

«Meet the new boss, same as the old boss», song the Who. Den sitjande regjeringa har jo vorte ein pinleg seanse, og det er heilt naturleg at folk med større og større forventning byrjar sjå fram mot valet om to år, når nye kostar kjem til å overta.

Det er det ingen grunn til. For dei kreftene som står klar til å overta er akkurat like fiendtlege til sunn fornuft, open diskusjon og folkeleg makt som dei som for tida barrikaderer seg i regjeringskvartalet.

Mange la merke til då Støre og Johansen arbeidde seg sveitte i Pride-toget i fjor. I staden for å le, bør vi sjå på kven dei arbeider for. Regnbogeflagget er eit registrert varemerke, denne rørsla er barrikadert mot folkeleg innverknad, motforestillingar og offentleg diskusjon.

«FRI» er ikkje ein friviljug organisasjon, det er ein «GONGO», ein statsorganisert, «friviljug» organisasjon som i hovudsak handlar om eit tilsett organisasjonsapparat som lever av å tena dei interessene som betalar – og som held felles front mot grasrota. «FRI»s forsøk på å diskredittera dei viktige diskusjonane som folk som Kari Kari Angelique Jaquesson og Tonje Gjevjon reiser er ikkje eit arbeidsuhell. Dette er typisk for «GONGO»-kommisærar av dette slaget. Det er difor dei er der – poenget med GONGO er å erstatta grasrota med kunstgras, slik at ein slepp å ta omsyn til motforestillingar, og unngår risiko knytt til verkeleg, open debatt.

Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, tidligere Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner, er en medlemsorganisasjon for homofile, lesbiske, bifile og transpersoner i Norge. Wikipedia

«FRI» er ikkje den einaste slike GONGO-en. Ein annan er Antirasistisk Senter, der nestleiaren ope stør byggjing av ein rasestat i Palestina. Og der ARS konsekvent driv med brunskvetting av dei som freistar reisa ope diskuisjon om ideologien til dei som vil byggja rasestat.

Du vil finna ei mengd slike GONGO-s i maktgrunnlaget for den skuggeregjeringa som står klar til å overta om to år. Og det dei har sams er intense, identitetspolitiske ideologiar av det slaget som har patent på sanninga – og som freistar stempla og utdefinera alle som har motforestillingar, og som ønskjer diskutera dei sakene dei har tatt patent på.

RU i Trondheim si parole om «Fuck terfs» illustrerer ypperleg denne mentaliteten, og dette problemet bør vi byrja diskutera no. Før GONGO-kratiet kjem stormande inn i statssekretærstillingar om to år, og før nye maktposisjonar blir brukt til å erstatta demokrati, open diskusjon og grasrot med elitar, diskusjon på bakromma og kunstgras.

Nye omgrep (begrep):

GONGO= Statsorganisert frivillig organisasjon (eller en kamuflert statsorganisasjon)

Terfs=transekskluderende radikalfeminist eller «Feminister som meiner menn i dameklede framleis er menn».

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • I såkalte åpne debatter er det så og si alltid bare folk som er understøttet av det offentlige som deltar.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Tyrkia:

Er det neste land som skal ødelegges og omformes?

Forrige innlegg

Journalister og medier:

Et viktig frontavsnitt i krigene.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.