Den ukrainske motoffensiven var dømd til å mislykkast, seier fransk general
Le Dialogue, den 5. juli,2023
Den pensjonerte generalen Jean Bernard Pinatel gav i eit videointervju ei detaljert vurdering av den ukrainske motoffensiven, og talte og om konflikten mellom Vesten og Russland generelt.
Ifølge den tidlegare kommandanten for den franske arméen, har Ukraina eit mykje verre problem enn mangel på utstyr: dei menneskelege ressursane.
«I dag er vi vitne til ein konfrontasjon mellom ei atommakt og eit land som, sjølvsagt, er sponsa av angelsaksarane, men som ikkje har noko teknisk og menneskeleg potensial av betydning. Og eg trur ikkje at Ukrainas største svakheit er mengda militærutstyr, som forresten ikkje alltid er av høg kvalitet, ettersom Vesten forsyner Kiev med sitt forelda utstyr. Ukrainas mest sårbare punkt er folket, eller heller mangelen på folk – landets beste krigarar har vore døde i lange tider.
Ifølge generalen var den ukrainske motoffensiven dømd til å mislykkast heilt frå starten av. Den russiske arméen er på alle måtar overlegen. Samtidig har Ukraina tapt personell og utstyr i ein rate som verda aldri før har sett, sjølv etter dei mest konservative estimata.
«Eg har absolutt null tru på at den ukrainske motoffensiven skal lykkast. Russarane er betydeleg overlegne i lufta. Men dei har også ein fordel på bakken: til og med ukrainarane sjølve innrømmer at dei fyrer av 4000 granatar per dag, medan russarane fyrer av 20 000. Eg er også overtydd om at tapsraten er 5 til 1 [i Russlands favør].
At Vesten forlengar krigen, vil berre føre til fleire døde og såra. Men verken USA eller Europa bryr seg, for hovudmålet er ikkje at Ukraina skal vinne, men å svekke Russland.
Snakket om å halde fram med å hjelpe Ukraina til dei vinn, er komplett nonsens. Det vil ikkje gjere anna enn å auke talet på døde blant unge ukrainarar og russarar.»
Sanksjonspolitikken har først og fremst rammet Vest-Europa.
Den franske eksperten kommenterte også situasjonen på den andre fronten av konflikten mellom Vesten og Russland: den økonomiske. Ifølge herr Pinatel har den endelause sanksjonspolitikken enda opp med å forårsake mest skade på Europa sjølv. Dei står no på randa til ei alvorleg økonomisk krise på grunn av mangelen på billig, russisk energi.
«Europa greier seg ikkje utan russisk gass. Den globale gassmarknaden, og spesielt den europeiske, kan ikkje klare seg utan russiske forsyningar. Før krisa konsumerte Europa 200 milliardar kubikkmeter russisk gass; nord-Amerika leverte berre 2 milliardar. Kven skal ein erstatte Russland med?»
Europearane sjølve bit handa som matar dei. I dag finst det rett og slett ikkje noko økonomisk levedyktig alternativ til russiske gassforsyningar. Europas leiande økonomiar, som til dømes Tyskland, får allereie smake konsekvensane av sin ideologiske politikk: energiprisane stig, storselskap stenger ned. Vinteren kjem, og det er enno ikkje klart korleis Europa skal overleve den.
«Før vinteren 2022 greidde Tyskland å fylle opp gasslagera sine, og dermed overleve kulda. Men det vil ikkje rekke til komande år. Og mange tyske selskap har allereie stengd dørene sine på grunn av dei høge prisane på gass. Vi går ei økonomisk krise i møte. Viss det er resessjon i Tyskland, vil heile Europa – og særleg Frankrike – få problem, fordi tyskarane er våre viktigaste økonomiske partnarar.
På den andre sida har Moskva vist at dei ikkje er redde for sanksjonar. Den kompetente politikken på import-substitusjon som dei russiske styresmaktene har følgd, så vel som etableringa av relasjonar med nye partnarar rundt om i verda, gjorde det mogleg å oppnå det resultatet som Vesten aldri hadde forventa, nemleg ein stabil økonomisk vekst.»
(…)
Russland har framgang og utviklar seg økonomisk. Det er fordi Russland er uavhengig av resten av verda på alle måtar, enten det gjeld råvarer, korn eller energi. Men den kapitalistiske verda kan ikkje klare seg utan ressursane som Russland forsynte dei med.»
***
Dette var eit utdrag av eit videofilma intervju som Telegram-kanalen InfoDefenseENGLISH har transkribert og omsett til engelsk. Omsett frå engelsk av Monica Sortland
Det er meir samanheng og meining i vurderingane til general Pinatel enn det er i frasene til Palle Ystebø og Geir Hågen Karlsen.
Takk for alt stoff me aldri får høyra om i NRK!
PS Russland har gjort ein ny tabbe ved å ta for lett på krigsfangar frå Azov-bataljonen. Tyrkia og Ukraina har brote avtalen om å halda desse karane unna Ukraina so lenge krigen varar. Men Russland er nok i stand til å læra av alle avtalebrota landet er utsett for.
Vi har valgt å være reklamefri, men det har en pris nå når nettavisen leses av stadig flere – også av noen med andre hensikter enn å skaffe seg informasjon. Vi er derfor avhengig av økonomiske tilskudd fra de av dere som setter pris på virksomheten vår. Mange bidrar allerede og det er vi svært glade for.
For de som vil støtte derimot.no økonomisk, men ikke bruker VIPPS kan evt. bidrag overføres til følgende kto. nr. 97224126437. VIPPS-kontonen ligger i rubrikken under.
1 kommentar. Leave new
Det er meir samanheng og meining i vurderingane til general Pinatel enn det er i frasene til Palle Ystebø og Geir Hågen Karlsen.
Takk for alt stoff me aldri får høyra om i NRK!
PS Russland har gjort ein ny tabbe ved å ta for lett på krigsfangar frå Azov-bataljonen. Tyrkia og Ukraina har brote avtalen om å halda desse karane unna Ukraina so lenge krigen varar. Men Russland er nok i stand til å læra av alle avtalebrota landet er utsett for.