POSTED IN EU, Russland

Forhandlingene om EU-medlemskap til Moldova og Ukraina.

En krigshandling overfor Russland.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

EU med krigshandling mot Russland

VOLTAIRE NETWORK | 16. DESEMBER 2023

Den 14. desember 2023 bestemde Det europeiske råd – som består av stats- eller regjeringssjefane i EUs medlemsland – at dei skulle starte formelle forhandlingar med både Ukraina og Moldova om EU-medlemskap.

Ukraina er eit land i krig. Russlands spesielle militæroperasjon vart starta i samsvar med FNs Sikkerheitsråds Resolusjon 2202 [1] for å implementere Minsk-avtalane, som denne resolusjonen erklærer gyldige, og for å ære erklæringa til presidentane Petro Poroshenko, François Hollande og Vladimir Putin, samt kanslar Angela Merkel, i deira rolle som garantistar for avtalane. Men EU likestiller denne politioperasjonen med ei “aggressiv handling” som “klart bryt med FN-pakta”.

I 2021 la Den europeiske revisjonsretten fram ein spesialrapport om korrupsjon i Ukraina [2]. Den slår fast: “ ’Statskapring’ [‘State capture’ er ei form for systematisk politisk korrupsjon der private interesser utøver betydeleg påverknad på ein stats avgjerdstaking for personleg vinning, mrk.] utført av blokker av mektige politiske og økonomiske elitar som er pyramidiske i struktur og djupt forankra i offentlege institusjonar og økonomien, har blitt sett på som eit spesifikt trekk ved Ukrainas korrupsjon”. Retten kom så med sju tilrådingar. Det var openbert umogleg å gjennomføre dei under krigen, særleg råd nummer 2 (støtte til det sivile organisasjonar og undersøkande journalistikk) og 3 (fjerne hinder for fri og rettvis konkurranse). Men i staden for å bli betre, vart situasjonen verre. Kommisjonen konkluderte då med at opninga av ein tilslutningsprosess ikkje let seg gjere. No har Kommisjonen skifta meining, trass i at korrupsjonen har auka kraftig (til dømes våpena gitt til Ukraina som endte opp i hendene på Hamas).

Moldova er eit land i fred. Men den 2. september 1990, dvs. elleve månadar før landet vart uavhengig, proklamerte den autonome regionen Transnistria uavhengigheit frå SSSR. Sovjetunionen brukte denne vesle regionen til å huse hemmelege militære forskningsinstitutt. Folket i Transnistria er russisk, og har eit svært høgt nivå av vitskapeleg utdanning; dei skiller seg frå det moldovske folket, og snakkar ikkje ein gong same språk.

I 1992 prøvde NATO, med støtte frå Romania, å styrte regjeringa i Transnistria og ta over dei sovjetiske forskningsinstitutta der. Men trass i ein storstilt militæroperasjon, vart det eit mislykka forsøk [3].

Transnistria markert med mørkegrønn. Illustrasjon henta fra Store Norske Leksikon.

Dei siste 23 åra har Transnistria utvikla ein eineståande regjeringsmodell som er inspirert av den kommunistiske modellen på det sosiale feltet, samtidig som ein nøye vernar om individuelle og offentlege fridommar. I to rapportar som vart lagt fram for Representanthuset i USA den 5. september 2019 [4], presenterte Rand Corporation ein plan for å svekke Russland. Det var denne planen som vart sett ut i livet då dei braut Minsk-avtalane og provoserte fram krigen i Ukraina [5]. I rapporten står det at USA kan presse NATO og EU til å integrere Moldova, og deretter få Moldova til å seie opp våpenkvileavtalen av 21. juli 1990 [6], og dermed opne ein ny front mot Russland.

Kunngjeringa om opning av forhandlingar med Moldova nemner ikkje eksistensen av Transnistria (offisielt Den pridnestroviske moldaviske republikk), som Den europeiske unionen ser på som eit moldovisk territorium, sjølv om dei aldri har vore avhengige av Chișinău.

Det er difor ingen tvil om at den samtidige opninga av EU-medlemskapsforhandlingar med Ukraina og Moldova, er ei krigshandling mot Russland.

Omsett av

Monica Sortland

[1UN Security Council Resolution 2202, 17 February 2015.

[2Reducing grand corruption in Ukraine], European Court of Auditors, 2021.

[3] «En 1992, les États-Unis tentèrent d’écraser militairement la Transnistrie«, par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 17 juillet 2007.

[4Overextending and Unbalancing Russia, James Dobbins, Raphael S. Cohen, Nathan Chandler, Bryan Frederick, Edward Geist, Paul DeLuca, Forrest E. Morgan, Howard J. Shatz, Brent Williams, Rand Corporation, April 2019. See the details of the plan in Extending Russia : Competing from Advantageous Ground, Raphael S. Cohen, Nathan Chandler, Bryan Frederick, Edward Geist, Paul DeLuca, Forrest E. Morgan, Howard J. Shatz & Brent Williams, Rand Corporation, May 25, 2019. These two reports were presented before the US House of Representatives on Septembre 5, 2019.

[5] «Ukraine: It Was All Written in the Rand Corp Plan”, by Manlio Dinucci, Global Research, Voltaire Network, 8 March 2022.

[6Note Verbale dated 31 July 1992 from the Permanent Mission of Moldova to the United Nations addressed to the Secretary-General

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • For globalistene er det maktpåliggende å presse russerne i kne. NATO kan ikke tilby medlemsskap til et land som er i krig. Neste skritt er derfor å tilby Ukraina EU-medlemsskap. Og med EU-soldater inne i Ukraina, så er NATO-soldater der i samme slengen.

    Det kan ikke understrekes nok at det er nå eller aldri for global-eliten. Det er dette alt dreier seg om bak alle løgnfasadene. Taper Vesten denne proxy-krigen så rakner hele den anglo-amerikanske verdensmakten og dollaren som verdens reservevaluta.

    Svar
    • Russlands tidligere president og nåværende leder for det russiske sikkerhetsrådet Dmitry Medvedev slår nå kategorisk fast at utplassering av eksempelvis britiske soldater eller andre EU-tropper i Ukraina vil få massivt fatale følger for Europa. Denne røde linjen er ikke overskridbar presiserer han og vil bli oppfattet som en endelig krigserklæring og beting full krig med alle midler.

      Dessverre er de bakenforliggende vestlige globalarkitektene trolig villige til å benytte alle midler dersom de til nå ordinære krigshandlingene ser ut til å ende i vestlig fiasko. For denne gjengen er det nå alt eller intet med nærmest en religiøs glød. Verden har aldri tidligere i historien stått overfor et liknende dramatisk livstruende scenarium. Fatter NATO’s generalsekretær Jens Stoltenberg egentlig konsekvensene av sin krigshissing? Eller har han kun for øye muligheten til å bli FN’s neste generalsekretær når Guterres fratrer fra 2026?

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Storbritannia er ikke den sjømakten landet en gang var.

Tigeren er blitt en pusekatt.

Forrige innlegg

Verden viser seg å være noe annet enn det vi trodde.

Det er smertefullt å justere tenkningen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.