POSTED IN Coronavaksiner, Helse, Økonomi

Først gir legemiddelfirmaene vaksinene. Deretter midler for å reparere skadene disse ga.

Resultatet er dobbel fortjeneste.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Big Pharma marknadsfører legemiddel for å «kurere» skadar forårsaka av dei same covid-sprøytene som dei fort og gale rulla ut i 2021

Innlegget er hentet fra Saksyndig

12.januar 2024 heldt kongresskvinne Marjorie Taylor Greene, på vegner av House Select Subcommittee for koronavirus-pandemien, ei høyring om biverknader etter mRNA-injeksjonane. Desse biverknadene inkluderte auka førekomst av myokarditt (hjartemuskel-betennelse), perikarditt (hjartepose-betennelse) og blodproppar, alle tre forårsaka av covid-sprøytene. Dette rapporterer Natural News, og dei skriv (mi omsetjing):

Marjorie Taylor Greene

«Legane Peter McCullough, Ryan Cole og Kirk Milhoan, som var dei mest frittalande medisinske profesjonelle når det gjaldt ineffektiviteten og utryggleiken til mRNA-vaksinane, presenterte vitnesbyrda sine den dagen. Dei siste åra har dei blitt kansellerte av forsikringsselskap, fått sparken frå jobbane sine og stått overfor massiv offentleg gransking, og står i tillegg i fare til å misse legeautorisasjonen sin.

På eit punkt under vitnesbyrdet uttrykte Greene bekymring ved sida av det beviste faktum at ‘sprøytene’ inneheldt framande piggprotein som skader kroppen og skaper blodproppar. Dei tre legane har vist til fleire studiar som beviser at desse er sanne, men klaga over korleis president Joe Biden sine regjeringsbyrå ignorerte dei. Eit anna punkt er at Big Pharma-selskapa ser ut til å ha produsert legemiddel og vaksinar som kan ‘kurere’ biverknadene som var forårsaka av SARS-CoV-2-vaksinen.

Balsamerere finner slik blodpropper i blodårene til folk. De hevder det er noe nytt.

Greene skulda til og med dei farmasøytiske selskapa for å ‘selje sjukdommen og deretter selje kuren. Og vennene deira i Kongressen tvingar i sin tur amerikanarane til å betale dor det. Dette er korleis Washington arbeider i mange tilfelle’. ‘Er det då rimeleg å seie at desse vaksineprodusentane skapte desse vaksinane med syntetisk mRNA som har skapt hjartesjukdom, slag, nevrologiske problem og alt som de har snakka om; sel desse same produsentane kuren for sjukdommane som dei skaper?’ spurde ho.

Cole, ein autorisert anatomisk og klinisk patolog, svarte ikkje direkte, men sa at han opplever det som ironisk at den digre legemiddelprodusenten Pfizer akkurat brukte 40 milliardar dollar på eit kreftbehandlingsselskap. Ifølgje rapportar har det sidan byrjinga på covid-19-vaksineringa, vore ein hittil usett auke i dødsfall blant unge mellom 2021 og 2022 av raskt spreiande og dødelege krefttypar, ifølgje data frå det britiske Office for National Statistics. I tillegg fann ein ut at Pfizer sin mRNA-vaksine viste seg å vere kontaminert med kreft-forårsakande DNA-fragment. […]

(Sjå òg «Statlege data frå Storbritannia: Eksplosiv auke i kreftdødsfall hjå unge etter covid-‘vaksinar’», publisert 3.desember 2023.)

McCullough, ein indremedisinar og hjartelege, tok ordet og sa at etter utrullinga av mRNA-vaksinane ‘har eg aldri skrive ut so mykje blodfortynnande medisinar i min karriere. Dette er ekstraordinært. Heile dagen blir eg konfrontert av blodproppar i ulike scenario,’ sa han. Elles i møtet avslørte tilhengjarar av tidleg behandling mot koronavirus òg korleis prisane skyt i vêret for medisinske prosedyrar. Nyleg har han bestilt fleire og fleire MR-bilete og EKG-ar, og ser stadig tilbakevendande besøk til akuttmottak, spesielt dei som er i teneste i militæret. […]

Halvvegs i dette totimarsmøtet fekk kongressmann Andy Biggs taletid, og han namngav nokre av dei 1246 unike medisinske tilstandane som har oppstått sidan vaksinasjonen vart påboden. Han minte alle dei oppmøtte på at før Pfizer vart pålagt av ein Freedom of Information Act (FOIA)-førespurnad om å offentleggjere resultata i sine kliniske forsøk, hadde farmasiselskapet som intensjon å halde desse biverknadene hemmelege i 75 år.

Han spurde legane kva som fekk etablissementet til å rett og slett ignorere desse. ‘Handlar dette om pengar? Er der bestikkelsar tilgjengelege for statlege tenestefolk?’ spurde Biggs.

Ryan Cole

Cole svarte på dette fyrst ved å seie: ‘Dersom vi går tilbake i historia har uheldigvis mange lover blitt vedtekne, som over tid har bygt opp denne nesten ustoppelege maskina,’ sa han, og viste til Public Readiness and Emergency Preparedness Act (Prep Act [den amerikanske krise- og beredskapslova; oms.an.]), og Bayh-Dole Act, tidlegare kjent som Patent and Trademark Act Amendments [«tillegg til lov om patent og varemerke»], som lét universitet tene milliardar av dollar på patenta sine. ‘Arbeider regjeringa for folket, eller arbeider regjeringa for industrien? Det er det store spørsmålet og du veit at der er so mykje lobby-pengar,’ peikte han på. ‘FDA [Food and Drug Administration] er fanga inn av farmasøytiske selskap når det gjeld kor stor prosentdel av budsjettet sitt dei får frå farmasien for legemiddel-godkjenning og hastegodkjenning.’

Han nemnde òg CDC Foundation, som òg tener milliardar av dollar på vaksinepatent. Dei har no patent på opptil 58 vaksinar. Eit anna statleg byrå er National Institutes of Health (NIH) [det amerikanske folkehelseinstituttet], som har tenestefolk som tener 150 000 dollar i året resten av livet dersom dei har patent på eit legemiddel som kjem ut på marknaden.

‘Der er sanneleg samanvovne korrupte og finansielle interesser. Når vi som nasjon gjev pengar høgare verdi enn fridommen vår, og når vi gjev vår eiga sjølvinteresse høgare verdi enn det å ha ei grunnlov som er viktig for kvar og ein av oss, då er vi på feil spor,’ la Cole vekt på.»

Heile kongresshøyringa om skadar forårsaka av covid-19-vaksinane kan sjåast her.

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • » Balsamerere finner slik blodpropper i blodårene til folk. De hevder det er noe nytt.»

    Hvis dette er sant – så burde det vel føre til total alarm innefor legevitenskap og media?

    Hvis det er sant, -men IKKE istedtkommer alarm.
    Så bør det vel denne skjulte informasjonen istedkomme ALARM; ALARM?

    Skjønt, det vil selvfølgelig komme fram etterhvert.
    ( Selv om ‘forklaringene’ nok vil legges i sekken ‘ LongCovid’. )

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Hvem definerer hva som er korrupt?

WHO og WEF er korrupte organisasjoner som henter sin legitimitet fra FN.

Forrige innlegg

Skylder på russisk innblanding da Trump vant, men det hefter ikke.

USA blander seg på nytt inn i Venezuela-valget.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.