POSTED IN NATO

Forholdet mellom USA og Tyrkia:

Iskaldt.

0
Print Friendly, PDF & Email

G20 i Tyrkia og arge tyrkarar

14. november 2022 av Larry Johnson 

Larry Johnson er x-CIA-analytiker

La meg starte med ei tilråding om å lese artikkelen til vennen min Andrei Martyanov, This Is Getting Curiouser And Curiouser. Tyrkia er denne veka hovudscene for globale spørsmål, med viktige implikasjonar for styrkinga av Tyrkia sitt forhold til Russland og dårlege varsel for Tyrkia sitt forhold til NATO og USA.

Etter ei terroristbombing i Istanbul – som tyrkiske autoritetar seier Det kurdiske arbeidarpartiet står bak – bad Tyrkias utanriksminister USA dra til hel*ete.

Tyrkias innanriksminister Süleyman Soylu

Ifølge siste nytt sa innanriksminister Süleyman Soylu etter eksplosjonen på gata Taksim Istiklal i Istanbul at «Vi aksepterer ikkje kondolansemeldingar frå USAs ambassade. Om vi ikkje hadde fanga angriparen, så hadde han flykta til Hellas i dag.»

Minister Soylu sa: “Operasjonane held fram. All tryggleiken vår, sikkerheitsstyrkar og alle etterretningseiningar er på alerten saman. Vi sa det vi skulle seie i går kveld. Vi veit korleis hendinga var koordinert. Vi veit korleis det var koordinert. Vi vil gravlegge våre døde. Vi har nett sendt vår Ecrin til Adana og sendt far hans. Det må seiast. Vi veit kva bodskap som vart gitt oss, vi mottok meldinga som vart gitt oss, og vi vil sende ei veldig kraftig melding til denne meldinga,» sa han. [sic] 

https://www.cnnturk.com/video/turkiye/son-dakika-istiklal-caddesinde-pkk-saldirisi-bakan-soylu-abdnin-taziyesini-kabul-etmiyoruz%C2%AD

La meg omsette – Tyrkia gir USA skulda for angrepet på grunn av rolla deira med finansiering og væpning av kurdarane i Syria og Irak. Regjeringa i Tyrkia har lege i krig med Det kurdiske arbeidarpartiet (PKK) sidan 1970-talet. Min tidlegare sjef i utanriksdepartementet, ambassadør Morris Busby, og eg vart hyrte inn av den tyrkiske regjeringa i 1996 (etter at vi slutta i jobben for US Government) til å produsere ein studie om gresk støtte til PKK. Vi kom fram til den sjokkerande konklusjonen at den greske regjeringa forsynte PKK med finansiell støtte – altså at grekarane dreiv med statssponsing av terrorisme, i det minste sett frå Tyrkias ståstad.

yellow and black road sign
Dette er en alvorlig advarsel til USA fra Nato-allierte Tyrkia

Utsegna til Tyrkias innanriksminister er ikkje berre ein forbigåande, emosjonell respons. Han sender Biden og teamet hans ei klar melding – vi anklagar dykk for dette. Hendinga kan medføre brot i prosessen med å ta opp to nye NATO-medlemmar i folden. Sannsynlegvis vil Tyrkia bli endå meir bestemt på å presse Sverige og Finland til å slutte å vere tilfluktsstad for PKK-medlemmar. Om ikkje dei to landa går med på Tyrkia sine krav, vil Tyrkia halde fram med å blokkere at dei blir sleppte inn i NATO. Dette vil skape eit dilemma for NATO. Press Sverige og Finland til å samtykke med Tyrkia sitt standpunkt, eller ignorer Tyrkia og risiker at Tyrkia trekk seg ut av NATO.

Tyrkia ser ut til å trivast godt med sin veksande innverknad som internasjonal politisk meklar. Dei var vertsland for resultatlause fredsforhandlingar mellom Russland og Ukraina i mai. Dei har spelt ei nøkkelrolle i å mekle fram avtalen om å la ukrainsk korn bli utskipa til tilsynelatande trengande land. Og i går (måndag) møttest dei russiske og US-amerikanske spionsjefane i Tyrkia:

Rapportar har sirkulert i media i Russland om hemmelege samtalar mellom USA og Russland i vertslandet Tyrkia. Dagsavisa Kommersant siterte anonyme kjelder på at det uannonserte møtet er sagt å finne stad på måndag i Tyrkias hovudstad Ankara. Avisa seier Moskva har sendt Sergey Naryshkin, direktøren for Russlands utlandsetterretningsteneste, eller SVR, til samtalen. Talsmann for Kreml, Dmitry Peskov, stadfesta seinare til russiske medium at bilaterale samtalar hadde funne stad i Ankara, og la til at dei vart haldne på initiativ frå USA. Tidlegare denne månaden rapporterte Vestlege medium om at topptenestemenn frå Russland og USA engasjerte seg i udeklarert kontakt med kvarandre.Ifølge avisa Wall Street Journal, har US national-security adviser Jake Sullivan hatt samvære med Yury Ushakov, ein senior utanrikspolitisk støttespelar for Putin, og med Nikolay Patrushev, Sullivans motpart i det russiske regjeringsapparatet.

https://www.rt.com/russia/566501-russia-us-secret-talks/

Eg er einig i Moon of Alabama sin konklusjon om at Washingtons påstand om føremålet med møtet var falsk:

Biden-administrasjonen har no stadfesta at CIA-sjef Burns har møtt Naryshkin. Men dei lyg om innhaldet i samtalane:

  • William J. Burns, direktøren for Central Intelligence Agency (CIA), møtte sin russiske motpart i Tyrkia på måndag for å åtvare Russland mot å bruke atomvåpen i Ukraina, sa ein talsmann for Det kvite hus.
  • National Security-rådgivaren sa herr Burns’ møte i Ankara ikkje på nokon måte var meint som forhandling eller diskusjon om å kome til forlik i krigen i Ukraina. Ukraina vart på førehand informert om turen, sa talsmannen.
  • President Biden har insistert på at Ukraina, og ikkje USA, skal diktere om og når ein kan halde fram med forhandlingar for å ende krigen.

Russland har ikkje trua med å bruke atomvåpen. Dei har ingen grunn til å gjere det, tvert imot mange gode grunnar til å la vere å bruke dei. Det ville framfor alt ha isolert Kina og andre russiske allierte. Det var faktisk USA som planta skremselshistorier om bruk av atomvåpen i nok eit forsøk på å sverte Russland. USA veit sjølvsagt at det ikkje er nokon fare for at Russland skal bruke atombomber, og sannsynlegvis har ikkje Burns ein gong nemnt saka.

https://www.moonofalabama.org/2022/11/us-russia-intelligence-chiefs-discuss-ukraine.html#more

USA bad om dette møtet. Ikkje Russland. Dét, saman med general Mark Milley sin framstøyt om at Ukraina bør gå inn i forhandlingar med Russland, er eit klart teikn på at USA har ei veksande uro for Ukraina sine utsikter til suksess og Washingtons evne til å halde fram med å sluse inn pengar til det svarte holet Kiev:

Mark A. Milley – Wikipedia

Gen. Mark Milley, styreleiaren for Joint Chiefs of Staff. Ifølge US-amerikanske offisielle tenestemenn, har Milley «i interne møte anbefalt at ukrainarane – sidan dei har oppnådd alt dei realistisk sett kan forvente å oppnå på slagmarka før vinteren set inn – skal prøve å sementere det dei har oppnådd ved forhandlingsbordet.»

Den US-amerikanske toppgeneralen har ikkje lagt skjul på standpunktet sitt. «Når det opnar seg ein sjanse til forhandling, når ein kan oppnå fred, grip sjansen,» erklærte Milley i ein offentleg tale denne veka.

https://mate.substack.com/p/urging-peace-with-russia-top-us-general

Viss Ukraina verkeleg hadde hatt Russland hengande i taua, med sigeren i sikte, korfor skulle nokon i Washington då oppmode Ukrainas president Zelensky til å forhandle? Vestleg eufori over Russland si taktiske tilbaketrekking frå byen Kherson, maskerer det stigande presset frå innbyggarane i NATO-landa om å stagge pengestøtta til Ukraina medan dei lir under aukande prisar og dårlegare økonomi. Eit spansk satire-blad, El Jueves («Jueves» betyr «torsdag», og fotografiet på framsida av siste utgåve har tilskrifta «La Revista Que Sale Los Miercoles», som betyr «Bladet som kjem ut på onsdag»), tok bildet på Times Square, der nyleg ein reklame på storskjerm skildra Zelensky som eit svart hol.

Den pensjonerte tyske admiralen Ralph Thiele, styreleiar for Politisch-Militärische Gesellschaft e.V. (Det politisk-militære samfunn, ei tysk ikkje-kommersiell foreining), kom med ei skremmande innrømming i eit klønete forsøk på å støtte propagandaen om at Ukraina marsjerer mot siger. Han skreiv:

«Ukrainarane er no i eit vinnande løp og ønsker sjølvsagt å fortsette slik, men det vil bli vanskeleg for dei. Det er fordi «ukrainarane går tom for unge menn, dei har allereie måtta kalle inn over 45 år gamle folk for å fylle tomromma i troppane». Russarane, på den andre sida, trenar opp 120 000 unge menn akkurat no, sa han.

https://t.me/Slavyangrad/20274 https://web.de/magazine/consent-management/

Volkssturm - Wikipedia
Mot slutten av 2. verdenskrig brukte Tyskland gamle menn og unge gutter til forsvaret av Berlin.

Det verkar som denne pensjonerte admiralen kjenner si historie. Under Det tredje rikes siste dagar kalla Adolf Hitler inn gamle menn til å ta til våpen i forsvar av Berlin, fordi der ikkje lenger fanst menn i militær alder å kalle inn til oppgåva.

Eit siste poeng (også observert av Andrei Martyanov og Moon of Alabama) — USA har ikkje lenger noko overskot av 155 mm haubits-granatar dei kan sende til Ukraina, og dei ser til Sør-Korea, om déi kan punge ut med 100 000 rundar:

Nyhende om overføringa, først rapportert av Wall Street Journal, kjem etter at USA har åtvara om at Nord-Korea i løynd forsyner Russland med artillerigranatar til krigen i Ukraina. Overføringane frå både Pyongyang og Seoul set fokus på presset som krigen har påført USAs og Russlands forsvarsindustri.

«Det er ikkje tvil om at det har lagt press på lagera våre,» sa Colin Kahl, Under Secretary of Defense for Policy, til reporterar under eit virtuelt møte i regi av George Washington Universitys ’Project for Media and National Security’. «Det har lagt press på vår eigen industrielle base. Det har vore sant for våre allierte.»

https://edition.cnn.com/2022/11/11/politics/us-artillery-south-korea-ukraine

Om du trur at 100 000 artillerirundar er nok til å halde dei ukrainske militæroperasjonane gåande, får du tru om att. Ifølge Valery Zaluzhnyi, sjefskommandant for Ukrainas væpna styrkar, skyt russarane 60 000 rundar kvar dag. Om Ukraina skulle skyte i same tempo, ville dei 100 000 rundane vore oppbrukte på to dagar. Kva skulle dei då gjere? Det faktum at krigen går inn i sin niande månad, og at USA ikkje har greidd å trappe opp produksjonen av 155 mm haubits-granatar, er berre endå ei påminning om at USA sin forsvarsproduksjonskapasitet har blitt hola ut.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Vidar Nordli-Mathisen



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 356 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Er vi solgt?

Norge, et fritt og selvstendig land…?

Previous Post

EUs politikk fører til sult.

Beslaglegger russisk kunstgjødsel som skal til fattige land.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.