POSTED IN Olje-Energi, Russland, Tyskland

Først stjeler de Russlands penger.

Deretter klynker de fordi de må betale for gassen med russisk valuta.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kva skjer viss Russland skrur av gasskrana til Europa

Det nærmar seg deadline for å skifte til betaling i rubel

Russland har gitt «fiendtlege» land ein deadline til 31. mars. Då skal dei ha starta å betale for gassimporten sin i den russiske valutaen rubel. Den nye regelen for valutaskifte vil gjelde for land som har påført nasjonen økonomiske sanksjonar og frose utlandsvalutareservane deira. Det ersærleg urovekkande for dei EU-landa som er tungt avhengige av dei russiske energiforsyningane.

  1. Kva skjer etter den 31. mars?
    Russland seier Europa ikkje vil få gratis gass dersom dei nektar å betale i rubel. «Vi kjem ikkje til å forsyne dykk med gratis gass, det er klart,» sa Kreml-talsmann Dmitry Peskov på tysdag. Då han fekk spørsmål om gassen ville bli skrudd av for ikkje-betalarar, svara Peskov: «Ingen betaling, ingen gass.» Men han la til at Russland enno ikkje har tatt ei endeleg avgjerd for korleis dei skal respondere dersom europeiske land skulle nekte å betale med den russiske valutaen.
  2. Kor avhengig er Europa av russisk gass?
    Europa er tungt avhengige av russisk gass til oppvarming og straumproduksjon. Russisk gass står for omlag 40% av Europas totale forbruk. EU har i år importert gass frå Russland for mellom 200 og 800 millionar euro per dag.
  3. Kva skjer i eit Europa utan russisk gass?
    Europakommisjonen har sagt at dei planlegg å skjere ned på EU si avhengigheit av russisk gass med to tredelar i år og stoppe den heilt «i god tid før 2030». Men økonomar seier det ikkje er lett å erstatte dei 1550 terawatt-timane med russisk gass som vart levert til EU i 2021. Europa greier ikkje å erstatte forsyningsbortfallet raskt; dei vil måtte strupe etterspurnaden. I mellomtida vil ein auka import av flytande gass (liquified natural gas, LNG) i ein allereie stram global LNG-marknad sette eit kolossalt press på prisane, oppover. Det ville bli eit stort slag for den europeiske økonomien, som allereie lir av skyhøge energiprisar. Eit langvarig opphald av forsyningane av russisk gass vil koste EU dyrt, og det kan til og med resultere i at land som er meir eksponerte for svingingar i forsyninga av russisk gass, slike som Italia og Tyskland, vil måtte sette i verk krisetiltak. Tysklands kanslar, Olaf Scholz, har åtvara om at eit forbod mot import av russisk energi ville utløyse økonomisk nedgang i Europa.
  4. Kva slags vidare konsekvensar får det?
    Det finst ein risiko for ei global energikrise. Russland er verdas største gasseksportør og nest størst innan eksport av råolje, etter Saudi-Arabia, ifølge Det internasjonale energibyrået (IEA). Å erstatte russisk gass vil ikkje bli lett; Europa vil måtte kjøpe gass på den opne marknaden, noko som skulle medføre å måtte betale meir dersom dei kjøper frå land som Qatar eller USA. Ein annan konsekvens blir at den gassen dei kjøper, ikkje vil gå til andre stadar. Resultatet blir høgare gassprisar overalt, etterkvart som landa overbyr kvarandre for å slå kloa i dei avgrensa forsyningane.
  5. Vil oljeprisane bli påverka?
    Russland forsyner EU med i snitt rundt fire millionar fat olje kvar dag. I motsetning til gass, der forsyninga til ein stor grad framleis er regulert av langtidskontraktar, er prisen på olje flyktig, bestemt av tilbod og etterspørsel. Dersom Europa framleis vel å kutte ut russisk olje, så kan råoljeprisane auke til 200 dollar fatet, eller meir, åtvarer analytikarane.
  6. Vil Russland selje andre varer for rubel?
    President Vladimir Putin hinta under si betalingsplanerklæring om at gass kan bli den første russiske vara som vil bli seld for rubel. Viss Vesten innfører fleire sanksjonar, så aukar det sjansane for at også andre russiske eksportvarer vil bli prisa i rubel, inkludert råolje, kol, metall, sjeldne jordmineral, edelsteinar, edelgass, tømmer, gjødsel, matolje og korn.
  7. Kven vil blinke først når betalingstidsfristen nærmar seg?
    Så langt har EU og G7-landa avvist Russland sitt krav om å skifte til rubel i betalinga for gass. Russland seier dei ikkje vil tilby gratis gassforsyning, Det tyder på at dei er klare til å skru av kranane. Om det skjer, vil Moskva tape mellom 200 og 800 millionar euro for kvar dag med embargo. Men Russland kan omdirigere noko av gassen til Asia. Europa vil sannsynlegvis bli råka av ei økonomisk krise dei ikkje har sett sidan Andre verdskrig, når høgtflygande energiprisar sender regionens økonomiar inn i resesjon. Så kven vil blinke først? Kven trur du?

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: charlesdeluvio

https://www.rt.com/business/552890-russia-gas-taps-europe/



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 443 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Det er ikke land som kjøper gass, men selskaper i respektiver land som inngår avtaler med feks Gassprom osv om kjøp av gass i dette tilfelle.
    Jeg blir ikke overrasket om diverse selskaper allerede har etablert konto i Gassprom bank for slike transaksjoner.
    Gass-selskaper i Slovakia, Bulgaria og Ungarn har signalisert at de er klar for den type transaksjoner.
    Ungarn og Bulgaria har sine egne respektive valutaer, så for dem er det bare en fordel.

    Svar
  • Europa skyter seg selv i foten med sanksjonene mot Russland som ikke rammer Russland men de selv… Men det er nok det som er meningen, dette handler om «the great reset» hvor økonomien skal ødelegges slik at den hyper rike «eliten» kan senere redde oss med sin faudalistiske totalitære verdens regjering hvor «you will own nothing and be happy». Kort sagt en verdens regjering hvor KUN «eliten» eier noe, har makt eller har noen som helst form for frihet mens vanlige folk er deres slaver…

    Svar
  • Vi er allerede langt på vei med en verdens regjering med hvordan WHO har ufattelig stor makt til å gjøre hva som helst hvis de selv erklærer at en vanlig forkjølelse er en dødelig pandemi slik som med korona hysteriet…

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Noen ganger er det ikke nok å unnlate å fortelle sannheten.

Noen ganger må vi lyge, demonstrerer VG.

Previous Post

Våpeninspektør og etterretningsoffiser fra USA, Scott Ritter:

Russland la en felle for vesten som de bet på.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.